Inn i by’n og ut i by’n

– St. hans-feiring i Florø i gamle dagar

 - av Bente Nygård

For ein del år tilbake skulle eg skrive ei oppgåve på Universitetet i etonogi. Vi kunne fritt velgje tema for oppgåva. Eg ville skrive eit eller anna om min kjære heimby, det visste eg. Etter kvart kom eg fram til dette fenomenet med inn i by’n og ut i by’n, og St.Hansfeiringa før. Sjølv er eg for ung til å ha vore med på dette, dessutan er eg frå Havreneset, eller frå Jeriko som nokre vil seie. Det var få eller ingen skriftlege kjelder å oppdrive om temaet, så eg fann ut at eg måtte snakke med folk for å få opplysningar. Via omvegar kom eg i kontakt med fire ut «i by’narar» og fire «inn i by’narar» som kunne fortelje litt av kvart løye frå dei dagane. Eg drog rundt frå hus til hus med bandopptakar og spurde og grov. Alle tok godt i mot meg og dei fortalde villeg vekk. Er det noko vi Florøfolk yndar å snakke om, så er det vel byen vår.

Innog Utiby’n

Florø er i dag bykjerna i Flora kommune, men frå 1860 til 1964 var denne vesle bykjerna ein eigen kommune. Og det er hendingar frå siste del av denne perioden eg har samla inn soger ifrå, ca 1920–1965.

Frå byrjinga av 1960-talet og så langt tilbake som folk kan hugse har byen vore delt i to. Det var ikkje noko synleg skilje i landskapet, men alle visste kvar grensa gjekk. Og det var viktig for folk å markere kva for del dei kom ifrå. Ein kalla dei to delane for inn i by’n og ut i by’n. Og personane som budde der hette då sjølvsagt inn i by’narar og ut i by’narar. Grensa gjekk bybrua, omlag der rådhuset står i dag, og vidare i rett bane sørover. Det var ingen eg traff som visste kvifor grensa gjekk akkurat der. Alle sa at dei hadde vakse opp med dette, slik var det berre. Men nokre prøvde å spekulere litt rundt korleis dette kunne ha gått til. Den eine sa at «Tidlegare gjekk det ei vik inn ved sidan av rådhuset, med ei bru over, og denne laga nok eit naturleg skilje i byen». Men korleis skiljet oppstod veit ingen sikkert. Fenomenet var uansett viktig for byen sine borgarar i mange år. Dette skiljet var spesielt viktig rundt St.Hans feiringa, då dei to delane hadde kvart sitt bål på kvar sin holme. Ut i by’n hadde bålet sitt på Klubben, og inn i by’n heldt til på Rota. Og slik var det altså fram til byrjinga på 60-talet.

Floraminne 2008 Page 16

Innsamlinga til båla          

Innsamlinga til bålet byrja tidleg om morgonen den 18. mai. Kommunen sette fleire år opp ein flake med talarstol der 17. mai-talen vart halden. Flaken vart plassert på den mest eigna plassen i sentrum. Nokre gonger inn i by’n, og andre gonger ut i by’n, alt etter kva som passa best. Rundt heile flaken var det pynta med store bjørketre. På same flaken vart det gjerne halde 18. mai-tale, rundt klokka fem om morgonen. Då kunne dei som ville gå opp og snakke, om kommunen, kommunepolitikarar, verdsproblem eller om andre ting ein brende for. Det var gjerne folk som var på veg heim ifrå fest som då heldt tale, eller andre som no hadde høve til å verta høyrde. Dei eg snakka med fortalde at desse talene kunne vere veldig interresante, og at det gjerne var fleire som høyrde på desse enn på sjølve 17. mai-talen. Om det er sant veit ikkje eg. Kanskje ein tradisjon å ta opp att?

Med ein gong dette var over så var det om å gjere å få tak i bjørka flaken var pynta med, for å ha det til St. Hans bålet. Det var stor konkurranse mellom inn i by’n og ut i by’n om å få tak i denne pynten. Dette var opptakten til innsamlinga til bålet og det var då det heile starta. I Florø, som andre plassar rundt om ved kysten, brende ein tønner på bålet, såkalla tønnebål. Og ein del av grunnen til at ein starta så tidleg ligg nok her. Det krevst ein del arbeid å stable tønner oppå ein annan. Men det hadde også med oppryddinga etter 17. mai å gjere. Alt ein kunne få tak i vart teke med, og 17. maipynt var kjærkome bålmateriale. Folk pynta på husa sine til 17. mai, på trapper, på gelender og rundt inngangsdører. Dette vart teke ned 18. mai og havna i innsamlinga til bålet.

