Eit litt anna eventyr
«Eit litt anna eventyr»
Av Alf Jansen
Dette er ei merkeleg historie. Krigsminne, slumpetreff, lureri og ein gemyttleg prat i solskinet spenner den brokete veven over 70 år til eit Flora-minne. 10.000-tonnaren MS «Welheim» var mellom dei større skipa i den tyske handelsflåten og legendarisk som blokadebrytar ved krigsutbrotet i 1939. «Welheim» glide nedover skjeret og slukt av havet. Berre ein av marinesoldatane om bord er såra i åtaket og havariet. I dag ligg forskipet på 35 meter og akterenden på 70 meter, mellom Vesleskjeret og Båane vest av lykta på Trefotskjeret. I mange år har han vore eit ynda, men lumsk mål for sportsdykkarar.
Slumpetreff
April 2009. Telefonen ringer på norsklektoratet ved universitetet i Greifswald. Under 1944. Novembernatt på Stavfjorden. I søraustakuling og snøslette ruggar MS «Welheim» nordover leia lasta med 9200 tonn bunkerskol. I følgjet er to ubåtjagarar og ein minesveipar. Etter midnatt vert dei angripne av to norske MTB-ar og ein minesveipar like utafor Tansøysundet. Kl 0100 vert «Welheim» treft av ein torpedo i akterskipet ved luke 5. Utstyrt med eit omfattande luftvernbatteri, såkalla flak, ei 10,5 cm kanon og diverse anna skyts, betjent av 45 marinesoldatar, bit«Welheim» kvast frå seg. I om lag 20 minutt er det intens skotveksling. Ein norsk MTB vert senka, den andre kjem i brann. Men «Welheim» får fleire treffarar i overbygget som også delvis kjem i brann. Båten grunnstøyter. Kl 0300 tek ubåtjagaren «Seebär» soldatane og storparten av mannskapet på 43 med til Florø. Ein halvtime seinare har «Welheim» teke inn så mykje vatn, at dei siste 16 av mannskapet må over i den andre ubåtjagaren. Kapteinen, 1. styrmann og maskinsjefen følgjer havaristen frå ein tysk fiskekuttar som er komen til. I grålysninga er

Vraket av «Welheim» ligg mellom Vesleskjeret og Båane sør i Tansøyosen. På flyfotoet ser vi olje piple opp frå dei lekke tankane. I bakgrunnen Tansøy og Askrova. lister over NS-medlemmer og pålitelege personar i området Florø-Førde. Eg finn ikkje datoen for artikkelen. Men nettsøk viser at «Welheim» faktisk lek olje og at lokale krefter pressar på for å få Kystverket til å tømme vraket. teikna er nett på plass til sitt andre semester der. Ei eldre tysk røyst ber om hjelp til omsetting av ein artikkel frå Internett. Mannen heiter Manfred Hessel. Han har fått tilsendt artikkelen i papir frå ein kjenning. «Det gjeld det tyske handelsskipet MS «Welheim», seiermannen. «Eg er frå Florø!» seier eg. «Eg var matros om bord og er no einaste attlevande frå havariet,» seier Hessel. Nokre dagar seinare sit eg og omset den tre siders teksten Hessel har sendt meg. Ei vidløftig historie! Namngjevne lokale dykkarar har vore nede til vraket som no lek olje. Der har dei funne ein boks som viser seg å innehalde hemmelege skipspapir. Båten hadde utskytingsrampar for V3 langdistanserakettar skjult i lasta. Dei skulle til Florø, «Festung Flora Norwegen», står det på faksimilen framfor meg. Herfrå skulle tyskarane sende rakettar mot London. «Krigshistoria må skrivast om.» Artikkelen ligg visstnok på nettsida til Florø froskemannsklubb, men verkar stamme frå Firdaposten si nettutgåve. I papira fanst og I følge artikkelen skal vraket også innehalde radioaktivt materiale og spesialolje. «Langt verre enn ubåten i Fensfjorden», seier hamnesjef Hovland. Eg les og undrast. Kvifor har eg ikkje høyrt meir om dette? Eg sender omsettinga og ein lang kommentar til Hessel. Mangt verkar utruleg, skriv eg. Men vi blir samde om å granske saka. Han vil finne utom ein tredje generasjon av V1-rakettane som tyskarane skaut frå Frankrike mot London i starten av krigen. Dei var jo utvikla i Penemünde, nær Greifswald, under leiing av Werner von Braun. Amerikanarane slo kloa i han etter krigen og sette han som leiar for rakettprogrammet deira som førte fram til månelandinga i 1969. Eg skal finne ut meir om vraket av «Welheim» i dag og kva desse nye opplysningane har ført til. Men norskundervisninga mi ved universitetet krev sitt. Eg førebur dessutan ekskursjon til Oslo. Og Manfred Hessel har sendt meg ei bok som sug interessa. fylt 15 år. Men han steig i gradene til matros og stod om bord i til saman 6 skip utan avbrot heilt til kapitulasjonen. «Vi var sivile sjøfolk. Dermed var vi fritekne frå krigsteneste som etter kvart var einstydande med austfronten.»

