DÅ STRAUMEN KOM TIL ØYANE I KINN

Av Turid Absalonsen Fimland

I desse tider er det 50 år sidan den elektriske krafta kom til øyane i Kinn. Det var ei storhending som er vanskelege å førestille seg for dei som ikkje har vakse opp under parafinlampa, steikt brød og kokt kaffi på vedakomfyren, eller gått i floren med fjøslykt. På ettersommaren i 1954 feira dei lystfest på Askrova, og sidan gjekk det slag i slag. Nærøyane fekk lys i 1956, i samband med linja Brandsøy – Botnane, med kabel frå Årebrot. Svanøy (Bru kommune) fekk ikkje straumen før seinhausten i 1963, men då vart det feira til gagns med storfest på Svanøygarden. I fjor haust var det planer om 50-årsjubileum for lysfesten på Askrova, men den vart av ein eller annan grunn ikkje noko av. Turid Absalonsen Fimland hadde laga eit interessant kåseri til dette jubileet, og skriftstyret har fått løvye til å trykke det i Floraminne. Vi gir ordet til kåsøren: «Då straumen kom til Øyrgarden for 50 år sidan! Eg arbeidde på YFK frå 1952 til 1999. Eg hugsar sjølvsagt ein del, men eg har ikkje mykje teknisk innsikt. Det er diverre ikkje mange att av dei som var med på dette arbeidet. Eg har vore på SFE Kraft AS og bladd litt i gamle dokument, og har også gått gjennom lokalavisene for 1954. Skal vi ta eit lite tilbakeblikk? Veit de kven som først fekk straum i dette fylket og kva tid? Jau, det var ein heimvendt norskamerikanar, Truls Rasmussen, Loen, som bygde eit lite kraftverk i 1894 og fekk straum til eige bruk..

Floraminne 2005 Page 24I 1899 selde bøndene i Ålfoten fossefallrettane sine til ein ingeniør Blakstad frå Oslo. Dei kunne ikkje begripe at «nokon ville kjøpe vatn!» Kva skulle det brukast til av ein mann som budde i Oslo! Men han såg framtid i dette. Han gav 6.500,– kr. for rettane, ein svimlande sum den gongen. Det vart berre med planane om utbygging, og i 1918 selde han rettane vidare til fylket. Dei skipa då eit selskap som saman med ein del kommunar skulle føre planane vidare. Skipingsmøtet var i Florø 7. august i 1918. Frå Kinn kommune møtte gardbrukar M. N. Seim og B. Svanøe. Så alt då var Kinn med i biletet, sjølv om mesteparten av kommunen ikkje fekk straum før i femtiåra! Er det nokon her som hugsar namnet Aalfoten interkommunale Kraftselskap? Det var det dette selskapet vart kalla. Dei hadde administrasjonen i Ålfoten og hadde store planar. Dei bygde omlag 230 km høgspentlinje, lågspentlinjer og spenn over Nordfjorden og Vevringfjorden, og la ut nokre sjøkablar. Men krafta måtte dei kjøpe frå Bremanger Kraftselskap. Dette gjekk ikkje økonomisk, og i 1928 overtok fylket . Dei skipa eit nytt selskap: «Aalfotselskapet.  Administrasjonen vart flytta til Florø i 1931. Dette selskapet klarte seg heller ikkje, men dei dreiv fram til 1936 då Ytre Fjordane Kraftlag vart skipa. Den som møtte for Kinn på skipingsmøtet var Anders Hammerseth frå Askrova. Det var ikkje mykje å klare seg for helFylkesmann Nicolai Schei talar på lysfesten i den nye Velferdsbygget i Gunnhildvågen i 1954. Personane er frå venstre: H. C. Hansen (sjefen for YFK), Lovise Rutledal, John Rutledal (styreformann i YFK), Johanna (Mimmi) Hansen, ing. O. Fjalestad, Odd Færøyvik (ordførar i Kinn), Nilla Færøyvik, fylkesmann Schei, fru Schei og driftsingeniør Olav Løndal som hadde mykje med Øygardsprosjektet å gjere.

