TØNNEPRODUKSJONEN I EIKEFJORD

Av Audun Hovland i samarbeid med Jostein Midtbø

Floraminne 2005 Page 31 I publikasjonen Det Norske Næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, utgjeve i 1953, finn ein omtale og registreringar av næringsliv frå åra etter andre verdskrig, m.a. frå Eikefjord som var eigen kommune frå 1.1. 1923 til 31.12. 1963. I 1946 budde det 1.065 personar i Eikefjord. Jordbruk vert omtala som hovudnæringa i kommunen. Men mindre industriverksemder har og fått omtale. «Av industrielle verksemder har kommunen 4 tunnefabrikkar, 1 høvleri, 1 trevarefabrikk og nokre snekkarverkstader, 1 skomakarverkstad og eit mindre båtbyggjeri og fleire små sagbruk. I kommunen er det 4 handelsmenn og eit bakeri».

Floraminne 2005 Page 32I årsmeldinga frå det «stedlige arbeidstilsynet» frå 1957 kan ein sjå at det då var 7 tønnefabrikkar i bygda, med frå 2 – 3  tilsette ved dei minste, til 10 – 12 ved dei største. Vidare ein trevarefabrikk med 2 tilsette og ein mekanisk verkstad med 2 tilsette. Ved tønnefabrikkane ser det ut til å ha vore stans dei 3 første månadene, men arbeid i resten av året. Ein kan godt seie at det alltid har vore eit industrielt miljø i bygda. Mest har det knytta seg til utnytting av virke frå skogen.

TØNNEPRODUKSJONEN

Å lage tønner er eit gammalt handverk i Eikefjord, som elles i Sunnfjord. Hans Arents var sorenskrivar og budde i Dale i Sunnfjord. Han levde i tida 1731 til 1793. Han gav ut boka «Beskrivelse over Søndfjord i det nordre Bergenhusiske Amt, anno 1785.» Her skriv han: «Søndfjordinge er ganske flink til å lage tønner og andre kar av tre, kvaliteten er her upåklagelig». I denne artikkelen vil eg ta for meg noko om tønneproduksjonen i Eikefjord. Tretønner har vore og er sterk og god emballasje for ulike matvarer, mest til salting av sild og anna fisk. Men også til kjøt. Også noko til oppbevaring av poteter og korn og mjøl. Ei tønne er 115,8 liter.

Floraminne 2005 Page 33Å lage tønner var eit handverk som kravde både innsikt og handelag. Og folk som kunne dette arbeidet fanst det i rikt mon i Eikefjord. Det var ein lærdom som hadde gått i arv på gardane. Og så lenge produksjonen ikkje hadde det heilt store omfanget, fann ein virke til tønneproduksjonen i skogen i bygda.

Då eg vaks opp i 1920-åra vart det laga tønner på dei fleste sjøhusa på Hovland og langs fjorden, og elles på gardane opp gjennom dalen. Skogen på Hovland stod ulagleg til, og det var lite av den. Far og fleire med han kjøpte skog på rot i Statsskogen. I Barlindbotnen og på Klavelandet hogg dei, slepa det til saga og saga det til stav og tønnebotn. Materialane vart gildra og turka og lagra på bua til ledige stunder. Utstyret i denne tida var enkelt, og handemakt var drivkrafta. M.a. var det ei handdriva botnemaskin. Ho var tung å sveive rundt. Her var stavekrakk for grovforming av staven, høvel for finstryking. Staven måtte vere like brei i begge endar. Elles fekk ein det ein kalla kilende. Andre enden vart anten for liten eller for stor. Her var mange høvlar: Endehøvel, dikselhøvel, lagghøvel, kryssebrett. Vidare pussekniv, diksel, stemplar og fleire sortar drivholtar, klinkehammar. Ulike sortar slagband: Hovudband, bukband, overdrivar. Kjekse, fyrjarn, ste, tønnevinde og treblokk for hogging av sveip på trebanda. TRE HANDELSPLASSAR Desse hadde namna «Foreininga», L. Langedal, «Øyra» – eigar Henrik Svarthumle.

