AT SYNKE NED I FATTIGDOM...

FATTIGSTELLET I FLORØ BY 1863–1900

 - av Grethe Stavø

Dei første åra etter at Florø var grunnlagt, blei ladestedet styrt og adminstrert av Kinn kommune. Men eigne, kommunale organ kom snart. I 1865 blei det første kommunale møtet kalla inn, og året etter fekk Florø sin første fattigkommisjon, med magistrat Olaus Lind som forrettende formann. At denne kom så raskt på plass, hadde nok fleire grunnar. I 1863 hadde det komme ei ny fattiglov som forsterka det kommunale ansvaret for dei fattige. Ein annan grunn var nok at det var behov for å føre kontroll med dei som fekk fattigstøtte. I 1865 hadde Communebestyrelsen berre 1600 kroner til rådvelde, og utgiftene til fattigstellet var ein av dei fire budsjettpostane.

Kven var så dei som fekk understøtting i Florø og kvifor hadde dei komme i denne situasjonen? Korleis tok lokalsamfunnet seg av dei; på kva slags måte fekk dei hjelp? Men aller først: Kven hadde rett til hjelp frå det offentlege?

Retten til hjelp var gammal                

At samfunnet skal yte hjelp til dei som trengdet,harrøtertilbaketilGulatingslova. I århundre fall plikta til å hjelpe på nærmiljøet; på slektningar, vaksne barn, foreldre og arbeidsgjevarar. Etterkvart blei fattigstellet gradvis overført til det offentlege, men den gjensidige forsørgelsesplikta finn vi likevel igjen i den første landsdekkande fattiglova som kom i 1845. Denne lova hadde gitt mange grupper rett til fattighjelp frå kommunane, med auka skatt som resultat. Dette skulle lova som kom i 1863 gjere noko med, det hadde komme mange klager på skattetrykket. Den nye lova forsterka rett nok plikta kommunane hadde til å hjelpe, men den var strengare når det gjaldt å definere kva for grupper som hadde juridisk krav på hjelp.

Verdig og uverdige fattige        

Skiljet mellom dei verdige og uverdige fattige hadde lenge vore viktig i fattigpleia, og blei no innført som eit formelt kriterium i lova. Dei verdig fattige var slike som skuldlaust hadde enda i fattigdom, og hadde rettmessig krav på hjelp, f.eks sjuke, vanvittige og foreldrelause. Dei uverdige, som mellom anna omfatta lausgjengarar, omstreifarar og arbeidsskye, var slike ein meinte kunne forsørge seg sjølv, og som difor ikkje hadde krav på hjelp,

Fattigkommisjonen

Fattigkommisjonen var det organet som skulle ha ansvaret å vurdere kven som då hadde rett til fattighjelp. Dei skulle og føre tilsyn og kontroll med dei fattige. Etterkvart fekk kommisjonen sterkare innslag av valde, ikkje sjølvskrivne, medlemmer. Soknepresten var heilt fram til 1845 sjølvskriven ordførar i fattigkommisjonen, ein posisjon han framleis etter den tid beheldt i landkommunar, mens magistraten blei leiar i bykommunar som Florø. Men også her skulle soknepresten vere sjølvskriven medlem. Dei andre medlemmane i den første fattigkommisjonen var O. Olsen, M. Salomonsen og O. Kringlen.

Dei fattige var delte inn i klassar

Ettkvart blei det bygd opp eit lovverk for fattigstellet. Klassifisering av dei trengande og kontroll med løyvingane blei eit middel til å halde oversikt over utgiftene.    

Korleis var så denne inndelinga? Lova frå 1845 gitt rett til stønad til mange, og eit av formåla med den nye lova var som nemnt å innskrenke retten til hjelp. Etter den nye lova opererte ein med tre klassar, som igjen var delte inn i katergoriar: Sygdom, Vanførhed og blindhed, Aandsvaghed, Sindsykdom, Ulykkestilfeller, Arbeidsløshet, Dovenskab, Drikfældighed, Førsørgerens død og Forsørgerens rømning eller Udvandring.

