ÅREBROT OG SKOGSDRIFT I URADALEN
Av Harald J. Stavang

Vestvendt mot kveldssola og skipsleia ligg Årebrotsstranda nordover til Seljestokken og Husefest. Tidlegare låg Husefest til Bremanger, men høyrer no til Flora etter ei grensejustering i seinare tid. Ei tid etter 1850 åtte Køhlerkompa niet Nærøyane og heile stranda frå Åre brot til Husefest. Dei hadde m.a. saltebu i Fanøyvågen i Batalden, men hovudbru ket var på søre Nærøya, som dei hadde kjøpt hos Ole Iversen Flom kring 1850. Der kom det opp både bustader og kontorbygg med «sju varme rom», fortel Fridtjov Urdal som har granska litt på dette, noko frå skriftlege kjelder, og noko har han frå far sin, Paul Urdal. Køhler hadde også losjihus for arbeidsfolk, båthus og nothus og storsal tebu på Søre Nærøya. Ei gammal bu står framleis, og murane etter fleire hus er framleis godt synlege. Det store vånings huset oppe på øya fekk øydelagt taket under nyttårsorkanen i 1991/1992, og er no heilt til nedfalls. Her budde frakte skipparen Pål Nærøy til fram på 1960 talet. Restane etter fleire av dei gamle tre skutene hans er framleis synlege i ein liten våg som skjer seg sørover frå Nærøy sundet. Tømmeret til dette kom frå Aurdalsskogane der Køhler hadde mykje folk og seks–åtte hestar i sving med å drive fram skogen. Mykje gjekk som skipstømmer til Køhler sitt skipsbyggeri i Hinnavågen i Stavanger.
Floraminne 2005 Page 68 Inne i Uradalen stod fleire hus for skogsarbeidarane. Inst inne, aust for Mastrehôgen stod «Dalastova». På 1960 talet kunne ein enno finne visn etter samanfelte stokkar som må ha vore restar etter tømmerbygningar som hyste skogsarbeidarane. Ute på garden stod «Gamle stov» som seinare vart riven og brukt til fjøs. Når dei pløgde, fann dei ofte krit piper og anna kring denne grunnen. For å kome fram med tømmeret let Køhlerkompaniet bygge køyreveg frå Uravatnet og inn i dalen. Den vart nytta til diverse køyring med hest heilt fram til vår tid. Vegen er no så å seie borte, då den nye traktorvegen som vart bygt for å ta ut tømmer etter nyttårsorkanen i 1991/92, stort sett ligg i same traséen som vegbyg garane for 150 år sidan. Men her og der kan ein sjå murar og eit par brukar som er frå den tida. Køhler skal ikkje ha drive sagbruk. Det einaste var ei sagbukk inn i dalen, der det vart handsaga ein del. Under Lonefossen skal vere restar etter eit gam malt sagbruk, truleg frå 1700-talet. Den gamle saga som står ved sjøen, vart bygt av Simon Solberg tidleg på 1900-talet. Ifølgje avlidne Paul Urdal skal denne vere reist på eksisterande murar som går attende til 1700-talet.
Floraminne 2005 Page 68God hamn. Seljestokken fotografert kring 1960. På 1780-talet vart det oppretta gjestgjevar stad her. Det kunne kome vel med, for i robåttida var det ikkje sjeldan folk låg verfaste. Ein av dei var presten Lexau som i november1770 vart liggande fire dagar i Husefest. Han skulle preike i Gotlekyrkja, men det rauk opp med slikt ver at han kom korkje fram eller attende, fortel Joleik. Slike episodar kan ha vore medverkande til at gjestgjevarstaden vart oppretta.