Floraminne 2005 Page 34To av desse handelsplassane hadde tønneverkstader. Ole A. Eikefjord overtok den gamle handelsstaden «Foreininga» i 1912. Han bygde verkstad i 1915. Her arbeidde 4 - 5 mann i korte bolkar. I 1940 arbeidde her 2 mann. Verkstaden var då i dårleg stand og skulle flyttast, for nyevegen tok grunnen. Så i 1947 overtok sonen Anders Eikefjord forretninga og starta tønnefabrikk. Fabrikken var delvis bygd av gamle materialar, og låg der Eikefjord Handel står i dag. Denne fabrikken var registrert hjå Statens Arbeidstilsyn i 1948 som «Solid A/S» og hadde då 2 mann i arbeid. Stavsaga var her plassert i sjølve fabrikklokalet. «Solid A/S» var vel den første av fabrikkane i Eikefjord som tok tønnematerial, skoren i fallande lengder, frå Gudbrandsdalen. Produksjonen ved denne fabrikken stogga i 1959. Ludvig Langedal bygde kombinert bustad- og forretningsbygg i 1918. Han starta tønneverkstad i 1920. Her arbeidde 4 – 5 mann i sesongane. Utstyret var handdrivne lagg- og botnemaskiner og stavekrakk. Her var og stavsag i lokalet. Verkstaden stod der Reiakvam bustad og bakeri står i dag. Med det utstyret ein hadde då var eit godt dagsverk 7 – 8 tønner. L. Langedal bygde ut på fjøra. Tilkomsten til gamlebua, som stod på pælar, vart erstatta av steinfylling. Og her vart det bygd ny fabrikk med kai.

Floraminne 2005 35

Denne fabrikken var ferdig i 1941, og vart tilmeldt Arbeidsnemnda i august same året. Dette var ein godt planlagd fabrikk. Her var eit stort fyrhus for varming av tønnene. I tillegg fekk ein her brent spon og anna rusk. Dermed slapp ein at slikt avfall vart kasta på sjøen. Fabrikken var i tre høgder, med produksjon i første høgda, og lager i andre og tredje. Det er verd å merke seg at tønneprodusjon i større omfang kravde store lagerrom. Ved denne fabrikken var det i sesongane ca. 10 mann i arbeid. Ein stavstrykar, fem som bøkra på ferdig tillaga stav, ein som laga botnar, ein som kappa stav, ein sjauar og ein formann. Dette vart eit effektivt opplegg, med ein dagsproduksjon på 125 tønner, 25 pr. bøkrar. Denne fabrikken gjekk ein del år. Men så svikta grunnen under kaia og fabrikkbygget. Murane måtte hevast. Og medan dette arbeidet pågjekk, i 1946 – 47, leigde Langedal lokale på Hamnabua. Her arbeidde eg då. Dette var eit lite og mindre eigna lokale. Men i oktober 1948 kom den restaurerte fabrikken i full gang att. Her var då sag i full drift i dei periodane fabrikken venta på turr material. Ofte vart det trangt mellom gildrene hos L. Langedal. Også klippfiskdunkar vart laga hos L. Langedal. Desse var like vide som ei heiltønne, men berre halvparten så høge. Materialane var or og osp, og stavane var tunnare. Av vrakstav vart det laga krabbeteiner. Teinestrutane vart laga mange stader rundt i bygda. Produksjonen ved denne fabrikken heldt fram til ut på 1960-talet, og sporadisk vart det produsert tønner til førstninga av 1970-talet. Men fabrikklokala med produksjonsutstyr stod intakt til 25. september 1985. Då slo lynet ned i bygget, og det vart totalskadd av brann – 65 år etter at L. Langedal starta tønneproduksjon i eigen verkstad. Den tredje handelsplassen i Eikefjord var «ØYRA» – eigar Henrik Svarthumle. Denne handelen var etablert før L. Langedal. Henrik Svarthumle utrusta fleire fisketurar for svogeren Albert Eikefjord. M.a. til Island med båten «Kverve» – ein liten 70 fot kolfyrt båt. Denne satsinga kosta Svarthumle dyrt, og førte til økonomiske vanskar for han. Henrik Svarthumle døydde i 1932 – berre 61 år gammal. Denne eigedommen vart overteken av Olav Havn i 1940. Han starta då med motorsagbruk og tønneproduksjon. Her arbeidde to mann ei kort tid, to – tre år vil eg tru. Olav Havn tok seinare til med smie og mekanisk verkstad.  Seinare vart det bensinstasjon, bilverkstad og bilforretning. No drive av tredje generasjon Havn. Hamnabua har eg nemnt før i samband med at L. Langedal leigde denne i 1946 – 47. På hamnabua vart det montert gamle tønnemaskiner i 1927, men dei stod ubrukte i mange år. Eigar var Albert Eikefjord. I 1938 fekk Ola Hovland i gang drift av både saga og fabrikken der. Men bua var lita og i dårleg stand. Albert Eikefjord døydde i 1940. Fabrikken stod då stille ei tid. I 1945 var det t.d. inga drift der. Men i 1952 kom det ny eigar, Leidulf Havn. Han dreiv fabrikken ein del år. I 1956 arbeidde det 5 mann der. Drifta ved denne fabrikken tok slutt i 1958.

