4 illegalt arbeid framside

 

10. juni 1940 kapitulerte Norge og krigshandlingane tok slutt. Kapitulasjonen hadde ulik verknad på den einskilde. Somme var letta over at ei trass alt, temmeleg håplaus krigføring no var slutt – resignasjon kjenneteikna desse. Hos andre verka kapitulasjonen som ein katalysator – ein kunne ikkje gje opp no, det var no det verkeleg galdt å «gjere noko» som motvekt mot skuffelse, resignasjon og veksande defaitisme blant folk. Etter at folk hadde fått avreagert det sjokket som åtaket og krigshandlingane var for mange, kom stadig fleire til at permanent passivitet ikkje var noko løysing. Viljen til motstand var hos einskilde til stades frå første stund, medan den hos andre kravde mogningstid. Det var mangt som spela inn og måtte nøye vurderast før noko avgjerd kunne takast. Men etterkvart som okkupasjonsmakta tona flagg og viste sitt sanne andlet, vart fleire overtydde om at «noko» måtte gjerast. Den aukande motstanden mot okkupasjonsmakta tok ulike retningar blant folk, og går over heile spekteret frå passiv fordøming av tyskarane til ei aktiv motstandsline med våpen i hand.

Floraminne 2005 Page 42PLANLEGGING
Allereide sommaren 1940 gjekk kaptein Mons Haukeland i Bergen i gong med planleggjing av ein militær motstandsorganisasjon i dette distriktet. Sogn og Fjordane vert knytt til 4. div. distrikt, Vestlandet gjennom Haukeland sin motstandsorganisasjon. Vinteren 1941 tok Haukeland ut avsnittsjefer for Sogn og Fjordane. Anders Hammerseth vart utnemnt til avsnittssjef i Fjordane og han gjekk straks i gong med å byggje ut ein militær mot standsorganisasjon i avsnitt Fjordane, dvs. Sunnfjord og Nordfjord. Avsnittet vart inndelt i krinsar, kvar krins femnde om ein eller fleire kommunar alt etter lokale tilhøve (naturlege grenser). I kvar krins utnemnde  Anders Hammerseth ein krinssjef. I løpet av 1942 hadde han teke ut desse krinssjefane i følgjande krinsar:

Florø/Bremanger – løytn. Mathias, Sølvberg, Naustdal/Vevring – løytn, Albert Buanes, Førde/Jølster – løytn, Mathias Nygaard, Breim/Sandane - løytn. Dagfinn Årdal, Davik/Eid – fenrik, Kaare Torheim. Desutan var fenrik
Magnus Ringstad organisasjonen sin faste kontaktmann når det galdt å samle opplysningar om det tyske festningsanlegget Nesjane/Rutlestangane ved innløpet til Sognefjorden. Han var lokalkjend i området og teikna skisser over anlegget. Desse vart vidaresende til distriktsleiinga i Bergen.

