2017-16 - Bjarte Sindre - Difteri-epidemien i Flora 1944/45

Difteri-epidemien i Flora 1944/45

I gamle dagar var difteri ein svært farleg infeksjonssjukdom som særleg gjekk ut over born. Dødsprosenten kunne vere over 40. Bakteriane gjekk til angrep på luftvegar og lunger, men kunne spreie seg til andre deler av kroppen. Vanlegaste dødsmåten var at luftrøyret snurpa seg saman, og pasienten blei kvelt. I gamle dagar kalla dei sjukdomen krupp. Den tyske forskaren von Behring klarte på 1880-talet å lage eit antitoksin som motverka sjukdomen, og han utvikla også ein effektiv vaksine. Etter dette har vi stort sett vore skåna for denne frykta sjukdomen.

Under krigen var det for mange eit einsidig kosthald. Folk budde svært tett, og i dei siste krigsåra hadde ein ikkje lenger såpe til å vaske seg med. Hygienen vart då mykje dårlegare enn til vanleg. Det var ikkje unaturleg at ein epidemisk sjukdom som difteri brått kunne dukke opp på nytt. På landsbasis var epidemien sterkaste i 1943. Hos oss såg det ut som vi skulle sleppe unna det verste. Her i byen byrja han i det små. I 1942 var her to tilfelle, og det eine var jamvel ei jente frå Bergen som nett var komen hit. I oktober og november kom her to nye tilfelle i Kinn. Først i slutten av april 1944 steig tala på smitta i Florø dramatisk, og det same skjedde i distrikta frå midten av august. Fram til nyttår hadde vi registrert 35 sjuke, og i dei fire første månadene av 1945 kom der nye 41 til. Men så var sjukdomen brått over. Siste tilfellet i Kinn var 09.04.45, i Florø 30.04.45. I tillegg til desse hadde vi nokre få som låg isolerte i heimen.

ISOLAT PÅ SJUKEHUSET Det vart hardkøyr på sjukehuset, og heile den nordre fløya mot Skulegata vart avstengt og laga om til eit isolat. Med det same ein byrja på korridoren var der spikra opp ein tverrvegg, og i denne var der som ei luke ein kunne sjå gjennom. Dette for at dei sjuke ikkje skulle smitte andre, og her

Hjørdis med faren Elias Ånnøy. Dei har nettopp vore og vitja Else på sjukehuset, og fått melding om at ho no er så godt som frisk. Snart skal ho få kome heim.

Else og Hjørdis Ånnøy med ein slektning frå Naustdal. Else var ein av dei første i byen som vart difterisjuk. Merkeleg nok gjekk Hjørdis fri.

Anne Katharine Hopen vart sjuk av difteri, og isolert på sjukehuset. Sjukdomen var farlegast for barn. Tida vart særleg hard for henne, av di den vesle broren hennar, Geir døydde. Ho fekk lov til å stå på ein liten balkong i sør og sjå gravfølgje dra forbi. Det var hjarteskjerande tungt, og har følgt henne resten av livet.

Hilda Hopen med sonen Geir. Heile byen var med Hopenfamilien i sorga deira. Samtalar ein med eldre om difteriepidemien, så hugsar alle dette tragiske dødsfallet.

kunne ein få vitje oppegåande pasientar. Terje Sindre hugsar godt igjen denne ordninga, for han var nede og besøkte ein god klasse- kamerat, Wilfred Book. Han var blitt lett angripen, og fekk difor gå fritt omkring på isolatet. Som alltid med sjukdomar var det nokre som kom seg tolleg lett gjennom. Etter ein månad eller mindre fekk dei sleppe ut frå isolatet, medan andre vart liggande i månadsvis, og hadde ikkje berre plager med halsen, men også med hovudverk, og smerter i nervesystemet og hjartet. Else Ånnøy var ein av dei første i Florø som fekk sjukdomen. Dei hadde vitjing av ein slektning på gjennomreise. Ho overnatta hos Ånnøy sine i Hesteneset, og eit par dagar seinare fekk dei vite at gjesten hadde fått difteri. Berre tre dagar sein-are braut han ut hos Else også. Inkubasjonstida for difteri er kort. Ho vart straks isolert på sjukehuset, av di difteri er svært smittsam. Foreldra var redde for at tvillingsøstera Hjørdis også skulle bli angripen, men merkeleg nok slapp ho unna. Else vart liggande på isolatet i månadsvis, og hadde det vondt. Ho hadde smerter i beina og i brystet, men til slutt fekk ho kome på ei lita av-deling for rekonvalesentar. Ho kan ikkje nok lovprise alle dei andre pasientane for omsuta dei viste for kvarandre, og per- sonalet var utruleg dyktige. Ho hadde ein veldig respekt for Dr. Yttri, som opplagt var ein svært dugande lækjar.

