Olaus Lind  – den første magistraten i Florø 

 - av Grethe Stavø

Olaus Lind

Olaus Lind som var lensmann og magi­  strat i Florø frå 1861 og heilt fram til  århundreskiftet, hadde mange trådar  samla i si hand. Han var medlem av  bystyret og dei fleste andre kommunale  styre og utval, i tillegg var han engasjert i  utviklinga av næringslivet i den unge  byen. Lensmannsdistriktet hans var stort,  og reisene mange. Gad vite om han  nogensinne hadde ferie, skriv E.M. Hole  om han.      

Tenk deg alle offentleg instansar i  Florø samla på eit kontor, hos ein mann.  Om du skulle melde flytting til staden –  starte næringsverksemd – skaffe deg ei  tomt – få den oppmålt – sett opp eit hus  – få arbeidd opp ein veg - søke om ­ sosiale ytingar – om skjenkeløyve – komme til  forlik – ja, det meste du trong løyve til  fekk du ordna på det same kontoret, hos  den same mannen. Og om du ville melde  naboen for noko, kunne du også få gjort  det her. 

Floraminne 2007 Page 36  
Fekk den første opplæringa  hos faren

Olaus Lind var fødd i Førde i 1824 og der vaks han opp saman med seks søsken. Faren, Andreas G. Lind, var prokurator i Førde, ein av dei første i fylket. Ein prokurator var ein jurist, en slags sakførar. Det er i «lære» hos han Olaus får si første opplæring, der han gaar sin gamle sygelige far til hende i Udførelsen av hans Forretninger. Olaus ville gjerne ha studert jus som faren, men på grunn av mindre  heldige omstendigheter blei det ikkje  slik. Då faren døydde i 1851, måtte han  nemleg som den eldste i søskenflokken  forsørge mora og dei yngre søskena sine. 27 år gammal blir han såleis tilsett som konstituert betjent hos sorenskrivaren i  Ytre Sogn og Sunnfjord, ei stilling som  han hadde i fem år. I 1850 blir han lens-  mann i Bremanger, og denne stillinga  hadde han til 1860.

Lensmann og magistrat.

Det er altså ein mann utan juridisk  utdanning, men med erfaring og god  kjennskap til distriktet som i 1860 søker og får stillinga som lensmann i Brandsø.  Ei slik opplæring var elles vanleg for lensmenn på den tida. 

Han var allereie då ein godt likt og vel ansett mann i distriktet. Då han søkte stillinga som lensmann i 1860, blei det i attestar og anbefalingar mellom andre frå lensmann Johan Landmark og presten Hans Blom brukt orda rettskaffen, ­ dyktig, faderlig, og at han alltid hadde Almuens  Interesser for Øie.          

Allereie eit år seinare, i 1861, finn vi  han og i stillinga som magistrat i det  nyleg oppretta ladestedet Florø. I nesten  førti år var han som magistrat ein sentral  person i framveksten av den unge byen.  Ved gravferda hans i 1902 blei betydninga  han hadde hatt i desse åra, framheva. I  boka si skriv og E.M. Hole at han hadde vore en overmåte viktig mann som var  med i næsten alle de styrer og kommisjoner som byen hadde. Kva slags innflytelse hadde så Olaus Lind hatt, og kva var ein magistrat? 

Floraminne 2007 Page 37

Kva var ein magistrat?   

Magistrat høyres ut som nemning på  ein stilling, men magistrat var eigentleg  eit råd sett saman av borgarmeister, råd-  mann og byfogd. Dette rådet skulle  vere byen sitt fremste administrative  organ; det nærmaste å samanlikne med i  dag er rådmann. Talet på medlemmer  varierte frå by til by, og etter kvart blei det  vanleg, i alle fall i dei mindre byane, at  rådet besto berre av ein person. Embetet  blei avvikla i 1922, og oppgåvene lagt til ein kommunalt vald borgarmeister, seinare rådmann. Andre oppgåver blei lagt  til politimeisteren og byfogden.         