Anders Hammerseth gav krinssjefane beskjed om at første mål for organisasjonen var å nå opp i ein mannskapsstyrke på ca. 30–40 mann i kvar krins. Dette var ingen ordre, men meir meint som ei rettesnor. Lokale tilhøve var først og fremst avgjerande for kor omfattande organisasjonen kunne bli. Når første mål for organisasjonen var nådd, skulle vedkommende krinssjef melde frå til Anders Hammerseth Kåre Torheim hadde etter eige initiativ så smått teke til å førebu ei motstandsgruppe i heimbygda si sommaren 1940. Ved årsskiftet 1941/42 vart han kontakta av Anders Hammerseth og utnemnd til krinssjef for Davik/Eid, der han skulle organisere etter nemnde føre skrifter. Som krinssjef for Gloppen/Breim utnemnde Anders Hammerseth Dagfinn Årdal i jan. 1942. Dagfinn Årdal fekk i den samanheng ordre om å kome til Florø, der han munnleg fekk kjennskap til tryggjings reglar, oppbygningsprinsipp og mål med organisasjonen. Han skulle organisere ca. 100 menn i Gloppen og Breim, og reiste heim med dette for auga. Anders Hammerseth fotografert i uniform, etter første  verdskrigen.
Floraminne 2005 Page 43MOTSTANDSSTRATEGI
Anders Hammerseth var av den meining at krigen ville bli langvarig og at det galdt å starte forsiktig. Han gjekk difor i mot all form for felles trening, våpenøvingar og anna som kunne vekkje oppsikt. Våpeninstruksjon var heller ikkje aktuelt så lenge ein berre hadde eigne våpen, og dei fleste var våpenkyndige folk. Det synest som ei heller passiv mot standsline har vore det dominerande. Bortsett frå sjølve vervinga og ordren om å halde seg i form og våpen og utstyr parat, vart ingen ordre gjeven som verka aktiviserande. Gruppeaktivitet og sabotasjeaksjonar var ikkje aktuelt. Samanliknar eg Hammerseth si mot standsline med Haukeland si line, verkarden siste kanskje noko meir aktiv, såleis seier Haukeland: «Lagene» skulle drive kondisjonstrening, orienteringsøvelser, måloppdagelse, målangivelse, avstandsbedømmelse og meldetjeneste. Så medan Haukeland gjekk inn for trening, gjekk Hammerseth i mot «å drive øvelser». Ei tenkjeleg forklaring på denne skilnaden er at Haukeland som var busett i Bergen, Anders Hammerseth (nr. 2 frå venstre) og oberst Ivar Navelsaker (nr. 2 frå høgre), fotografert i Molde, truleg i samband med eit skyttarstemne på 1950talet. tenkte på behovet for utandørsaktivitet og trening for bymedlemane, medan Hammerseth dreiv organisering i eit typisk bygdemiljø der hovudsakleg jord bruk og skogbruksnæringane var basis for medlemsrekrutteringa. I eit slikt miljø var det rimeleg at den einskilde fekk bra fysisk trening i sitt daglege arbeid på gar den eller i skogen. I bygdemiljøet var til høva i tillegg langt meir gjennomsynlege enn i bymiljøet. Dessutan arbeidde Haukeland meir på det teoretiske plan innan organisasjonen. Haukeland og Hammerseth sin mot standsstrategi ser ellers ut til å ha vore
samanfallande. Begge ville starte forsiktig. Begge var i mot våpenutdeling og sabotasjeaksjonar på noverande tidspunkt. Forhasta organisering og stor aktivitet ville auke risikoen for opprulling og represalier mot sivilbefolkninga, slikt hadde ein sett nok av andre stader, hevdar Hammerseth. I Fjordane var no ei rekkje motstands grupper oppretta. Her hadde Hammerseth organisert i tilsammen 10 kommunar og i tillegg fanst ei rekkje spontane sjølvetablerte motstandsgrupper. Kun to av desse gruppene var hittil (1942/43) innlemma i Haukelands organisasjon via Hammerseth, nemlig gruppene til Kaare Torheim og O.K. Henden. Dei resterande spontane gruppene fortsette sin meir eller mindre isolerte eksistens. Nokon oversikt over kor mange motstandsorganiserte ein hadde i Sogn og Fjordane ved utgangen av 1942 finst ikkje, men grovt rekna kan eg tenkje meg ein ca. 500 mann i heile fylket, fordelt på Hammerseths organisasjon og tidlegare nemnde spontane grupper. Det er interessant å sjå på den geografiske plasseringa av motstandsgruppene. Kun 4 av dei 17 kommunane med militære motstandsgrupper kan kallast kyst kommuner, dvs. grensar ut mot havet, nemlig SørVågsøy, Bremanger, Florø og Vevring. I Florø/Bremanger vart imidlertid krinssjefen arrestert før han kom i
gong med motstandsorganisering, så i desse kommunane vart det på noverande tidspunkt ikkje organisert. Når det gjeld motstandsorganisasjonen i Vevring kjenner eg ingen detaljar om denne, bortsett frå at Anders
Hamerseth utnemnde Alb. Buanes til krinssjef i denne og Naustdal kommune. Og at arbeidet etter alt å døme opphøyrde i 1943, då store delar av Hammerseths organisasjon vart oppløyst.

