KINN, FLORØ OG UNIONSOPPLØYSINGA 1905

Av Bjørn Fjellheim

1905 var eit merkeår i norsk historie. Unionen med Sverige blei oppløyst og det nye kongedømmet Noreg blei til. Hendingane rundt unionsoppløysninga vakte internasjonal oppsikt og fekk store oppslag i verdspressa. The Sun kunne t. d. melde med krigstypar på første side at kong Oscar var avsett medan Aftonbladet kalla 7. junivedtaket for ein revolusjon. Dei nasjonale og internasjonale storhendingane utløyste òg aktivitet i lokalsamfunna rundt om i landet. Denne artikkelen vil ta føre seg korleis hendingane rundt unionsoppløysinga fekk sine lokale uttrykk, korleis dei påverka enkeltmenneske og på kva slags arenaer aktivitetane gjekk føre Florø og i bygder i dåverande Kinn kommune.

KONSULATSAKA

Unionsoppløysninga i 1905 hadde mange årsaker. Likevel er oppløysinga knytt særlig til eitt stridsspørsmål: Det norske kravet om eit eige norsk konsulatvesen. Brotet i konsulatforhandlingane utløyste den endelege og avgjerande krisa i det nitti år lange unionstilhøvet mellom Sverige og Noreg. Dei svenske vilkåra for ei løysing på konsulatsaka utløyste kraftige reaksjonar i Noreg vinteren 1904–05. Statsminister Hagerup haldt framleis på forhandlings linja, saman med enkelte av sine regjeringskollegaer. Men regjeringa blei splitta på saka. Den 11. mars danna Christian Michelsen ei samlingsregjering med ein einsidig norsk aksjon i konsulatsaka som
einaste program. Statsminister Michelsen sa mellom anna i si programtale:» ...at gjenemføre Norges grundlovsmæssige Ret til eget norsk konsulatvesen og hævde Noregs suverænitet som et frit og selvstændigt Rige».
Med i reknestykket var risikoen for at unionen kunne bli oppløyst. Odelstinget vedtok ein ny konsulatlov 18. mai, og Lagtinget 23. mai. Den gjekk ut på at Stortinget skulle vedta at eit norsk konsulatvesen skulle opprettast seinast 1. april 1906. Fire dagar seinare låg den på kongens bord i eit norsk statsråd halde på Stockholms slott. Kongen brukte sin vetorett og nekta å sanksjonere lovvedtaket. Regjeringa på si side nekta å underskrive på kongens vedtak, og leverte samstundes sine førehandsskrivne avskilssøknader. Kongen avslo å gå med på at statsrådane fekk avskil og grunngav det med at han for augneblinken ikkje såg seg i stand til å danne ei ny regjering. Av dette trakk Stortinget 7. juni den omstridde og dramatiske slutninga at kongen hadde avsett seg sjølv sidan han ikkje makta å halde seg med ei regjering. Som ei følgje av dette rekna Stortinget unionen med Sverige for å vere oppløyst. Folk i Kinn og Florø, som til saman utgjorde det som no er Flora kommune, vart stadig meir opptekne av det politiske spelet som føregjekk rundt konsulatsaka utover våren. Det var ikkje så mange nyhendekanalar den gong som no. Utanom kva folk sjølv bar med seg av nyhende, hadde ein post, telegraf og aviser. I 1905 kom det ut to aviser i Florø. Det var venstreavisa Søndfjords Avis med Martin Vanberg som redaktør og høgreavisa Nordre Bergenhus Amtstidende der læraren Wilhelm Kvalheim var redaktør. Utover våren og fram mot 7. juni vart det skrive mykje om utviklinga i konsulatsaka i disse avisene som i dei fire andre som blei utgjevne i Nordre Bergenhus, om brot i forhandlingane, om regjeringsskifte og om den vedtekne nye konsulatlova. Vi kjenner ikkje til om det vart halde folkemøte om saka i Flora, slik det blei gjort fleire andre stader i amtet. Vi veit likevel at konsulatsaka og mogeleg unionsbrot sto på dagsorden ein av disse vårdagane, og det var den 17. mai.