Då ho kom til den friare avdelinga, fekk ho vitjing av foreldre og pasientvener, og livet vart lettare å leve. Særskilt hugsar ho Agda Døsen som lyste opp i kvardagen hennar.

NOKRE FAMILIAR HARDT RÅKA Enkelte familiar vart særleg hardt råka. Her i sentrum galdt det Hopen-familien der begge foreldra og borna Anne Katharine og Geir vart sjuke. Stor sorg vart det då den snart tre år gamle Geir brått døydde. Halsen snøra seg med eitt saman, slik at guten ikkje fekk puste. Han vart straks køyrt til operasjonssalen, der dokter Yttri ville lage eit hol i luftrøyret under tilsnøringa, men det var allereie for seint. Då Geir vart gravlagt, fekk Anne Katharine lov til å stå på balkongen i aust og sjå på gravfølgjet. Det er den verste opplevinga ho har hatt. Ho fekk hjelp og trøyst av to andre pasientar, Karl Gunder- sen og Malvin Hole. På sjukehuset hadde tyskarane rekvirert ei avdeling for seg. Her også var det difterisjuke, og russiske krigsfangar låg her, men sikkert ikkje på same rom som tyskarane. Som liten fekk eg høyre at to russarar hadde døydd av difterien, men har berre klart å få stadfesta ein, Konstantin Dudev. Han vart gravlagt på kyrkjegarden i Florø.

Doktor Tobias Gedde-Dahl (1903–1994) Han var spesialist i epidemiske sjukdomar, og tok alle rådgjerer for at sjukdomen ikkje skulle spreie seg, og at dei smitta straks skulle kome til handsaming.

SJUKEHUS OG DYKTIGE LÆKJARAR BERGA MANGE Her i byen var vi heldige som hadde sjukehuset, og ikkje minst ein distriktslækjar som Tobias Gedde-Dahl og kirurgen Dr. Yttri på sjukehuset. Gedde Dahl gjorde eit fantastisk arbeid med å isolere og legge inn sjuke. Alle skular fekk nøye kunnskapar om korleis dei raskast skulle avdekke angrep av difterien, og korleis ein skulle verne seg mot smitte. Eg hugsar at vi skulle gå og kikke kvarandre ned i halsen. Var den blitt kvit, skulle vi straks gje melding til lærarane. Stor var oppstandelsen då vi ved eit høve fann to sjuke, som straks blei lagde inn. Distriktslækjaren gjennomførte dessutan eit strengt vaksinasjonsprogram. På sjukehuset fekk dei den beste handsaminga. Dr. Yttri hadde god kjennskap til immunterapien, og ikkje minst handsaminga med toksinar. Diverre hadde vi den gongen ikkje antibiotika. Resultatet vart at sjukdomen herja hos oss om lag i eitt år, for så å dovne bort. Skadeverknadane var også små, med få dødsfall. Eg har berre fått kjennskap til tre, noko som er langt under landsgjennomsnittet. Diverre er det slik at vi ikkje utviklar livslang immunitet mot difteri om vi har hatt han. Også vaksinering vil forta seg etter nokre år. I mange fattige land er framleis difteri vanleg, om han er så godt som utrydda her i Noreg. Difor er det nok best å vaksinere seg om ein skal langt av garde.

Peder Johan Yttri (1884–1968). Dokter Johan Yttri kom til byen som distriktslækjar i Kinn i 1927. Då det nye sjukehuset stod ferdig i 1933, vart Yttri overlækjar. Han var utdanna kirurg med omfattande røynsle. Han hadde gode kunnskapar om korleis difteri skulle behandlast.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.