skøyte illegaltTYSK KONSENTRASJON PÅ KYSTEN
Kva kan så årsakene vere til at kamp gruppene hadde svakt fotfeste på kysten? Først og fremst trur eg dette skuldast topografiske tilhøve. Kyststroka er åpne og skoglause og eigna seg difor lite til opsetjing av illegale militære motstands grupper og tilhøyrande aktivitet. Holmar, vikar og sund skapte i tillegg store kommunikasjonsproblem for hurtig fremrykking eller retrett. Terrenget langs kysten høvde soleis dårleg til oppsetjing av kampgrupper, dette er ei kjensgjerning som gjeld på landsbasis og ikkje berre for Sogn og Fjordane. Ei anna årsak trur eg er den etter måten store tyske troppekonsentrasjonen langs kysten kan ha vore. Kysten var av stor strategisg verdi, det var på kysten ein invasjon ville starte. Dessutan var kysten den frie verda sin innfallsport til det okkuperte Norge, her kom og reiste folk til og frå England. Desse og liknande til høve gjorde at  tyskarane utbygde eit sterkt forsvar langs kysten med etter måten store troppekonsentrasjonar på større stader som Måløy og Florø som nemnt, og i tillegg i dei mange konvoi hamnene på kysten. Slike tilhøve skapte vanskar for eventuell organisering av kampgrupper. Etter mi meining var først og fremst topografiske tilhøve, men og tyske disposisjonar på kysten av stor betydning for at motstanden der tok andre former enn i innlandet. Men i tillegg til desse faktorane trur eg kontakta til England som kom i stand på forholdsvis tidleg tidspunkt, fekk avgjerande innverknad på utforminga av motstandsarbeidet på kysten. Frå kysten gjekk kortaste vegen over til England, og det var ofte etter oppmoding og påverknad derfrå at motstandsarbeidet kom i gong og i stor grad tok den form England helst ville. Det var særleg tre felt motstandsarbeidet på kysten kom til å konsentrere seg om Ofte var grensene mellom desse flytande, eller eine aktiviteten avløyste den Skøyta andre. Dette var englandsfart, mottaking av skøyter og agentar, og våpentransport.

