Olav Sande – ein allsidig Forretningsmann

 - av Harald J. Stavang

I år er det 100 år sidan Olav Sande vart fødd. Han kom til verda i ein lærarfamilie på Sandane 11. juli 1908. Faren hadde kjøpt sju mål utmark på Øyrane, og her vart det bygt opp eit småbruk med våning, fjøs og uthus. Vestlandske småbruk har aldri vore arena for latmannsliv, og den unge Sande lærde seg tidleg å arbeide. Tinde river og ordne med anna reiskap vart han snart ein kløppar til.

Men det var ikkje gardmann han var etla til. Sande hadde eit uvanleg godt hovud, og han var både fingernæm og fantasirik. Han var interessert i alt det nye som dukka opp i tida; tok bilsertifikat som 18-åring i 1926, lærde seg til å bli både bokbindar, radiobyggar og fotograf.

Ragnar Sande, har skrive litt om den føretaksame broren sin, som vi er så fri å sakse litt ifrå:

«Medan bror min, Olav Sande, gjekk på middelskulen og gymnaset, var han så oppteken av alt anna at skulearbeidet ikkje alltid vart prioritert. Ein sommarferie gjekk han i bokbindarlære med Ola Kvalheim i Volda. Han sat ofte utover natta og batt bøker, mange med skinnrygg og gulltrykk. Kor mange det vart, veit eg ikkje, men i minnet mitt vart det fleire hundre. Det er ikkje realistisk, men mange vart det.

I samband med dette skreiv han heim frå Tyskland. Skinnet kunne brukast til anna enn bøker og bokryggar, så han laga seddelbøker og portemonear. Spesielt hugsar eg steinbitskinn som eg tykte var veldig fint. Han prøvde seg også på lærplastikk som han lærde av Olufina Hansen.

Han tente litt pengar på bokbinderiet og skinnproduksjonen og kjøpte materiell til radiobygging. Det fyrste var krystallapparat, men eg trur ikkje det låg til rette for slikt mottak her, så han gjekk i gang og bygde eit batteriapparat. Det var skikkelege dimensjonar på kassa, ca. 60–65 cm brei, 25 høg og 30 djup. På framsida tre store svarte knappar og inni tre imponerande lampar og eit mylder av kondensatorar, motstandar, og kva det no heiter alt saman. Anodestraum fekk han ved å seriekople flate 4,5 volts lommelyktbatteri. Kor mange veit eg ikkje, men eg kan tenkje meg om lag 20, som vil gje 90 volt. Det var sjølvsagt ikkje snakk om høgtalar, men eg hugsar at eg gjennom høyretelefonar fekk høyre vedunderleg musikk frå det store utland.

Etter gymnaset gjekk han eit par år i lære hos fotograf Nordland i Bergen og etablerte seg som fotograf på Sandane i 1931. Faren finansierte atelier, ein einetasjes paviljong, der Zervekhbygget no står. Denne finst det merkeleg nok ikkje bilde av, men eg har skissert han etter minnet. På mønet stod det SANDE & CO med store gullbokstavar. Kunsten med å leggje bladgull hadde han frå arbeidet med bokbinding. I 32 eller 33 måla russen desse bokstavane raude, og slik vart dei ståande til det vart nybygging i 1934 på same tomta. Huset vart selt til Zerwekh då Sande flytte til Florø.

Det var ikkje mange år han arbeidde som atelierfotograf. Rett nok dreiv han fotoforretninga til lenge etter krigen, men mesteparten av tida med leigd fotograf. Han vart meir og meir oppteken av forretningsdrift.

Floraminne 2008 Page 25

Ikkje så å forstå at han slutta å fotografere. Men forretningsmannen i han fann at det mona for lite å ta bilde av folk i atelieret. Det var meir freistande å prøve seg på prospektkort som kunne distribuerast. Han overtalde faren til å finansiere eit speilreflekskamera til dette bruk. Fordi han hadde utmåla kor lukrativt det ville bli med eit slikt apparat, kalla faren det lett ironisk for «mjølkekyra». Det var eit apparat som kunne ta bilde i prospektkortformat. Det var gedigent, svart, og nærare 20 x 20 x 20 centimeter, og veldig tungt. Eg trur det kosta tusen kroner. Dette apparatet hala han med seg land og strand rundt og tok landskapsbilde som vart selde i tusental. Ein gong bar han det over fjellet like til Veten på Dimma. Det var vel i samband med eit ungdomslagsstemne.