Floraminne 2008 Page 41

Kva slags klasse ein kom i avgjorde retten til understøtting             

I første klasse fann vi foreldrelause barn under 15 år, eller barn med foreldre som ikkje kunne ta hand om dei. I tillegg finn vi personar med Legemseller Forstandsfeil og Vanvittige. Gamle, vanføre og sjuke var plasserte i andre klasse. I tredje klasse fann vi personar som ikkje tente nok til å ta hand om seg sjølve eller familien. I tillegg til desse gruppene omfatta fattiglovene også personar som «ere hengivne til Ørkesløshet eller Drukken skap eller ikke lovlig kan ernære seg.»

Kven var det som fekk fattighjelp i Florø?          

Om det var personar i Florø som var hengivne til Drikfældighet eller Ørkesløshet var det ikkje mange av dei som fekk hjelp frå det offentlege. Dei fleste som tok imot fattighjelp var anten gamle, sjuke eller tente for lite til å forsørge familien. Eit typisk eksempel på det siste er ei tildeling til Malene Andreassen som var fiskarenke med tre barn på fire, seks og åtte år. Ho tente kr. 150,i året som sy-erske og var på grunn av sjukdom ikkje istand til å arbeid meir. Dette var for lite til å leve av, og ho søkte om under støtting, noko ho og fekk.          

Floraminne 2008 Page 42

Alderdom var elles den vanlegaste årsaka til at ein søkte om fattighjelp. Sjauer Nils Alstrøm fekk f.eks kr, 25,i årleg støtte dei fire siste åra før han døydde, 74 år gammal. Ester Ommundsdatter fekk i ein alder av 80 år tildelt kr. 72,i åtte år. Ho var enke, hadde tre barn og blei pleia av den ugifte dattera si. Dei to andre var reist til Amerika og det var derfor intet Bidrag at faa af dem. Sjølv om store delar av kommunen sine utgifter var knytt til fattighjelpa, var talet på understøtta ikkje høgt.      

I 1875 det 23 personar som tok imot fattighjelp: Tre foreldreløse uækte Børn, et moderløst uækte Børn, tre enker uden Børn, tre gifte Mænd uden Børn, tre gifte Mænd med seks Børn, en Enke med tre Børn.

Går vi fram til 1880 finn vi som mottakarar: Et moderløst uægte Børn, tre ugifte voksne Kvinder, en Enkeman uden Børn, tre Enker uden Børn, to gifte Mænd uden Børn, to Enker uden Børn.            

Av desse var det to som fekk stønad på grunn av Alderdomssvaghet, en på grunn av Vanførhed og Blindhed, to på grunn av Aandsvaghed og Sindsygdom, ei kvinne med et barn på grunn av Forsørgerens Død og ei kvinne på grunn av Førsørgerens Rømning. Dette året finn vi og ei kvinne og ein mann som fekk stønad på grunn av Drikfældighet.  

Talet på fattige som fekk understøtting auka i takt med folkeveksten. I 1870 var det berre fem som fekk understøtting, alle var pasientar på sjukehus. Kjem vi til 1895 har talet på understøtta auka til 16. No finn vi Alderdomssvaghed som den største gruppa, mens vi dette året finn to som får understøtting på grunn av Dovenskab.

Floraminne 2008 Page 40

Nærmaste familien hadde plikt til å hjelpe

Den næraste familien var etter lova forsørgelsespliktig, og kven dette var blei nøye undersøkt og protokollført. Deira evne til hjelp blei tatt med i berekninga når stønaden blei fastsett. Serine Rasmusdatter Vaage var krøbling og kunne ikkje forsørge seg sjølv. Då ho blei enke fekk ho difor kr 100,i årleg understøtting siden ho ikkje ikkje hadde barn i live som kunne forsørge ho. Eit uægte barn der faderens hjemstavn er ukjent gav syerske Karen Marie Olsen rett til eit årleg bidrag på kr. 80,-. Eit anna eksempel er tildelinga til fiskarenke Berte Olsdatter som var sygelig. Ho hadde eit barn, ein son som var sjømann. Men siden hans Opholdssted er ukjent, fekk ho tilkjent ei løyving på kr 30,-.

Floraminne 2008 Page 42

Kva slags hjelp blei gitt?       