ENGLANDSFARTEN
Englandsfarten fra Sogn og Fjordane tok som for store delar av kysten til i mai 1940 – og nett i denne startfasen ser trafikken frå fylket ut til å ha hatt ein svært hektisk karakter. I alt reiste 11 båtar frå Sogn og Fjordane over til England i løpet av 1940, og heile 10 av desse reiste i mai månad. At nærast 100% av englandsfarten i fylket i 1940 var konsentrert innan mai månad, tyder på at hovedårsaka til overfarten nett då, var å kome seg unna før tyskarane fekk full kontroll over landet og vanskeleggjorde utreisa. Denne teorien vert styrka ved å gå gjennom passasjerlistene. I alt reiste 95 personar over frå Sogn og Fjordane denne månaden. I tillegg kjem rett nok ein båt som ikkje har oppgjeve passasjertal. Av desse personane var i alt 48 britar, hovudsakleg soldatar, men også diplomatar. Ein av dei som reiste over frå Nordfjord var løytn. J. L. Chaworth Musters som skulle få mykje å seie for den britiske krigføringa i Norge gjennom sitt arbeid i SOE (den britiske spesialtenesta for krigføring i okkuperte land). Men i tillegg til britiske militærpersonell reiste og ein del norske militære over herfrå, tilsaman 11, både soldatar og offiserar. Ein kan difor slå fast at ein stor del av desse som reiste over i mai, hadde vore direkte involverte i i krigshandlingane her i landet og såleis hadde vektige grunnar til å kome seg over, britane først og fremst for å sleppe krigsfangenskap. Britane kom i flokkar ut til kysten for å få seg båt over til England. Nokre hadde med seg norske hjelpesmenn, og andre kom åleine. Her fekk dei så hjelp av sivilbefolkninga som skaffa båtar og førte dei over. Kven var så dei resterande? Frå personallistene framgår det at hovudtyngda var unggutar som spontant må ha bestemt seg for å slå følgje, då så å seie alle var hei mehøyrande på den stad båten gjekk ut fra. Det må vere riktig som og Ragnar Ulstein hevdat at engelskmennene sette i gong englandsfarten. Englandsfarten hadde nok blitt en realitet også utan desse første utvandrarane, men eg trur ikkje han hadde fått eit så stort omfang og heller ikkje byrja så tidleg, utan desse første utvandrarane til å setje trafikken i gong. Denne veldige utfarten i mai kan tyde på at ei viss stemningsbølgje har gjort seg gjeldande, ein slags «utfartspsykose». Dette tyder då også den bråe nedgangen av englandsfart på etter at den første bølgja i mai var over. – Utover hausten, heilt fram til jul reiste kun ein båt frå Sogn og Fjordane over. Ei tenkjeleg forklaring på denne mangelen på utreise frå våren 1940 og fram til jul, kan og vere at folk ville sjå korleis situasjonen utvikla seg heime. Dette var sams utvikling for heile kysten.
Ragnar Ulstein seier om denne nedgangen:

«Det kunne likevel sjå ut som om det berre vart eit siste stemningsutbrot frå det okkuperte landet. For då nettene vart mørke og lange, og det vart mindre farlig å bryte seg ut, minka trafikken sterkt. Heile vintersesongen, frå september til mars, var det berre 16 farkoster som kom over havet.» For Sogn og Fjordane var dette talet 2, kun ein båt i desember og ein i februar reiste over i heile vintersesongen. Men hadde så det heile berre vore eit «stemningsutbrot»? At så ikkje var tilfelle skulle englandsfarten våren 1941 syne. No starta den verkelege sesongen for englandsfart både for Sogn og Fjordane og i følgje Ulstein, også for resten av landet – og denne sesongen varte heilt ut i november.
Floraminne 2005 Page 47UTFART I TAL
Prof. Magne Skodvin hevdar at den rekordarta englandsfarten hausten 1941 (aug. – okt.) også hadde sine spesielle årsakar liksom våren 1940. Som følgje av det tyske åtaket på Russland sommeren 1941 som sjølvsagt var ei stor belastning på die Wehrmacht, auka den tyske terroren i dei okkuperte landa mot all form for motstandsaktivitet. Ved store represalier meinte Hitler å kunne knekkje motstanden i dei okkuperte landa. Men i staden for preventiv effekt kunne terroren stimulere til auka motstand, noko Skodvin hevdar gjev seg utslag i den rekordarta englandsfarten denne hausten i 1941. Englandsfarten var stort sett slutt våren 1942. Utfarten frå hausten 1942 fell korkje i omfang eller karakter saman med den tidlegare englandsfarten. Prof. Magne Skodvin hevdar at utfarten no var «meir ein siste retrettveg enn eit mål i seg sjølv.» Dette framgår og av diverse kjelder, det var i all hovudsak ettersøkte personar som no forsøkte å kome seg unna..

