2018-06 - Odd Standal - Frå den sivile krigshistoria

Frå den sivile krigshistoria
Eit møte i Bru skulestyre

SKULEDIREKTØR KARL HAFSTEN OG LÆRAR LUDVIK LIHAUG

Den 11.02.1943 vart det halde lærar- og skulestyremøte i Stavang. Skuledirektør Karl Hafsten hadde invitert seg sjølv til møtet og heldt opningsføredraget. Formannen i skulestyret, Ludvik Lihaug, styrte møtet og gav tilsvar til Hafstens innleiing:

Dagny og Ludvik Lihaug. Foto: Hornearkivet/ Fylkesarkivet

Karl Hafsten t.h. T.v. Odd Holøs som heldt avskilstalen på vegner av Rakkestad kommune då Hafsten gjekk av med pensjon. Foto: C.E. Larsson.

BAKGRUNN I løpet av 1942 hadde det føregått ein hard strid om innhaldet i norsk skule. Quislings regjering hadde innført ei lov om obligatorisk medlemsskap i det nazi-styrte Norges Lærersamband. I tillegg skulle alle i alderen 10–18 år vere medlem i NS ungdomsfylking med det formålet at dei skulle lærast opp i Nasjonal Samlings ideologi. Lærarar flest kunne ikkje akseptere dette, og i løpet eit par veker vart det sendt inn 10.000 protestar. Den 20.

mars 1942 gjekk okkupasjonsmakta til motaksjon: Om lag 800 lærarar vart arresterte og samla i mottak rundt omkring i landet. For vårt distrikt var mottaket på Sydneshaugen skole i Bergen. Derifrå gjekk ferda til Grini, så med tog til Trondheim, og til slutt med fangeskipet DS «Skjerstad» til Kirke- nes. Frå Sogn og Fjordane vart 28 lærarar arresterte. 23 av dei måtte til Finnmark, blant andre adjunkt Meland frå Florø. Skulestyrar Lauvsnes var også arrestert, men han slapp Finnmarksferda. Skular vart stengde, offisielt på grunn av vedmangel. Etter kvart som tida gjekk, vart det meir og meir klart at arrestasjonen av lærarane var eit

SOGN OG FJORDANE FÅR EIGEN SKULEDIREKTØR

feilgrep, for den hadde tent til å styrkje motstands-kampen generelt. Steg for steg måtte Quisling-styret gjere tilbaketog, og 21. november kom dei siste fangane til Trondheim, der dei vart sette fri. Læraraksjonen hadde vore særs vellukka, men presset frå Quisling-styret heldt fram.

Sogn og Fjordane hadde felles skuledirektør med Hordaland fram til slutten av 1942, Bjørgvin skuledirektørembete. Då vart Karl Hafsten tilsett

som skuledirektør i Sogn og Fjordane og fungerte til mai 1945, då han vart arrestert. Etter krigen vart det igjen samanslåing med Hordaland, fram til 1961. Hafsten kom frå lærarstilling i Rakkestad i Østfold, der han hadde vore aktiv i nazi-miljøet i bygda. Han melde seg inn i NS i november 1940.

Han hadde fleire tillitsverv i partiet, og vart i september 1943 lagførar i Vik lag av NS. Siste halvåret før frigjeringa var han i tillegg fylkesopplæringsleiar for NS i Sogn og Fjordane. Han hadde kontorstad på Leikanger, men budde i Vik, der det var eit aktivt nazi-miljø. Under heile krigen var han ein

ivrig propagandist for Quisling både i skrift og tale. – Synderegisteret hans var langt, slik det vart oppsummert i 12 punkt i landssvikdommen mot han. – Det vart 3 år og 3 månader straffarbeid.

tale – andlet til andlet med nazisten som var hans overordna. Allereie i august 1942 hadde Florø-avisa Fyl- kestidende denne overskrifta: Førarprinsippet vert innført i skulestyra. Skulestyra skulle ikkje lenger veljast, men utpeikast. Formannen skulle ha med seg minst to rådgjevande medlemmar, men alle avgjerder skulle takast av formannen åleine! Det tok tid før denne nyordninga vart innført i Bru. Først i mars 1944 vart det referert skriv frå departementet om at A.B. Steinhovden var utnemnd til formann i Bru skulestyre. Han søkte fritak, men fekk avslag. Det er verdt å merke seg at det ikkje var Lihaug som vart utnemnd. A.B. Steinhovden vart attvald til formann etter krigen og hadde vervet i mange år. Lihaug på si side søkte lærarpost i Stavang allereie i 1931, og vart i 1936 vald til lærarrepresentant i skulestyret. Året etter vart han formann, eit verv han altså hadde til vinteren 1943/44.

