2018-10 - Grethe Stavø - Om korleis Evja var før den blei gjenfylt

Bydelen Evja

Evja/ Skudalen er kanskje den bydelen i Florø som har forandra seg mest dei siste åra Står du ved vestenden av brua over Gaddevågen og ser utover, er det ikkje så lett å forestille seg at dette har vore anna enn tørt land. Men det som i dag er innfartsvegen til Florø (og bygningane på begge sider), ligg på ei stor fylling. Denne omfattar Evja; ei vik som gjekk vestover fra Gaddevågen samt Skitnevatnet, (Skiten på folkemunne), eit vatn som var knytt til denne vika med ein liten bekk.

Reguleringskart frå 1948. Vi ser at heile den austlege delen av Hesteneset er sett av til industriføremål. Leirvågen går inn frå Gaddevågen og går over i Evja. Skitnevatet er knytt til Evja med ein liten bekk.

SLIK DET VAR TIDLEGARE

Dette området blei fylt igjen med stein etter dei store utskytingane på Ankerløkken i 1974. Over 200 000 kubikkmeter stein blei dumpa i Evja/ Skitnevatnet for at Ankerløkken skulle få plass til den nye seksjonshallen. Steinmassane har no sige på plass, så innfartsvegen og dei husa som er bygd der, dei første rundt 1980, står rimeleg trygt.

Evja gjekk inn fra Gaddevågen (ytterst Leirvågen) rett nord for Ankerløkken, der du i dag finn ei lita småbåthamn/brygge. Den gjekk vidare vestover, nesten fram til Skudalsfjøra. Frå enden på Evja gjekk det i eldre tid ei lita sildre ut i Skudalsfjøra. Her blei det etterkvart ei fylling som blei vegen inn til Hesteneset.

Nepjarhaugen

Skudalen

Galeien

Evja

Skitnevatnet (Skiten)

Sande Bilsenter

Småindustri

Hesteneset

Brua

Småbåthamn

Sør for Ankerløkken ser vi Leirvågen som går over i Evja og Skitnevatnet nord for Leirvågen/Evja.

Ser du på bildet, vil du sjå det låg eit vatn, Skitnevatnet. som var knytt til Evja med ein liten bekk. Namnet kjem truleg av at dette var eit ganske grunt vatn med mykje mudder og liten gjennomstrøyming og såg heller skite ut. I kanten på Skitnevatnet vaks frodige markblomster sommarstid, så det er ikkje urimeleg å tru at det også var eit viss avsig frå kloakkledningar. Over Evja, omtrent der Coop ligg i dag, gjekk ei lita bru. Dette var ei trebru som truleg var sett opp av tyskarane. Brua blei opprusta på slutten av 50-talet, for å fungere som ein snarveg for arbeidarane på Ankerløkken.

Tyskarane hadde nemleg anlegg i dette området, ein verkstad og nokre brakker. I tillegg hadde dei ein fortøyningsplass for sjøfly. Desse bygningane låg på tørt land mellom Skitnevatnet og Evja. Etter krigen blei området brukt til småindustri. Anders Heggø etablerte båtbyggeri og slipp og Gunvald Solheim arbeidde opp ein snikkarverkstad. Litt lenger inne kjøpte Olav Sande eit område, og fekk bygd veg mellom Skitnevatnet og Evja. i 1971 etablerte han Sande Bilsenter, som på den tid var det største i fylket. Nemnast bør og Florø Støperi som blei etablert i 1947 av Leif, Alf og

EIT ELDORADO FOR UNGAR

Torleif Larsen. Evjaområdet har ettekvart utvikla seg vidare med handel, verkstadar og småindustri. Området rundt Evja og Skitnevatnet var ikkje akkurat fast fjell, og det var lett i sige nedi og bli stijande fast. «Redningsaksjonar» etter ungar som hadde våga seg litt for langt ut på kanten av Evja eller «Skiten», var ikkje uvanleg. Etter krigen sto det og igjen nokre motorsyklar som hadde sige ned i muddereret og som tente som leikeapparat for ungane i området. Nepjarhaugen barnehage ligg i samme område, og har namnet sitt frå gammal tid. Dei som tidlegare kom roande frå Norddalsfjordsida og hadde ærend i by’n rodde inn Leirvågen og Evja, og la båten sin ved eit lite nes rett nedanfor der barnehagen ligg i dag. Lenger inn kom dei ikkje, det var for grunt. Ein hadde jo ikkje dei penaste klea på seg når ein var i båt, og ordet nepje som ein finn i Nepjarhaugen, seier noko om det ein gjorde når ein hadde lagt frå seg båten og gått bakken opp. Då knappa ein igjen klea og stelte seg for å gå til by’n. Begrepet å nepje seg er altså truleg ein dialektvariant av å neppe, som betyr å knappe igjen, og har fått ei litt vidare tyding; å stelle seg, kle skikkeleg på seg. I Hesteneset låg tidlegare den kommunale bossplassen, og denne skrådde ned mot Evja. Dette var ein open dunge med all slags avfall, og den skapte mykje rotteplage i området. Etter ei tid begynte derfor kommunen å setje fyr på bosset. Dette blei og ei plage for dei som budde der, for då blei det gjerne invasjon av rotter i kjellarane, i tillegg til svart, sur røyk. Bossdungen låg der krysset Hjellegata – Hamregata er i dag.

Evja og Skitnevatnet var ein kjekk plass å leike på for ungar og ungdom. Å leike med sjølvsnekra leikebåtar som ein førte langs land, var populært. Nokre skuter var «smuglarbåtar». Dei var uthola, med plass til smuglargods inni. Ein gjeng var smuglarar og ein gjeng tollarar. Å komme seg forbi tollarane med smuglarbåtane, var poenget. Om vinteren fraus Skitnevatnet til før Storevatnet og skøytesesongen begynte der. Isen var litt annleis på Skitnevatnet enn på Storevatnet. Den var seigare, ga etter før den brakk, og ungane trampa og hoppa det dei kunne for å få den til å knekke, slik at den skulle bli utrygg igjen. Sånn for spenninga si skuld. Ei lita vik /lagune blei kalla Galeien, og det var ein sport å «gå på Galeien», altså å springe over før isen var trygg. Ein tilsvarande «galei» hadde ein også på Storevatnet. Vår, sommar og haust var leiking med jeker ein populær syssel for ungar og ungdommar i området. Ei jeke er ein flatbotna «båt». Sjå for deg ein farkost spikra saman av kryssfiner eller to–tre fjøler til botn, og med eit/to bord opp på sida. Sagd til slik at båten fekk ein baug. Materialene til dette fekk (eller knabba) ein på byggeplassar rundt om. Ein kom seg fram med ei padleåre. Det hende òg at ein sette divanar på vatnet og brukte dei som farkost. Dei låg jo litt tyngre i vatnet og hadde betydeleg kortare levetid. For det meste var dette ein uskyldig leik, men det forekom og avtalte «slag» mellom dei som budde i Hesteneset og dei som kom frå Tuaområdet.

Skriftleg kjelde: Harald J. Stavang: Flora. Kulturhistorisk vegvisar Munnlege kjelder: Kristian Jansen, Astrid Bruflot Rasmussen og Jan Solheim Bilde og kart: Kart og bilde er henta frå boka Frå verkstad til verft. Historia om Ankerløkken og skipfverftet i Florø. Av Magnus Helge Torvanger.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.