Floraminne 2005 Page 9

17. MAI-FEIRING 1905 I FLORØ OG PÅ TANSØY

Fleire av dei som deltok i 17. mai-feiringa dette året har skildra den som spesiell. Ein av dei, i eit 40-årsminne, skriv at 17. mai – med strålande ver – vart høgtida på ein festleg og verdig måte, kanskje som aldri før.I referatet frå feiringa blei det framheva at man havde Følelsen af at det ikke var en almindelig 17.de Mai man feirede iaar, man følte sig sterkere og stoltere og svingede Norges Flag, glad ved sine Fortidsminder og med Haab for Fremtiden. Programmet for dagen var:

 

Før barnetoget starta, fekk barnelosjen «Fremskridt» ei ny og vakker fane som gåve frå redaktør Kvalheim og frue. Det var òg Kvalheim som haldt tale for borna der han skildrede Fædrenes Kamp og Fædrenes Strid for at levere dette vort fagre Land frelst og frit til sine Efterkommere, og fremhævede den nye Slægts Pligt til at tage Arbeidet op og bygge videre paa den engang lagde Grundvold. Denne paa norsk fremsagde stemningsfulde Tale hilsedes med Bifald fra den jublende Barneskare.5 Etter at hovudprosesjonen var ferdig, heldt overrettssakførar O. Joh. Vasbotten ein profetisk tale for dagen, der han m.a. stod på at Noreg og Sverige burde skiljast og at prins Carl av Sverige bli tilboden å bli norsk konge. Dette tilbodet blei i juni gitt til kong Oscar II, men han avslo. På kvelden var det folkefest i «Fram» som seinare blei referert som særs vellukka. Her heldt overrettssakførar Hole tale for fedrelandet, hvorefter Hr. B. Flesche sang et Par af sine vakre Numre, akkompagneret af Fru Stephansen. Redaktør Vanberg udbragte et Leve Storthinget og Lærer Hole talte for Florø. Til slut talte Redaktør Kvalheim for Henrik Wergeland og mindede hans opofrende Arbeide for Fædrelandet. Referenten i Søndfjords Avis konkluderte med at dagen i det heile hadde vore særs vellukka. Ingen berusede Personer at se og ingen usømmelig Opførsel at være Vidne til. Det blei rapportert om ei meir enn alminneleg festleg 17. mai-feiring på Askrova i 1905. Her gjekk feiringa føre seg på den måten at det blei avfyrt salutt kl. sju om morgonen og igjen ved middagstid. Klokka tre om ettermiddagen samla ungane og læraren seg på skulen kor dei song nokre songar for så å gå med faner og flagg til festlokalet på Tansøy. Ved kvar gard på vegen stoppa barnetoget, og dei song nokre songar, til dels fleirstemmig. Dei eldre slo følgje kvart som toget passerte gardane. På Tansøy blei dei mottekne av salutt og eit fleirstemmig damekor. Frå ei vakkert dekorert tribune heldt læraren Sunde tale for borna der han sa at dei måtte vere glade på 17. mai fordi gamle mor Norge er en saadan venlig og god mor for alle snille, lydige og gudfrygtige børn, og fordi de fleste børn i forsamlingen havde gode og lykkelige hjem. Han talte videre om familielivets store betydning for det hele samfund. Talaren minna òg om kva fedrane har gjort for å gjere vårt folk fritt, sjølvstendig og lukkeleg. Seinare heldt han tale for dei eldre i forsamlinga om den åndelige og politiske vekking i Noreg for tida, og at 1905 vil bli et merkeaar i vort lands historie.