LIHAUG OG LÆRARAKSJONEN «Lihaug hadde vanskeleg for å fylgje straumen», skriv Didrik Kittang, som leia lærarfronten her i distriktet. Brevet var skrive på oppmoding frå Bru skulestyre i samband med granskinga av Lihaug i 1945/46. Det er tydeleg at det hadde vore harde tak mellom lærarfronten og Lihaug i 1942/43, der Lihaug m.a. hadde truga med å melde både Kittang og Flølo til skuledirektøren. Då han vart beden om å yte tilskot til den illegale hjelpekassa som lærarfronten hadde oppretta, svara han med å åtvare mot å vere med på ein slik svindelaffære. I mars 1942 sende han ut innmeldingsformular for Lærarsambandet til alle lærarane i Bru, og 30. april skriv han brev til Norges Lærersamband og stadfestar at han vil stå som medlem. Bakgrunnen er at det var komme eit rundskriv frå KUD om at medlemsskap i lærarsambandet ikkje innebar andre krav enn det som følgde av tilsetjingsvilkåra. Dette rundskrivet var forresten det første teiknet på at nazi-styret hadde innsett at arrestasjonane kunne få andre konesekvensar enn dei hadde tenkt. I staden skulle det vere lokk og lur.

LÆRAREN OG BYGDA – LUDVIK LIHAUG Å vere lærar i ei lita bygd kan by på mange utfordringar. Protokollane frå Bru skulestyre fortel historier som knapt toler dagens lys i 2018: I somme tilfelle galdt det spørsmålet om nynorsk eller bokmål. I eitt vedtak midt på 30-talet heiter det t.d.: Vart lese melding frå lærar NN um at (far) NN nektar at borni hans skal bruka ABC-bok på landsmål og at han trugar med å skada læraren. Vart ogso lese fråsegn frå skuledirektøren i same sak og skriv frå (far) NN i same sak. Vedtak: I fall (far) NN for ettertidi ikkje let borni sine bruka dei bøker som krins- og skulestyret har gjort vedtak um og ikkje let læraren i krinsen vera i fred, vert saki oversend politiet. (Presisering: Dette var ikkje i Stavang eller Stavøy krins.) Men ikkje sjeldan var Læraren med stor L ei drivkraft i bygda der han eller ho heldt til. Ludvik Lihaug var ein slik lærar, men han kunne vere brysk og kantete. Difor vart det gjort forsøk på å få Lihaug vekk frå skulekrinsen, og betre vart det sjølvsagt ikkje då det vart sett i gang gransking av han etter krigen. 03.05.1946 konkluderer Bru skulestyre slik: Etter å ha granska og drøfta saka på nytt, vart det samrøystes vedteke å gjeva sovore fråsegn: Bru skulestyre finn at lærar Ludv. Lihaug synte lite god nasjonal holdning under lærarstriden. Ein vil likevel seia at alle som kjende Lihaug før okkupa-

BRU SKULESTYRE 11.02.1943 Karl Hafsten heldt ei innleiing i nokså allmenne vendingar, men vi kjenner lett att Nasjonal Samlings tankegods når han så sterkt poengterer den nordiske identiteten og behovet for det som elles gjerne vart kalla Det Nye Noreg. Derimot er punkta om styrking av dei praktiske faga og kroppsøving i samsvar med skulelovene av 1936. Både Hafsten og Lihaug var kjende for å fremje fysisk fostring i skulen, så på dette området er det tydeleg og forståeleg at dei fann felles grunn. Mest interessant, kanskje, er det Lihaug seier om NS og Bjørnson: Eg har fest meg ved at NS har det mykje med å sitera Bjørnson. No er det å merka at Bjørnson var ein mykje produktiv forfattar, så ein kan mest bruka han som sume brukar Bibelen: ein finn der studnad for dei mest forvirra teoriar. Det er ei utsegn av Bjørnson som nok råkar mange sine kjensler i dag: «Den pakt som vi forpestes i, den hater og forbander vi». Dette var modig manns

sjonen, veit at han var ikkje så lite einvis og hadde lett for å komme i opposisjon i saker som han sjølv ikkje hadde gjort opptaket til. Dette lyt vi ha lov å tru var ei årsak til at han tok den stoda han gjorde. Frå Aron Stokkebekk, som var medlem av Bru skulestyre frå Stavang krins, fekk Lihaug støttefråsegn i samband med granskinga. Stokkebekk avsluttar slik: Med omsyn til den holdning Lihaug synte mot dei tyskarar han kom i samband med under utførelse av dei ymse verv, må det seiast at det var ingen her i bygda som synte så steil og motviljug holdning mot dei som han.