Klassifiseringa gav føringar for kva slags type hjelp dei trengande fekk. Dei tiltaka som i hovudsak var brukt var:

  • legd
  • bortsetjing til private forpleiarar/ bortakkordering
  • pengar/ understøtting i heimen
  • sysselsettingstiltak/tvangsarbeid
  • fattighus og arbeidshus.

Legd var nært knytt opp til jordbruket og var ei form for tvangsforsørging som blei pålagt gardbrukarane anten dei likte det eller ikkje. Dette var ein del av skattlegginga og det var nøye utrekna kor stor plikt den enkelte gard hadde. Denne forma for hjelp blei brukt til personar som hadde bruk for mykje tilsyn og pleie; gamle, spebarn, sjuke og vanvittige. I bykommunen Florø var det berre to gardar og vi finn ikkje personar på legd her. Bortsetjing til private forpleiarar eller bortakkordering (som var samtida sitt namn) var derimot meir brukt. Dette var eit system der private frivillig tok på seg pleie eller tilsyn mot tilskot frå fattigkommisjonen. Denne forma for hjelp blei brukt til eldre, sjuke, vanføre, sinnsjuke eller foreldrelause barn og kom i fleire former. Det mest brutale var det såkalla lisitasjonssymet, der ein i eigne møte kunne «by på» dei fattige. Den som kravde minst for å ta seg av den fattige, fekk tilslaget. Dette systemet blei etterkvart samanlikna med dei amerikanske slaveauksjonane og avskaffa i den nye fattiglova som kom i 1900. Det mest vanlege likevel var at at bortsetjinga skjedde etterkvart. Denne forma for fattighjelp var vanleg i Florø, og vi finn mykje dokumentasjon i fattigprotokollane.                

I eit av dei første møta i fattigkommisjonen behandlar f.eks kommisjonen ei rekning på seks dalar frå H. Steen for opphold for Abraham Sandvik i eit halvt år. I et same møtet blir gårdeier Elias Olsen Florø tilkjent 1 spesiedaler og 24 skilling for tilsyn med bødker Ole Jagedal som har været syg og sengeliggende i aatte Uger. I januarmøtet i 1873 får A. Lillevik 10 spesiedaler årleg for Underholdning av J. Halvorsens Børn og i 1883 beslutta fattigkommisjonen i novembermøtet at: Enken Johanne Kristiansdatter flyttes til Nils Nyhus og han erholder i husleie kr 32,og kr. 6,i Brænde. I 1885 finn vi at Henrik Hellesen får kr 27,30 for tilsyn med Malene Larsdatter i eit halvt år, og i same møtet finn vi at hr. Åmot får 4 kr. i veka for tilsyn med Oliane Apsalonsdatter.

Dette systemet kunne sikkert fungere godt, men til tider også lite humant. Personar som sjølv var vanskelegstilte og kanskje ikkje skikka til å ha ansvar for andre, kunne falle for freistinga å ta på seg pleie og tilsynsoppgåver for å spe på eiga inntekt. Økonomiske omsyn kunne og medverke til at fattigkommisjonen i mange tilfelle la mindre vekt på om dei som tok på seg tilsyn var skikka til det, enn å føre tilsyn med at dei bortsette blei skikkeleg behandla. Etter lova skulle rett nok dei bortsette ha rimelige Vilkaar, men i møtereferata frå fattigkommisjonen finn vi mindre omsut for dei vilkåra dei bortsette hadde, enn utgiftene bortsetjinga førte med seg. Formuleringar som bortsetjing paa billigste Maade går igjen. I 1895 vedtok fattigkommisjonen f.eks at tre barn i Florø skulle setjast ut på landet snarast mogeleg og på billegaste måte for fattigvesenet si rekning. Kva for krav som skulle setjast til barna sine nye heimar finn vi ikkje noko om.

Floraminne 2008 Page 42

Understøtting i heimen

Dette var den mest vanlege forma for fattigstøtte i Florø. Dette kunne dreie seg om mykje forskjellig. Det vanlegaste var tilskot i form av pengar, som f.eks tilskot til husleige. I 1889 fekk f.eks Martinius Larssen enke, Johanne, tilsagn om 40 kroner årleg og i 1890 Berte Eriksdatter på 32 kroner årleg til husleige.                