Dei fyrste par åra hadde forretninga namnet Sande & Co. Det hadde seg slik at han ikkje hadde handelsbrev då han starta, så han allierte seg med Elisabeth Byrkjelo. Det var ho som var Co-en.

Floraminne 2008 Page 26

Dei fyrste åra var vanskelege. Han hadde ikkje kapital. Det låg ikkje for han å leggje krone på krone år etter år, så han sette straks i gang med handel attåt fotograferinga. Pengane kom ikkje fort nok inn att, og kreditorane miste tolmodet. Til all lukke fekk han ein akkord som han kunne hanskast med, og deretter gjekk det vegen.

Allereie i 1932 handla han med bil. I 1932 tok han i byte ein bil som heitte Commonwealth. Motoren til denne vart sett i ein «racerbåt» som Skulejo-karane bygde. Båten fekk namnet KOMET. Motoren var for tung for båten, så det vart nok ingen komet. Det var ikkje lenge før han enda som undervassbåt. Elles var det hovudsakleg radio og kontorrekvisita han handla med i fyrstninga. Seinare dreiv han postordreforretning med alt mellom himmel og jord. Ein periode etter krigen kjøpte han brukte traktorar frå England, sette dei i god stand og selde dei pr. postordre frå Finnmark til Austfold.  

Floraminne 2008 Page 27

Floraminne 2008 Page 28

Floraminne 2008 Page 29

Kva tid han starta radioproduksjon, veit eg ikkje, kanskje i 1937, men han var iallfall godt i gang då krigen kom. Etter at radioapparata vart inndregne av tyskarane, produserte han for lager. Når tyskarar eller NS-folk ville kjøpe apparat, var det alltid deler som mangla og som det ikkje var råd å få tak i. Det var viktig å halde produksjonen i gang, for på den måten kunne han hjelpe folk som trong reparasjon. Då krigen var slutt, var plutseleg alle delane på plass. Omsetnaden var det ikkje problem med i dei fyrste åra etter 1945. Eg var i Lofoten fram til 1947 og selde nokre titals apparat der oppe», fortel Ragnar Sande. Firmaet hadde tre arbeidsområde:

  1. Statt radioproduksjon som kom i full produksjon i 1939 med to apparatmodellar: 1-røyrs Pluggen til 60 kroner og 3-røyrs Junior til 85 kroner, same pris som den kjende Folke-mottakaren, men med eitt røyr meir.
  2. A/S Momentan. Dette var eit nyoppretta selskap som stod for sal av høgtalande hustelefonar, eller landets første intercom. Store forsterkaranlegg vart laga på spesialbestilling m.a. til Pedek, Arna Fabrikker og Dale Fabrikker. Magnus Sande var disponent for selskapet.
  3. Fotoavdeling. Denne hadde på det meste åtte menneske i arbeid. Tre av dei vart med då han etter krigen flytte verksemda til Florø. Blant desse Kåre Botnmark som overtok avdelinga som fekk namnet Vest Foto og vart etablert i Haavehuset (Strandgata 58). Statt radioproduksjon vart sameleis til Vest Radio. Firmaet Olav Sande hadde rundt 20 tilsette då han sommaren 1946 flytte alt saman til Florø med ei skøyte han åtte.

Floraminne 2008 Page 30

I Florø reiste Olav Sande forretningsbygg på Prestegarden (Firdavegen 30), der han også starta med bilreparasjon. Radioapparat var mangelvare etter krigen, og tanken var å utvide radiofabrikken og få i gang ei verksemd med rundt 40 tilsette. Inne i desse planane var også ein koffertfabrikk. Grunnmuren kom opp, men fabrikken vart ikkje vidareført. I staden vart det påbyrja anlegget selt og «Ankerbygget» vart reist på murane. Problemet for Sande (og andre som dreiv i bransjen) var eit pålegg frå styresmaktene om at radiofabrikantane skulle bygge eit mengd «Folkesuper-apparat» etter spesifiserte teikningar. Vest Radio skulle bygge 1000 av desse. Utstyr vart kjøpt inn, men direktoratet sin fastsette pris på folkesuperen førde til store tap, og den store Høvding Radio gjekk konkurs. Fleire andre måtte også gje seg.       

Kva no med alt som var innkjøpt? Den fantasirike Sande fann ein veg ut av uføret. Han fekk utarbeidd teikningar for byggesett, og alle delar med koplingsskjema vart pakka med prislister vedlagt. Postordresalet gjekk strykande, og eit par år var Vest Radio ein av landets største leverandørar til radioamatørar!       