skular i kommunen, og i 1919 kjøpte han Lundeby, der han dreiv guteheim for opp til 10 gutar i tillegg til jobben som lærar. Det er tydeleg at Hafsten var ein markant lærar. Ein tidlegare elev frå framhaldsskulen fortel m.a.: Han betraktet sin lærergjerning som et kall. Utenom skoletimene var han en virkelig kamerat med elevene. (…) Han var også forut for sin tid på mange måter. Skulle vi ha grammatikk, brukte han Rakkestad Avis når vi skulle analysere setninger, han var sikkert den første som benyttet avis i skolen. (…) Han var hver elevs personlige venn og elsket av alle. Han hadde bil, men brukte som regel sykkel eller ski selv om han hadde lang vei til skolen. (…) Karl Hafsten var en faktor som i sin tid var med å prege bygdas kulturelle utvikling. (…) Då Hafsten fylte 80 år i 1967, hadde Rakkestad Avis eit interju med han. I innleiinga heiter det: I alle de år Karl Hafsten var ansatt i skolene i Rakkestad, nøt han en tillit og respekt så vel fra elever som fra foreldre som neppe mange nyter godt av og dette skyldes vel i stor utstrekning Hafstens evne til å oppnå kontakt – og at han som lærer la avgjørende vekt på å være kamerat med sine elever. Sjølv seier Hafsten m.a. dette: Viktig er det også at en ikke ser seg blind på de boklige lærdommene man skal bibringe elevene – men også tenker på slike ting som kroppslig aktivitet, herunder forskjellige idrettslige sysler. I min tid som lærer forsøkte jeg etter beste evne å aktivisere elevene på denne måte – ikke minst i friminuttene – og min erfaring er at en elev som får utfoldet sin virkelyst på en sunn og riktig måte, bedre er i stand til å yte sitt beste inne i klasseværelset.

LIHAUG OG STAVANG HELSELAG AV NORGES RØDE KORS Laget vart skipa 9. august 1924, men hadde lege nede lenge då Lihaug bles liv i det på nytt 5. januar 1947. Formålet var å få bygt eit bad i bygda, – altså eit folkehelsetiltak i ei tid då poliomyelitten enno var utbreidd. Anders Haave stilte byggjegrunn til rådvelde, og 9 grunneigarar gav tilsegn om 1 kubikkmeter tømmer kvar. Men framdrifta gjekk trått. Kvar haust hadde helselaget marknad for å skaffe inntekter, og desse marknadene var ein viktig del av det sosiale livet i bygda. Folk stilte opp med vinstar til lotteriet, og ikkje minst mat til fellesmåltidet. Heile tida var det Lihaug som var primus motor, og han fekk bygdefolket med seg. Badet stor ferdig hausten 1954, og opninga var ei skikkeleg feiring med gjester som ingeniør Solem frå Sogn og Fjordane Røde Kors, ordførar Tor Grønevik. Handverkarane som hadde reist huset og innreia det var også blant dei innbedne gjestane. I talen sin fortalde Lihaug at ein opphavleg berre hadde tenkt å innreie eit dusjrom i skulehuset, men den planen stranda fordi ein ikkje fekk kjøpeløyve på nokre meter koparrøyr! Men helselaget arbeidde vidare, og skaffa tilskot både frå fylkeskrinsen av Røde Kors, frå fylkeskommunen og Bru kommune. Heilt fram til 1964 var Lihaug formann i Stavang helselag. Det året vart han pensjonist og flytta tilbake til Dalsøyra, der han opphavleg kom frå.

LÆRAREN OG BYGDA – KARL HAFSTEN

Kjelder: Fylkesarkivet/Protokollar frå Bru skulestyre Statsarkivet i Bergen/arkiv frå Skuledirektøren i Bjørgvin Einar Lundeby: Motstandskampen 1942 Rakkestad Lokalsamling Østfold Bygdeblad/Rakkestad Avis Stavang Helselag. Protokoll 1947–64.

Karl Hafsten var fødd i Oslo i 1887. Han hadde 2-årig lærarskule og 1-årig idrettsskule då han i 1915 kom til Rakkestad som lærar ved framhaldsskulen i Skantebygda. Han arbeidde ved fleire

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.