SIS-stasjonen «Erica»
I byrjinga av mai 1941 kom «Fiskebas» til Shetland med 8 flyktningar frå Florø. To av desse, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, vart straks overført til SIS (Secrete Intelligence Service) for opplæring som løynde agentar. Etter nokre månader med instruksjon, vart desse to dei første SIS-agentane. Dei vart sende til Noreg, og kom fram til Solberg den 20. august. Raskt hadde dei etablert stasjonen «Eric» på Gåsøya, rette utanfor garden Solberg. Den låg med utsyn til leia, var stort sett flat, og dei slo seg til i eit sauefjøs. Tyske krigsskip for framom dagleg, ofte med berre 100 meters fråstand, og dei registrerte all ferdsle av handelsskip i tysk teneste. Såleis fekk dei sendt mykje verdfull informasjon til England. Til alt uhell vart dei oppdaga av ei jente ut i februar 1942, og leiinga i London henta dei difor tilbake til England.
Etter nokre friveker vart det hardkøyr med trening og vidare utdanning. SIS var heilt avhengig av stasjonane sine på Vestlandskysten, og det var viktig raskast råd igjen å få dei operative. Svardal og Ulriksen skilde no lag. Dei skulle leie kvar sine grupper i ytre Sunnfjord. Ulriksen med «Cygnus» og hjelpesmann Ivar Møller. Stasjonen deira vart liggande i ei hole på nordre Skorpa. Svardal skulle få oppretta ein stasjon, «Erica», om lag på same staden som «Eric» hadde lege. Han fekk med seg Eivind Viken som kom frå oppdrag med stasjonen PI på Staveneset. Begge desse karane var fysisk sterke og veltrente, Viken ein framragande vinteridrettsmann. Dei hadde ein sterk forsvarsvilje, og avskydde nazismen. Dei var ikkje redde for å ta sjansar, og hadde ein uvøren veremåte. Viken hadde aldri vore velsett på skulen. Han var sterkt dyslektisk, eit lyte dei visste lite om den gongen. Såleis lærte han ikkje å lese og skrive. Først då han kom til SIS-opplæringa vart det orden på dette. Etter fleire forsøk, vart dei sett i land ved Solberg den 15. januar 1943. Simon Solberg rådde sterkt ifrå at dei slo seg ned på Gåsøya der Sta-
sjonen «Eric» hadde sendt frå. Tyskarane hadde Solberg-garden under oppsikt. To av sønene, Lars og Harald var nettopp blitt arrestert av okkupantane. Den eldste sonen, Ludvik, hadde flykta til England med sonen sin Erling for skuld illegale aviser. I USA dreiv broren Thor og utdanna amerikanske krigsflygarar til innsats mot tyskarane. Simon og Gunhild Solberg budde no aleine på garden, og hadde yngste dottera Sigrun til å ta seg av dei. Sigrun hadde vore nærkontakten til Svardal og Ulriksen då dei heldt til på Gåsøya. Sigrun fekk bodsend Dagfinn Hjertenes, kontaktpersonen for stasjonen «Eric» i Florø. Mor til Dagfinn, Anna, var eldre søster av Sigrun. Simon, Sigrun, Dagfinn og Atle samtalte om kvar det kunne vere høveleg å slå seg ned. Forslaget var Breivika hos Isak Bredevik. Breivika var utan veg, låg litt avsides og familien der var heilt å stole på. Svardal og Viken drog dit, og vart vel mottekne. Isak Bredevik skulle gøyme dei og sendaren på den vesle garden. Det meste av utstyret deira var sett på land i Batalden hos Sigurd Langøy. No vart det i fleire vender henta inn til Breivika, og sendaren kom i drift den 25. januar.
Atle Svardal(1919–1945) leverte ein formidabel innsats for norsk fridom med agenttenesta si. Han var leiar for tre SISstasjonar, «Eric», «Erica» og «Roska». Han fall i kamp mot tyske kommandosoldatar den 13. mars 1945.