Ein kunne også få tilskot til livsopphald i form av pengar på grunn av alderdom, sjukdom eller til å forsørge familien ved Forsørgers død eller Rømning. Ludvig Jacobsen Eikeland blei tilkjent rett til stønad på kr 100,på grunn av Sygelighed. Han hadde kone og tre mindreårige barn å forsørge.              

Om inntektene ein hadde var for små til å forsørge familien, kunne ein og få understøttelse frå fattigkassa. Vedhugger Andreas Uføre var gift med vaskerske Mariane Pedersdatter og dei hadde to barn. Ei samla inntekt på 150,kroner årleg var for lite til å leve av. Dei fekk difor ein årleg støtte på kr. 50,-.

Understøtting til sjukehusopphald var også noko ein kunne få tilskot til. Men ikkje uten vilkår og nøye overveiing. I 1870 hadde fattigkommisjonen f.eks fått ei rekning frå St. Jørgens hospital i Bergen på kle til pasient Jørgen Andersen. Kommisjonen beslutta å dekke rekninga, men først når dei hadde fått kjennskap til kor det var blitt av dei kleda han hadde hatt med seg.   

Skulle ein rekne med å få støtte frå fattigkassa til sjukehusopphald, måtte dette helst godkjennast av fattigkommisjonen på førehand. 1888 blei det f.eks vedteke etter distriktslegens anmodning å sende Kari Larsdatter som var blevet sinsyg til sykeasyl på fattigkommisjonens rekning. Var derimot ikkje opphaldet godkjent på førehand, kunne ein ikkje uten vidare rekne med å få dekka utgiftene. Jomfru Zahlquist sin operasjon på kr 45,-, var f.eks foretaget uden at Fattigkommisjonen forud var underrettet, og ein fann difor ikkje grunn til å dekke den mottekne rekninga på operasjonen.        

I 1880 fekk fattigkommisjonen melding frå Bergen fattigvesen om at madam Flom var blitt innlagt på Bergen sykehus. Kommisjonen så nok for seg store utgifter, og dei gjorde vedtak om å undersøke om madammen kunne hjemsendes uden skade og hun bliver i bekreftende Fald straks at hid transporteres.            

Tilskot til medisin var og ei form for understøtte som var vanleg. I 1889 får f. eks Nils Høidals enke utbetalt kr 2,60 til dette. Andre ting ein fekk tilskot til kunne vere ein stønad på 2 spesiedaler til kle, fem kroner til ei gravferd, fem kroner til eit ullteppe til Malene Larsdatter, eller støtte til likkle til sitt døde barn som Andreas Einarsen fekk i 1874.       

Skulebøker og skrivesaker måtte skuleelevar skaffe seg sjølv, og dette kunne vere vanskeleg å dekke for fattige familiar. Dette såg Skolebestyrelsen og i 1868 kom det til fattigkommisjonen ein søknad på innkjøp av bøker og skrivesaker til fattige barn. Dette blei innvilga, med ei løyving på 4 spesiedalar årleg.

Tvangsarbeid

Fattighus eller arbeidshus der ein skulle samle fattige blei ikkje brukt i Florø. Derimot finn vi tilfelle av tvangsarbeid eller sysselsettingstiltak, som var begrepet som blei brukt. I ei tid der folk reiste frå bygda til byen på jakt etter arbeid, hadde spørsmålet om den nye fattiglova skulle omfatte arbeidsføre, vore sentralt sentralt: Hadde ikkje samfunnet plikt til å hjelpe dersom den arbeidssøkande ikkje fann arbeid? Lova opna for at slike tiltak kunne setjast i verk, og vi finn dei i Florø. I 1869 tilrår f.eks magistraten til formannskapet at trengende arbeidsføre skulle sysselsettast i oparbeidelse af en vei fra Storetil Lillevann og utgiftene dekkast av fattigkassa.   