ler. Selskapet hadde i l932 berre 787 abonnentar med frå 100 til 400 watt og ei inntekt på om lag kr. 4l.000,–. Florølandet fekk tidleg straum. Eg trur at hadde ikkje krigen kome, så hadde øygarden fått straum noko tidlegare. I desse fem krigsåra skjedde det helst lite på utbyggingsfronten. Då krigen var slutt var det mykje som skulle vølast og nytt som skulle byggast.Men då landet var kome nokolunde til
hektene, kom spørsmålet om meir velstand for alle. Straum var eitt av dei gode alle ville ha sin del av. Spørsmålet om straum vart igjen stilt av folk på øyane. Dei hadde lenge sett lyset frå byen ikkje langt frå dei. Spørsmålet hadde nok vore diskutert i kommunestyret både før og etter krigen. Kommunen visste at dei måtte gå inn med midlar om det skulle bli straumframføring. Men dei hadde mange oppgåver og lite pengar. Anders Hammerseth var formann i styret i YFK fram til 1952. Han var frå Askrova og hadde nok straumforsyninga til øygarden oppe i styret. Men det tok si tid.

Då dei fekk straum i Rognaldsvåg og på Kinn ringte lokalavisa M.N. Seim og gratulerte. Han ønskte til lukke til, men sa han hadde venta på straum i 42 år!! Etter det eg kan sjå av YFK sine gamle styreprotokollar var denne saka på saklista først i 1950. Sitat: «Om nye byggeplaner. Med bakgrunn i den enstemmige tilråding som Fylkesutvalet Sogn og Fjordane sammen med overingeniøren for fylkets elektrisitetsforsyning gav høsten 1949, om statstilskudd til forsyning av elektrisk kraft av hittil ikke elektrifiserte områder, foretok styret i YFK sammen med fylkesmannen, overingeniøren for fylkets elektrisitetsforsyning og styret i Norges Kommunalbank i
tida 3/7 – 7/7 1950 befaring i YFK’s forsyningsområde. Man festet seg da særlig ved øydistriktet i Kinn herred, som en var enig om bør få byggeprioritet. Kommunalbankens styre gav også uttrykk for det samme syn, og lovet å stille seg velvillig med hensyn til ytelse av lån til YFK til elektrifiseringen av øygardsdistriket, men anførte at banken var avskåret fra å ta realitetsstandpunkt til spørsmålet så lenge stastilskottet til anlegget ikke var fastslått, slik at det kunne legges fram et finansieringsgrunnlag. Under henvisning hertil, vil styret så inntrengende de kan, gjenta den tidligere innsendte søknad om statstilskudd til gjennomførelse av øygardsprosjektet etter alternativet med forsyning gjennom sjøkabel fra fastlandet. Undertegna av: Anders Hammerseth, John Rutledal, G. Stavøstrand, Arthur Sundt, H. C. Hansen.» Under sak 31/51 var saka igjen oppe i styret. Der vart det protokollert at det ved kgl.res. av 6/7–1951 var gitt lovnad om statsstønad til bygging av leidningsnett i øygarden i samband med dei planer som var innsende. Vedtaket gjekk ut på at YFK godtok dei føresegner som var sett opp for statsstønad, og driftsleiaren vart oppmoda om, i samråd med Vassdragsvesenet, å legge opp program for byggearbeidet og tinge materiell. Dette vedtaket vart godkjent av rådet 10. sept. 1951. No var mykje gjort. Men det var visse føresetnader for bygging av statsstønadsanlegg. I tillegg til YFK sin del av finansieringa ved lån, og statsstønad, var det og føresetnaden at kommunen måtte inn med pengar. Likeins måtte dei som skulle ha straum betale og gjere gratis arbeid. I april 1952 var saka igjen oppe i styremøte. Då var det kontant betaling frå abonnentane og gratisarbeid med reising av stolpane til høgspentlinja som sto på kartet. Pliktarbeidet vart verdsett til kr. 40,– pr. stolpe som skulle betalast etter ein nærare detaljert plan. Det vart og diskutert eventuell forskotsbetaling av 3 års kraftleige, men det gjekk dei vekk frå som eit absolutt krav.
Alle visste at økonomien ikkje var den beste for folk på den tida. Men dei som ville kunne betale 3 års forskot. Det vart ikkje gjort det eg veit. Eg hugsar godt når øyafolket kom på kontoret i Standalbygget og skulle betale desse pengane som nedskrivingstilskot. Summen vart ført inn i ei lita, gul notisbok med Anna Hysing si sirlege skrift. I den boka står namna på alle som skulle ha straum og som hadde betalt. Summen var 135,– kr. for dei fleste, og 100,– kr. for nokre få. I dag syns vi dette var ein liten sum, men den gongen var det ganske mykje pengar. Det var ikkje berre berre å få straum den gongen. Ein måtte ha pengar for å få installert i husa sine, kjøpe litt elektrisk utstyr, betale nedskrivingstilskot. Så var det å gje fri grunn og gjere gratisarbeid. Det var ikkje noko muntleg avtale nei, dei måtte skrive høgtideleg under ei fråsegn. Slik lydde den: «Eg er kjend med at abonnentane må ta sin part av distriktstilskotet for liner som vart bygde med kommunetilskot. Eg seier med hermed viljug til å ta på meg det arbeid som fell på meg med transport av alt materiell frå Florø til høgspente kraftleidningar, transformatorer med alt som til høyrer, skoghogst, skorestein og reising av lågspente stolpar. For reising av høgspente stolpar betales kr. 100,– av kvar abonnent. Eg seier meg hermed viljug til å gjeva fri grunn over mine eigedom for høgspent, lågspent og transformatorar. Dersom der er skog på strekningen, gjev eg løyve til rydning for linene. Arbeidet vert skift på abonnentane etter semje dei imellom. Vert dei ikkje samde om dette tek YFK avgjerd og eg seier med hermed viljug til å godta avgjerda for mitt vedkomane.»

