RAKEL I VIKÅ  – EI STERK KVINNE. 

 - av Jostein Midtbø 

Det har bodd mange sterke kvinner i bygdene våre gjennom åra. Kvinner som  ikkje gjekk av vegen for å ta tak når livet vart vanskeleg og butta i mot. Rakel  i Vikå, eller Rakel Kalsvik, som er det korrekte namnet, var ei av desse ­  kvinnene.  Eg vil gje litt av soga hennar i FLORAMINNE. 

Floraminne 2007 Page 29

Rakel var fødd på Solheim i  Norddalsfjorden i 1861. I Gjerttunet eller  Ludvigtunet. Folk skifta på namnet etter  som det var ein Gjert eller Ludvig som  var bonden på garden. Og namna Gjert  og Ludvig gjekk igjen. Foreldra til Rakel  var Ludvig og Anne Sofie Solheim.  Barneflokken talde åtte, fem gutar og tre  jenter. Tre av dei gjekk bort i ung alder.  Rakel var nummer fire i rekkja.  

I 1889 var Rakel gift med Mathias Kalsvik. Han var odelsgut i Kals­  vikane i Eikefjord. Rakel flytte då til småbruket Vikane, som var namnet i daglegtale. I 1890 kom første borna, tvillingane  Markus og Ludvig. ­Ludvig kjøpte nabobruket og vart bonde der. Markus drog til  sjøss så snart han var vaksen nok. Han vart ­ seinare kaptein og segla i mange år i  Westfal - Larsen. I alt fekk Rakel og  Mathias 9 born i løpet av 13 år, sju gutar  og to jenter. Ein staut barneflokk.      

Men gleda over barneflokken vart iblanda tunge stunder. Mathias vart sjuk og døydde i 1904, berre 45 år gammal. Då var Rakel att åleine med ni ukonfirmerte born. Og no var det at Rakel sin  indre styrke synte seg. Det vart fortalt at  då Mathias vart sjuk, og han skjønte at  han ikkje fekk leve lenge, så skal han ha  sagt om lag slik til Rakel: «Det er godt at  det er eg som skal gå ut. Du er sterkare til  å greie livet åleine vidare enn eg». Det  trongs vel slik realisme i ei tid då våre  dagars sosiale nettverk ikkje var komme  på plass.   

Og Rakel hadde styrken. Ikkje den  fysiske. For på denne tid var ho nokså  ufør. Ho var fødd med ­  problem med hof-  tene. Etter kvart slo dei seg meir og meir  vrange. Mange barnefødslar på kort tid  tok vel og krefter. No måtte ho støtte seg  på stav.      

Nød lærer naken kvinne å spinne, hei-  ter det i eit gammalt ordtak. I ordets  vidaste tyding måtte no Rakel lære seg «å  spinne». Det høyrer med til soga at Rakel  hadde plass til eit barn til i flokken, nemleg Sverre ­Solberg som ho var tante  til. To år gammal vart han ein del av familien.           

Kalsvikane hadde nok ikkje all verdens  ressursar å gå på. I så måte var dei her i  same båt som på mange andre småbruk  langs fjordane og i dalføra våre. «Vi hadde  alltid mat og svalt ikkje», har fleire av  borna fortalt. Kvar einaste bit av jorda  vart utnytta. Poteter og korn kunne dei  dyrke sjølve. Kvern var det på garden,  som på alle gardar der det fanst ei elvasi-  kle. Og havremjølet var godt til graut og  flatbrød. Dei hadde ikkje komfyr til å  steike brød i. Men særleg potetkaker laga dei mykje av. Og steikeplassen var hella,  eller takka, i eldhuset. Det gamle eldhuset  står fortsatt i Vikane og blir teke godt  vare på. Grua var den beste i heile  Sunnfjord, skal Abraham, ein av ­ gutane,  ha sagt. Og i fjøsen var det både kyr, sauer  og gris. Så mjølk, kjøt og ull var dei nok  sjølvhjelpne med. Med så mange munnar  å mette var det utenkjeleg at det kunne  bli mykje å selje av desse produkta frå  garden. I fjorden var det og fisk og sild.  Sunn og nærande mat for dei som skulle  vekse.    

Og «vekse» laut borna på mange måtar.  Som nemnt hadde Rakel ­  dårleg fysisk  helse. Dagleg ansvar for det praktiske  arbeidet på garden fall derfor tidleg på  borna. Ikkje ­  berre å utføre det arbeidet  Rakel bad dei om. Men også å sjå sjølv og  på eiga hand ta tak der behova var. Går det an å tenkje seg ein betre ­ skule! 

Pengar vart det nok lite av. Men i  Vikane vaks mykje kraftig eine, og einen hausta Rakel og borna av. Så rodde Rakel  på Flora og selde einepålar. Då kunne ho kjøpe mjøl og sukker m.m. med heim.  Dette er å lære seg «å spinne». 

Floraminne 2007 Page 31

Det var ikkje mykje fjellmark eller  stølsmark i Vikane. Eg er viss på at Rakel,  tross handicap med hoftene, var stølsjente  på Solheimstølen i Norddalsfjord i unge  år. Alle jenter på gardane var etter tur  stølsjenter. Det kan vere mange grunnar  til at Rakel fekk seg støl nord om  ­Storevatnet i Norddalsfjord. Mangel på  stølsmark heime i Vikane kunne vere god  nok grunn. Kanskje lyst til å fare til støls  når sommaren kom? Avgjerande for ­  stølen  så langt vekke var heil sikkert at «heime»  i Norddalsfjord hadde ho tre brør som  gjerne ville hjelpe til: Gjert Solheim på  heimegarden, Peder Solheim på Nesjane  og Mads L. Midtbø på­Tåene. Alle handle­  kraftige og bygningskyndige karar. Dei  hjelpte nok til å få reist selet nord for  Store­  vatnet. Bygningsmaterialane fann  dei i den grove fureskogen her nord, og  plankar og bord saga dei med handsag.  Kor mange år Rakel støla her borte, veit  ingen å svare på. ­Kanskje 10 – 15 år, frå  kring 1905 til fram mot 1920?              

