Florø og Lillestrøm:
To byar med røter i 1860-åra 

 - av Nils Steinar Våge

Florø og Lillestrøm vart grunnlagde som følgje av rike naturressursar. Dei store sildeinnsiga til Sunnfjord var ei av hovudårsakene til at Florø vart grunnlagt. Lillestrøm oppstod fordi store tømmermengder og ein umetteleg etterspørsel etter trelast tvinga fram sagbruksindustri her. Begge vart etablerte omkring 1860, men det er eit grunnleggande skilje mellom dei: Florø vart grunnlagt som by (ladestad), men det vart ikkje Lillestrøm som dei første åra difor voks fram meir eller mindre tilfeldig. I 1907 vart  Lillestrøm eigen kommune, og i 1997  kom bystatusen.         

Artikkelen handlar om desse stadene  då dei var i startfasen i 1860-åra. Sidan dette er ei samanlikning, er berre hovudtrekka tekne med, og innhaldet er difor langt frå uttømmande. Ideen til saman-  likninga vart unnfanga etter å ha lese  Anders J. Moen sin artikkel i Floraminne  i 2006 der han med utgangspunkt i folketeljinga i 1865 tok føre seg ulike sider ved  befolkninga i Florø. 

Opphavet

Eit frodig, graskledd og flatt landskap  med eit flatemål på 720 dekar på nordsida  av Florelandet vart utskilt frå gardane  Øvre Florøen (Prestegarden) og Nedre  Florøen (Helmersgarden) til grunn for  ein ny by. Staden låg lagleg til i skipsleia, og her skulle det byggast ein større handels­ stad mellom Bergen og Ålesund som skulle vere eit sentrum for bygdene i  amtet og for dei betydningsfulle vinter-sildfiskeria i Sunnfjord. Dei 38 trehusa  som låg langs strandkanten i 1865, likna ikkje nokon by, men fordi Stortinget vedtok i 1860 at det skulle byggast ein by her, gjorde dei få innbyggarane det dei kunne for å skape eit bysamfunn med dei få ressursane dei hadde.

Då den første offentlege jernbanestrekninga i landet vart opna i 1854 mellom Kristiania og Eidsvoll, vart banen mellom anna lagt over ei vid og myrlendt slette der det låg nokre få husmanns­  plassar. Sletta heitte Måsan etter all mosen  som voks her. Det meste av Måsan vart kvar vår overfløymd som følgje av dei store vassmengdene frå elvane Glomma, Leira og Nitelva som rann ut i innsjøen  Øyeren. Innsjøen vart regulert i 1861, sletta vart dermed tørrlagt og no kunne det reisast industri og bustader her. Staden fekk namnet Lillestrøm då jernbanestasjonen vart flytta frå garden Lille Strøm i nabobygda Rælingen der stasjonen først låg. I 1862 vart endå ei ny jernbane­  strekning opna: Kongsvingerbanen. Den  gjekk også gjennom Lillestrøm og vidare  austover mot Sverige. Lillestrøm vart dermed eit trafikknutepunkt som låg makelaust godt plassert med omsyn til å bygge industri. 

Var det behov for ein by i  Sunnfjord?        

I 1858 sette regjeringa ned ein kommisjon som fekk i oppgåve å vurdere  grunnlegginga av ein by i ytre Sunnfjord.  Bakgrunnen var i første rekkje at den omfattande aktiviteten i tilknytning til  sildefisket skapte behov for sørvis overfor fiskeflåten. Stortingsmann og sokneprest Hans Blom i Kinn kommune vart vald til kommisjonsformann, og etter at fleire  stader i Sunnfjord var vurderte, valde dei Florelandet som stad for den nye byen. Innanfor det vesle området på nordsida av øya skulle byen vekse fram. På denne tida var det vanleg at byane var kompakte  og små i utstrekning med trehus som stod  tett i tett langs smale gater.

Floraminne 2007 Page 42

Argumenta for valet av nettopp denne  staden var mange. Dei store sildefiskeria i  øygarden utanfor vog tyngst. Dei kravde  betre avsetnad for silda fordi fiskarane  tapte store inntekter og staten høge eksportsummar med ordninga som rådde. Misnøya med det bergenske handels­ hegemoniet var dessutan sterk. Opp­kjøparane frå Bergen hadde ikkje stor nok kapasitet, og ordninga deira var på fleire måtar lite tilfredsstillande. Når tusenvis av fiskarar deltok i vintersildfisket i Sunnfjord, var det naturleg at det fanst offentlege og private sørvisordningar samla på ein stad. Forholda for fiskarane var elendige på mange måtar. Fiskerioppsynet  sine tal frå 1853/1854 viser at det deltok  6051 fiskarar i vårsildfisket dette året. I  1860 var talet stige til 13389. Sjølv om fiskarane sine behov var små, kravde dei  litt meir enn tak over hovudet. 

Florelandet låg lagleg plassert i den  sterkt trafikkerte skipsleia, og ville vere  ein naturleg stoppestad for den nye og veksande rutetrafikken langs kysten.  Staden låg dessutan i nærleiken av fiskefelta, og her var det ei brukbar hamn med god ankerbotn. I dette landskapet var det  plass til å bygge bryggjer, sjøhus, salteri,  sørvisinstituasjonar, handelshus, bustadhus og ikkje minst var det rikeleg tilgang  på vatn. 