YFK tilsette fleire folk på grunnutbygging og meirarbeid med Øygardsprosjektet. Desse tre vart tilsette i 1952: Driftsingeniør Kristian Riste som hadde mykje med «innearbeidet» å gjere. Driftsassistent Olav Løndal vart YFK sin talsmann overfor entreprenør og øyafolket. Kontrollør Arnulf Hammerseth som skulle kontrollere anlegga når det var installert i husa, og setje opp målarar. 29. februar 1952 vart det skrive kontrakt med firma L. O. Kjellemo frå Telemark om bygging av Øygardsprosjektet. Elektrisk Bureau skulle levere transformatorane. Første oppsynsmann frå Kjellemo var J. A. Johannesen. Han vart elles gift med ei Florødame – Anne Bolette Haave.
Neste oppsynsmann var Hans Storkaas. Han vart og gift med ei Florødame, Liv Solheim, dotter til Elias Solheim som hadde butikk i Florø. Han flytta seinare til Førde og vart sjef for Svultingen. Mange folk frå distriktet fekk arbeid hos Kjellemo. Det var flinke folk, og fleire av dei arbeidde der i mange år. Odd Reksten var vel den som var lengst tilsett som arbeidsleiar. Nokre av dei vart seinare tilsett i YFK. Av YFK sine montørar var det vel Rasmus Bjørnseth som var mest med på dette prosjektet. Endeleg kunne sjølve arbeidet med linjeframføringa ta til. I Firdaposten 23. januar 1954 står det: «Det går framover med Øygardsprosjektet. Det er 25 øyar som skal få kraft». Der står og at det er eit stort arbeid med 600 master og ei samla linjelengd på 40 km luftlinje, dessutan 12 – 1300 m. sjøkabel. Til no har dei reist mastene på 21 øyar, i alt er det 25 øyar som er med i på prosjektet: Ausa, Kalveholmen, N. Nekkøy, S. Nekkøy, Reksta, Rognsøy, Færøy, Kinn og Kalven, Store Stårøy, L. Stårøy, Askrova, Tansøy, Helgøy, Ånnøy, Skorpa, Kjørøy, Nautøy, Vevlingen, Kjelda, Russøy. No driv dei på med å reise mastene i Store Batalden og sørover, og frå Langøy og nordover. Men førebels er det stogg i arbeidet der grunna usemje om mastegrunn. Traversane er ferdig montert på Ausa, Kalveholmen, Færøy, N. og S. Nekkøy, Kalven, Reksta, Rognaldsvåg og Kinn med avgreiningar. Elles er linene stukne ferdig over Ausa, Kalveholmen, Færøy og S. og N. Nekkøy. Omframt dette har dei også teke opp så godt som alle kabelgrøftene.
Dei stolpane som står att å reise er for avgreining på Skorpa til Skorpevåg og Æsøy, men no vantar dei stolpar. Det har vore vanskeleg og tungsamt arbeid, fortel Johannesen, det som har seinka mykje, er den stendig fartinga frå øy til øy. Det vert stor skilnad på å få arbeidet med ei line i ein strekk. Folket på øyane har vist stor interesse for arbeidet og vore flinke, mange har vorte reine spesialistar i linebygging og mastereising. Men dette at den elektriske krafta kjem fram til folk i øygarden, vil by på eit tidsskifte som folk på fastlandet og elles vanskeleg kan setje seg inn i.

