«Historia om Flora» i tre bind, er fullført
Kjære historieinteresserte
Når eg skriv dette, er eg midt i innspurten med korrekturlesing på tredje og siste bindet av «Historia om Flora». Bokverket, som omfattar Flora si historie frå dei eldste bolkane av førhistoria og fram til notida, er med dette snart fullført. Eg har arbeidd med bokprosjektet heilt sidan 2009, og det er svært gledeleg å endeleg vere ferdig.
Bind 3 omfattar tida frå 1945 til 2017. Dette er ein periode der svært mykje har skjedd i Flora og Florø. Då andre verdskrigen var slutt, var Florø framleis ein liten by omringa av tre omlandskommunar som var tusen gonger større i utstrekning. Innanfor dei tronge bygrensene – Gaddevågen i aust, Storevatnet i sør og i vest rett bortanfor noverande Firda Billag – budde litt over halvtanna tusen menneske. Kinn, Bru og Eikefjord hadde samla tre gonger så mykje folk. I 2017 har folketalet vakse mykje og situasjonen er snudd på hovudet. Av dei omkring tolv tusen menneska bur storparten innanfor den noverande tettstaden Florø, som strekkjer seg over det meste av Florelandet og vestover mot Brandsøya. Næringslivet var tidleg i etterkrigstida tungt basert på sildefisket og Florø var ei stor mottakshamn. Då sildefisket svikta, voks skipsverftet Ankerløkken fram som den store hjørnesteinsbedrifta i byen og distriktet. Større og større skip vart bygde ved Gaddevågen, før oljenæringa tok over og Botnaneset blei det nye industrielle lokomotivet. Fiskerinæringa i distriktet skrumpa inn, berre nokre få blei att. Men florafolket fekk ta del i eventyret om oppdrettslaksen, og Flora er i dag ein viktig havbrukskommune. Sjølv om hovudnæringane har skifta, er det eitt element som heile tida har vore viktig for
Flora: Havet. Kystnæringane og kystkulturen har alltid sett sitt preg på byen og kommunen, men først frå 1980-talet fekk kultur og historie knytt til kysten og havet auka status, noko som har sett Florø og Flora tydelegare på kartet. Vendt mot havet» er difor tittelen på bind 3. Denne vendinga mot havet har ikkje vore til fordel for Flora i alle samanhengar. Florø var lenge einaste byen i fylket, men laut tole sterk konkurranse om ulike sentrumsfunksjonar utover i etterkrigstida. Vegane blei viktigare som kommunikasjonsårar enn sjøen, og då låg Førde meir sentralt til. Sjukehusstriden mellom Florø og Førde blei lang og opprivande. Kystbyen tapte også fleire andre kampar, men vann ein viktig: Hovudsetet til Fylkesbaatane, seinare Fjord1. Og i arbeidet for å få lagt oljebasen stod Florø utan konkurrentar og med full oppbakking frå fylkeskommunen. Då andre verdskrigen tok slutt, var det området som no ligg under Flora kommune, som nemnt framleis delt i fire kommunar: Florø, Kinn, Bru og Eikefjord. Steindalen krins låg under Vevring kommune, medan gardane Breivik og Husefest høyrde til Bremanger. Samlinga som skjedde med verknad frå 1. januar 1964, skapte ein ny storkommune. Samstundes svara dei nye grensene nokolunde til dei som omkransa den første Kinn kommune, frå tida før Florø vart by, og det var eit distrikt med tette band som slo seg
saman – den veksande småbyen Florø og det nærast omlandet ikring. Flora kommune får ei 56 år lang historie slik det ser ut no. I juni vedtok Stortinget å slå saman dei to kommunane Flora og Vågsøy med verknad frå 1. januar 2020. Ei samanslåing av kommunar utan felles grense er noko heilt nytt i norsk kommunalhistorie. Bremanger som ligg i mellom, held førebels fram for seg sjølv, så det skal bli spennande å sjå korleis den nye Kinn kommune vil utvikle seg. Det siste bindet tek for seg den nyaste historia, ein tidsperiode alle over ein viss alder sjølv har opplevd. Sidan så mange er tidsvitne, er det også svært mange ulike oppfatningar av historia. Ei rekkje av lesarane vil sikkert vere ueinige i mine vurderingar og val. Nokre vil sakne omtale av særskilde emne eller historiske hendingar, og slik må det vere. Eg håpar likevel at boka vil gje alle som les ho noko, anten det er innsikt, underhaldning eller mimring om svunne tider. Til alle som skaffar dykk boka, også de som ventar og håpar ho ligg i ein hard pakke under juletreet: Ha god lesnad.
Engasjementet for sjukehuset i Florø var stort, og Kakebumannan kom med ei klar åtvaring. Foto: Firdaposten.
«Svanhild» sin heimkomst i 1988 var eit minneverdig høgdepunkt for folket i Flora og kystkulturen. Foto: Firdaposten.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.