Krigsseglaren «Das etwas andere Abendteuer» heiter boka Manfred Hessel gav ut i 2007. Her fortel han om livet som sjømann i den sivile tyske handelsflåten, frå 1939 til 1945 og om året han sat i norsk fangenskap innan han kom attende til Aust-Tyskland i 1946. Boka er halden i ein påfallande nøktern stil og byggjer for ein stor del på nøyaktige, korte dagboksnotat som ungdommen sirleg førte alle desse dramatiske åra. Men sjølivet i krigstid var så visst ingen lystseglas. Han siglar på Austersjøen og nordsjøhamnene. I Göteborg hentar dei mellom anna stein frå Lysekil til fantasiprosjektet
Germania, Hitler sine planar for ei gigantombygging av Berlin. Båtane var av vekslande standard. Derfor var han glad og stolt då han 11. oktober 1941 fekk hyre på 10.000-tonnaren «Welheim». To åttesylindra MANdieselmotorar med 4600 HK gav 14,5 knop. Tomannslugarar og varmt og kaldt vatn på vaskeromma. Luksus.
Blokadebrytaren
Manfred Hessel vart fødd 1. august 1924 i Colditz, søraust i Tyskland. I mars 1939 Hessel vart åtvara mot å skive dagbok om bord. Det kunne oppfattast som forræderi. mønstra han på eit stasjonært skuleskip i Bremen og fekk si første hyre med frakteskipet «Felix Heumann» alt etter fire vekers opplæring. Då krigen braut ut, var han nett MS «Welheim» var bygd i Flensburg i 1939, som eit av i alt seks søsterskip tilhøyrande reiarlaget Hugo Stinnes i Hamburg. Berre to av skipa overlevde krigen. 30 mil vest av Askrova ligg søsterskipet «Johannes Molkenbuh» som skipperen senka då dei vart oppbrakt av den engelske destroyeren «Jersey», 5. september 1939. Utafor Jæren fann det tilsvarande «Claire Hugo Stinnes» sin endelege kvilestad mot slutten av krigen. På jomfruturen sin var «Welheim» i amerikanske hamner og lasta kveite, leire og bomull. 24. august fekk kaptein Ecks den første hemmelege krigsåtvaringa og om kvelden 26. august gjekk han ut frå Port Aransas. I open sjø vart skipsnamnet overmalt med «MIM», Oslo, og skorsteinen utstyrt med dei vert alt lossa att. Mannskapet knurrar. Dei fleste har for lengst innsett at slaget er tapt. Men 9. november legg dei ut frå Gedynia, no Polen, med 9200 tonn bunkerskol til den tyske marineflåten i Ålesund, den tredje Norges-turen det året. Utanfor Gøteborg går engelske fly til åtak og ein av båtane i følgjet vert senka. «Welheim» skyt ned to av flya og er uskadd. Etter fleire stopp oppover norskekysten legg «Welheim» den 27. november ut frå Bergen på si siste reis. to lyseblå ringane til reiarlaget Wilhelmsen. På dei seks lukene vart det malt norsk flagg!