Floraminne 2005 Page 28

Dei kår som mange, eller dei fleste lever under der ute, er ikkje så spreke, så den elektriske krafta kjem vel med og vil gjere tilhøva meir levelege, sluttar Johanessen.» I kostnadsoverslaget for linja Hammerseth – Tansøy var sluttsummen kr. 142.420,–. Det var teikna 61 abonnement på tilsaman 95,0 kW. 251 personar. Reknar vi dette ut pr. abonnement vert det vel 1,5 kW på kvart. Ja, det var den gong. Det var mange av abonnentane som tinga tariff C1 med vippe. Dvs. dei tinga eit fast abonnement på t.d. 1,0, 1,2 eller 1,5 kW. Hadde ein eit abonnement på 1 kW på C1 så kunne ein ha på den eine kilowatten heile året for same pris. Men, det var eit men: Når det vart sett på meir enn eitt kW, ja då berre forsvann straumen. Det «vippa.» Så var det å skru ned, og så kom straumen igjen. Korleis klarte dei få middagen kokt? Er det rart dei som hadde denne tariffen kokte potetene først og sette dei i varmeskapet! Varmeskapet? Ja, godt nedbrøyd i senga til fisken eller den andre maten var kokt! Prisen på vippetariff var den gongen kr 170,– pr. år pr. kW og kr. 10,– i vippeleige. Etter kvart som dei fekk erfaring med straumen gjekk dei over til tariff C2 med overforbruksmålar. Då var prisen kr. 50,– pr. kW pr. år + 3 øre pr. kWh innanfor det faste abonnementet. Så var det overKabellegging over Hellefjorden i nyare tid (1985). Her er dei i sving ved Keitongen. På land ser vi (frå venstre): Rasmus Bjørnseth, Egil Reksten og Erling Andersen.