SAMARBEID MED DALE
Ola Hovland hadde ein sterk posisjon i tønneproduksjonen i bygda. Han reiste frå Eikefjord i 1909 og busette seg i Dale i Sunnfjord, der han dreiv tønneproduksjon. Han kom attende til Eikefjord i 1936 og busette seg på farsgarden i Hovlandsbakken. Han bygde på det gamle sjøhuset på garden, Bakkebua. Ho fekk ei ekstra høgd, og vart utvida mot aust med lagerplass for materialar og ferdige tønner. Det var ikkje godt tilflot til bua her, så det vart pæla kai framfor bua så båtane skulle kunne legge til. Gamle maskinar vart montert på buagolvet. Frå ein lang drivaksling under himlingen gjekk det drivreimar ned til dei ulike maskinane, som stavstryke, lagge, drive, botnmaskin, kappsag. Dette var eit litt uvanleg system. Ein mann «reiste» tønna i eit stativ. Så gjekk den vidare til ein som først pressa den litt saman, deretter varma den og pressa den saman med fire slagband.  eretter til han som stod i driva og kryssa. Då eg arbeidde der hadde eg jobben med sampressinga og varminga. Reine røykdykkinga med såre auge. Her var det fire mann som bøkra – to hadde vel vore nok? Men  sjølvsagt vart dette opplegget vraka etter ei tid. Ein gjekk over til eit langt meir effektivt opplegg , med 5 som bøkra med ferdig stav frå stryka og laga tønna ferdig. Tønna vart så merka med bøkkaren sitt nr. og boren opp på lageret i 2. etasje. Etter kvart som lageret i 2. etasje fyltest, måtte også 3. etasje takast i bruk. Arbeidstida var 48 timar i veka, med 5,5 time om laurdagen. Etter kvart vart det stor avsetnad på tønner. I 1938
gjekk fabrikken på to skift.
Floraminne 2005 Page 37