7. JUNI-VEDTAKET

Stortinget erklærte unionen for oppløyst frå norsk side, og overdrog mellombels kongens mynde til regjeringa. Samtidig fekk den avsette kong Oscar II tilbod om å velje ein svensk prins til å overta den ledige norske trona gjennom det såkalla Bernadottetilbodet. I Sverige og store deler av verda elles blei 7. junivedtaket oppfatta som ein revolusjonær, ulovlig og audmjukande handling mot kong Oscar II og Sverige. Det var fem stortingsmenn frå Sogn og Fjordane som var med på å gjere 7.-junivedtaket i 1905. Det var bonde Knut A. Taraldset, Innvik, bonde Gjert Martinus M. Holsen, Førde, bonde Fredrik Fraas (Sjøtun), Hafslo, handelsmann Otto K. Schreuder, Gulen og lensmann Ivar Lykke Falch Lind, Florø. Alle fem representerte partiet høgre. Ivar Lind var fødd i Førde, son åt lensmann Edvard Mathias Falck og Birgitte Julie Neerland. Han tok juridisk embedseksamen i i 1893, blei adj. lensmann i Kinn og Vevring same år og utnemnd som lensmann i same distrikt frå 1902. Han var politimeister i Fjordane frå 1921 til 1940. 33 år gammal ble han valt til stortingsmann, og satt på Tinget i perioden 1903–1906 som 3. representant frå Nordre Bergenhus amt. Han var og vararepresentant frå Kinn krins 1910–1912. Frå 1926 til 1929 tenestegjorde han som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han var ordførar i Kinn 1923 til 1928. Han var og ei tid redaktør av Nordre Bergenhus Amtstidende. Stortinget si kunngjering om unionsoppløysinga vart sendt til prestane landet over for at dei skulle lese den opp i kyrkjene første pinsedag, som var 11. juni, eller seinare. Dei tilrådde og ei endring i kyrkjebøna, at orda «vor konge, vor dronning, vor kronprinsesse og det hele kongelige hus» vart sløyfa og at orda «kongens raad» blei erstatta med «vort landsregjering». I Florø var det sokneprest Vasstrand som hadde gudstenesta. Etter preika las han opp stortinget si kunngjering, og i kyrkjelyden sat ein mann som seinare skreiv eit avisstykke om hendinga. Han skreiv under med initialane E. M., truleg er det Elias Melvær, som budde på Krokane.

Floraminne 2005 Page 11Her blir stykket attgjeven i sin heilskap:

Det var ei gripande stund, daa presten Vasstrand no siste sundag etter preika las upp «uppropet» til Norigs folk – fraa Norigs storting, uppropet um, at tinget nøyddest til aa segja upp unionen, avdi den hadde ført oss ut i logløysa. Som venteleg var, var der yver kyrkjelyden eit aalvor, som ein skeldan ser maken til. Den korte og raakande bøni fyre fedralandet tilslutt rann saman til eit med Blix's sin fedralandssalme. Eit par vers (1. og 6.) vart sunge av denne songen. Berre skade at so faa kunde salmen, held hadde Blix's salmar i salmeboki si. Me fær vona, at folk – ogso i vaar kyrkjelyd – no heretter kauper seg bøker med Blix's salmar i. Dei er ikkje dyrare enn dei anre – ikkje ein øyre –-. So fær me daa vona, at borni i skulen fær læra heile den salmen, so dei unge kann hava ein slik eignalut med seg kvar dei fer, og kann sleppa aa staa tagale og skjemde ilag med unge andre stadar ifraa, naar desse syng den gripande salmen som i denne vaar tid hev tona, vonleg i alle norske kyrkjor –. Kvi skal daa nettupp me vera dei siste i vaart land, som lærer «aa lova Krist paa eiget maal, med eigi tunga»?

- E. M. -

Elias Blix sine salmar, skreve på nynorsk, var eit stridsspørsmål i mange kyrkjelydar i disse åra. Fedrelandssalmen av Blix som blei sunge i kyrkja i Florø denne sundagen var Gud signe vårt dyre fedreland. Mellom andre ungdomslaga arbeidde for å få kyrkjelydane til å ta i bruk nynorske salmar av Elias Blix. Det vart gjort ved avrøysting, men mange stader lukkast det ikkje ved fyrste forsøk. I Eikefjorden hadde dei avrøysting denne første pinsedagen då stortinget si kunngjering om unionsoppløysinga vart opplesen og dei song fedrelandssalma. Framlegget vart nedrøysta med «meget stor majoritet».  Ivar Lind (1870 – 1952)

FOLKERØYSTINGA 13. AUGUST FOR ELLER MOT UNION.