Frå 18. mai og til St.Hans gjekk ungane rundt på butikkane og spurde om dei hadde noko til bålet. Butikkeigarane samla trekassar, pappøskjer, treull og anna brennbart materiale gjennom heile året, for dei visste at rundt St.Hans så kom ungane og tok det med seg. Ungane fekk gjerne ein kjærleik på pinne eller ein karamell som takk for dette. Dei gjekk òg å spurde på husa etter ting til bålet. Folk visste jo om dette og det var ein fin anledning til å kvitte seg med rusk og rask. Det var ein tradisjon som fungerte som ei våropprydding for mange.

Både gutar og jenter

Det var helst ungane som samla inn. Dei fleste ga seg då dei vart konfimerte, i alle fall jentene. Då vart ein rekna som vaksen og dei fleste tykte vel det var for barnsleg å drive på med slikt etter det. Men eit par eldsjeler heldt på i mange år etterpå. Når eg spurde mennene om både jenter og gutar var med å samla materiale, så sa dei at kanskje det var eit par jenter med, men at det heilt klart var flest gutar som dreiv med dette. Mennene hadde i det heile vanskar med å hugse om det var jenter som var med, og dei hugsar heller ikkje kva jentene praktisk gjorde i tilfelle, anna enn å pakke ball. Nokre meinte at jentene hadde fleire pålagde oppgåver heime som dei måtte utføre før dei kunne gå ut i gata å leike. Gutane derimot kunne gå å leike rett etter skulen. Så gutane var nok jamt over meir med på det som skjedde, og spesielt det med bålet. Når det vart trekt fram namn på vaksne eldsjeler som var med år etter år, så var dette også menn. Men alle var ikkje einige i dette kjønnsrollemønsteret. Eg snakka med tre kvinner, og dei fortalde at dei var med, «Å jada, vi var med vi og!». Og det var venninnene deira også. Ei dame frå inn i by’n fortalde at: «I alle fall inn i by’n var jentene med på å samla inn ting, vi frakta over bålmateriale til bålplassen og vi var med på å sloss i gatekrigane. Der var jentene like mykje med som gutane». Så oppfatningane var litt delte om dette.

Samlingsplassane      

Alt ein samla inn vart lagt på to ulike samlingsplassar. Ein inn i by’n og ein ut i by’n. Ut i by’n hadde samlingsplass vis-avis gamle Fram, på den opne plassen der. Inn i by’n hadde sin nede på kaiområdet i nærheten av Haffen. Der la ein frå seg alt ein fann i tida fram mot St.Hans. Tjæretønner var spesielt interessant fordi dei brann godt og lenge. Det var òg vanleg å ta ut tre som var merka i åsane, tre som likevel skulle hoggast. Alle samla inn det dei kunne til sin samlingsplass, alt etter kva del av byen ein høyrde til. Dette arbeidet var lite organisert, men det var ein tradisjon som alle fylgde og alle visste kva dei skulle gjere og korleis dei skulle gjere det. Når ein såg at det var begynt å kome noko på samlingsplassen så følgde fleire etter. Blant ungane var det hundre prosent oppslutning, alle ville vere med. Fleire av dei eg snakka med fortalde at det var vanskeleg å finne tak i ting til bålet. Folk hadde ikkje så mykje å kaste på den tida. Litt vart det sjølvsagt, men det var ikkje dei store mengdene som ein no har til rådighet. Plankar og pallar var mangelvare, så båla var ikkje så flotte som dei er no i dag. Dette kan vere grunnen til at ein stal frå kvarandre.