Eivind Viken (1916–1999) var ein uforferda motstandsmann. Han var saman med Svardal på «Erica). Dei utfylte kvarandre på framifrå vis. Viken overlevde krigen, og styrte fleire SISstasjonar etter «Erica». Han var høgt dekorert. Emigrerte til Australia, der han gifta seg.
Sigrun Solberg var ei ivrig motstandskvinne, og kontaktperson for både stasjonane «Eric», «Erica» og Roska. Då «Roska» vart avslørt, klarte ho på mirakuløst vis å flykte, og gøymde seg til slutt øvst i Nordalsfjorden. Først som 97-åring fekk ho i 1999 ein medalje for innsatsen sin.
FLYTTA TIL BLÅURA VED HUSEFESTVATNET
Det var klart at agentane ikkje kunne slå seg fast til i Breivika. Dei måtte finne seg ein tryggare gøymestad, også av omsyn til familien Bredevik. Dei drøfta dette med Isak, og kom fram til at i den digre og mest uframkomelege Blåura ved Husefestvatnet måtte høve framifrå. Men nett no låg der mykje snø i markene, og far etter ferdsel ville vere lett å spore. Difor heldt dei seg i Breivika, men hadde fast ordning med å gøyme seg ute i terrenget om der var fare for tysk rassia. Straks snøen tøya, byrja agentane å frakte utstyret sitt opp til Blåura, der det vart gøymt på ulike stader. Like før dei hadde planlagt å flytte stasjonen, vart det ein veldig tysk aktivitet i heile distriktet. MTB 631 gjekk på grunn rett nord for Botnaneset etter eit åtak mot ein tysk konvoi, der to lasteskip vart senka. Mannskapet kom seg om bord i MTB 619 som også var med på denne aksjonen. Etter fleire mislukka forsøk på å sette eld på havaristen, måtte dei sette kursen vestetter mot Shetland, av di alarmen sjølvsagt hadde gått hos marineleiinga i kystbyen, og ein sverm av tyske
krigsskip var på veg innetter til Botnavågen og konvoien. Etter ein stormfull overfart var det eit under at dei kom velberga fram. Tyskarane var i første omgang ikkje klar over at det hadde vore to MTB-ar i aksjon, og trudde at mannskapet på MTB 631 hadde stukke seg bort, og då nord om Florø. Veldige søk vart sette i gong, og dei fleste hus i området vart saumfart. Utruleg nok kom dei ikkje til Breivika. Viken og Svardal fann seg no ein god utsiktsplass øvst i Blåura, og med brattaste fjell i ryggen. Såleis kunne staden ikkje oppdagast frå aust. Dei flytte mengder med steinblokker, og murte seg eit rom på om lag 3 gonger 4 meter. Over la dei trestokkar og greiner dekka med mose og stein. «Hytta» var bygd ned i ura, og er jamvel i dag uråd å få auge på før ein er heilt framme ved dei vakre murane. I bakkant ordna dei seg kjøkken, der dei kunne lage seg mat. Dermed steig røyken opp etter fjellsida, og dei kunne sikkert både koke og steike jamvel på dagtid utan at det kunne oppdagast. Dei hadde også ein god og vel skjerma soveplass. Det må ha vore eit blodslit å lage til denne hytta, og ikkje minst å få alt utstyret på plass.



Dagfinn Hjertenes (1912–1972] var mest under heile krigen SISagentane sin kontaktperson i Florø. Først då tyskarane fann «Roska» vart han avslørt. Vegen gjekk til Gestapo sitt hovudkvarteret i Bergen, der han vart torturert, deretter til fangeleiren Espeland. Han fekk aldri påskjøning for det oppofrande arbeidet sitt.
Dagfinn Hjertenes hadde oppsyn med alle små fyrlykter i distriktet, og hadde difor motorbåt og drivstoff – eit framifrå dekke for ein viktig kurer for SIS-agentane. Han gav dei viktige opplysningar, og elles den hjelp og støtte han kunne.