Fiskehandlarar i Bergen mislikte at det  skulle byggast eit handelssentrum i  Sunnfjord, for det ville sjølvsagt konkurrere med handelen deira. I Stortinget gjekk bergensrepresentantane så hardt ut mot byetablering på Florelandet at stortingspresidenten måtte roe dei ned, men med utgangspunkt i forslaget som kommisjonen la på bordet, vart det vedteke med stort fleirtal å etablere eit byanlegg her. Byen kom i seinaste laget, for i 1860-åra avtok sildemengda, og utviklinga vart ikkje slik ein hadde venta. Ein dårleg start kan ein difor seie at byen fekk.         

Staten ønskte fleire byar, dvs økonomiske senter for å fremje handel og produksjon, fordi alle distrikt i landet trong byar for å utvikle seg økonomisk. I  Nordre Bergenhus Amt var behovet for ein by stort. 

Lillestrøm var ein industritettstad         

Som til Kinn kommune kom det ikkje noko stortingsvedtak til Skedsmo kommune om å grunnleggje ein kjøpstad eller ein ladestad der Lillestrøm no ligg. Først  i 1878 blei det vedtatt at Lillestrøm  skulle gjerast til eigen bygningskommune,  dvs at tettstaden fekk eit avgrensa sjølvstyre. Frå då av voks det fram eit  by­ liknande samfunn her.   

Ei grunnleggande årsak til at det voks  fram ein tettstad her, var liberaliseringa av  næringslivet midt på 1800-talet. I 1860  vart sagbruksprivilegia oppheva, og no  kunne kven som helst som hadde kapital,  setje i gang sagbruksindustri. Pengesterke  skog­  eigarar og byborgarar bygde sagbruk  her, og arbeidsplassane lokka folk frå det  hardt pressa jordbruket til Lillestrøm.  Det vart tillatt å bruke dampmaskin som  drivkraft i sagbruksindustrien, og dermed  slapp ein plassere sagbruka der det fanst  fossekraft. Dessutan var dampdrivne sag-  bruk mykje meir effektive enn vassagene.  Det var stor tilgang på tømmer som blei  fløytt på elvane og slept med dampskip  på innsjøen Øyeren fram til sagbruka  som låg like ved elvebreidda. I tillegg vart  store tømmermengder frakta med hest og  slede på vinterføre. På landsida var det  jernbanelinje, såkalla industrispor, inn til  sagbruket, og plankar og bord vart lasta  over på jernbanevognene. Derifrå gjekk trelasta til Kristiania og vidare anten til  eksport eller til bruk i hovudstaden eller  andre stader i landet. Jernbanen var altså  ei hovudårsak til at Lillestrøm vart ein  industritettstad. Viktig var det også med  lagerplass for trelasta, og den fanst på slettelandet ved sagbruka. Til slutt må det nemnast at det var arbeidskraft nok i området, og mange både med og utan sagbrukserfaring stod i kø for å få seg arbeid her. I Lillestrøm fanst altså innsatsfaktorane kapital, råvarer, energi og  arbeidskraft. Som følgje av alt dette stod to dampdrivne sagbruk ferdig i 1860, og arbeidsstokken var på over 50 mann. I den travlaste sesongen var talet på arbeidarar mykje høgare. 10 år seinare var det sju store sagbruk her, folkemengda var tredobla og staden hadde fått eit bypreg.                

Lillestrøm er altså eit førsteklasses eksempel på eit lokalsamfunn som voks fram som eit produkt av den industrielle revolusjonen. Etter nokre få år var Lillestrøm eit av dei største trelastsentra på Austlandet. 

 Floraminne 2007 Page 49 2

Busetnad og befolkning omkring 1865               

Lillestrøm har i dag i overkant av 14000 innbyggarar. I sentrum av Florø bur det mellom 8000 og 9000 menneske.  Som Tabell 1 viser, var forskjellen i folketal ikkje så stor i 1865. I motsetning til Florø der busetnaden var samla på eit lite område der Strandgata no ligg, grodde busetnaden opp i Lillestrøm meir eller mindre tilfeldig fordi staden ikkje vart  avgrensa eller fekk tildelt eit utbyggingsareal. Her blei det bygd bustadbrakker tett opp til sagbruka, og Norges Statsbaner bygde nokre få og små hus til dei tilsette ved jernbanen. Dessutan busette inn­ flyttarar seg på småbruka og husmanns­ plassane på Måsan. Alle som hadde ei eller anna tilknytning til jernbane- og  sagbruksverksemda, tilhøyrde staden  Lillestrøm.                 

Tabellen nedanfor viser at det var fleire  kvinner enn menn i Florø mens det var  motsett i Lillestrøm. Til Lillestrøm kom  det mange einslege arbeidarar som  ut­  gjorde einpersonhusstandar. Tungt  arbeid på sagbruka og jernbanen skapte  behov for mannleg arbeidskraft, og difor  var det eit kvinneunderskot her. Dei  ­  einslege som kom til Florø, var særleg  tenestefolk, og dei budde i husstanden  der dei tente. Her var det eit tilsig av  familiar, og difor var kjønnsforholdet slik.  Gjennomsnittleg var det på denne tida  fleire kvinner enn menn i landet. 

Floraminne 2007 Page 49

Fram mot 1900 voks befolkninga i  Florø til 937 eller med 170 %, mens innbyggartalet i Lillestrøm auka til 3782 eller  med 726 %. Grunnen til lavare folkeauke i Florø var i hovudsak dårlege sildeår i Sunnfjord, mens den umettelege etterspurnaden etter trelast førte til eksplosiv folkeauke i Lillestrøm. 