I Florø var det lensmann Olaus Lind  som hadde dette embetet aleine, slik det  altså var vanleg i små byar. Den første  magistraten var lensmann Landmark,  men frå 1861 er det lensmann Lind som  er magistrat. Dei første åra var ladestedet  Florø styrt og administrert av Kinn kom-  mune, men i 1865 kalla magistraten inn  til det første kommunale møtet i byen der  sokneprest Johan Stephansen og gard­  brukar Jens Helmers møtte i tillegg til han sjølv. 

Å kalle inn til kommunale møte og  førebu sakene, var ei av oppgåvene til  magistraten. På eit av dei første møta blei  distriktslege Ude Høst vald til ordførar  og sokneprest Stephansen til varaord­  førar. Interessant er det å merke seg at den  som Olaus Lind eitt år seinare giftar seg  med, Dorothea Høst, var søster til ord­  føraren. Det er ikkje sikkert at spørsmålet  om ugildskap blei reist nokon gong,  men det viser i alle fall at det var tette og  nære band mellom dei som hadde makt  og innflytelse i den unge byen. Dette skal  vi sjå fleire eksempel på seinare, og det var  nok praktisk i eit bysamfunn i startfasen.  Florø hadde dette året berre 345 inn­byggarar. 

Floraminne 2007 Page 38Magistraten sine oppgåver 

Kva gjorde ein magistrat? I starten var  nok ikkje dei kommunale oppgåvene så  mange, men ei av dei var å måle opp tomter til folk som kom for å slå seg ned i den nye byen. Dei fleste kom hit for å drive handel. Staten  hadde skaffa seg kontrakt med eigaren av NedreFlorø Gård, Jens  Helmers,  som skulle  avstå byggetomter til ein avtalt pris: 12  skilling og 40 øre pr. kvadratmeter. Det  høyrde til magistraten si oppgåve å tilvise  plass og måle opp tomtene. Tomt nr 1  blei tilvist allereie i juli 1861 til Karl  Hopen, og kort etter blei nabotomta seld  til bøkker Hans Steen. Den første  bu­  setninga i byen kom elles i området  vest for Torggata. Etter kvart blei tomter  nedanfor Strangata og i Markegata oppmålt. I 1865 tilviste han plass til Vårsildfondets sjukehus og eitt år seinare  til det første skulehuset. Dette blei etter kvart for lite og seld til Malkenes, og i 1889 tilviste magistraten tomt til nytt  skulehus. Det sto der sjukehuset no står    

Alle som ville busetje seg i ein by eller ein ladestad for å drive næring, måtte på  denne tida søke om borgarskap. Dette var  det magistraten si oppgåve å utstede. Den nye borgaren blei innført i byens  protokoll eller i rettsprotokollen, avla eid til kongen og myndigheitene i byen og fekk deretter borgarbrevet sitt. Det å løyse borgarbrev var altså knytt til å drive næringsverksemnd, og dei fleste som løyste borgarbrev på 1870- og 1880-talet oppgav at dei ville drive handel. Dei aller fleste var menn, men også nokre kvinner melde seg for Olaus Lind med begjæring om borgarbrev. Allereie i 1862 møtte for eksempel pigen Anne Axelsdatter Teige på  kontoret hans, la fram dei nødvendige  attestane og fekk innvilga borgerbrev som handelsberettiget.       

Ei anna av magistraten sine oppgåver var å innvilge løyve til skjenking av øl og vin. Skjenking gjekk dei første åra føre  seg mange stader. E. M. Hole seier det  slik i boka si: i omtrent hver eneste handelsbutikk, og dessuten i spiseforretningene.  Den nye byen hadde ikkje så store inntekter. Derfor blei øl- og vinskatten som dei skjenkande måtte svare, 10 spesiedalar  årleg i 1865, auka til 50 spesidalar etter få  år. Dette var inntekter som kom godt  med, byen hadde elles ikkje store inntekter å rutte med. I 1867 utgjorde denne  skatten heile 35 % av inntektene!  Skjenkinga av alkohol blei etter kvart ein  stor diskusjon i ulike fora og meir regu-  lert etter kvart.   