Oversikt over englandsfarten frå dei ymse kommuner i Sogn og Fjordane:
Kystkommune Tal på % av båtar englandsfarten totalt i S&Fj.
Askvoll 10 - 21,7%
Sør Vågsøy 7 - 15,2%
Solund 8 - 17,4%
Bremanger 5 - 10,9%
Kinn 3 - 6,5%
Florø 3 - 6,5%
Davik 2 - 4,3%
Selje 2 - 4,3%
Gulen 2 - 4,3%
N. Vågsøy 1 - 2,2%
Hyllestad 1 - 2,2%
Vevring 1 - 2,2%
Eikefjord 1 - 2,2%
Floraminne 2005 Page 49Det kan no vere av interesse å spørje kva betydning englandsfarten fekk i mot standssamanheng. Dette er etter mi meining eit vanskeleg spørsmål å svare på då «verdien» av englandsfarten neppe berre har målbare resultat. Prof. Magne Skod vin skriv i forordet til Ragnar Ulsteins Englandsfarten b.. II: «Det var, for det første, ein siger i seg sjølv, ei motstandshandling som ikkje let seg stoppe, ein serie tyske nederlag, og det skjedde på ei tid då tyskarane ennå ikkje hadde vant seg til å tapa.» Englandsfarten tok til i den mørkaste perioden av krigen då ingen ting syntes å kunne stoppe katastrofen, englandsfarten vart då ein siger for dei som kom seg over for å fortsetje kampen, og også av «psykologisk» verdi for dei som var heime og visste at alt enno ikkje var tapt. Kanskje kan ein snakke om ein viss moralsk effekt av utfarten ved at fleire truleg fortsette kampen heime. Til saman reiste 512 personar (pluss ein båt som manglar passasjerliste) over til England frå Sogn og Fjordane på denne måten. Dette er små tal å operere med i ein verdskrig, likevel meiner eg utfarten hadde stor betydning ikkje minst for den irregulære krigføringa britane sette i gong i Norge. Storparten av englandsfararane gjekk inn i dei norske avdelingane i hær, flåte og flyvåpen, i kompani Linge og Shet landsgjengen. Ved at utvandrarane stilte sin lokal kunnskap til disposisjon, fekk UK (United Kingdom) verdfull hjelp til plan leggjing og utføring av aksjonar i Norge, noko som ville blitt vanskeleg utan lokal kjende folk.
Svært mange av englandsfararane kom tilbake til fylket på ulike oppdrag, t.d. som kjentmenn ved raid og MTBåtak i skjærgården og som agentar. Dessutan trur eg englandsfarten var ein viktig faktor eller forutsetning for å setje i gong skøytetrafikken til Norge.

SKØYTETRAFIKK TIL SOGN OG FJ.
Alt medan englandsfarten frå Vestlandskysten pågjekk, tok ein annan trafikk i motsett lei, frå England til norskekysten. Tidsmessig kan han avgrensast frå vinteren 1941 til kapitulasjonen. Skøytetrafikken starta såleis medan englandsfarten var i gong, men skulle i motsetning til denne bli av permanent karakter, og dessutan auke i omfang etter som krigen skreid fram. Kva var så bakgrunnen og føremålet med denne skøytetrafikken til Vestlandet? I juli 1940 vart Special Operations Executive (SOE) opretta i England – dette var eit organ som arbeidde med britisk krigføring i tyskokkuperte land. Hovudoppgåva var «å animere folk i dei tyskokkuperte landa til militær mot stand.» Eit resultat av SOE og SIS (Secret Intelligence Sevice) sitt arbeid var Shetlandsbasen – ein stasjon for norske fiskeskøyter, vart oppretta hausten 1940. Norske fiskeskøyter som kom til England med flyktningar vart stort sett internerte på Shetland, og så sett inn i ymse tjeneste. Ein del av desse skøytene gjekk no til Shetlandsbasen.

Fiskekuttaren «Arthur» gjer seg klar til å dra til Trøndelag. Skipper Leif Larsen står midt på biletet, deretter til høgre Bjørn Rørholt, Odd Sørlig og Arthur Pevik. Nestkommanderande Palmer Bjørnøy står i styrehuet og matrosane Kinin og Iversen på dekk. Bildet er tatt frå boka «The Shetland Bus» av David Howarth.