Floraminne 2008 Page 18

Gatekrigar

Det var nemlig slik at ungane stal frå kvarandre sine samlingsplassar. Viss du greidde å stele noko frå dei andre var du både modig og smart. Du vart sett opp til i begge leirane. Vart du derimot tatt så blei du skikkeleg oppbanka, fekk eg fortalt. Det var vanlegvis døgnvakter ved samlingsplassane, dette var det òg ungane som stod for. Men det var helst når det byrja å nærme seg St.Hans og dei hadde fått litt materiale på plassane som var verd å passe på. To av mennene, som er brødre, fortalde at:  «Viss ein ut i byn`ar hadde blitt banka av ein inn i by’nar, samla heile ut i by’n seg for å ta hemn. Dette kunne ofte føre til krig mellom dei to bydelane».             

Ingen kunne heilt hugse korleis desse gatekrigane vart organiserte. Det gjekk melding om at det skulle vere slag og då møtte alle opp for å ta dei andre og såleis forsvare bydelen si ære. Alle kunne hugse desse gatekrigane, så det var eit velkjent fenomen gjennom fleire generasjonar av ungar. Det var alvorlege krigar med livet som innsats, kunne dei fortelje. Dei hadde boger og piler med nåler på spissane. Spyd og bambusstenger vart også brukt. Du kunne risikere å bli tatt som fange i skogen og verte fastbunden i timesvis.

«Det var skikkelege krigar og vi sloss så blodet rann. Det hendte ofte at ein og anna måtte ein tur innom sjukehuset å syast litt». Mens andre igjen fortel at dei gav seg når nokon vart skada. Dei to brødrene fortalde at: «På 60-talet vart desse krigane stoppa. Foreldra var bekymra og politiet vart kobla inn». Desse to brødrene var ut i byn`arar og dei meinte at: «Ut i byn`arane vann som oftast desse krigane fordi dei aldri ga seg». Men ei dame ifrå inn i by’n berre fnyste av dette «Inn i by’narane kunne no jammen slå i frå seg. Dei var no like tøffe på kvar si side slik eg hugsar det».

Dei hadde ei kalleregle på den tida:

Inn i by’ner rampen, bada i stampen.
Ut i by’ner rotta, Bada i potta.

Fraktinga over

Ca 10 dagar før St.Hans byrja ein å frakte bålmaterialet over til holmane. Ein eldre herre fortalde at dei stal materiale ifrå kvarandre også under denne frakta over på dei to holmane. Det kunne oppstå slossing midt ute på Florevika mens dei sat i båtane som frakta materiale. Ofte resulterte dette i at båtane kvelva og folk fòr i sjøen. Det kunne verta ein våt båttur, men alt for æra!

Ut i by’narane brukte i mange år ein gamal dorry som vart slept av ein annan båt. Inn i by’narane lånte båt av hermetikkfabrikken og av privatpersonar. Når ein dreiv med fraktinga sang ein kampsangar. Ein av desse gjekk på tonen til Internasjonalen:

Og så samlast vi på Rota/Klubben.
For ut i by’narane/inn i by’narane skal få det største bål

Det var vaksne gutar som stod for fraktinga og bygginga av bålet ut i by’n, dette fekk ikkje jentene vere med på. Som ei dame fortalde: «Jentene fekk vere med på å samle, men stablinga i båtane og bygginga av bålet var ein gutejobb. «Då måtte ein ha innsikt og hjerne». Jentene fekk lov til å hive frå land og ned i båtane, og då stod det karar, skikkelege gutar og stabla nede i båtane. Aller nådigst fekk jentene lov til å sitte på lasset over vika. Eg hadde ein større bror som gjorde at eg som jente fekk lettare innpass enn andre jenter utan brør». Mens kvinna frå inn i by’n derimot fortalde at: «Eg og mine venninner vi rodde sjølv over vika med materiale til Rota».

Det kan synast som om det var visse skilnadar mellom desse to bydelane. Ein forklaring kan vere at ut i by’n var det fleire vaksne som var med på arbeidet med St.Hansbålet. Desse vaksne har vel tenkt at jenter ikkje burde vere med på aktivitetar som kunne utsetje dei for fåre. Inn i by’n verkar det som det var få eller ingen vaksne med i arbeidet, så her har ungane meir gått på sjølvstyr. Jenter og gutar stilte meir likt her.