Ei ung befolkning  begge stader 

Floraminne 2007 Page 50

Byar og tettstader verka lokkande på folk, særleg på unge arbeidstakarar, som slo seg ned her med familiane sine.  Dessutan kom det unge ugifte personar  hitforåsøkearbeid. Gjennomsnittsalderen  i Florø var litt høgare enn i Lillestrøm:  23,4 mot 22,3 år. Samanliknar vi derimot  medianen, dvs kor mange personar det  var over og under ein viss alder, viser den  23 i Florø, men 17 i Lillestrøm. Det viser  klarare at det var ei yngre befolkning i  Lillestrøm enn i Florø. Tabellen viser at  befolkninga var ung begge stader. 

Kor kom innbyggarane frå? 

Frå og med folketeljinga i 1865 blir  fødestaden for kvar person oppgitt, og på denne måten får vi vite kor personane  kom frå. Dette er ein vanleg måte å registrere innflyttarar på. 

Både til Florø og Lillestrøm kom det flest innflyttarar frå kommunane som tettstadene låg i. 40 % av innbyggarane i Florø var i 1865 fødde i Kinn kommune  mens resten kom frå nabokommunane og nabofylka. Nær 44 % av befolkninga i  Lillestrøm kom frå Skedsmo kommune,  og dei fleste andre var fødde i kommunar  i Akershus fylke. Innbyggarane i Florø var  fødde i 76 prestegjeld. I Lillestrøm var  dette talet 68, men innflyttarane kom frå  mange fleire stader i landet samanlikna  med Florø. 

Mange av dei som slo seg ned i  Lillestrøm, var tidlegare arbeidarar frå det  tradisjonsrike sagbruksmiljøet i Sagdalen  som låg like i nærleiken. I tillegg kom det  mange frå sagbruksmiljøa i nabokom­  munen Fet. 

Frå slutten av 1860-åra var sildefisket i  nedgang, og i 1873 var havet heilt svart.  Folketalet i Kinn kommune auka berre  med 2,3 % fram til neste folketeljing i  1875 mens folkeauken i Florø var på 42  %. Folk frå øyane omkring reiste nok til  byen i håp om å få seg arbeid der, for  svikten i sildefisket førte til at fattigdom-  men var stor i fiskeridistriktet utanfor  byen. Det har alltid vore vanleg at folk  har flytta til byane når armoda på landsbygda har vore stor. 

Kva levde folk av i Florø og  Lillestrøm i 1860-åra? 

Både staten og kapitalsterke borgarar  investerte i Lillestrøm. Hovudbanen frå  Kristiania til Eidsvoll vart bygd med kapital frå staten og private mens Kongsvingerbanen var statsfinansiert.  Saman med dei to store dampdrevne sagbruka gav jernbanen mange arbeids­ plassar her. I Florø derimot slo ingen kapitalsterke industriherrar seg ned. Dei fleste  innflyttarar var bønder og arbeidsfolk som saman bygde opp eit fleirsidig næringsgrunnlag som liknar det vi ser i andre nyetablerte byar.

Handelen var godt utbygd i det vesle bysamfunnet fordi planen med byen var eit handelssentrum for distriktet mellom Bergen og byane på Møre. Handverkarane utgjorde den største næringsgruppa, og det var naturleg i ein by under opp­ bygging. Handelsmenn og handverkarar var det overraskande få av i Lillestrøm.  Den første og siste kategorien i Tabell 3 treng ein kommentar. Av dei 14 arbeidarane i Florø var 12 daglønnarar, dvs arbeidsfolk som tok tilfeldige og kortvarige jobbar. I Lillestrøm finn vi ikkje dagarbeidarar fordi der kunne alle få seg  fast arbeid. Det same er grunnen til det lave talet på mannlege tenarar i Lillestrøm  samanlikna med Florø.

Floraminne 2007 Page 51 Mange husstandar i Florø hadde teneste­ jente. I arbeidarfamiliane i Lillestrøm var det ikkje behov for tenestejenter fordi arbeidarhusmora hadde ansvaret for det daglege arbeidet i ­  heimen. Dessutan hadde ikkje arbeidarane råd til å halde tenarar. Folketeljinga viser at ved sida av gardstenarar av begge kjønn på Prestegarden og Helmersgarden, hadde  handelsmennene, handverkarane og folk med immaterielt arbeid (tollbetjenten, legen og losoldermannen) hustenarar i Florø. Berre stasjonsmeisteren, bruksfullmektigen og fire sagbrukstilsette med høgare lønner enn gjennomsnittet, hadde hustenarar i Lillestrøm.

Tenarlønna i fiskeridistrikta låg mykje høgare enn i innlandet, så tenarane i Florø hadde det nok litt betre økonomisk enn tenarane i  Lillestrøm. 

Floraminne 2007 Page 52 2

Tabellen viser at infrastrukturen var  betre utbygd i Florø enn i Lillestrøm. I tillegg fortel tabellen om ein hovud­skilnad mellom dei to tettstadene:  Lillestrøm vart bygd opp omkring  industri­ verksemd og kommunikasjonar, mens det i Florø vart bygd opp eit manges­idig næringsgrunnlag. Det går fram av Tabell 4 og 5. 

Dei fleste husmennene og små­  brukarane i Lillestrøm tok seg arbeid på sagbruka i periodar av året fordi det var den einaste måten å skaffe seg kontantar til nødvendige utgifter. Det høge talet i primærnæringa kjem av at det ikkje fanst noka fast grense for tettstaden. 