For SOE sin aktivitet i Norge gjennom Shetlandsbasen og Komp. Linge trur eg englandsfarten dannar ein viktig bakgrunn. D. A. Howarth som var løytnant ved Shetlandsbasen ved Shetlandsbasen hevdar: «Det var de norske fiskefartøyene som kom over Nordsjøen som hadde gitt britene impulser.» Noko av det same seier Ragnar Ulstein: «Det var t.d. englandsfarten som skuva i gong den militære skøytetrafikken austover til norskekysten.» Englandsfarten førte til at innsatsviljuge nordmenn kom over til England, desse stilte seg i stor grad seg sjølv og sin lokale kunnskap til disposisjon for britane Eit anna viktig bidrag var skøytene. Eg vil hevda at englandsfarten i stor grad hadde fremskaffa materiale, folk, skøyter og lokalkunnskap for operasjonar til Norge, og at SOE sto for initiativet og leiinga. Således vart englandsfararane som vende tilbake til heimlandet på spesialoppdrag i stor grad kontaktformidlarar mellom England og Norge, dei trekte folk som dei kjende langs kysten inn i nye motstandsaktivitetar. Til saman utførte skøytene frå Shetlandsbasen 54 turar til Sogn og Fjordane i løpet av krigen.
Oversikt over kommunar i Sogn og Fjordane med størst skøytetrafikk: Kommune Antal skøytebesøk

  • Solund 15
  • Askvoll 13
  • Kinn 13
  • Bremanger 4
  • Nord Vågsøy 3

Av denne tabellen ser ein at nettopp dei kommunane som hadde svært stor englandsfart, nemlig Solund og Askvoll, også hadde svært stor skøytetrafikk. Det same er og tilfelle med Bremanger, som og hadde større englandstrafikk enn ein skulle forvente ut frå folketalet. Dei andre kommunane med stor englandsfart var SørVågsøy (Måløy) og Florø, men desse har som venta kan vere ikkje skøytetrafikk. Dette har ganske sikkert samanheng med at slike tettstadar med store tyske troppekonsentrasjonar og godt utbygd forsvarsverk, høvde dårleg som landingsstad for Shetlandsskøytene. Derimot har nabokommunane til desse, NordVågsøy og Kinn skøytetra fikk.