Ruta gjekk frå Mexico-golfen, opp gjennom
Danskestredet, rundt Jan Mayen og inn til Honningsvåg. Rett før anløp var kjenneteikna endra til tyske «Welheim» frå Hamburg att. No sneik dei seg langs kysten. Då dei låg i Rørvik, passerte ei engelsk marineflåte på jakt etter tyske skip. Rundt Stadt 21. september. For anker i Kopervik. Ytre Oslofjord,Kattegat og Kieler-Kanalen til Nordenham på Nordsjøkysten, der dei klappa til kai 26. september. Ei samla lengd på 8105 sjømil med snittfart på 11,3 knop. Av totalt 853 tyske handelsskip var 230 i oversjøisk hamn og 176 i rom sjø ved krigsutbrotet. Av desse greidde 109, altså om lag ein fjerdedel, å ta seg tilbake til Tyskland. Dei fekk utmerkinga «Blokadebrytarar», og ferdatil «Welheim» vart legendarisk.
Senka på nytt
Manfred Hessel hugsar ikkje så mykje frå opphaldet i Florø. Dei vart innkvarterte i eit hus som Wehrmacht disponerte (kanskje folkeskulen?), og etter to dagar sende sørover med eit mindre krigsskip. Det var kaldt, men ingen torde gå under dekk. I Bergen måtte dei tigge seg til vinterkle og vart sette på natt- toget til Oslo: «Ein fantastisk tur! Passerte 214 (?) tunnellar.» Etter ei vekes kvil måtte han mønstre på att. Dampskipet «Ingerseks», 8000 tonn, bygd i England i 1913, fart 9,5 knop. Sidan 1940 rekvirert av okkupasjonsmakta. No var mannskapet flykta til Sverige. Først 2. februar 1945 kunne dei legge ut med forsyningar til dei tyske styrkane i NordNorge. Lastinga hadde teke 38 døgn! Dei tråkla seg nordover. I Bergen vart dei liggande 15 døgn og først 17. mars lossa dei i Narvik. I Harstad tok dei inn militært utstyr og 150 soldatar som vart sette i land i Trondheim. 22. april vart dei angripne av fly i Måløy, mengreidde seg uskadde vidare. Morgonen etter prøver dei å skjule skipet i Instefjorden ved Brekke på sørsida ytst i Sognefjorden. Her vert dei pepra av 27 engelske fly. To døde og Med «Welheim» kjem Manfred Hessel på Norges-fart. Det vert mange turar med forsyningar til vernemakta, like til Kirkenes. Returlast først og fremst malm frå Narvik, ofte også sild og fisk. Skipet vert tyngre og tyngre væpna, til det har eldkraft som eit krigsfartøy og fleire marinesoldatar enn vanleg mannskap. Hessel var heile tida sivil. Han fortel om den veksande motstanden mot krigen blant sjøfolka. Det går stadig tregare å laste, losse og reparere i tyske hamner. Bombeåtak og øydelagt utstyr hefter. I oktober 1944 ligg «Welheim» i Memel, no Klaipeda i Litauen, og lastar utstyr som frå den raknande austfronten. Så Manfred Hessel har ei eventyrleg historie å fortelje. Han er den siste attlevande av mannskapet på «Welheim». Her med ei av dagbøkene han skreiv frå sjømannslivet. sytten hardt såra. Båten var gjennomhola og kom i brann. Vallemyrene ved Porsgrunn saman med hundrevis av andre sivile tyskarar. Norske «tyskarjenter» sat også her. I juni 1946 vert han med ei gruppe fangar skipa til Neustadt ved Lübeck. Men berre dei som høyrte til i britisk sektor, fekk gå i land. Resten måtte gjere vendereis til Vallemyrene. Først 7. november 1946 kunne han gå i land i Lübeck. Fri til å bygge eit nytt liv i ruinane i det utarma heimlandet sitt.