Inntekter kunne komme vel med.  Magistraten var den som skulle legge  fram forslag til budsjett, og det var bra dei  kommunale oppgåvene ikkje var mange  dei første åra, for inntektene var heller ikkje store. Då Olaus Lind skulle setje opp budsjett i 1865, hadde han til  rådvelde 1600 kroner som kom frå skatt  på formue og altså skatt på skjenking av  øl og vin. Utgiftene det same året var til  skule, opparbeiding av gater og til fattigvesenet, samt ein post han kalla tilfeldige  utgifter. Godt kunne det vere, når ein  hadde så lite å rutte med, at magistraten  hadde ein finger med både når det gjaldt  gatearbeid, skule og fattigvesen. 

Budsjettet steig elles utover på 1880-  talet, men i 1880 var det ikkje større enn  3960 kroner, og først i 1900 kom det  over 10 000 kroner.                 

Gatearbeida i den nye byen var ikkje heilt enkle. Gatene var regulerte rette i rektangulære kvartal, og dette gav Florø  eit bypreg etter kvart som gatene blei lagt og husa plassert. Men bergknausar, dal-  senkingar og hopar gav utfordringar når  gatene skulle opparbeidast. Som magistrat skulle Olaus Lind finne løysingar når  det gjaldt økonomi og få til dei nødvendige vedtak av bystyret. Her gjaldt det at  kunde udrette meget med smaa Midler, og i  saa henseende var han den rette Mand, blei det sagt. Det blei ofte forhandla fram  avtaler med huseigarane, der dei betalte  noko og bystyret bevilga resten.­  H. Hjørnevik fekk for eksempel fem kroner for å fylle hopen mellom sitt og sakfører Smitts hus. Av og til gjorde dei  private heile arbeidet sjølv, som Smitt  som minerede bort noget fjell ved sitt hushjørne. Av større arbeid blei det i 1862 for eksempel bevilga 20 spesiedalar til at fylle  fordypningen innenfor Kringlens hus. Året  etter blei det bevilga 50 spesiedalar til opparbeidelse av en fire alen bred vei fra  almenningen ved Evensens hus opp til  Storevannet. 

Floraminne 2007 Page 39

Fattigvesenet 

Fattigvesenet var ein annan av dei fire  utgiftspostane på budsjettet i 1865, og  dette var ein annan stad der Olaus Lind  var «til stades». At samfunnet skulle yte  hjelp til dei trengande, hadde røter langt  tilbake i tid. Frå dei «verdige fattige» som  skuldlaust hadde enda i fattigdom, og  hadde rettmessig krav på hjelp, til «dei  uverdige» som ein meinte kunne brødfø  seg sjølv. Denne gruppa omfatta lausgjengarar, omstreifarar og arbeidsskye.  Dei offentlege inntektene var små, og i 1863 hadde det komme ei ny fattiglov  som hadde som mål å få utgiftene til fattigstellet ned. No var det berre dei  «rette trengande» som skulle få hjelp. For å styre med fattighjelpa i kvar kommune blei det sett ned ein fattigkommisjon.  Her var magistraten med, og frå 1890-åra  var Olaus Lind også formann. 