Handverkarane – ei viktig  yrkesgruppe 

Floraminne 2007 Page 52

Av tabellen ser vi at handverkarar som det var grunnleggande behov for, slo seg ned i Florø. For å nemne nokre var her minerar til å sprengje fjell, murarar til å lage grunnmurar og gatefundament, bøkkarar til å produsere sildetønner og  bøtter, snikkarar til å bygge hus og lage møblar, notbindar som produserte fiskereiskapar, skreddarar som sydde klede og  skomakarar som lagde og lappa skor.  Mangfaldet er stort samanlikna med  Lillestrøm som først fekk ei tilstrøyming  av handverkarar med den store auken i folketalet etter 1865. 

Sidan det var så få handverkarar i Lillestrøm med ei befolkning som er mykje større enn i Florø, må ein gå ut frå  at nødvendige handverksprodukt vart  produserte i heimen. Sagbrukseigarane  dreiv handel med arbeidarane, og selde nok råvarer til klede, skor og anna som var nødvendig. Det blei dessutan meir  vanleg å kjøpe ferdige handverksprodukt,  og desse var det lett å få tak i sidan vegen  var kort og kommunikasjonen med  omlandet og hovudstaden var god. 

Ikkje alle hadde eit praktisk  arbeid     

Floraminne 2007 Page 53

Florø hadde fire offentlege tenestemenn: distriktslegen, soknepresten, tolltenestemannen og losoldermann. Den  sistnemnde organiserte lostenesta i dette distriktet, mens tollbetjenten som hadde  ansvaret for tolltenesta mellom Solund og Stad, var i tillegg byen sin postopnar. I  det same rommet som tollstasjonen og  postopneriet, i sjøhuset til Trovik, heldt  den nyskipa Kinn sparebank til, og kasserar og bokhaldar i banken var sak­førar Flock. Distriktslege Høst var ­ banken sin direksjonsformann. Vi ser at viktige funksjonar var samla hos få personar, og dette var praktisk i eit bysamfunn i etableringsfasen. Nedanfor skal vi sjå at dei same personane hadde politiske verv og var med og styrte byutviklinga.

I Lillestrøm var det ein offentleg tenestemann: stasjonsmeisteren. Staden hadde også lege og jordmor, men dei budde ikkje her. Lillestrøm delte helsetenesta med resten av Skedsmo kommune som til  saman hadde 3499 innbyggarar, og legen kunne anten gå eller ri til pasientane. Innanfor Høst sitt legedistrikt i Sunnfjord  budde det 11 – 12 000 personar, og legen  brukte i dei fleste tilfelle båt når han  skulle til pasientane. Den lengste sjøreisa var om lag fem mil.       

Søstrene Salomonsen opna det første  hotellet på hjørnet Strandgata – Kirkegata  i 1890. Før den tid hadde Florø ein  såkalla losji- og spiseforretning der huslause fiskarar og andre tilreisande kunne  ta inn for å få seg mat og overnatting. Dette ser ein av at det fanst ein spisevert i  byen. I Lillestrøm kom den første overnattingsstaden i 1870-åra då skys­  stasjonen  i Skedsmo vart plassert her. Både mat og drikke kunne reisande og andre skaffe seg på jernbanestasjonen der madam Thrane dreiv restaurant frå 1860-åra. Florø hadde  eigen ølbryggjar, og ei skjenkebevilling  blei gitt i 1866. I Lillestrøm kunne ein også få kjøpt noko sterkt å drikke, og det fortel ølskatten som kjøpmann Amund Hole betalte i 1860-åra. Han hadde ei  ølstove ved forretninga si, og den skapte eit alkoholproblem for fleire arbeidarar i Lillestrøm.

Floraminne 2007 Page 54

Dei fleste kom sjøvegen til Florø

Av Tabell 5 går det fram at Florø  hadde dampskipsekspeditør. Det fortel  oss at vare- og passasjertrafikken med  dampskip var i gang. Nordre Bergenhus  Amt Dampskibe, i dag Fylkesbåtane i  Sogn og Fjordane, sette to dampskip i rute frå 2. des. 1858. Dampskipet Framnæs hadde stoppestad i Florø, og byen hadde dermed ein regulær passasjer- og godstrafikk. Ulike vareslag frå kjøp­  stadene Bergen og Ålesund og frå bygdene  i distriktet kom til byen, og folk kunne no lettare komme seg til og frå. Den første tida vart ikkje rutedampskipa brukte så mykje som ein skulle vente. Dei gjekk ofte halvlasta, for folk brukte framleis jakter og andre båtar til fraktfart. 

Floraminne 2007 Page 54

Florø var utan vegsamband med  omverda, og all transport gjekk difor på  sjøen. Først i 1945 fekk byen vegsamband  med Førde.            

Allereie i 1856 kom det postopneri på  Florelandet, og då byen var etablert, vart posten frakta med dampskipa og med robåtar mellom byen og bygdene.

Frå 1861 hadde Florø ein særeigen  telegraf, sildetelegrafen, med linja Florø  – Batalden – Kinn. Linja vart oppretta for å sende beskjedar til fiskarane om kor silda var komen til lands. Allereie i 1864  vart det oppretta telegrafsamband med Ålesund og Bergen, og same året fekk byen fast telegrafstasjon med eigen telegrafist, Samuel Aas, som kom frå Drøbak.  Kontakten med verda utanfor byen auka monaleg på denne måten.