Floraminne 2008 Page 20

Bygging av bålet

Når ein så skulle reise bålet, trong ein ei stang eller ei mast til å setje i midten. Bålet vart så bygd rundt denne. Sjølve byggjinga på holmen tok ca 10 dagar. Masta var ei stor gran på 12–15 meter, det var dei vaksne som ordna med denne. Det var om å gjere å finne eit tre med ein fin topp, som var tjukk så langt som mogleg oppetter mot toppen. Ei av damene fortalte at: «Eit år påstod inn i by’narane at ut i by’narane hadde brukt ei stålstang fordi masta stod så lenge». Bålet skulle vere stort og høgt og brenne så lenge som mogleg. Det var spesielt viktig at masta stod lengst mogleg.         

Etter at bålet var ferdig oppsett så pynta ein med bjørkekvistar for at det skulle sjå fint ut. Ein laga òg til påtenningsplassar rundt om på bålet. Dette bestod av lettenneleg materiale som stakk ut ulike plassar. Til å tenne på vart det brukt lange stakar dyppa i parafin.

Før St.Hanskvelden gjekk ein rundt med ei kasse og samla inn pengar. Desse skulle brukast til å kjøpe inn brus, kaffi, bollar og parafin. Ein gjekk då helst til folk ein visste at ein fekk noko av. Dei vaksne som var med på bålbyggjnga spytta i resten viss det mangla pengar til noko.

Sjølve St.Hanskvelden

Så når sjølve St.Hanskvelden kom drog dei aller fleste over vika til det bålet ein høyrde til. Kvinna frå inn i by’n fortalde litt om dette: «Mor mi var ut i by’nar, men budde inn i by’n, og ho nekta å gå i land på Rota på St.Hans. Mens eg som var inn i by’nar gjekk ikkje i land på Klubben. Sjølv om foreldra dine kom frå den andre delen av byen så var det viktigaste kor du sjølv vaks opp og budde. På St. Hans skulle du vere der du høyrde til, sånn var det bare». Ei anna kvinne frå inn i by’n fortalde at ho ein gong hadde vore på Klubben på St.Hans, og då vart ho erta og ho følte seg lite velkommen. «Det var ekkelt», sa ho.

Dei som ikkje hadde båt sjølv fekk sitje på med andre over vika til båla. Heile familien reiste over og feira i lag. Bortsett frå dei som var i «blandingsekteskap» skal ein tru nokre.                

Ein pynta seg ikkje til dette, ein kledde seg godt og praktisk. Alle ungane fekk kvar si brus, det var gule og raude perlebrus, wienerbrød og eggebolle. Dei vaksne fekk kaffi. Alt dette var gratis. Folk samla seg rundt bålet og laga sine eigne småbål i nærleiken av dette. Dei hadde også allsang. Ei av damene hugsar at ungane hadde med seg saft og skjever. Dette kan ha vore før brusen sitt inntog.

Ikkje alle reiste bort på holmane, nokre vart att i byen. Desse samla seg på moloa slik at ein kunne sjå begge båla. Det var dans på moloa litt før bålet vart tent og ei stund etterpå. Båla vart tende kl. 24.00. I seinare tid vart dette flytta fram til kl. 23.00, på grunn av ungane.

Det var alltid mykje folk på moloa, både inn i by’narar og ut i by’narar. Når båla vart tende stod dei og fann ut kva for bål som var størst, høgast og finast.  

I følge ut i by’narane var bålet på Rota berre eit flatt pannekakebål til samanlikning med det vakre bålet på Klubben som hadde solnedgangen i bakgrunnen.            

Ein fortalde at: «På skulen like etter St.Hans kunne det bli litt konfliktar. Begge partar meinte at dei hadde hatt det største bålet. Og du ga deg aldri, uansett om du visste at dei andre eigentleg hadde rett».