Det var ikkje så veldig mange som  fekk «understøttelse» i den tida Olaus  Lind var formann i kommisjonen, rundt  10–12 personar. Likevel utgjorde Florø  by sine utgifter til fattigstellet i same tidsrom 1/3 av utgiftene. Derfor ber referata  frå Fattigkommisjonen preg av sparing og  nøye overveiing; ord som paa billigste  Maade går igjen. Dette gjaldt for eksem-  pel personar som blei utsatte, det vil seie plassert i pleie hos andre. Ikkje alltid blei søknader innvilga. Om det var tvil om personen høyrde heime i Florø, blei søknaden avslått. Og sidan jomfru Zahlkvists  Operation på kr 45,- var foretaget uden at  Fattigkommisjonen forud blev underrettet,  fann ein ikkje grunn til å utbetale be­løpet.  Men fem kroner til ullteppe blei innvilga  til Malene Larsdatter i 1884. Godt var  det at Olaus Lind som lensmann hadde  kjennskap til folk i Florø sine tilhøve og  levekår. 

Floraminne 2007 Page 40

Eit anna eksempel er madam Flomm som var på sjukehus i Bergen. Dette blei dyrt, og Fattigkommisjonen i Bergen sende krav om refusjon av utgiftene til fattigkommisjonen i Florø. Vedtaket blei her at det bliver at undersøge om hun kan hjemsendes uden skade.            

Som eg har nemnt tidlegare, var det  ikkje unaturleg at det var tette band mellom dei som sat i styre og stell i ein så  liten by. I 1860 budde det ca 50 ­ menneske  i Florø, i 1890 var ikkje talet større enn 669. Dei same personane gjekk igjen i kommisjonar og styre. Det var gjerne soknepresten, apotekaren, magistraten, kjøpmannen og andre formuande. Samling av desse maktposisjonane gav ikkje berre eit godt oversyn, det gav også  høve til effektiv handling. Eit gripande eksempel på dette fåmannsveldet finn vi i  behandlinga av tre barn i1895. Skulestyret med sokneprest G. Olsen i spissen vedtok  at tre barn skulle utelukkast frå undervisninga, og det blei skrive brev til fattigkommisjonen om at sørge for at faa dem  innsat i Pleiehjem på Landet. Sognepresten  tok saka med seg til fattigkommisjonen,  der han også var medlem, og kommisjo-  nen vedtok samme dag at barna skulle  setjast ut på landet snarest mulig og på billigste måde for ­ fattigvesenet si rekning. 

Floraminne 2007 Page 41

Skulen 

Olaus Lind finn vi og i skule­  kommisjonen. Utgiftene til skulestellet  var avgjort den største utgiftsposten på  kommunebudsjettet, og når han skulle  legge fram forslag til løyvingar for by­  styret,  var det godt at han hadde kjennskap til  sakene. 

Ugiftene til lærarløner var ikkje store. I byrjinga var her berre ein lærar, og han blei oftast ikkje lenge. Ikkje så mykje på grunn av dårleg løn, som på grunn av dårlege skulelokale. Ein måtte gjerne ta til  takke med eit loftsrom ein eller annan  stad i byen. Betre blei det då det blei bygd  skulehus med ein liten lærarbustad. Men  utgiftene var mangslungne. Forutan  ­  vanleg vedlikehald og utbetringar finn vi  i 1860- og 1870-åra for eksempel løyvin-  gar på 20 spesidalar til grue i skulehuset,  ein spesidalar til innkjøp av skule­  inventar,  seks spesidalar blei brukt til innføring av  gymnastikk og læraren fekk to spesidalar  i godtgjersle for ved­  saging. Det var løyv­  ingar til papp på veggane i lærarbustaden,  spon på taket på skulehuset og innkjøp av  brannbøtter. Det første skulehuset blei  etter kvart for lite, og utover 1880-åra  dreidde mange av sakene seg om opp­  føring av nytt skulehus. Det sto ferdig i  1889. 

