2017-07 - Odd Standal - Bygdebadet i Stavang

Bygdebadet i Stavang

Gøymt men ikkje gløymt:

Stavang har frå gammalt av vore ein møteplass for folk frå kringliggjande bygder. Her var kyrkja for Bru sokn, og om Bru kommune i det heile hadde noko sentrum, så var det Stavang. Haave-slekta, opphavleg frå Naustdal, har sett tydelege spor etter seg i bygda. Men også andre: Fleire fiskebåtar har hatt heimehamna si her, noko dei mange sjøhusa vitnar om. Namn som Snilstveit, Grytten og Gullaksen er kjende fiskerinamn vide omkring, så det var ikkje unaturleg at Bru kommune i si tid prøvde å få lagt ein sildoljefabrikk hit, men den hamna i Gunhildvågen i staden.

Mindre kjent er det at bygda hadde noko så sjeldsynt som eit offentleg bad. Slikt fanst i byane, m.a. i Florø, men ikkje i små bygder. Det var etter

krigen at lærar Ludvik Lihaug stilte seg i brodden for tiltaket. Lihaug kom til Stavang som lærar i 1931 og vart verande der til 1965. Snart hamna

Bygdebadet i Stavang har utspelt si rolle, og ligg der til forfall mellom busker og kratt. For 50–60 år sidan var det både ein populær og viktig institusjon i bygda.

han i styre og stell: Skulestyret, forliksråd m.m Han var ein viljesterk person, svært oppteken av fysisk fostring og folkehelse. Smittsame sjukdommar, som t.d. poliomyelitt, var enno vanlege. Den siste polio-epidemien her i landet herja frå1950 til 1954, men spreidde tilfelle førekom heilt fram til 1969. Etterkrigstida var elles ei tid då folk gjerne løfta i lag, også på småbygdene. Men pådrivarar måtte til, då som no. Lihaug var ein slik initiativtakar. Gjennom Stavang Røde Kors fekk han bygdefolket med seg. Basarar var den vanlegaste måten å reise «kapital» på, slik også i Stavang. Tomt vart stilt til disposisjon av Nikken Haave, og den vesle murbygningen attmed skulen kom opp tidleg på 1950-talet. Aud Våge, fødd Stavang, hugsar godt aktiviteten ved badet, for det var mor hennar, Olga Sta- vang som utgjorde «booking-sentralen» og hadde ansvar for varmtvatnet og reinhaldet, og å slå på og av varmen. Bygget var i betong, berre badstova hadde panelte veggar. Det var trerister på alle golv. Rister, benkar og hyller hadde Lihaug laga sjølv. Ristene var solide, og så tunge at det kunne vere vanskeleg å få dei opp når golva skulle vaskast.

Aud Våge hugsar godt den tida badet var i bruk, og folk kom på døra heime og «booka» og betalte. Det var mor hennar, Olga Stavang, som utgjorde «bookingsentralen», og hadde tilsyn med bygget.

BADEKAR OG DUSJ MEST POPULÆRT Badet var forsynt med stor varmtvasstank, og noko slikt var heilt uvanleg i privathus på den tida. Endå meir aparte var badstova – men det viste seg at den var mindre populær enn badekaret og dusjanlegga. Og dessutan dyrare, – badstove kosta ei krone og femti øre, medan prisen for dusj var kr. 0.75 og for karbad kr. 1.00. Anlegget hadde to dusjar og eitt omkledningsrom, og dessutan eit rom med badekar og handdusj. Noko så nymotens som vassklosett var der også, – lærarbustaden hadde framleis utedo! Badet vart det ein i våre dagar ville kalle ein suksess. Det var flittig brukt av bygdefolket, – opningstida var vanlegvis frå fredag og fram til middagstid sundag. Folk kom på døra på Teigane (der Aud voks opp) og booka seg inn og betalte. Alt vart skrive ned i ei kladdebok , og pengane vart samla i eit krus, hugsar ho, og overleverte til kasseraren i rødekorslaget med jamne mellomrom. Det vanlege var at ein heil familie kom samla og tok helgevasken sin i lag. Dei hadde ein halv

time på seg i badet. Og fullt trykk var det heile helgane! Aud Våge fortel også at det iblant kom mannskap frå fiskebåtane som høyrde til i bygda. Dei hadde knapt tilgang til kroppshygiene om bord, så viss desse «notahundane» skulle på dans om laurdagskvelden, så kunne dei ikkje lukte fersk brisling eller gammal sild. Men det var ikkje snakk om berre kroppsvask. I austre enden av bygger var der eit eige vaskerom med varmt og kaldt vatn. Hit kunne folk komme og vaske og skylje klesvasksen sin, ikkje minst vinterstid. Badet var i bruk til innpå 1970-talet, – då hadde dei fleste fått eige bad heime. Og slik gjekk det til at stavangsfolk lukta så mykje betre enn andre bruværinga – i ein periode!

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.