Stortingets vedtak om å oppløyse unionen 7. juni førte til sterke reaksjonar i Sverige. Svenskane kom derfor til å stille krav for å gå med på ei oppløysing, og eit av krava var at det skulle holdast ei folkerøysting om unionsbrotet i Noreg. Stortinget vedtok 28. juli ei slik røysting, før det offisielt hadde motteke det svenske kravet. Folkerøystinga blei lagt til 13. august. Det blei rekna som svært viktig at oppslutninga om røystinga var stor, for på den måten å legitimere 7. juni-vedtaket overfor Sverige og europeiske stormakter. Ein massiv kampanje blei difor satt i gang. I Søndfjords avis kom på trykk eit opprop til menn med stemmerett i Florø
og Kinn om å nytte stemmeretten sin til å stemme ja til oppløysing av unionen. Det var underskrive av 18 menn. Oppropet tek ein rask gjennomgang av hendingane forut for unionsoppløysinga. Så kjem ei sterk oppmoding til dei med stemmerett om å bruke den og å bruke den til å stemme ja til unionsoppløysing. Saa maa da ingen sidde hjemme den 13de August! Der er enhver god Borgers Pligt at møde. Det er Foræderi mod Norges Frihed at sidde hjemme den Dag.

(…) Unionen er opløst ved Beslutningen af den 7de Juni. Den Sag kan ikke gjøres om uden at Norge ofrer sin Selvstændighed og gjør sig til Nar for al Verden. Men under Regjeringens Forsamlingshuset Fram vart bygd i 1893 og var mykje nytta til ymse arrangement. I 1905 blei begge folkeavrøystingane halde i Fram, og 25. november blei det laga til folkefest her, same dag som kongefamilien kom til Kristiania.

Arbeide for at faa den nye Ordning anerkjendt baade af Sverige og det øvrige Udland, er det af største Vigtighed at den har det hele Folk med sig. Jo større Tilslutning Regjeringen faar, jo kraftigere kan den optræde og desto sikrere kan man være paa et heldigt Resultat. (…) Norge for Nordmænd - Sverige for Svenskerne. Det er det og intet andet dit Ja betyder - og Skam over den som siger andet eller som blir hjemme og ei vil sige Ja engang for sit Fædrelands Ære, Selvstændighed og Ret. I Kinn valsokn skulle det stemmast på tre stadar. Kinn sokn, Norddalsfjorden og Florø skulle stemme i Florø, i «Fram». I Eikefjord sokn skulle dei stemme i Eikefjord kyrkje og i Svanøy sokn i Stavang kyrkje. Folkeavstemminga skulle styrast av særskilde stemmestyre for dei tre stadane. For Eikefjord sokn var det Salomon Hopen som forman samt Kristoffer Dahle og lærar K. P. Hjertenæs. For Svanøy sokn var Martin Nordal formann. Med seg hadde han Jacob Høivik og John Snilstvedt. Folkeavstemminga i Florø blei administrert av valstyrets ni medlemmer, med magistraten i Florø, Andenæs, om formann. Dei andre var O. Koss, Anders Haave, A. Dahle, Nicolay Olsen, A. Hødal, Anders Rotenæs, J. Larsen, Elias Skorpen og N. M. Egeberg. Det blei òg nedsett ei særskild nemnd for å få folk fram til røystestadane. For å få folk frakta til «Fram» var ei tremannsnemnd i sving. Det var O. Joh. Vassbotn, Nikolai Olsen og Wilhelm Kvalheim. Dei fekk DS Balder til å gå ekstraturar og føra røysteføre frå øyane og inn til byen. 40 år etter skriv Kvalheim om dette:  Vi tre hadde nok vore mykje usamde i politikken før, men no var det berre ei meining mellom oss. (...) Det var fyrst gudsteneste i kyrkja, som var vent pynta for høvet. Sokneprest Evensen tala m.a. for samling om Ja-svaret. I butikkvindauga var det vene dekorasjonar med store Ja-plakatar i nasjonale fargar. Føre avrøystinga heldt stortingsmann Lind ei stutt tale frå Fram-trappa. Og so gjekk straumen inn og ut fram med valurna. Kvinner hadde ikkje stemmerett ved folkeavstemninga. Til tross for dette kom det oppfordringar frå ulike kvinneorganisasjonar om at kvinner skulle få lov til å delta, men dei blei avvist. Av mange kvinner ble dette oppfatta som svært urettferdig, og folkeavstemninga blei av enkelte døypt ein «mandfolkavstemning». Då det blei klart at kvinnene ikkje fekk delta i folkeavstemninga, blei det satt i gang ein underskriftsaksjon til fordel for unionsoppløysinga. Aksjonen hadde som føremål å synliggjere kvinners forhold til dei nasjonale spørsmål og vise at kvinner og var klar for å dele det ansvar som 7. juni-beslutningen førte med seg. Til tross for åtvarsler om at ein underskriftsaksjon kunne vere meir til skade enn til gagn, blei underskriftsaksjonen satt i gang. Aksjonen var imponerande gjennomført og innebar eit enormt arbeid for de involverte kvinnene, som ikkje hadde noe organisert apparat eller manntalslister å gå ut frå. Til tross for dette kunne dei overrekke hele 244 765 underskrifter til støtte for unionsoppløysinga, til stortingspresidenten 22. august. 2 451 av disse underskriftene vart samla inn i Sogn og Fjordane. Resultatet av folkerøystinga på landsbasis blei at 368 392 menn gav si stemme. Av disse stemte 184 for å halda fram i unionen med Sverige. I Kinn og Florø var deltakinga på heile 93,3%. 1040 stemte ja til unionsoppløysing. Ingen stemte nei.