Til Lillestrøm kom mange  innflyttarar med jernbane og dampbåt

Jernbanen skapte ofte vekst der han kom, og vart ikkje berre brukt til varetransport, men passasjertrafikk var vanleg  nokså tidleg. På denne måten blei det  mykje lettare for folk å flytte på seg. Ei  olkevandring tok til, og toget var ei av årsakene til at folketalet i tettstaden voks  så raskt. Lillestrøm vart eit viktig trafikknutepunkt og ein av dei mest trafikkerte stasjonane langs både  Eidsvollsbanen og Kongsvingerbanen.

Først i 1880 vart det bygd landeveg til  Lillestrøm. Før den tid gjekk folk langs  jernbanelinja når dei skulle ta seg fram i området, og det kunne skape problem for  togtrafikken. Elles følgde folk gang- og  krøterstigar, og om vinteren brukte dei  isen og vegen som oppstod i snøen som følgje av tømmerslepa. Det kom krav i 1862 om å bygge veg frå Lillestrøm til  Skedsmo kyrkje fordi det var tungvint å  komme seg dit. Vegkravet vart samrøystes  avvist av kommunestyret. Den første vegen gjekk tvers gjennom staden, og seinare vart dette dagens Storgata. Først i 1880-åra begynte gatereguleringa. Ein grunn til at veg- og gatesystemet kom seint, var mellom anna at Lillestrøm hadde jernbane.     

Som til Florø kom folk sjøvegen til  Lillestrøm. På Øyeren kom dampskipstrafikken i gang i 1849, og i 1860-åra var det tre dampskip her som i første rekkje slepte tømmer, men som også frakta varer  og folk. Dermed vart nabobygdene knytte  til Lillestrøm som verka som ein magnet  på omlandet, for her var det arbeid å få i  ein sterkt ekspanderande industri. Ein  eigen passasjerbåt, D/S Strømmen, vart  sett i rute i 1865, og i Lillestrøm låg dampskipskaia like ved jernbane­stasjonen. 

Floraminne 2007 Page 55

Telekommunikasjonen vart utbygd langs jernbanelinja. Lillestrøm telegrafstasjon vart oppretta på jernbanestasjonen i 1854 og hadde frå oppstarten eigen telegrafist. 

Postvesen fekk ikkje Lillestrøm før i 1890  sjølv om Skedsmo kommune fleire ­  gonger  søkte om legge eit postkontor her. Fram  til denne tid gjekk all postekspedering  føre seg på jernbanestasjonen, og det var  dei tilsette ved stasjonen som tok seg av  dette. Posten blei utlevert i forhallen på  stasjonen, og der var det stappfullt av folk  når tenestemannen las opp namna på dei  som fekk post. 

Florø hadde mange  handelsmenn                 

I Florø var det 12 handelsmenn då  folketeljinga blei tatt opp ved årsskiftet 1865–1866. Det var behov for meir handel enn talet på folkemengda skulle tilseie fordi byen låg i skipsleia. Det var  vanleg at handelen vart sentralisert til nærmaste tettstad, og folk frå bygdene måtte til Florø for å få tak i varer dei ikkje  kunne eller ville produsere sjølv.                 

Når vårsildfisket var til ende, begynte  fisket etter vårtorsk og sommarsild. Dette var eit fiske i langt mindre omfang enn vintersildfisket, og berre fiskarar frå Sunnfjord deltok. Likevel var dette til god  hjelp for handelsmennene, og dei heldt  dermed hovudet over vatnet til neste sildesesong eller fram til kortare sesongfiskeri andre tider på året. I tillegg dreiv  mange fiskarbønder heimefiske store delar av året. Fisket etter laks var det viktigaste, men etterspørselen etter hummar var også  stor. Handelsmennene var oppkjøparar,  og dei sende fisken og hummaren vidare,  særleg til Bergen for eksport. 

Floraminne 2007 Page 56

I Lillestrøm var det lite lønnsamt å vere handelsmann

Tabell 4 viser at det var tre handelsmenn her i 1865, men berre ein av dei dreiv lønnsamt. Det var lite lønnsamt å  drive handel i Lillestrøm fordi sagbruks­ eigarane sjølv dreiv handel med arbeidarane sine. Sagbrukseigarane løyste handelsbrev fordi dei periodevis ikkje greidde å skaffe så mykje kontantar at dei kunne lønne arbeidarane sine. I slike periodar fekk arbeidsfolket såkalla «anvisnings­  sedler» på varer dei hadde mest bruk for. Denne måten å drive handel på hindra vekst i handelsnæringa i Lillestrøm. Sagbrukseigarane gav i slutten av 1860-åra opp denne arbeidskrevjande ordninga og overlet «anvisningssedlene» til ein av  handels­  mennene som førte ordninga  vidare. På denne måten sikra kjøp­  mannen  seg ein fast kundekrets. Då sagbruks­  eigarane slapp taket i handelsverksemda,  tok handelsnæringa seg opp. 

Bu- og leveforhold     

I Florø var det 68 husstandar i 1865, og dei budde i 38 små trehus. Folketeljinga viser at plassen i husa var godt utnytta, og at folk budde trongt. Med den tette buforma følgde lett smitte og sjukdommar.