Berre å klatre opp ura til gøymestaden lausreipa er ei påfreisting, og når vi tenkjer på at utstyr og proviant sikkert vog fleire tusen kilo, så var det ikkje nokon ferietur dei var på. Vi får også ta med i rekninga at dei låg som i fri luft, og vind og regn har sikkert vore til stor plage for dei. Frå speidegluggane dei hadde laga seg, var det ypparleg utsyn både til indre og ytre lei. Difor kom dei til å sende store mengder med viktige meldingar til London. Stundom tok dei seg turar ned til Isak Bredevik for å få meldingar som Sigrun Solberg eller Dagfinn Hjertenes hadde kome med. Dermed kunne dei supplere med viktig informasjon, særleg om tilhøva i Florø. Tyskarane hadde i byrjinga av krigen ikkje tatt sendarane særleg alvorleg, men når allierte aksjonar mot tyske krigsskip, konvoiar og installasjonar blei omfattande og nøyaktige, var det klårt at etterretninga SIS-agentane gav til London, var til stor skade for den tyske hærmakta. Derfor sette dei etter kvart inn stadig fleire fartøy med peileutstyr for å få vite kvar dei heldt stad. Dette gjorde dei med ulike observasjonar
der retninga var fastlagt. Når dei så drog liner, ville dei finne stasjonen der linene kryssa kvarandre (krysspeiling). Dagfinn Hjertenes skulle halde oppsyn med, og reparere alle små fyrlykter i distriktet. Derfor hadde han båt, og kunne farte rundt om utan at tyskarane hadde mistanke om noko gale. På ferdene sine fekk han klåre mistankar om kva for båtar som peila, og han observerte også slike ved kai i Florø. I tillegg snappa både Sigrun og Isak opp kva for båtar fiskarane meinte var i tysk teneste. Svardal og Viken fekk sjølvsagt desse opplysningane, og visste difor når dei vart peila. Men dei brydde seg ikkje. Dei var sikre på at tyskarane aldri ville finne gøymestaden, og sende meldingar både morgon og kveld, jamvel om peilebåtar var i nærleiken. Etter kvart vart likevel peilebåtane svært nærgåande, og jamvel dei to dristige agentane fann at her var det sikrast dra klørne til seg. Dei gav melding til London om stoda, og tidspunkt vart avtalt for henting på avtalt stad utanfor Breivika. Siste meldinga sende dei 04.09.1943. I ura gøymde dei


Bjarte Sindre og Reidar Brandsberg i restane etter hytta Svardal og Viken laga seg øvst i Husefestura. Det må ha vore eit blodslit å få til denne gøymestaden.
bort alt utstyr dei ikkje tok med seg tilbake, og gav seg så i veg til Breivika. Isak hadde fått melding, og ei mørk natt gav dei seg i veg til møtestaden med motorbåten hans. Dei måtte vente i fleire timar før to MTB-ar kom sigande ut av mørket. Raskt kom agentane seg over i den eine, og ikkje lenge etter stemna dei av garde vestetter mot Shetland. «Erica» var ein av dei mest vellukka stasjonane SIS hadde. Over 1000 meldingar vart sende av Svardal og Viken, mange av dei svært verdfulle. Leiaren deira fann at dette var ein så flott prestasjon, at han sende melding til Kong Haakon, og gjorde framlegg om at dei to skulle få audiens.
Kongen sette stor pris på arbeidet til agentane, og hadde beundring for dei. Sjølvsagt fekk dei møte Kongen. Svardal hadde allereie gjort dette saman med Ulriksen, og var velrøynd. For Viken var det ei ugløymande oppleving, og han var nervøs og kaldsveitta. Difor heldt han munn, og lét Svardal sørge for snakkinga. Svardal og Viken skilde no lag. Svardal fall i kamp med tyske kommandosoldatar den 13. mars 1945 på stasjonen Roska rett over Breivika. Viken styrte fleire stasjonar, og overlevde krigen. Han emigrerte til Australia, og gifta seg der. Han døydde i 1999.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.