RESULTAT AV FOLKERØYSTINGA 13. AUGUST:

Røyste- Tal på ja nei føre røyster (for sjølvstende) (for union)
Flora komm.: 1.115 1.040 (93,3%) 1.040 0 (Kinn valsokn)
Sogn og Fj.: 18.819 16.821 (92,5%) 16.819 3 (Nordre Bergenhus)
Noreg 435.376 368.392 (84,6%) 368.208 184

KRIGSOTTE, MOBILISERING OG FORHANDLINGAR I KARLSTAD

Floraminne 2005 Page 15Floraminne 2005 Page 15

 

Den svensk-norske unionsoppløysinga i 1905 er eit av få døme på ein fredelig unionsoppløysing i det 20. hundreåret. Likevel vart den følgd av militære tiltak, og ingen kunne heilt avskrive faren for krig. I løpet av sommaren og hausten 1905 føretok Sverige og Noreg ganske omfattande krigsførebuingar. Skulle rika kastes ut i ein krig, for første gong sidan 1814? Heile perioden mellom 7. juni og 13. oktober var prega av krigsfrykt og uvisse om utfallet av unionskonflikten. Beredskapstiltak hos den eine part utløyste nye militære førebuingar hos den andre. Mange frykta at situasjonen skulle kome heilt ut av kontroll, og at krigen kvar tid skulle bryte  ut. For dei som såg på forhandlingsdramaet utanfrå, var det vanskelig å spå utfallet av krisa. Eit samanfall av uhell, tilfeldighetar og mistydingar kunne ha ført Sverige og Noreg i krig mot kvarandre i 1905. Nasjonal  ompromisslause kunne òg ha ført til krig, men viljen til moderasjon sigra. Utover sommaren og hausten var situasjonen spent. Den 13. september vart det gjennomført delvis mobilisering. Hæravdelingar frå store deler av landet vart kalla inn. 22.500 mann kom under våpen samstundes med at heile flåten var klar til kamp under dei siste og avgjerande tingingane. Mange vart sendt til grensa mot Sverige, òg frå Flora. Fotografiet på  framsida av tidsskriftet viser fire karar på grensevakt. Mannen til venstre er Alf Melvær, og mannen lengst til høgre er bror hans, Einar Melvær. Alf og Einar var søner til målmannen, skulemannen og republikanaren Elias Melvær.  Far gifte seg 18. juni det året, og like etter måtte han reise på vakt ved svenskegrensa, fortel Alvhild Melvær Stafsnes, dotter til Alf Melvær. 12 Andre vart mobilisert til dei ymse militærleirane i Sør-Noreg, som den 21 år gamle meinige soldaten Anton Absalonsen (1884–1958).

