LOUIS FOSS - SUNNFJORDINGEN SOM FEKK EIN HEIL BY KALLA OPP ETTER SEG

 - av Harald Jarl Runde

Det er ikkje gjeve for alle å få ein by kalla oppatt etter seg. Men i år feirar Fosston i Polk County, Minnesota, sitt 125-årsjubileum. I høve til mange andre småbyar i Midtvesten, har Fosston eit veksande folketal – no kring 1600 sjeler –og eit aktivt og oppegåande næringsliv. Det var fyrste postmeisteren i den vesle tettstaden – sunnfjordingen Lars Nyttingnes/Louis Foss – som kravde å få kalla postkontoret og byen oppatt etter seg, og slik vart det.

Lars M. Nytttingnes/Louis Foss vart fødd 10. april 1849 i dåverande Kinn prestegjeld.

Ætterøtene kom frå Rotenes i Førde. Farmora, Lovise Jakobsdtr Rotenes, vart gift med Anders Matiasson Kittang. Dei hadde fire born: Juditta, på Kittang – Marta gift med Johannes Andersson på Vevring (Myra) – Jakob på Sunde i Kinn og Matias gift med Andrea Nyttingnes. Dei to siste vart foreldra til Lars M. Nyttingnes /Louis Foss. 

Lars/Louis hadde fire sysken: Larina g.m. Lars Madsson Valvik. Dei har eit stor slekt etter seg, m.a. den kjende lekpreikaren Salomon Valvik.

Dei andre syskena var Andreas, bonde på Nyttingnes; Rakel, gift med Nils Knutson Underlid i Redalen, Vevring og Lovisa som drog til Amerika der ho vart gift med vossingen Simon Knutson Hjørnevik.     

Slekta til Lovise Jakobsdtr Rotenes har greina seg utover med mange etterkomarar både her heime og i Amerika.

Til Amerika              

Lars Nyttingnes tok høgare utdanning (Uvisst av kva slag og kvar) med eksamen i 1868 og han arbeidde eit par år som lærar. Men så braut han over tvert og strauk, som mange andre på denne tida, til Amerika.

Floraminne 2008 Page 73

Han var ein av dei 281 emigrantane som drog av garde til Quebeck med barken Galathea frå Bergen 22. mai 1870. Ei reise som tok bortimot to månader. Over ein tredjedel av passasjerane på Galathea denne turen var sunnfjordingar, dei aller fleste frå Førde prestegjeld.

16 – 17 år levde han eit omflakkande liv i Midtvesten. Fyrste tida var det tronge kår. I eit brev heim til foreldra bed han om 15 Spd. og skriv: «Jeg har nu i 14 dager vært helt blottet for penger og jeg må på det hjerteligste bønfalde eder om at sende mig ovenstående beløp.»    

Seinare i livet kan det vel seiast at han gjorde «karriere» både som forretningsmann og politikar. Mellom landsmenn i Vesterheimen vart det i alle høve sagt at han var god for 300.000 dollar då han forlet denne verda.

Floraminne 2008 Page 73

Han skal etter kort tid ha teke namnet Louis Foss, visstnok etter ein svenske som gjorde han til arving og ettermann. Dei fyrste åra var visstnok i Wisconsin, der han i fire år var scaler [tømmermålar?] på Chippewaelva. Deretter eit par år som gullgravar under rushet til Black Hills i Dakota.

Det er ellers ikkje heilt lett å fylgje spora etter Louis Foss i Midvesten. Men i alle høve slo han seg ned for ei tid i Zumbrota, Goodhue County, Minnesota. Der rakk han også i 1878 å gifte seg. I Zumbrota vart han styrar av ei større handelsbedrift, der han var i fem år. Så drog han til Polk County, også i Minnesota, i utkanten av Red River dalen.

Floraminne 2008 Page 74

Fosston – byen der prærien møter skogen

Dei fyrste nybyggarane – dei såkalla squatters – slo seg ned i det området av Polk County som seinare vart kalla The Thirteen Towns, i 1876. Dette grenseområdet mellom prærien og dei store skogane var reservert indianarane. Området var såleis stengt for dei kvite. Indianarpolitiet jaga vekk alle squatter’ane som ikkje hadde ordna seg med papir på landet dei hadde busett seg på. Straumen av nybyggarar byrja difor å krysse Red River elva inn i Dakota.