ILLEGAL AKTIVITET
Det synest som om englandsfarten har vore ein forløpar for seinare illegale aktivitetar som skøytemottak og våpentrans port. Dette trur eg har samanheng med at englandsfararane som vi har sett i stor grad kom frå visse kommunar (visse bygdelag). Ved ankomsten til England vart desse forhøyrde om tilhøva heime. Såleis fekk militærleiinga i UK kjennskap til, og gjerne sikre kontaktar i heimlandet. Og sidan englandsfararane i stor grad kom frå bestemte kommunar, fekk UK truleg særleg stor kjennskap til tilhøva i nett desse stroka, og valde gjerne desse ved innsending av skøyter. Ser ein nærare på kva for stader i kystkommunane som vart nytta  av skøyene, finn ein stor likskap mellom dei. I Nord Vågøy var det Silda som var skøytestasjon, vidare sørover langs kysten kan nemnast Vetvik i Bremanger, Hovden og Askrova i Kinn, Bulandet, Værlandet og Stavenes i Askvoll og Ytre Sulen i Solund. Felles for alle desse øyværa/bygdelaga er at dei har forholdsvis lite folketal, frå 2–3 gardar og opptil ca. 200 menneske. Dessutan ligg dei lett tilgjengeleg ut mot havet. Det var ofte ein eller nokre få som fungerte som hovudkontaktar, men i til legg var ofte store delar av befolkinga medhjelparar t.d. ved bortgøyming og vidaretransport av våpen og utstyr. I slutten av august 1941 vart fenrik C. A. Johnsen frå kompani Linge landsett på Bulandet der Shetlandsbasen hadde fast stasjon hos familien Kumle, der svært mange familiemedlemer hadde reist over til England. Johnsen sitt oppdrag var å ordne med våpenmottak. Han oppsøkte difor straks kontaktmannen Olaf Kvammen, og seinare Anders Hammerseth som skulle hjelpe til med mottakinga. Så her ser vi at fylket fungerte som innførselsområde for forsyning til Bergen. 15. sept 1941 kom «Siglaos» med Petter Salen til øygruppa Oddane mellom Florø og Askrova. Lasta besto vesentlig av sabotasjemateriell – sprengstoff, avfyringsmidlar, brannbomber, handgranatar og forsvarsvåpen – til saman 8 tonn. Det heile vart så omlasta og ført til «Saga» i Førdefjorden der brødrene Mads og Anders Løvik saman med fleire, gøymde utstyret. Denne lasta meiner Anders Hammerseth var tiltenkt motstandsorganisasjonane i Sunnfjord, som kjent var Hammerseth avsnittsjef for Fjordane. Mykje tyder på at dette stemmer, som allereie nemnt skriv Howarth at utstyret skulle fordelast blant sabotasje grupper i Bergen, men det ser ut til at det var neste last som skulle dit, og at denne skulle gå til Sunnfjord, noko også Olaf Kvammen nemner. I alle fall var lasta oppbevart i Førdefjorden heilt til kapitulasjonen. Ved innføringa av denne lasta vart mottak av neste last ordna, denne skulle gå til organisasjonen i Bergen. Anders Hammerseth skulle stå for mottakinga. 25. september kom «Siglaos» tilbake med ny last. I siste liten hadde Anders Hammerseth fått melding frå Bergen at ein på grunn av opprulling av organisasjonen der, ikkje kunne ta i mot lasta. Anders Hammerseth og naboen (Olaf Hammerseth) møtte «Siglaos» på Aldevågen og tok ein del av lasta ombord i båten sin, m.a. 90 pistolar, 500 hand
granatar, knivar og sprengstoff. Dette vart så gøymt i utmarka på Tansøy, medan resten av lageret vart sendt tilbake. 10. november kom så ny båt til Askrova, «Arthur» med Leif Larsen.

Denne gongen var C. A. Johnsen med, han skulle konferere med Hammerseth. Om denne turen skriv F. Sælen: Utfor Hammerseth skulle skuten ligge som skulle føre ammunisjonen videre inn i landet. Noen skøyte var der ikke – transportskøyta var blitt forhindret og varene måtte lagres til så lenge.» Anders Hammerseth møtte «Arthur», og etter mykje strev fekk han saman med sønene sine og mannskapet på «Arthur», gøymt lasta i Kroknesura på Hammerseth. Anders Hammerseth gav beskje om at han førebels ikkje ville motta meir våpen no, så dette vart siste våpenlasta hit. Og det skulle kome til å ta lang tid før motstandsorganisasjonane i Sogn og Fjordane mottok våpen frå England. Skøytetrafikken frå Shetland tok seg nokonlunde oppatt i 1944, og no var det ein ny stasjon på Hovdenlandet som ser ut til å ha stått i sentrum. Frå mars til krigens slutt hadde denne øya i alt 10 skøytebesøk. Ein sentral person i denne trafikken var Martin Domben i Dombevåg. Her vart landsett agentar, våpen og utstyr, og ei rekkje flyktningar reiste ut herifrå.