Han var mobilisert på Tvildemoen på Voss. På eksersisen på Eid var det to kompani med til saman 350 mann som venta på ordre til å marsjera mot grensa. Nokre sat heime og venta på innkalling. Ein av dei var stabssersjant Zakkarias Kalsvik (1867–1958), frå Barlindbotn. Det er fortalt at han ein dag – då spenninga var på det høgste – tok fram uniformseffektane frå kista der dei var oppbevarte for å sjå at alt var på plass og i orden om innkalling skulle komma. Samstundes som begge landa mobiliserte, gjekk dei til forhandlingsbordet for å prøve å nå fram på den fredelige vegen. Forhandlingane om å avslutte unionen starta i den svenske byen Karlstad 31.august. For den svenske regjeringa var det viktig å tilfredsstille opinionen, som kravde oppreisning etter unionsbrotet. Det viktigaste kravet frå Sverige var at Noreg skulle akseptere ei demilitarisert sone langs riksgrensa i sør. Dette innebar at både historiske og nye grensefestningar skulle rivast innanfor ei brei sone. Dette godtok ikkje nordmennene, som ønskte å behalde dei historiske festningane og å opprette ei nøytral sone. Etter eit brot 7. september, blei forhandlingane tatt oppatt 13. september, med oppfordringar frå russisk og fransk hald om at dei måtte lykkast. Presset frå stormaktene virka, og resultatet blei at dei  historiske festningane fekk stå, medan dei nybygde festningane skulle rivast og ei nøytral sone blei oppretta. Forhandlingane blei avslutta 23. september med ein avtale. Dinest skulle avtalen godkjennast i Stortinget og  Riksdagen. Dette skjedde høvesvis 9. og 13. oktober. Det var først ved sluttføringa av Karlstadforhandlingane at folk flest skjøna at krigsfaren var over, at det ikkje kom til å bli nokon krig mellom dei to nabolanda. Slik  minnest Wilhelm Kvalheim denne tida:  Serleg hugsar eg ein laurdagskveld med fint ver og måneskin. Vi visste at forhandlingane var komne til eit kritisk punkt. Vi tvo bladstyrarane M. Vanberg og eg, hadde samrådd oss om korleis vi skulle koma oss snøggast til Nordfjordeid ekserserplass om det vart mobilisering av linjen. Denne kvelden hadde telefonstasjonane fått ordre til å halda ope for viktige meldingar. Folk hadde ikkje fred på seg. Dei dreiv i gatene eller sat og venta i heimane. Eg sat i bladstova og venta. So høyrde eg ståk av mange føter i gata og ikring Vassbotn-hjørnet, Jau, det var telegrafbodet, gamle Heljesen, som kom med pressetelegram, fylgd av ein heil flokk karar. Eg opna og las for dei: Dei er komne til semje. Alle var glade. Folk pusta ut. Krigsotten var stroken bort. At dei to landa hadde kome til ei semje, var folk glade for. Men ikkje alle var nøgde med vilkåra for forliket. Det var spesiellt den nøytrale grensesona som dei meinte la Noreg opent for angrep i framtida. Men so kom otten att. Kva vilkår hadde ein gått med på? Og so kom telegrammet om Karlstad-semja. Då var ikkje gleda stor, nei. Grensefestningane nedlagde, grensa open mot Sverike!

Eg skreiv ein svartsynt artikkel i bladet, truleg den einaste pessimistiske artikkel eg nokon tid har skrive, optimist som eg alltid har vore. Det blei kalla saman til eit protestmøte i «Fram» og ein resolusjon telegrafert til stortingsmennene for Nordre Bergenhus. Denne hadde òg nokre gamle høgremenn og unionsvener skrive under på. Dei svara straks med eit telegram til Nordre Bergenhus Amtstidende der dei framhaldt det positive som var vunne ved Karlstad-semja.

Floraminne 2005 Page 16

REPUBLIKK ELLER KONGEDØMME?

Floraminne 2005 Page 17Det neste spørsmålet som sto på den politiske dagsorden var om Noreg skulle bli eit kongedømme eller ein republikk. Det var ikkje den same semje om statsforma som det hadde vore om unionens oppløysing. Dette gjaldt særlig deler av Venstre og Arbeidarpartiet, som var dominert av republikanarar. Republikanarane pressa på for å få til ei folkerøysting om statsforma, og dette resulterte i eit opprop. I dette oppropet heitte det m. a. Den republik, de dermed stemmer for, vil saa langt fra være et brud paa vor politikk, at den tvertimod vil slutte sig naturlig til hele vor nationale udviklig. I aarhundreder har kongedømmet været os fremmed. I de sidste nitti aar har vort folk ligefrem været nødt til at føre kamp mod kongemagten, og den har i virkeligheden mistet sin plads i vort statsliv.