Floraminne 2007 Page 42

Hamnekommisjonen     

Arbeid med hamna var sjølvsagt viktig  i Florø, og under magistratembetet låg  også Havnekommisjonen. Her gjorde ein vedtak som gjaldt drift av hamna, om  kjølhaling av fartøy og nedsetting av fortøyingsringar og monteringsbøyer.­ 

Floraminne 2007 Page 42 2
I 1876 fans det tre mindre brygger i hamna. Viktig var det å få sett opp kai til dampskipsrutene, ikkje minst til Fylkesbaatane som etter kvart gjorde  Florø til eit knutepunkt for rutene i dis-  triktet. Damskipsbrygga sto ferdig i 1880,  og allereie i 1888 blei Havnekommisjonen  beden om å uttale seg om ei utviding.             

Kommisjonen var ueinig med seg sjølv.  Trafikken på hamna var stor, og med ei­  utviding var ein redd for at farvatnet ville  bli for trangt. Diskusjonen om å fylle igjen sundet mellom Fugleskjæra og land hadde pågått sidan 1870-åra, og no kom  saka opp på nytt. Etter mange forhandlingar blei endeleg moloa bygd av Statens Havnevesen i begynnelsen av  1890-åra, og sto ferdig i 1895.     

 Floraminne 2007 Page 43

Som magistrat var Olaus Lind også  med og forhandla med amtet for å kunne  bygge kanal gjennom Florøeidet. I 1869  blei det bevilga 300 spesidalar til dette  arbeidet. Amtmannen ba om meir pengar  frå kommunen, som seinare bevilga eit  like stort beløp. Ein måtte i tillegg låne  samme beløp i Kinns Sparebank. Det blei  og vedteke å lage bru over kanalen. 

Var med å å skipe Florø Handelsforening 

Dei kommunale oppgåvene som Olaus  Lind var involvert i, var som vi ser mange,  og magistraten skulle i det heile ha tilsyn  med byens ve og vel. Ved sidan av embets-  oppgåvene hadde han også ein plass innan byen sitt næringsliv. Han var ein av  stiftarane av Florø Handelsforening, som var den første av dette slaget i Sogn og  Fjordane. På skipingsmøtet i 1867 var det  10 næringsdrivande til stades, og talet  hadde i 1875 auka til 34. Handelsforein­  inga engasjerte seg på fleire område dei  åra Olaus Lind var med, mellom anna i  bygging av Fugleskjærskaia, skiping av  bankar og bygging av vassverk. Då Olaus  Lind døydde, blei han heidra på møte i  Florø Handelsforening. Der blei det  påpeikt kor interessert han hadde vore i  utviklinga av Florø. 

Kinns Sparebank     

Olaus Lind var også heilt frå starten av  med i styret av Kinns Sparebank, som blei  stifta i 1862. Dei tette banda mellom dei  som hadde oversikt og innflytelse, blir  nok ein gong dokumentert. Distriktslege  Ude J. Høst, som også var ordførar, var  banken sin første styreformann, og som  vi hugsar, var han Olaus Lind sin svoger.  Men som tidlegare nemnt, var nok dette  praktisk i ei oppbyggingstid. Gjennom  embetet sitt som lensmann hadde og  Olaus Lind god kjennskap til og oversikt  over folk og forhold i distriktet. Han blir  gitt æra for at når banken ikkje lei nemne­ verdig tap i den tida han var med, ­ skyldes dette i første Rekke hans Kjennskap til  Personer og Forhold, og hans evne til aa faa en Sag ordnet på lagelig vis. 

Respektert og godt likt 

I heile den tida Olaus Lind var magi­  strat i Florø, var han også lensmann i distriktet. Det var eit stort distrikt med  lange reiser. Han blir framstilt som ein  behjelpelig mann, trufast og utretteleg,  alltid villig til å ta sin del av byrdene. Som  lensmann var han alltid velvillig til å høre  på Folks ofte kjedelige Begjæringer og  Raadspørgsler, og faa enhver Sag ordnet paa  beste Maade.               

