- Details
- Category: Media Video Bilder
Av Oddvar Isene: Neste klipp er til forveksling teke for å vere ein dokumentar, men det er altså ein skulefilm som er laga for norskætta ungar i Amerika. Ein gut gjev filmen si røyst, han fortel om fiske- og bondekulturen på Vestlandet. Innspelt i Bergen-Florø (Flora). Året er 1948. "Guten og faren vender tilbake frå sildefisket og til heimegarden i dei varme månadane. Han og søstera gjeter sauene om sommaren, og bur i ei lita fjellhytte. Dei er åleine borte frå foreldra. Mange andre ungdommar gjer det samme, noko som er med å skape eit godt fellesskap oppe i fjellet og ved fjorden. Garnbøting, setting av poteter, veving, etc. Scener fra Bergen i Norge, og kystbyen Florø, og frå Haukåa og Haukåstølen". Frå Louis deRochemonter "Jorden og dets folk"-serien. (Originaltekst omsett frå Youtube)
Vi kan kjenne igjen mange lokalitetar i Flora og Bergen, og filmen er eit historisk dokument frå livet slik det var i dei første åra etter 2. verdskrig, både på fiskefeltet og heime hos fiskarbonden. Kanskje også fleire av borna og ungdomane på filmen framleis er i live og kan kjenne igjen både seg sjølv, vener og veninner. I dag kan filmen godt brukast som ein dokumentar, både for historieundervisning (særleg lokalhistorie i Flora) og for dei som er interesserte i den nære fortida.
- Details
- Category: Media Video Bilder