Ikkje alle var sikre på at tvangsarbeid var eit probat middel i alle samanhengar. Når bedrestilte blir nervøse og ikkje orker å arbeide, sender legen dem til et Bad. Med arbeideren er det annerledes, han er arbeidssky, han skal tages, han skal kommanderes til tvangsarbeid. (Den radikale venstremannen, paraplymakar Andreas Hansen i ein stortingsdebatt.)

Floraminne 2008 Page 47

Heimstadretten

Retten til fattighjelp var nært knytt til omgrepet heimstadsrett, dette omgrepet hadde røter langt tilbake i fattigstellet. Retten til fattighjelp var knytt til det området ein hadde opphalde seg og arbeidd i. Der ein hadde ytt noko til fellesskapet, hadde ein og rett til å få hjelp når ein hadde trong for det. Heimstadkommunane skulle og bere utgiftene til fattighjelp sjølv om personen ikkje lenger budde der. Etter fattiglova frå 1863 hadde ein opparbeidd heimstadsrett etter å ha opphalde seg i to år i ein kommune eller eit område. Ein føresetnad var at ein ikkje hadde motteke fattighjelp, hadde tigga eller blitt behandla for smittsame sjukdommar; med andre ord vore til «belastning» for heimstadskommunen.

Floraminne 2008 Page 48

Dette var ei tid då folk flytte på seg, og til Florø kom mange frå distriktet rundt. Nokre av desse fekk etterkvart trong for fattighjelp, og mange av sakene i fattigkommisjonen handla om kvar fattiglemmet hadde heimstadrett. Sidan ordninga var basert på skjønn og hadde diffuse rammer, hadde fattigkommisjonen mykje korrrespondanse med andre kommunar for å fastslå kvar den fattige hadde heimstadsrett. Når ein tenkjer på at nærare 1/3 av kommunen sine utgifter i 1880 gjekk til fattigstellet, var det mykje å tene på å få utgiftene til fattige over på andre kommunar. Mellom Askøy og Florø kommune blei det f.eks i heile ti år korrespondert om fattigutgifter og heimstadsrett for smeden Flom og familien hans.

Blei kommunane ikkje einige seg i mellom, kunne ein be Amtet eller i nokre tilfelle Kirkedepartementet om å avgjere, slik vi ser det i ei sak mellom Florø og Kinn i 1868. Der var det diskutert kven som skulle dekke om fattigutgifter til tvende Fattige som hadde flytta frå Kinn til Florø. Kirkedepartementet påla salomonisk dei to kommunene om at tilveiebringe en alminnelig overenskomst om hvorledes de felles Forpligtelser skulle fordeles.

Motsett kunne Florø få krav om opphald til fattige som oppheldt seg i andre kommunar. Slike saker er det mange av i fattigprotokollane. Ikkje uventa er mange av refusjonskrava frå Bergen og nabokommunane til Bergen.

Fattighjelpsmottakarar kunne også bli sendt tilbake til heimstadskommunen. Frå Skiens fattigkommisjon kom det krav til Florø fattigkommisjon på 60 spesiedaler for fattiglemmet Ester Oline som hadde heimstadrett i Florø. Dette blei blankt avvist, då Skiens fattigkommisjon hadde forsømt at sende hende hjem og således anvendt pengene unyttig.

Floraminne 2008 Page 49

Dei fattige blei sett på som annenrangs borgarar

Eit strengt moralsyn på den fattige hadde vakse fram rundt debatten rundt dei to fattiglovene som kom på 1800talet. Sidan det for mange var teoretiske mogeleg å greie seg sjølv, burde alle klare det. Gjorde ein ikkje det, hadde ein ikkje prøvd hardt nok. Hadde ein i tillegg stor familie, var det eit nytt tegn på at ein ikkje tok ansvar. Fattighjelp var dessutan farleg i seg sjølv, meinte ein, det sløva. Det å ta imot støtte innebar difor, sjølv i  den etter måten demokratiske fattiglova av 1863, ei sosial deklassering. Formuleringar som å synke ned i fattigdom og falle andre til byrde og omtale av dei fattige som saadanne individer, seier noko om korleis ein såg på fattige.