Floraminne 2008 Page 75

Ved valet i 1882 var eit av dei mest brennande spørsmåla korleis East Polk County kunne opnast for fast busetjing. Men Knute Nelson kom inn i Kongressen ved valet, og det tok ikkje lang tid før saka gjekk gjennom. Området vart delt i tretten townships og fekk såleis namnet The Thirteen Towns. 4. juli 1883 – med eit rifleskot på torget i nærmaste byen – vart så området opna for busetjing. Svoltne etter land, strøymde nybyggarane inn i det tidlegare indianarlandet, dei fleste av norsk og svensk ætt.

På lag same tid kom Louis Foss. Han opna landhandel – Louis Foss & Co – på farmen til ein av squatter’ane. Kompanjongen O. A. E. Blyberg var truleg av norsk eller svensk ætt. Styrar av butikken vart lustringen Johannes Beim.

Handelen gjekk strykande. Etter kort tid søkte Foss om å få postkontor med seg sjølv som poststyrar og få staden kalla opp att etter seg sjølv. Dette gjekk i orden, postkontoret Fosston vart ein realitet frå 4. september 1883.     

Floraminne 2008 Page 76  

Ein annan av nybyggarane, W. J. Hilligoss, såg trongen for ein by. Så han kjøpte land og grunnla byen. Etter avtale med Foss vart landhandelen og postkontoret flytta dit. Vilkåret var at namnet vart som før, noko Hilligoss gjekk med på. I same farten bygde Hilligoss hotell, hyra inn ein boktrykkjar og grunnlag ei avis. The Thirteen Towns er framleis einaste avisa i Fosston.               

I januar 1884, i eit brev heim til brorSenatet i Washington State 1893. en i Noreg, fortel Louis Foss at han er postmeister i Fosston og at byen er kalla opp etter han.

Fosston voks fort neste åra, særleg dei ti åra 1889–99 då byen var endestasjon for fyrste jernbana i området. Men alt i 1887 kvitta Louis Foss med forretningane i Minnesota og drog til Vestkysten, til Tacoma, Washington.

Washington og California

På Vestkysten vart det nye forretningar og Louis Foss kom for alvor inn i politikken. Det var eigedomsutvikling og handel i byane Mt. Vernon og Bucley. Han var med å starte opp Scandinavian American Bank og vart ein av direktørane. Scandi-navian American Bank var for ei tid ein av dei største bankane i staten Washington med avdelingar i fleire byar. Men banken gjekk visstnok over ende i 1919.              

Alt frå tida som gullgravar var Louis Foss politisk interessert. I eit brev heim hausten 1876 fortel han at «Jeg har blandet mig en del i politikk i høst». Han hadde halde fire offentlege talar for Det demokratiske partiet, skriv han.               

I 1893 vart han vald inn i senatet i Washington State, der han representerte demokratane i Pierce County. Det heiter at han tente sin nye heimstat «with honour» i fire år. Mellom sakene han engasjerte seg i, var mellom anna å forhindre bruk av tobakk hjå mindreårige og tryggingstiltak på jernbanene.                

Louis Foss var truleg den fyrste delstatssenatoren av norsk ætt i USA.  

Seinare flytte Louis Foss og kona til San Diego, California. Unnateke dottera Marie og hennar born, har det ikkje vore råd til å spore opp etterkomarar. Ho vart gift med den kjende norsk – amerikanske doktoren Christen Quevli i Tacoma. Dr. Quevli hadde eit svært godt ord på seg mellom dei norske på Vestkysten. Mellom anna la både han og kona ned eit stort og fortenestefullt arbeid for offentleg helserøkt.     

Ein son av broren Andreas skal ha slege seg ned som forretningsmann i Seattle og ha teke namnet Foss etter onkelen.

Breva frå Louis Foss viser at han hadde kristent livssyn. I truleg siste brevet heim til slekta i Noreg skreiv han: Jeg bør ikke klage over Guds styrelse. Han har vært uendelig god mot mig og velsignet mig på så mange måter både åndelig og legemlig.

Kjelder:

  • Ostenson, Stine: «Scandinavians on The Pacific. Puget Sound».
  • Redal, Olav: «Sunnfjordingar i Amerika.» Firda 4/5–1930.
  • Viken, Eldbjørg/Reiakvam, Torleiv: «Sunnfjordguten som vart senator:» Jul i Sunnfjord 1966.

Louis Foss, gullrushet til Black Hills, Fosston, «Scandinavian American Bank» og dr. Chr. Quevli er omtala på fleire nettstader.

Dei viktigaste som er brukte:

Takk til «Polk County Historcal Society» og «Washington State Archives» for opplysningar og hjelp.