KRISEÅR FOR MILORG I SOGN OG FJORDANE
Som kjent var ei rekkje militære mot standsgrupper komne i gong i fylket dei to første krigsåra. Når det gjeld Hammerseth sin organisasjon, var denne inne i ein viktig utbyggjingsfase. Som nemnt hadde han i løpet av 1942 sett i gong organisering i desse krinsane: Naustdal / Vevring, Førde / Jølster, Breim / Sandane, Davik/Eid og Florø/Bremanger. I denne siste krinsen vart imidlertid krinssjefen løyt. Sølvberg arrestert før han var komen noko særleg i gong med arbeidet. Og då tilhøva som nemt, var lite eigna for motstandsorganisering i Florø, ville Hammerseth sjå tida an. Han hadde eit par aktuelle kandidatar som ny krinssjef, men utnemnde førebels ingen.. I løpet av våren 1943 mottok Hammerseth melding frå krinssjefane at første mål for organisasjonen, ein styrke på 30–40 mann i kvar krins var nådd. Om dette seier Hammerseth: «Etter at jeg fra kretssjefene våren 1943 hadde fått melding om at målet for 1. sats var ansett for nådd, var det min plan i løpet av sommeren å ta kontakt med hver enkelt kretssjef for drøfting av forskjellige spørsmål.» No hadde Hammerseth tenkt å utvide organisasjonen til andre steder i Nordfjord og Sunnfjord. Men først ville han hauste erfaring med arbeidet innan dei organiserte krinsane. Samstundes var han komen til det resultat at Nordfjord burde utskiljast som eige avsnitt med eigen avsnittssjef som krinssjefane i Nordfjord sorterte under. Hovudårsaka til denne planen var dei lite utbygde kommunikasjonane mellom Nordfjord og Sunnfjord. Dette vanske leggjorde administrasjonen av Nordfjord frå Sunnfjord. Hammerseth ville difor utnemne ein eigen avsnittsjef for Nordfjord, men var i tvil om kven han skulle velje. Avsnittsjefsspørsmålet og liknande problem ville difor Hammerseth drøfte i ein personleg konferanse med Mons Haukeland i Bergen 16. mai 1943. Nokon konferanse med Haukeland skulle det ikkje bli. Akkurat den dagen Hammerseth kom til Bergen, vart Haukeland arrestert av Gestapo. Dette fekk Hammerseth greie på i Bergen, og unngjekk såleis å gå rett i armane på Gestapo. Samstundes vart og Haukeland sin nestkommanderande, Fr. Rieber Mohn, arrestert. Hammerseth fann det no tryggast å halde motstandsarbeidet mest mogleg i ro, for å sjå kva slags ringverknader arrestasjonane i Bergen kunne få for arbeidet i Fjordane. Han utsette difor den påtenkte rundturen til krinssjefane til utpå hausten, og foretok heller ikkje noko med planane om Nordfjord som eige avsnitt. Noko opprulling av motstandsorganisasjonen i Fjordane førte imidlertid ikkje arrestasjonane i Bergen til, men det resulterte i at mange viktige organisasjons spørsmål vart utsette, og den vidare organiseringa gjekk inn i ein «ventefase» som skulle vise seg å bli langvarig. Utpå hausten vart nemleg Hammerseths motstandsorganisasjon i Fjordane ramma av eit endå hardare slag enn det om våren, som hadde resultert i at kontakta til leiinga i Bergen vart broten. 19. august vart avsnittssjef Hammerseth arrestert og likeeins krinssjefane Mathias Nygaard og Albert Buanes. Alle vart dei tekne i eigenskap av militære befalsmenn, og ikkje som resultat av motstandsarbeidet. Resultatet av tyskarane sin aksjon var at ein motstandsorganisasjon i full utvikling i løpet av eit par dagar vart redusert til langt under halvparten. Fjordane hadde mist avsnittsjefen og to av krinssjefane, i tillegg var ein krinssjef blitt arrestert ved ein liknande aksjon året før. Arrestasjonane vart «dødsstøtet» for mot standsorganisasjonane i dei tre krinsane Naustdal / Vevring, Førde / Jølster og Florø / Bremanger – dei gamle organisasjonane vart aldri reorganiserte her. Først dei siste krigsmånadane skulle ein ny organisasjon bli utbygd i delar av desse
krinsane.