Floraminne 2008 Page 22

Elles i året        

Etter at vika ved rådhuset vart attfylt og brua vart riven, var ikkje denne grensa lenger noko synleg skilje i landskapet. Vanlegvis var det heller ikkje så viktig kva for del du kom i frå. Alle hadde vener frå begge sider, og alle gjekk på same skule. Dette gjekk heil greitt, men frå 18. mai til dei tende bålet var ungane delte i to leirar, og dei leika ikkje med kvarandre over grensa i den perioden. Om ein våga seg over i det andre området vart ein jaga vekk i den tida. Eg spurde ei av damene om korleis det var å gå på skulen i lag desse dagane: «Det gjekk greit på skulen. Skulen var friområde. Når vi var på skulen så var vi på skulen, det var noko heilt anna. Men etter skulen var det lite ein bevega seg inn på dei andre sitt «domene». Det var berre til og frå skulen. Skulen låg jo inn i by’n så vi måtte jo gå den vegen til og frå». Dette gjaldt for ungane, ikkje for dei vaksne, dei gjekk fram og tilbake som dei måtte ynskje det. Vaksne Florøfolk var også opptatt av dette, men for dei var det mest på gøy. Dei var ikkje med på innsamlinga og gatekrigane, naturleg nok. Det var viktig for alle Florøfolk å markere kvar dei kom ifrå. Ein var inn i by’nar og ut i by’nar heile året, og det var viktig å hevde seg verbalt om dette. Men det var ikkje så viktig resten av året. Det var først i tida rundt bålet at det fekk noko praktiske konsekvensar kvar ein kom ifrå.

Slutten på dei to båla

På Klubben har vi alltid kunne brenne bål. Det er ein holme med lite vegetasjon. På byrjinga av 60-talet vart det innført krav om brannløyve for å brenne bål, og dette gjekk utover bålet på Rota. På Rota er det meir vegetasjon og der var det fleire gardar som ein måtte ta omsyn til. Det kom mange klager frå desse gardane. Dei meinte at bålet kunne brenne opp husa deira. Inn i by’narane vart nærast jaga derifrå. Dette gjorde til at bålet på Rota etterkvart forsvann.

Interessa for båla vart mindre utover på 60-talet. Byen vart større og det kom innflyttarar frå andre stader som ikkje forstod vitsen med dette og ikkje ville blandast inn. Fjernsynet kom for fullt og mykje av vaksenengasjementet i barneog fellesaktivitetar forsvann då. Velstanden blant folk auka og fleire bygde seg hus og flytta ut i byggjefelta utanfor sentrum. Ei frå ut i by’n sa det slik: «På 60-talet då vart alt så skikkeleg. Då var det ein del ungar som ikkje fekk lov til å vere med å samle lengre. Fordi då var det noko som hette å rive sund kleda sine og å verta skitne. Dette skapte ein del uhygge fordi då kunne plutselig ikkje alle vere med». Ungdomane frå Florø begynte å reise vekk for å gå på skule og det var mest eldre folk att som budde i sentrum. På berre to–tre år vart heile miljøet i gata endra. Det var ikkje den samlinga rundt bålet som det hadde vore før. Sjølv om bålet på Klubben heldt seg. Eit par inn i by’narar gjekk til og med over og var med på å bygge bålet på Klubben etter at det vart slutt med bål på Rota.

Alle dei eg snakka med såg tilbake på dette bålstrevet med glede. Det var hyggelege minner frå barndomen og noko som alle likte å vere med på. Ein sa at: «Det var trasig når bålet på Rota slutta. Fordi den konkurransen som var imellom inn i by’n og ut i by’n skapte liv og røre i byen. Det var mest gøy og det skapte samhald mellom folk».

Klubbabålet vart for nokre år sidan vart flytta til ytste neset på Rota, der Sildefiskernenes Exportlag hadde anlegget sitt. I dag er det truleg få unge eller innflyttarar som veit kva bålplassane var, og at det var noko om heitte inn i by’n og ut i by’n i det heile tatt. Eg er ikkje så gamal sjølv, men eg kan hugse at til og med bålet på Klubben var truga i ein periode. Det var rett og slett for få folk som var med på å gjere jobben, og få det til. Eg håpar at Jonsokbålet på Klubben/ Rota aldri forsvinn og at vi skal brenne bål der i mange generasjonar endå!

KJELDER: Skriftlege:       

  • Torill Wyller: «Sant Hans, Midtsommerfeiring i Norge gjennom 150 år»
  • Munnlege: Grethe Amundsen, Erling og Bjarne Ellingsund, Arvid Stavang, Turid Absalonsen Fimland, Kristian Jansen