Ungdomsarbeid i standal og svortevik

Av Anton Holm

Eg kan hugse frå då eg var barn at der var foreiningar i bygda, helst misjonsforein­ i­ngar, og eit kristeleg ungdomslag. Men det året eg tok til på skulen, i 1922, fekk vi ein ny lærar i krinsen, Adolf Nitter. Han fekk starta opp eit frilyndt ungdoms- lag som fekk namnet «Nybrot», og det vart ikkje serleg godt motteke i byrjinga av ein del bygdefolk. Men laget «voks seg til», og vart etterkvart svært så populært, takka vere den ihuga og dyktige flokken av ungdomane i bygda som melde seg inn i laget. I dag må ein berre undre seg over kor- leis dei greidde det. Samlingsstaden har alltid vore skulehuset som så vidt var stort nok til møter og festar. Men ungdoms­ laget var ikkje redde for å sette sette i gong med innøving og framsyning av skodespel i tillegg til møteverksemda. Dei tok ôg over tilskipinga av jule- og 17. maifestane der læraren i krinsen som oftast var sjølv- skriven festtalar og i mange tilfelle leiar av festane. Det var fleire spelemenn i bygda som var med og laga underhaldning. I til- legg vart det øvd inn skjetsjar og skolde- spel, og det var neimen ikkje alltid berre små og enkle spelstykke som vart fram- ført på scena. Og kjende spelemenn som ­Anders Viken, Lorents Hop m.fl. vart henta inn og som heldt konsertar. Kurs i songleikar vart ôg skipa, og det var mykje song i møta. Det som i dag mest ikkje er råd å skjøne, er korleis det var mogeleg å få plass til både scena og festlyden i den vesle skulestova. Festar med slik underhaldning måtte haldast i sumarhalvåret Då kunne ein flytte til skulehuskjellaren med serveringa. Der var det ôg eit rom som kunne nyttast til kjøken. Lågt var det under taket, sær- leg ein dragar av rundtømmer som låg på langs var lei, slik at storvaksne folk måte bøye hovudet for godt å kome under. Men det var reine festsalen når gråsteins­ murane var pynta med flagg og grønt. Standard meny var som oftast to skiver med ost, ei med pylsepålegg og to tebrød,  samt brus og kaffi. Laget hadde makta å kjøpe koppar og ­asjettar med namnet «U.l. Nybrot» på. Desse vart og lånte ut til tilstellingar og ­festar av andre lag og foreiningar i bygda.

Floraminne 2006 Page 98Men etterkvart minka det på denne ungdomsflokken; ein del måtte vekk for å få seg arbeid, andre stifta famile og overtok gard t.d., og fekk mindre til ungdomslags­arbeidet, så laget var berre sporadisk i gang. Straks før og under krigen var der ein del aktivitet. Eg hugsar at vi under Finlands­kringen hadde fest og basar til inntekt for ullteppe til fiske soldatar, og fekk inn bra med pengar. Då det vart bygt nytt skulehus i Stan- dal fekk ungdomslaget overta det gamle, takka vere grunneigaren av området der huset låg.   Kommunen søkte om å få kjøpe areal til utviding av leikeplassen, og ved ting­ ingar om kjøpesumen kravde grunneigar­ en at dersom ungdomslaget fekk overta når det nye skulehuset vart teke i bruk, skulle kommunen frå gratis tomt til ut- vidinga. Elles skulle prisen vere «i høgste skora». og slik gjekk det.   Eg var formann i laget ei stund på den tida, og hugsar korleis både eldre, tid­ legare medlemer og ungdomane møtte opp til dugnad og sette i stand og pussa opp huset både ute og inne.     Men så vart det nye tider, det vart igjen lita interesse for frilyndt ungdomsarbeid, og det heile stogga meir eller mindre opp. Etter kvart fekk huset skadar då der ikkje var vedlikehald lenger, og det vart ikkje til serleg pryd for bygda. Det som no er trist, er at det er uråd å spore opp lagsaviser og andre bøker og skriv som tilhøyrde laget. Truleg er det tidlegare formenn/lagsmedlemer som har dei. Rykter har gått om at noko skal vere oppbrendt under ei av «vekkingane» i bygda. Eg var heldig og fekk tak i ei kassabok og har teke vare på den til så lenge. Serleg er det synd at lagsavisa forsvant. Medlemene fekk etter tur i oppdrag å skrive noko, og der var mange gode inn- legg. Eg hugsar ei av jentene skulel skrive om gutane, og omvendt. Men dette heldt på å utarte seg. Siste innlegget av det slaget var det jent­ ene som stod for. Eg var «redaktør» den gongen og hadde ikkje skrive innlegget (som gjekk på vers) inn i avisa, men tok det med til møtet og ville viser det til sen- sor, ein eldre medlem av laget. Han gjekk og heiv det i omnen etter å ha lese det, så det var heite saker. Ei gruppe i bygdelaget som kallar seg «Mauren» har overteke huset, og ein god del dugnadsarbeid er utført. Huset skal nyttast til kurs, møter og liknande akti- vitetar, har eg fått opplyst. Mellom anna 4H lagerplass dersom det ikkje er plass i skulen til tinga deira. Det er fint å sjå at «gamleskulen» vert teken vare på og sett i stand. Serleg for oss som har levd ei stund knyter det seg mange minne til det, både frå skuletida og seinare som ungdomar ikkje minst.