For sildefiskarane som kom til byen om vintrane, var buforholda elendige. Fiskarane fann seg først overnattings­ stader ute på øyane av svært ulikt slag,  men når silda seig inn i fjordane, måtte  dei finne seg plass å overnatte på  Florelandet, mellom anna i byen. Nokre  leigde seg inn der det fanst plass hos inn-  byggarane, andre sov på lofta i sjøbuene,  i uthus og under båtkvelv. Dei langvegs-  farande hadde med seg losjibåtar som dei  ankra opp på hamna, og desse hadde  ­  vanlegvis plass til 10–15 mann.               

I 1862 vart det tilsett fiskerilege i  Florø pga dei mange sjukdommane som  vanlegvis oppstod blant den store mengda  av fiskarar. Her spreidde smitten av ulike  sjukdommar seg også til lokalbefolkninga.  Fiskerilegen, Ude Høst, vart tilsett som  distriktslege i Kinn i 1865. 

Fram mot 1900 klaga legane i Kinn  over at den generelle «sundhetstilstaden»  var «overordentlig dårlig». Sild eller annan  fisk og poteter høyrde med til dei fleste  måltida, variasjonen i matvegen var liten  og næringa var difor mangelfull. Dessutan  var hygienen dårleg. Alt dette prega helsa  til folk.           

I Lillestrøm budde folk trongt fordi  bustadbygginga gjekk i utakt med  ut­  bygginga av industrien. Arbeidsfolk  som kom flyttande, tok anten inn i  ­  brakkene, på husmannsplassane, i uthus  og sidebygningar, ja, nær sagt utenkelege  stader. I ei av dei fem arbeidarbrakkene  som fanst her i 1865, budde det 96  ­  personar fordelt på 16 leiligheiter. Kvar  leiligheit hadde kjøkken, eit kombinert  soverom og stove og ein entre på til saman  omkring 25 kvadratmeter. Her budde det  frå fire til ni personar. Arbeidarane måtte  betale høge husleiger, og saman med lave  lønner og høge prisar på mat og nødven-  dige forbruksvarer, medverka det til at  mange levde på eit eksistensminimum. 

Floraminne 2007 Page 58 2

Husa var trekkfulle, mangla ordentleg  grunnmur, var utan kloakkavlaup og  ­  drikkevatnet frå brunnane hadde periode-  vis dårleg kvalitet. Saman med generelt  dårleg kosthald, mangelfull hygiene og at  folk budde trongt, påverka dette helse­  tilstanden. Distriktslege Henschien på-  peikte at desse bu- og leveforholda førte  til stor smittefare. Legen understreka at  dei lave lønningane som ikkje strakk til  anna enn eit minium, medverka også til å  ­  svekke helsetilstanden. Det må også nem-  nast at legen gav den heimeverende kona  medansvar for denne situasjonen fordi ho  ­  ikkje skaffa seg nok kunnskapar om mat-  stell og hygiene. 

Sagbruka kunne stå i ro opptil fem måna-  der i året, frå desember til månadsskiftet  april–mai. Sagbrukseigaren sette vanleg-  vis folk til anna arbeid, men det kunne  vere vanskeleg å sysselsette alle arbeidara-  ne. Lønna for det dei gjorde no, var  lavare enn elles, og dermed oppstod det  fattigdom. Jernbanen derimot stod aldri  stille, og dei statstilsette arbeidarane unn-  gjekk arbeidsløyse. Dessutan hadde dei  høgare lønner enn sagbruksarbeidarane.  Noko anna som skapte eit fattigdoms­  problem, var at handelsmennene heldt  for høge prisar. Arbeidarar såg seg difor  nøydde til å dyrke poteter og andre land-  bruksprodukt der det let seg gjere. 

Begge stader blei  det bygd skule 

Folketeljinga viser at Florø hadde 40  ungar i skulepliktig alder i 1865.  Landsskulelova frå 1860 kravde at det  skulle byggast skulehus som erstatning  for omgangsskulen, og i 1866 stod ei ny  bygning ferdig. Før den tid vart det drive  undervisning i elendige lokale, blant anna  i eit lite loftsrom ein eller annan stad i  byen. Dei første åra hadde byen ein lærar,  bergensaren Fredrik Faye, men på grunn  av svært lav lønn, slutta han og begynte  som bakar i staden. Ein annan lærar var ei  innflytta lærarinne frå Skien som var  ­  privatlærar for dei fire ungane til presten.

Floraminne 2007 Page 58

Lillestrøm hadde 81 elevar, og alle desse gjekk på den såkalla bruksskulen. Skulelova tillet å opprette skular ved bedrifter som hadde over 30 arbeidarar, og i 1863 leigde sagbruka lokale i eit privathus fram til bruksskulebygninga stod ferdig i 1876. Sjølv om lova kravde det, vart det ikkje bygd eigen skule for elevane som ikkje hadde sagbruksfedrar. Ordninga var slik at alle elevane i Lillestrøm gjekk på bruksskulen til den første offentlege skulebygninga, Kirkegatens skole, stod ferdig i 1887. Skedsmo kommune dekka ein del av utgiftene til bruksskulen fram til denne tid. 

Her kan 15-åringane gjerne føyast til, for dette var alderen for å bli konfirmant. Etter at ein var konfirmert, kunne ein søkje seg fast arbeid, og det sette eit skilje mellom barndommen og vaksenlivet. I Lillestrøm var det ti 15-åringar, i Florø fire. 