5 bøkrarar laga 125 tønner på skiftet I alt 1250 tønner i veka. Det var mange fiskebåtar på saltetur til Island som henta tønner frå Ola Hovland A/S. Desse båtane hadde solide bingar på galgedekket der dei stua tønnene. Lasta kunne variere frå 800 til 1800 tønner. Kystlasteruta på veg nordover henta og tønner i Eikefjord. Ola Hovland hadde heile tida nært samarbeid med Dale Tønnefabrikk. Som nemnt tidlegare dreiv han tønnefabrikk i Dale før han kom attende til Eikefjord. Sonen, Kristoffer Hovland, dreiv Dale Tønnefabrikk. Samarbeidet førte med seg at eksporten av tønner til Island og Færøyane kunne aukast. Også andre tønneprodusentar i Eikefjord drog nytte av dette samarbeidet. Leveransane var sikra. Båtlaster gjekk og frå Eikefjord til Dale for utskiping derfrå. L. Langedal og Ola Hovland hadde godkjenningsmynde for dei ferdige tønnene. Når formannen hadde funne tønna i orden, stempla han den med svimerke. Langedal sitt merke var SF 50, Hovland sitt SF 52.

ANDRE TØNNEPRODUSENTAR
Til ein så stor tønneproduksjon som det etter kvart vart i Eikefjord, trongst det store mengder materialar. Ola Hovland hadde avtale med mange sagbruk i bygda. Sjølv hadde han i drift Hamna-saga. Her fekk mange ungdommar arbeid. Dei tok unna på saga og gildra materialane i lange og høge lad. Stavane måtte gildrast på ein slik måte at dei ikkje vart blå. Blå stav var ubrukeleg og måtte vrakast. Ungdommane fekk kr. 3,00 pr. tusen stav dei tok unna og gildra. Eit stavtusen er 1200. Etter kvart kom det og båtlaster med turr tønnematerial frå Sørlandet. I fleire sjøhus på Hovland vart det lagra material og ferdige tønner. Over i 1950-åra tok også Ola Hovland materialer i bil frå Gudbrandsdalen.

Floraminne 2005 Page 38

Ola Hovland døydde i 1967. Det kan trygt seiast at han var ein foregangsmann som skapte arbeidsplassar og optimisme i bygda. I Kalsvikane starta Lars Kalsvik tønnefabrikk i 1940. I førstninga arbeidde to mann her. I 1957 var fire mann i arbeid. Her var det slutt i 1960. Maskinane til denne fabrikken vart kjøpte i Hagevik. Fabrikken med maskiner er i full stand i dag. Det trengst lite førebuing til å setje den i drift. Men tønner hadde vore arbeidde i Kalsvikane lenge før Lars Kalsvik starta sin fabrikk. Broren Ludvig, som var fødd i 1890, kjøpte ca. 1910 tønnemaskiner frå Ålesund. Dette var dei første tønnemaskinene som kom til Eikefjord. Stavstryka var av tre. Stavstrykene overtok det seine arbeidet med forming av staven. For hand tok dette arbeidet lang tid. Drivkrafta for desse maskinane var vasshjulet. Magnus Svarthumle hadde ei tid tønnefabrikk ved Storebru. Ein periode arbeidde 5 – 6 mann her. Men kring 1960 har hjula stogga her og. Finn Hovland starta Bergholt tønnefabrikk på Hatleset i 1955. Han hadde også eit salteri på same stad. Ei tid var det ni mann i arbeid her. Produksjonen her var ikkje så stor, og i 1959 tok det slutt. Som eg og har nemnt tidlegare vart det og laga tønner i mindre mengder på mange av gardane i bygda. Dette kunne gje ei kjærkommen inntekt i tillegg til den vanlege gardsdrifta. Både på Knapstad og Løkkebø var det god tilgang på furu til stav og botn, og dei hadde sager. Dei hadde og hassel til band. Eg kan hugse store vogn- og sledelass med tønner som kom ovafrå dalen. Også frå Løkkebø kom det lass med tønner når isen var sterk på vatna.