Kulepennar var eit anna område som var nytt og spennande. Slike vedunder kom frå Amerika og kosta 85 kroner i utsal. Sande fekk plagiert og fasongdreia dei første norske av eit stoff som heitte ebonitt. Desse vart selde i to versjonar; ein til 27 og ein til 37 kroner.     

Til større glede for småbrukarane på våre steinute strender var nokre fine ljåfeste; ein klave med skrue så ein kunne feste ljåen fast og støtt til orvet. Endå meir kuriøs var vel flaskekorken Fix som han såg på ei messe i København og kjøpte rettane til i Norge. På alle vis måtte ein snu seg for å utnytte det ein hadde av maskiner og utstyr. Blant anna laga dei eit radiomåleinstrument som dei selde til Forsvaret og NTH m.fl. Det var høgog lågteknologi om ein annan.         

I eit intervju med Rolf Orheim på 80-årsdagen i 1988, fortalde Sande:

«Sommaren 1948 var stormen over. Lånet i banken var innfridd. Bjørg og eg kunne endeleg ta litt ferie. Med spekekjøt og flatbrød som niste, og med ein amerikansk Ford, reiste vi med «Jupiter» til Antwerpen, deretter til fleire land på kontinentet, like til Sveits. I bagasjen var fleire LC-instrument (radiomåleutstyr) som eg selde og finansierte reisa med. Tilbake i Florø selde eg Forden til Firda Billag».

Ford-agenturet fekk han så tidleg som i 1946, men p.g.a. strenge restriksjonar på bilkjøp, var det vanskeleg å få fart på nybilsalet. Han importerte då brukte bilar som han frakta frå Belgia direkte til Florø med «Lynx» og «Leo». For å utnytte verkstadkapasiteten tok dei også inn og pussa opp brukte traktorar frå England. Ole Monsen og Alf Årberg hadde ansvaret for dette arbeidet, og traktorane vart selde med garanti.

Tidleg på 1950-talet starta han også urmakarforretning, og fekk fagmannen Svein Rønning til å drive. Lokala var i den gamle Evangerhuset som stod der Sparebanken Sogn og Fjordane held til i dag.

Men etter kvart innsåg han vel at det etter kvart vart for mykje, at han spreidde seg på altfor mange område, og då restriksjonane på bilomsetning vart oppheva i 1960, var det her han etter kvart konsentrerte seg.        

Lokala i Firdavegen vart for små, og på slutten av 1960-talet tok han til å planlegge nybygg med ei grunnflate på 2000 kvadratmeter på Evja. Dette vart teke i bruk i 1970 og var så langt vi veit fylkets største på den tid. Verksemda vart selt då Sande nærma seg dei 80.

Ei anna side av den mangslungne Olav Sande må nemnast. Først endå ein forretningside. Han hadde vore ivrig med i å utvikle reiselivet, kanskje ein konsekvens av NAF-medlemskap sidan midt på 1930talet. Dessutan hadde han vore flyagent for det internasjonale IATA, og vart det første ekspeditøren for Widerøe i Florø. På 1960-talet starta han Sande Reisebyrå i Florø, etter kvart med kontor i Alta og Holmestrand.

Også ein del frivillig organisasjonsarbeid fekk han tid til. Blant anna var han formann i Florø Handelsforening i mange år, og dessutan formann i den store jubileumsmessa i 1960 då Florø by var 100 år. Det var godver heile sommaren. Messa gjekk strålande og det vart eit stort overskot som vart levert rett i bykassa!

I tillegg kan det nemnast at han og kona Bjørg Sande stod fadder til Florø Skoles Musikkorps som vart starta i 1963.

Floraminne 2008 Page 31

På sine eldre dagar fekk han problem med synet, ein augesjukdom som etter kvart gjorde han nesten blind. Men han stilte på kontoret kvar dag så lenge det var praktisk mogeleg, og orienterte seg i det skriftlege ved hjelp av sterke briller, godt lys og ei kraftig lupe som hang over kontorpulten. Det siste han dreiv med var m.a. å formidle sal av hus og husvære på Tenerife, der han og kona hadde kjøpt seg eigedom og reiste dit så ofte dei såg seg høve til å ta fri. – Ein hobby må ein jo ha å trappe ned med, skal ha han sagt i det høvet.

Kjelder:

  • Ragnar Sande: Olav Sande – Ungdom og læretid
  • Rolf Orheim: Intervju i høve 80-årsdagen.
  • Harald J. Stavang: Flora – Kulturhistorisk vegvisar