Bruksskulen i Lillestrøm hadde 18 vekers skuleplikt, men det vart undervist opptil 16 veker meir. Skuleåret varte dermed omkring åtte månader. Det var stort fråver ved skulen. Ein hovudgrunn var mykje sjukdom som følgje av at smitte spreidde seg raskt i dei trangbudde husa og av den generelt mangelfulle og lite næringsrike kosten. I tillegg måtte mange  barn vere heime og gjere arbeid for foreldra, eller dei måtte jobbe på sagbruka for at familien ikkje skulle svelte. 

Bruksskulen var det første forsamlingslokalet i Lillestrøm, og den blei  brukt til danselokale kvar laurdag og til forskjellige samankomstar når det var behov for det. 

Verken Florø eller Lillestrøm  hadde kyrkje

Lillestrømlingane klaga tidleg over manglande veg til kyrkja, og den lange vegen til Skedsmo kyrkje skapte problem særleg ved gravferder. Ei løysing kom ikkje før Lillestrøm bedehus stod ferdig i  1876, og der vart alle kyrkjelege handlingar utførde. Då hadde staden over 1300 innbyggarar. Soknepresten i Kinn prestegjeld budde på prestegarden på Florelandet, men hovudkyrkja låg på Kinn. Byen fekk  kyrkje i 1882, og no sparde befolkninga seg lange kyrkjereiser. 

Sosiale forskjellar fanst  begge stader

Ut frå normene i denne tida kan det  vere vanskeleg å avgjere kvar folk høyrde heime sosialt. I Florø finn vi i 1865 ei lagdeling med utgangspunkt i dei tradisjonelle kategoriane Den bedre stand, Mellomstanden og Den ringere stand. Soknepresten, legen og sakføraren til­  høyrde den øvste samfunnsgruppa. Mellomtrinnet var ei stor gruppe, og den omfatta dei offentlege tenestemennene, handverkarane, alle som dreiv med handel, kontoristen og dampskips­ ekspeditøren. I den lavaste sosialgruppa finn vi tenarane, arbeidarane og plassmennene.        

I Lillestrøm var den sosiale strukturen annleis. Her fanst det inga overklasse, ei lita mellomklasse og ei stor underklasse. I mellomklassa finn vi stasjonsmeisteren, dei to bruksfullmektigane, gardbrukarane, handelsmennene, lærarane og dei faglærte jernbanearbeidarane. Den siste gruppa hadde omtrent same årslønn som stasjonsmeisteren, og innbyggarane såg på dei som ei overklasse. Den største sosialgruppa var Den ringere stand. Her finn vi sagbruksarbeidarane, dei ufaglærte jernbanearbeidarane, plassmennene og  tenarane.         

Innanfor gruppene kunne det vere store skilnader, f. eks. blant handels­ mennene. Dei største handelsmennene i Florø hadde nok ei kjensle av å høyre til overklassa. Andre handelsmenn dreiv så smått at det var så vidt dei greidde å drive handelen mellom sesongfiskeria, og nokre måtte gje opp å drive handel. 

Handelsbetjentane og butikk­  jom­  fruene blir også plasserte i mellomklassa sjølv om dei hadde så lav lønn at dei eigentleg tilhøyrde klassa under. Det var prestisje og «handelsbetjentsstolthet» som følgde med stillinga som plasserte dei her.  Store skilnader var det også i handverkargruppa: frå handverksbedrifter som dreiv  med fleire sveinar til den fattige lappeskomakaren. 

Berre ein av innbyggarane i Lillestrøm fekk fattigstønad i 1865. I Florø var det ingen. Fattigdomsproblemet kom då stadene hadde etablert seg. 

Politisk styre og kommunal administrasjon

Fram til 1865 vart Florø styrt og administrert av Kinn kommune. Til dagleg var det den kongeleg utnemnde magistraten som frå 1860 tok hand om dei  kommunale sakene som hadde med Florø  å gjere. Magistraten var eigentleg eit råd som var samansett av borgarmeister og rådmenn, men lensmann Olaus Lind  innehadde alle funksjonane som seinare vart fordelte mellom rådmenn, lensmann og byfogd (dommar). I mai 1865 kalla magistraten inn til det første kommunale møtet i byen. Der møtte mellom anna sokneprest Stephansen og distriktslege Høst. Distriktslegen vart vald til den første ordføraren i byen og soknepresten til varaordførar. Den nye bykommunen hadde eit budsjett på 1600 kroner det  første året. Tollbetjent Fischer vart vald til kommunekasserar og bokhaldar, og dei første åra hadde han inga lønn for å vere den einaste tilsette i den kommunale administrasjonen.                 

Lillestrøm var ikkje representert i Skedsmo kommunestyre i 1860-åra. Der var det bøndene i Skedsmobygda som dominerte politisk og administrativt, og dei hadde lita interesse av å investere i den nye tettstaden. Skedsmo kommunestyre vedtok at dei kommunale avgiftene skulle haldast så lave som muleg, særleg dei som hadde oppstått pga tettbusetnaden i  Lillestrøm. Kommunebudsjettet i Skedsmo var i 1864 på 2500 kroner. Kommunen hadde ti ganger så mange innbyggarar som Florø, men eit budsjett som berre var 900 kroner høgare enn Florø-budsjettet.                 

I 1870-åra skjedde det ei endring. Folk frå industristadene Lillestrøm og Strømmen tok stadig meir over den politiske og administrative leiinga i kommunen. Det oppstod eit 
motsetningsforhold mellom tettstadene og ­ bondebygda Skedsmo, og kommunale funksjonar vart etter kvart «flyttet hen til det nye livlige sted Lillestrøm». 