Sein april
Ein følgjebåt tok dei andre overlevande til Bergen, medan Hessel og tre til vart att i ei lita jolle og skulle sjå kor det gjekk med havaristen. «Ingerseks» sokk om natta og ligg no på 24 til 70 meters djup. Hutrande bankar dei fire tyskarane på eit hus inne på land. Tilfeldigvis er det hos lensmannen som let dei ligge på golvet i stova. Dei veit vel kva innstilling nordmenn har til okkupantane, og ingen av dei blundar på eit auge. Men neste morgon får dei skyss til den tyske forlegningen i Leirvik. Etter eit par dagar er dei i Bergen og 1. mai må Hessel ut att, denne gangen på hollandske «Progress» som går i fraktefart for tyskarane. I Austevoll lastar dei kalkstein til Sarpsborg, men knapt har dei kasta loss før engelske marinemyndigheiter beordrar båten inn til Stavanger. Det er 8. mai 1945. Der ville den fanatiske kapteinen senke skuta. Han hadde klar ein metallkoffert med 15 handgranatar! Men Hessel og båtsmannen lukta lunta og fekk kasta kofferten i hamnebassenget. Juni 2009. Endeleg skal eg møte Manfred Hessel som no bur i Wustrow ved Rostock, vel to biltimar vestafor Greifswald. Eg har hatt det travelt med mitt. Snakka med Hessel nokre gonger på telefon. Fått fleire brev og dokument frå han. Har funne ut at «Welheim» vart tømt for olje i oktober 2008. Denne morgonen set eg meg ned att med den første artikkelen han sende meg. Og der, nesten uleseleg i øvste hjørnet, finn eg datoen 1. april 2007! Eg kan berre skrattle over eigen toskeskap: Endå så mykje eg stussa, sjekka eg aldri kjelda skikkeleg! Endeleg fred. Manfred Hessel var enno ikkje fylt 21 år. Han hamna i leiren

Så går praten om krigen, havet og livet. Og om politikk. Sjølvsagt. Tyskland har vore eit politisk laboratorium sidan Weimarrepublikken etter 1. verdskrigen. Manfred Hessel har opplevd og overlevd det meste. Han er lågmælt, men kontant: «Eg har liten sans for fakter og overdriving.» DDR-staten gav gåverik ungdom sjansen til å ta att utdanninga dei hadde forsømt i krigstida. Manfred Hessel tok doktorgrad i tysk sjøfartshistorie. Frå midt på 1950-talet var han med på å bygge opp den første sivile sjømannsutdanninga i heile Tyskland, i Wustrow og Rostock, der han underviste til han gjekk av sommaren 1989. Han har også gitt ut faktabok om «Titanic». Ho kjem i nyopplag neste år. «Då krigen var over sa alle: Aldri meir! Men no drep og døyr tyske soldatar i Afghanistan. Har vi ingenting lært?» Hessel sukkar. Men så humrar han: «Ja, ja. Så var det berre ein aprilspøk. Men den førte jo til at vi to vart kjende, friska opp gamle minne, lærte nytt og fekk oss ein god prat.» Alf Jansen (1950) er fødd i Florø. Har vore lærar i vidaregåande skule og journalist i Sunnmørsposten, NRK og Firdaposten. For tida underviser han i norsk ved universitetet i Greifswald på den tyske austersjøkysten. «Så treng vi altså ikkje skrive om krigs-historia,» seier eg, litt skamfull, då eg møter 85-åringen under parasollen på uterestauranten. Han er nett heimkomen frå cruise på norskekysten: Bergen, Ålesund, Molde, Flåmsbana, Sognefjorden. I fred og maksver har han reist rett forbi vraka av både «Welheim» og «Ingerseks». «Ein fantastisk tur,» seier han begeistra. Det tek litt tid før det sig inn. Var det verkeleg berre ein to år gammal aprilspøk? Han har granska og funne ut at V3 aldri vart ferdig. Produksjonen av rakettane skulle flyttast til ei nedlagt gruve ved Dora, søraust i landet, etter at anlegget i Penemünde med mange tusen tilsette stadig vart bomba. Krigsfangar sleit seg til døde med å klargjere fjellhallane, men produksjonen kom knapt i gang før samanbrotet. «Vi kunne jo ha hatt anna last som var ukjend for mannskapet,» seier Hessel varsamt. «Men eg finn det utruleg.» Han seier som han har skrive i boka si: «Kaptein Ecks på «Welheim» var ein heidersmann.» Så gir han meg kopi av rapporten som kapteinen sende til reiarlaget, dagsett 3. desember 1944. Ein etterkomar av reiaren Hugo Stinnes har skaffa den fram no. Ikkje eit ord om hemmeleg last. Atter må eg forvisse han om at artikkelen var oppspinn og lureri. Den gamle smiler godmodig.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.