Det fanst mykje kompetanse på tønneproduksjon i bygda. Ein som heitte Ole Løkkebø hjelpte til med å starte tønneverksemder, m.a. i Hordaland. Far min hadde mange brør. To av ei var formenn på tønnefabrikk. Tre av dei var i Finland og lærte frå seg, ein mann frå Knapstad var og med dit. Bøkkeren var fagmannen som sette ihop tønna, eller «reiste» tønna. Han arbeidde på akkord, med pris pr. tønne. Andre «titlar» var stavstrykar og botnemann. Desse hadde og akkordavtaler. Sjauarane, dei som utførte forefallande arbeid, hadde timebetaling. Oftast var dette unge nybegynnarar. Men det tok til vanleg ikkje lang tid før dei «steig i gradene». Arbeidsformannen hadde særavtale. Han hadde oppsynet med verksemda og heldt oppsynet med tal tønner. Han såg etter at dei var utan stavbrekk eller feil av anna slag. Han hadde godkjenningskompetansen og stempla dei med svimerke.

ARBEIDSVILKÅR
Elles var det gjerne slik at det ofte vart noko tilfeldig med utlønninga ved tønneverksemdene som ved så mange arbeidsplassar, i alle høve i førkrigstida. Det vart ikkje løn kvar 14. dag. Ofte måtte vi gå fleire gonger for å få kanskje ein del avløna. Det var ikkje uvilje som låg bak frå arbeidsgjevaren si side. Ofte hadde han og vanskar med å få inn oppgjer for leveransane. Men vi stilte ikkje så store krav i den tida. At det ikkje vart stilt så store krav, kan nok og seiast om arbeidstilhøva. Vi var glade vi hadde arbeid å gå til. Ord som kvalitetssikring og HMS var ukjende på den tida. Men i 1936 kom Arbeidsnemndene i kommunane. Desse var ein forløpar for Arbeidstilsynet. I Eikefjord etablerte nemnda seg i mars 1937 med Johan Storevik som formann, Alfred Tonheim, nestformann og Sigborg Hovland. Desse nemndene utførte inspeksjon i bedriftene, m.a. tønnefabrikkane. Av merknader som går igjen, finn ein at ungdom under 18 år var i arbeid ved farlege maskiner. Dette måtte rettast på. Vidare var det mange drivreimar som ikkje var sikra. Dette vart annleis då det i 1950-åra kom elektrisk straum til bygda. Då vart det montert elektriske motorar på kvar enkelt maskin, og dei farlege drivreimane kunne fjernast. Eit stort framsteg sikkerheitsmessig. Det kom og pålegg om at arbeidslokala måtte ryddast og «reingjerast» for støv, hy m.m. I arbeidsprosessen med tønnene vart dei oppvarma. Til dette vart nytta open eld. Og var ikkje fyrrom og pipe gode nok, kom det røyk i lokalet. Dette vart påtala. At spon og anna rusk vart kasta på sjøen, var vanleg. Med eigne fyrrom kunne dette brennast og slik ikkje føre til forsøplig av fjæra og fjorden. Ei tid var det så ille at kommunen greip inn for at ikkje kasteplassar i fjorden skulle bli øydelagde.  Dårlege – eller totalt manglande – toilett eller do blir påpeika og må rettast på. Så som så var det og med drikkevatn. Arbeidsnemnda bemerkar dette ein del stader. At drikkevatn vart henta frå ei sikle i  nærleiken, og at alle brukte same drikkeausa, var av forhold nemnda peika på som mangelfullt. Av reint bygningsmessige forhold peikar nemnda på bortaksfjøler som manglar og golv som må tettast. Knuste vindaugsruter må erstattast. Nokre fekk kanskje fleire merknader enn andre – men som sagt – vi som arbeidde der var glade for arbeidsplassane vi hadde å gå til og tenkte ikkje så mykje over at noko kunne vere farleg, eller at det fysiske arbeidsmiljøet kunne vere utilfredsstillande. Kort kan ein oppsummere at eit gammalt handverk som hadde vore utøvd på gardane frå langt attende, frå første del av 1900-talet utvikla seg til industri i Eikefjord. Gammal nedarva kunnskap var grunnlaget for denne industrien.

Tønneindustrien hadde ein stor plass i bygda i eit halvt hundre år. Like til nye materialar tok over.