Vi finn denne tankegangen igjen også i det faktum at dei som mottok fattigunderstøtting ikkje hadde stemmerett, noko dei faktisk ikkje fekk før i 1919. Tankegangen om at dei var annenrangs borgarar ligg nær. Meir alvorleg er det at den fattige si røyst i diskusjonane i forkant av fattiglovene som kom på 1800talet, måtte førast av personar som ikkje hadde følt fattigdommen på kroppen. De som lager lovene sitter høit oppe paa en piedestall og skal kige ned i forhold, som de ikke kjender og forstår. (Den før omtalte paraplymakar Andreas Hansen i ein stortingsdebatt.)

Floraminne 2008 Page 50

Det kjem og til uttrykk i motviljen til å yte lån til fattige. Dette var gjenstand for mykje diskusjon. I ei sak i 1871 hadde fattigkommisjonen i Florø bede Communebestyrelsen om råd; skulle fattigkommisjonen kunne yte lån til fattige mot handfast Pant? Kommunestyret åtvarar fattigkommisjonen om at indlate sig paa dette, under henvisning til at det vil vere sannsynleg at lånet blei misleghalde og ville falle fattigkassen til byrde.    

Synes på dei fattig som annenrangs borgarar kjem også tilsyne ved at ein at ein hadde høve til å umyndiggjere dei. Å umyndiggjere ein person med fattigdom som grunngjeving, kunne ha sin bakgrunn i ulike tilhøve. Eit slikt tilhøve kunne vere at ein ikkje ytte si samfunnsplikt ved å forsørge kone og barn. Smeden Flom blei f.eks på dette grunnlaget umyndiggjort av Amtmannen i 1871. Han hadde reist frå Askøen til Florø, og frå Askøen fattigkommisjon kom det krav om dekking av utgifter til kone og barn som var blitt buande igjen der. Hensikten med slik umyndiggjering kan ein jo undrast over, men det må jo vere for å halde talet på dei som tok i mot fattighjelp nede, ved å skremme dei frå å overlate forsørgelsen til det offentlege.          

Ei anna sak var at dersom kommunen såg muligheter til at «bli kvitt» fattige som tok imot hjelp, var det ikkje så vanskeleg å bli kjent myndig igjen. Den før omtalte smeden søkte året etter om å bli kjent myndig igjen, då han tenkte å utvandre til Amerika. Dette blei innvilga. Rett nok med visse forbehold, han ville ikkje bli sat i Myndighetstilstand før han var vel komme over til Amerika med familien sin. Dette var ikkje ein vanleg føresetnad for myndiggjering, så her hadde nok smeden komme på kant med fattigkommisjonen.      

Floraminne 2008 Page 51

I året 1900 blei det vedteke ei ny fattiglov. I andre halvdel av 1800-talet hadde fleire og fleire og fleire grupper blitt skilde ut frå fattigvesenet sitt ansvarsområde og overførte til nye organ. Vi hadde fått Sunnhetskommisjonen som skulle føre tilsyn med pleiebarn, i Florø kom denne allereie i 1865. Vergeråd skulle ha ansvaret for forsømte barn og Løsgjengerloven som kom i året 1900 skilde dei tyngste og mest «uverdig» fattige frå fattiglova sitt ansvarsområde. Det var likevel behov for ei offentleg fattigpleie og alle grupper blei tatt med i den nye lova, som varte heilt til lov om sosial omsorg kom i 1964.

Floraminne 2008 Page 52

Utrykte kjelder

  • Protokoll for fattigkommisjonen i Florø 1868 – 1895. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Fattigmanntallet for Florø 1885 – 1900. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Formannskapsprotokoll for Florø 1865 – 1900. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Digitale kjelder www.digitalarkivet.no: Folketeljing for Kinn 1865, folketeljingane for Florø 1885 og 1900.

Litteratur

  1. Hole: E.M.: Florø gjennom 75 år. En utsikt over byens historie 1860 – 1935. Florø 1935.
  2. Nordstrand: Leiv: Mellom to fattiglover. Norsk fattigvesen 1863 – 1900. Bergen 1976.
  3. Seip, Anne-Lise: Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740 – 1820. Oslo 1984.
  4. Yttri, Gunnar: «Fattigstellet i Sogn og Fjordane i 1890-åra. Glimt frå ei gløymd soge.» I Kjelda nr. 3. 2001.