forbruk for resten; 5 øre pr. kWh om sommaren og 10 øre pr. kWh om vinteren + kr. 20,– pr. år i målarleige. Dei fleste abonnerte på 1,0, l,2 eller l,5 kW. Det var dei færraste som abonnerte på 2 kW. Det var nesten luksus. I dag er det felles pris for alt forbruk. Prisen snakkar vi ikkje om. . . . Ja, ja det var godt å få straum. Ikkje tvil om det. I Firda Folkeblad 2. aug. 1954 står det: «Dei hadde slått på straumen på Askrova, og førre laurdag heldt dei ljosfest der borte.» Ja, det er lenge sidan 1954. Den gongen stod det i vedtektene at «Rådet skal vake over kraftlaget». Dette er eit rart uttrykk i deg. Men eg trur verkeleg rådet sine medlemer gjorde så. Det same gjorde dei som var styremedlemer, og jammen trur eg vi som var tilsette der gjorde det òg! Alle sto på. Det var ikkje mange tilsette på YFK den gongen. Men vi hadde eit utruleg godt samarbeid og ein god og sikker arbeidsplass. Det var mange i distriktet som var tilsett som linjevakter på timebetaling og som rykte ut når der var arbeid som måtte gjerast. Dei gjekk linjesynfaring når straumen gjekk, dei skifta òg sikringar og gjorde diverse arbeid, og var utruleg arbeidsame folk. Ingen klaga over dårleg ver og lite å hjelpe seg med. Dei rykte ut når dei vart tilkalla. Det var òg folk som las av målarane kvart kvartal. Desse kom innom kontoret og tok ein prat om «felles sak». Slik var det også med abonnentane. I «gamle dagar» kom folk innom kontoret og betalte rekningane. Var det lite med pengar fekk dei ofte ein avtale og betalte i avdrag. Nokre «hadde bok» som vi sa. Dei hadde ei lita notisboks der betalinga vart ført inn. Dei tilsette og kundane vart kjende med kvarandre. Eg trur både dei og vi følte at dette vart vårt! Folk frå øyane var dei som klaga minst om straumen var vekke, anten det var rasjonering eller straumbrot på grunn av feil og styggever. Dei såg veret og visste kreftene det hadde. Dei hadde vore ute ei haustanatt før. Det eg hugsar aller best frå denne utbyggingstida er det gode forholdet som var mellom folket i øygarden, YFK og firma Kjellemo. Det var eit tett samarbeid, og dei som kom utanfrå skrytte også av gjestfridomen. Det var ikkje langt mellom kaffikoppane når det var ei pause.

Ja, det er rart å tenkje attende. Det har vore ei utvikling som vi ikkje kunne drøyme om. Då straumen kom var det viktigaste å få straum til lys og ein radio, ei dobbel kokeplate eller ein enkel komfyr, gjerne ein Grepa som var produsert i Ørsta. Så kom der varmvasstankar og motorar som gjorde arbeidet på garden lettare. Og tenk på det gode å få lys i fjøsen! At dei klarte florsarbeidet med berre ei petromakslykt eller ei oljelampe kan vi nesten ikkje fatte. At det ikkje tok fyr i høyet er ei anna sak. Folk måtte vere vaken då. Og tenk på klevasken. Dei fleste hadde ikkje innlagt vatn heller. Seinare kom alle dei elektriske tinga vi nesten ikkje kan leve utan. I dag er det til og med elektriske tannbørstar. Hadde nokon sagt det i 1954 hadde mange fått seg ein sunn latter. Ja, slik kan ein mimre. Men høyrde de nokon gong «før i verda» at folk var i «tidsklemme?» Det er blitt eit moteord i dag endå alt er lettvint. Til og med maten kan kjøpast ferdig. Vi ønskjer oss ikkje gamletida tilbake, men det kan vere greitt å sjå litt tilbake og tenke over alle goder vi har i dag og vere glad for dei. Gudskjelov at kvardagen er blitt betre for alle og ikkje berre for dei kondisjonerte som dei sa før. Mykje vart endra med den nye energilova som kom i 1991. Ytre Fjordane Kraftlag er borte, i dag er det Sogn og Fjordane Energi AS. Større einingar skal det vere i dag. Basta! Vi lyt følgje med anten vi vil eller ikkje. Så får tida vise kor dette endar. Kanskje denne kjensla av vårt er blitt borte etter alle endringane? Men – straumen er ei velsigning vi ikkje ville vere utan. Ta vare på grenda dykkar. La det vere mykje lys og mykje varme i fleire tydingar. Noko av lyset og varmen skapar vi sjølv. Så får SFE syte for resten!»