Og buferda er ei soge for seg. I ein stor  og god robåt førde dei bu­  skapen frå  Kalsvikane over Eikefjorden til  Tonheimstranda. Så dreiv dei buskapen  over fjellet til Stølsøyra ved  Norddalsfjorden. Igjen måtte dyra i båt.  No vonleg lånt båt til å frakte over  Norddalsfjorden til Gravstad­  øyra. Og så  var det siste etappe: Gå med dyra opp til  Litlevatnet, rundt vatnet og inn skaret til  Storevikja og Støylen, som er namnet eg  lærte. (Kartet syner buferdsvegen). Og  markene her var ikkje av enklaste slag å ta  seg fram i. Og Rakel med sine helse­  problem kom seg og fram. Truleg for ho  sjøvegen frå Kalsvik­  ane til Gravstadøyra.  Dei eldste borna sytte nok buskapen  fram. 

Floraminne 2007 Page 32Eg vil tru det var like gjævt kvar sommar når Rakel hadde nådd fram til stølen. Med seg på stølen hadde ho dei minste borna. Og dei var her heile sommaren. Det er fortalt at ein av dei eldste og var med. Nokon måtte ta dei tyngste taka.  Det veksla med ei veke om gongen for  kvar. Eldste sonen, Ludvig, hadde som  ønskje då han var kommen godt til års, å få komme bort att på stølen. Det vart diverre ikkje noko av.

På stølen utførde Rakel og borna dei  vanlege gjeremåla. Rakel hadde grue og  ostegryte mellom nokre ­ steinar ute. Her  osta ho – kanskje for sal. Av rømmen  kinna dei smør. Ein gong i veka rodde ein  eller fleire av dei eldste borna frå  Kalsvikane, til Brandsøysundet, inn  Norddalsfjorden til Gravstadøyra, gjekk  støls­  vegen opp til Storevatnet for å hente heim att til Vikane surmjølk, smør, ost  m.m. (Sjå kartet).

Floraminne 2007 Page 33

Og dei same eldste borna var det som tok seg av stell av garden heime medan Rakel var på stølen. 

Det er no om lag 90 år sidan stølsdrifta her vart avslutta. Selet vart nok demontert og frakta vekk. Truleg var det same selet som vart sett opp att i Ramsdalen då stølslivet ved Storevatnet tok slutt. Dei gamle tømra husa var lette å demontere og flytte på. Ofte vart hus  nytta som medgift.

Perioden på stølen ved Store­ vatnet var nok ei god tid for Rakel og borna, sjølv om det nok var ei fysisk utfordring for Rakel å komme seg fram og attende.  Utan drama­ tiske hendingar var ikkje denne ­ perioden. Kanskje var det ei slik dramatisk hending som førde til slutten her. Sverre Solberg hugsar at det vart fortalt at ei ung jente, truleg ei terne eller tenestjente, drukna i vatnet. Ho skulle freiste få tak i ­ båten som hadde reke av. Og så gjekk det gale. Kanskje vart det for  tungt å vere der etterpå. 

Ei hending som vart ekstra tung å bere  for Rakel var då den då knapt 18 år gamle sonen Harald omkom ved ei vådeskot­  ulykke nordpå i 1909. Han var på fiske  med ein av Haave sine båtar. Då nokre av gutane skulle på alkejakt, skjedde ulykka. Det var ikkje berre enkelt å få ei båre heim på den tid. Både avstand og økonomi spelte inn. Det er fortalt at Harald, mot Rakel sin vilje, vart gravlagd der oppe. Men Rakel hadde sterke hjelparar,  både i brørne sine og andre. «Guten skal  heim», skal ein av brørne ha sagt. Og slik  vart det. Båra vart teken opp att, og  Harald vart gravlagd i Eikefjord, slik  Rakel ville det.

Floraminne 2007 Page 34

Rakel bodde i Kalsvikane til ­ vinteren 1946. Her bodde fire av ­ gutane med familier. Så ho hadde mange av sine nær.  Men straks før jula 1945 brann huset til  sonen ­ Jakob, der Rakel bodde, ned. Etter kort tid flytte så Rakel til Norddalsfjord, til dottera Anna, gift med Per me`Sjøna. Og her hadde Rakel sine siste leveår. Ho hadde vore for det meste sengeliggande i  mange år alt, og slik var det og den tida  ho bodde me`Sjøna.        

Men klår var ho òg likte å prate med folk. Feststunder vart det me`Sjøna når broren Mads kom på besøk. Sameleis var Rasmus Solheim (i Porsevikja) flittig til å komme innom. Det vart mykje mimring om «gamle dagar» når desse fekk ­ drøsen i gong. Og for borna me`Sjøna vart det  feststunder når Rakel og gamlekarane frå  bygda fekk praten på glid etter kaffi­  koppen og sukkerbitane. Desse stundene er av dei svært gode minna borna har frå  tida då ho Besta i Vikå bodde me`Sjøna.

I 1950, 89 år gammal, døydde ­Rakel.  Og ho vart gravlagd på Eikefjord gravplass, der mannen og sonen Harald var gravlagde.