Floraminne 2005 Page 18Oppropet var underteikna av om lag 200 menn, nokre av dei kjente, t. d. Arne Garborg. Mellom alle namna finn vi Elias Melvær, gaardbruger, Florø. Elias Abra-Elias Melvær saman med kona Dorthe og barna. Bildet er tatt midt på 1890-talet.5hamson Melvær var fødd i Melvær i Bu-landet i 1848. Melvær fekk høve til å gåpå Stord lærarskule frå han var 19 år. Hanvar lærar ymse stadar i fylket før han førstpå 1890-talet kjøpte garden Krokane påBrandsøy. Han innførte nynorsk på amts-skulen ved å gje gratis undervisning påfritida i «landsmål». Dette skapte mykjeoppstyr og strid. Motstandarane freista åfå han avsett som amtsskulelærar, utan å lukkast. I 1905 var han m. a. dampskipsekspeditør i Florø. Elias Melvær møtte i1885 på Stortinget som vararepresentant for Jacob Sverdrup, venstre. Den danske prins Carl hadde fått tilbod om å bli norsk konge. 15. oktober demonstrerte mellom 3000 og 5000 menneske i Kristiania og krov folkerøysting. Dette var ein av grunnane til at prins Carl ønska røysting. Han ville ikkje akseptere tilbodet om å bli norsk konge utan at det var klart at folket ønska kongedømme – og han sjølv som konge. Venstreavisa Søndfjords Tidende i Florø hevda eit republikansk syn. Avisaskreiv: Vi vil ikke ha kongedømme! Vi vil ha Republikk. Så blei det republikanskesynet utdjupa i 11 punkt kor det m. a. Denne valurna blei brukt under dei to folkerøystingane i 1905 i Flora. Den blei og bruktunder stortingsvalet i 2005. Urna, som er av støypegods, har riksvåpenet på framsida og års-talet 1885 på baksida. Vi ser òg spor etter forseglingar som vart gjort etter at vala var overog som vart brotne når stemmestlande skulle teljast opp.

Floraminne 2005 Page 19Dette portrettet av den unge kongefamilien har Kystmuseet fått av ein familie i Florø. Kanskje det var brukt som pynt i eit vindauge i byen den dagen dei feira kongefamili-ens inntog i Kristiania?
heitte 1) vi vil ha en norsk Mand i Norge.(..) 4) fordi vi ikke vil ha Hof, Snobberiosv., og fordi Kongedømmet sjelden og aldrig har været opdragende for et Folk til god Moral, Sædelighed og Nøgternehed - men ved sin Flitter minder om «Jødernes Guldkalv», «Keiserens nye Klæder» eller«Dale-Gudbrands Billede. 16 På nytt skulle dei røysteføre gå tilvalurnene, i den andre folkerøystingadette året. Denne gangen gjaldt det hvor-vidt de er enige eller ikke enige i storthing-ets bemyndigelse til regjeringen om atopfordre prins Carl af Danmark til at ladesig vælge til Norges konge. 17 Folkerøystinga skulle gå føre seg søndag 12. og måndag 13. november. I Florø og Kinn skjedde folkerøystingaetter same lest som den i august. Røystinga gjekk føre på tre stadar, i kyrkjene i Eikefjord og Stavang og i forsamlingshuset «Fram» i Florø. Det var dei same mennene som administrerte denne folkerøystinga som den førre. Mange forlét likevel det republikanskestandpunktet og godtok argumentasjonen frå regjering og Storting om at ein republikansk statsform ville skade Noreg overfor utlandet, medan eit kongedømme ville virke stabiliserande. 259.563 stemte for kongedømme og 69.264 stemte for republikk under røystinga. I Kinn valsokn stemte 860 for og 85 mot.