Oppsummering 

Begge byane sine røter finn vi i 1850- og 1860-åra, men sidan Florø fekk status som by, var grunnlaget for dei to stadene ulikt. I 1865 hadde byen nokre grunn­leggande element som viste at staden var ein by: bygrense, handelsrettar, politisk styre, bygningslov, fattig- og skulekommisjon. I åra like etter kom fleire.  Lillestrøm som ikkje fekk desse rettane, men som hadde dei saman med Skedsmo, utvikla seg difor meir eller mindre tilfeldig dei første åra. Der det fanst ei bedrift, hopa det seg vanlegvis opp ei hussamling eller tett busetnad. Slike hussamlingar var på ingen måte fullverdige bysamfunn, og heller ikkje blei dei sett på som by­samfunn i emning. Lillestrøm var difor berre ein kommunikasjons- og industritettstad som  vart oppfatta som ein sentralstad av folket i bygdene omkring. 

Føresetnadene for å etablere ein by var  eigentleg betre i Lillestrøm enn i Florø. Her var ressurstilgangen til industrien svært god og sterkt aukande, og store bedrifter oppstod. I Florø var ressursane også store i 1860-åra, men her vart det ikkje tilrettelagt for å behandle sild og annan fisk på industriell vis. Dermed fekk ikkje byen ei eller fleire større bedrifter  som kunne gitt betre økonomisk grunnlag for å bygge byen. Dessutan hadde Lillestrøm jernbanen som frakta mykje større varemengder enn dampbåtane og jaktene gjorde til og frå Florø. Tilstrøyminga av folk var mykje større til Lillestrøm enn til Florø fordi det fanst industriarbeid her. I Lillestrøm investerte kapitalsterke borgarar, men det skjedde ikkje i Florø, og kapital til raskt å etablere ein livskraftig by fanst ikkje. Det viste seg fleire stader i landet at der fisk var det viktigaste eksportproduktet, blei verknadene på byutviklinga svakare enn på stader med trelastproduksjon. Verdiskapinga var derfor større i Lillestrøm enn i Florø. 

Borgarane investerte i industri og  arbeidarbustader i Lillestrøm, men svært lite i utbygging av infrastrukturen. Dei stakk profitten i eiga lomme eller investerte overskotet i Kristiania der dei budde. I tillegg var Skedsmo kommune ein bremse for utviklinga i Lillestrøm fordi dei politiske myndigheitene heller ikkje ville investere i infrastruktur her. Dermed mangla staden grunnleggande element for å bygge ein byliknande tettstad. Florø derimot fekk eige styre som tok hand om byutviklinga. 

Det var vanskeleg å grunnlegge ein by i Lillestrøm fordi staden låg for nær Kristiania, og fordi kommunikasjonane med hovudstaden var så gode. Florø si plassering i avstand frå Bergen var heller ikkje så stor, men der var kommunikasjonane heilt andre og hadde mykje lavare fraktekapasitet enn jernbanen mellom Lillestrøm og Kristiania. 

Handel var eit teikn på bypreg, og denne næringa var eit viktig eksistensgrunnlag for Florø. I Lillestrøm var det sagbrukseigarane som stod for handelen,  og det hindra handelsnæringa i å utvikle seg. At Lillestrøm ikkje var ein by, ser vi også av at grunnleggande næringar innan handverk, sørvis og immaterielt arbeid berre fanst i liten målestokk samanlikna med Florø.          

Sosialt var det også ulikskap mellom tettstadene. Den største sosialgruppa i  Lillestrøm var arbeidarklassa mens mellom­ klassa dominerte i Florø. Dette kan fortelje oss at lillestrømlingane gjennomsnittleg hadde det dårlegare økonomisk enn florøværingane.        

Ein interessant likskap er at begge stader var avhengige av sjøtransport av både varer og passasjerar. Etablering av og utvikling i dei ulike næringane gjorde begge stader avhengige av dampbåtane, og ikkje minst vart folkeflyttinga mykje lettare med dampbåt enn båtar med segl og årar.      

Mangel på veg er ein annan likskap.  Jernbanen og dampskipa var ein grunn til  at vegbygginga var nedprioritert i Lillestrøm. På kysten hadde sjøen i all tid vore den viktigaste samferdselsåra, og difor kom ikkje vegspørsmåla opp i Florø før behovet var nærliggande.  Det var også topografisk likskap mellom stadene: Det flate og så å seie ubygde landskapet – der det passa godt å  bygge tettstader. 

Munnleg kjelde 

Konservator Kristian Jansen ved Kyst­  museet i  Florø 

Kjelder og litteratur på internett 

Litteratur 

  • Hals, Harald 1978:  Lillestrøms historie. Bind I.  Lillestrøm. 
  • Helland, Amund 1901:  Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus  Amt I og II. Kristiania.. 
  • Helle, Knut m. fl. 2006:  Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år.
  • Oslo.  Hole, E. M. 1935:  Florø gjennom 75 år: En utsikt  over byens historie 1860–1935. Florø. 
  • Haavelmo, Halvor 1929:  Skedsmo. Bygdens histo-  rie. I og III.
  • Oslo.  Johansen, K. E. 1982:  Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860–1960.
  • Oslo.  Moen, Anders J. 2006 : Folk i Florø, hvem var de  og hvor kom de fra?
  • I Flora-minne. Flora historielag. Årsskrift 2006, s. 6–95. 
  • Thingnæs, Magnus 1960:  • Norges vestligste by  100 år. Florø. 

Floraminne 2007 Page 63

 

 Floraminne 2007 Page 64