Olaus Lind gifta seg 42 år gammal  med den ni år yngre Dorothea Høst. Dei  budde i lensmannsgarden på Lindheim  saman med to av søskena til Olaus,  Mathias og Henriette. Mathias var kon-  torbetjent hos Olaus, og Henriette var  husholderske i embetsgarden. Dei fekk  ingen barn, men Ivar Lykke Falck, son av  lensmann Edvard Falck og kona Birgitte i  Førde, vaks opp som pleiebarn hos dei.  Ivar, som tok etternamnet Lind, etter-  følgde Olaus som lensmann og blei sei-  nare politimeister og stortingsmann.  Interessant å nemne er det og at Armauer  Hansen, som oppdaga leprabasillen, ofte  var på besøk i embedsgarden. Armauer  Hansen reiste mykje rundt på øyane i  distriktet. Spedalskheit herja fælt, og  Hansen hadde merka seg at det var mykje  av sjukdommen mellom fiskarfolket på  kysten. Han døydde i 1912 på Lindheim  på eit av besøka sine i Florø.    

Olaus Lind døydde i juni 1902, og  blei i gravferda og minneorda heidra for  det han hadde betydd for byen, og for det  arbeidet han hadde utført til Distriktets Ophjelp. Kista blei boren frå Lindheim til kyrkja av medlemmer av Kinns herredsstyre, og frå kyrkja til grava av medlemmer av Florø kommunestyre. Det var  mange som følgde Olaus Lind til den  siste kvilestaden; eit øiensynlig bevis paa  den Agtelse og Kjærlighed Afdøde i sin firti-  aarige Virksomhet havde vundet blant  baade sma og store inden Distriktet. 

Kjelder: 

  • Magistratprotokollen for Florø 1862 – 1898. 
  • Kommunearkivet i Flora  Formannskannskapsprotokollen år 1865 – 
  • 1880. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane  Protokoll for fattigkommisjonen i Florø år 
  • 1868 – 1895. Kommunearkivet i Flora  Protokoll for Skolekommisjonen år 1865 – 
  • 1880. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane  Blom, Hans: Anbefaling datert 24. august 
  • 1860. Statsarkivet i Bergen.  Landmark, Johan: Attest datert 3. mai 1850. 
  • Statsarkivet i Bergen.  Lind, Olaus 1860: 
  • Søknad på Brandsø Lensmanns-  ombud  Litteratur:  Hole, E. M. 1935: Florø gjennom 75 år: 
  • En  utsikt over byens historie 1860–1935. Florø.  Kjelda. 
  • Tidsskrift for Fylkesarkivet i Sogn og Fjorda-  ne, nr 3 2001.  Moen, Anders J. 2006: 
  • «Folk i Florø, hvem var de  og hvor kom de fra?» I Flora-minne. Flora histo-  rielag. Årsskrift 2006.  Nordre Bergenhus Amts Tidende, 1902. 
  • Stavang, Harald J.: 
  • Flora, kulturhistorisk vegvisar.  1999  Våge, Nils Steinar 2007: 
  • «Florø og Lillestrøm. To  byar med røter i 1860-åra». I Flora-minne. Flora  historielag. Årsskrift 2007.  Lampe, Johan Fredrik 1895: 
  • Bergens Stifts Bisko-  per og Præster efter Reformationen. 

 

Kjelder og litteratur på internett: 

 

Lind-namnet stammar frå Bergen           

Oldefaren til Olaus Lind heitte  Gunder Gundersen og kom frå  Askvoll. Han flytta rundt 1740 til  Bergen, der han forpakta ein hage  kalla Lindberghagen etter eigaren,  som altså heitte Lindberg. Læraren  til Mathias, Gunder sin son, kalla  guten Lind etter staden der han  budde. Då Mathias Gundersen (som  altså var Olaus Lind sin bestefar)  blei vaksen og reiste til Københamn  for å studere, tok han difor etternamnet Lind. Det klang nok betre for ein kommande embetsmann.