DET NYE KONGEDØMMET NOREG

Stortinget valde prins Carl avDanmark til norsk konge 18. november.Han tok kongenamnet Haakon VII. Dennye kongefamilien kom til Noreg 25.november. Dei blei møtt i Kristiania-fjorden av den norske regjeringa på orlogsfartøyet «Heimdal» ved Drøbak,som førte familien til Kristiania. Store menneskemengder hylla kongeparets då dei kom til hovudstaden i snøvêr og tåke. Kong Haakon VII avla eid til den norskegrunnlova i Stortinget 27. november.Laurdag 25. november blei ein festdagi Florø. Alle butikkvindauga var dekorer-te med bilete av kongen og kongefamilien og med ja-plakatar. Eit takketelegram vart sendt til statsminister ChristianMichelsen underskreve av 300 kvinner og menn med magistraten, ordføraren og soknepresten i brodden. Florø bystyre sendte telegrafisk helsing til kongen. Om kvelden denne laurdagen var det folkefest i «Fram» i Anledning af, at det store Frigjørelsesværk nu er slut, at den store Spænding, vi alle i dette Aar har gaat i, nuer over.18 I referatet frå festen får vi vite at det var ein stemningsfull fest kor folk av alle politiske parti var til stades, og korsongen, talane, musikken og deklamasjonen spillet sammen i skjøn Harmoni. Ireferatet får vi eit tidsbilde korleis ein slik folkefest vart avvikla og korleis aktørane vart namngitt med tittel som plasserte dei i det vesle bysamfunnet: Redaktør Kvalheim tala for kongen, sakførar Vasbotten for fedrelandet, sakførar Holetala for stortinget og Lærer E. M. Holefor regjeringa, kyrkjesongar Dahle for Danmark, fru sokneprest Evensen for dronninga, ekspeditør Melvær forfedrane og lærar Hole for Sverige. FruHaave og kyrkjesongar Dahle leste opp eit par dikt. Frøknene Evensen og Strømsnes spela piano, dessutan solosong av urmakar Flesche og korsong. FlorøHornmusikk spela. Kvalheim minnest òg denne festen.Det var slege på at ein burde ha traktering på festen. Men det vart nedrøysta i nemnda som vel var. For det vart so fullt av folk atingen kunne røra seg frå plassane. Det var song og musikk, og mange taler. Ja, enda tiltale for Sverike, som vi burde sende venlege tankar, var det sagt, for dei måtte ha det noko tungt der nett då. 19 I denne talen,som lærar Hole heldt, framheva han det gode i eit godt naboskap og at ein måtte syte for å utvikle dei gode sambanda mellom Noreg og Sverige i framtida. Hantalte og om heidersmannen kong OscarII, og avslutta talen med eit Leve Sverige. 20 Neste dag, om sundagen, var det takkegudsteneste i kyrkja som var ventpynta. «Alt for Norge» lyste i gullskrifthøgt over alteret. Folk i Flora og Kinnkunne sjå attende på eit dramatisk år som hadde ført dei ut av unionen med Sverige og inn i eit nytt sjølvstendig kongedømme på ein fredeleg måte.

KJELDER:
1 - Dei fleste av kjeldene som er nytta til denne artikkelen er samla inn og tilrettelagt digitalt av Sogn og Fjordane fylkesarkiv i høve 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Ein stor takk til dei som har gjort denne jobben.
2 - Kvalheim, Wilhelm: Kongejubileet. Eit 40 års-minne frå Florøy 1905 i Firda Folkeblad 23.11.1945
3 - Søndfjords avis 20.5.2005
4 - Søndfjords avis 12.5.2005
5 - Søndfjords avis 20.5.2005
6 - Ibid.
7 - Nordre Bergenhus Amtstidende 31.5.1905
8 - Kleppa, Hermund 2005:1905 Flora kommune, internettartikkel, Sogn og Fjordane fylkesarkiv
9 - Oppropet sto i Søndfjords Avis 3.8.1905 og var underteikna av ordføraren i Florø, A. Haave, overretssakførar O. Joh. Vasbotten, redaktør Wilh. Kvalheim, kjøpmann Nic. Olsen, lærar E. M. Hole, ordføraren i Kinn, A. Hødal, kjøpmann N. Stephansen, kyrkjesongar A. Dahle, kjøpmann Elias Olsen, skulestyrar J. A. Andersen, Abr. Vasbotten jr., redaktør M. Vanberg, Elias Melvær, Nils Grønevik, M. Jørgensen, Veiesund, J. M. Øen, J. Rognaldsen, N. P. Hjertenæs.
10 - Kjelde: Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august 1905.
11 - Kvalheim, op. cit.
12 - Firdaposten 7.juni 2005
13 - Kvalheim, op. cit.
14 - Ibid.
15 - Ibid.
16 - frå Kleppa, Hermund, 2005 1905 - Folkerøystinga 12. og 13. november, internettartikkel, Sogn og Fjordane fylkesarkiv
17 - Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 12. og 13. november 1905
18 - Søndfjords Avis 1.12.1905
19 - Kvalheim, op. cit
20 - Søndfjords Avis, 8.12.1905.