2016-29 - Oddvar Isene - Årsrapport for Flora Historielag 2016

Årsrapport 2016

STOR AKTIVITET I FLORA HISTORIELAG

29. februar hadde laget årsmøte, med 14 frammøtte. Styresamansetninga i år er omlag som i fjor. Oversikt over medlemmer er trykt på side 3.

Sjølv om dei sakene historielaget jobbar med gjennom året, ikkje alltid er så synlege ute mellom medlemmene og i lokalmiljøet elles, så kan styret i laget også i år sjå attende på eit travelt år.

14. april arrangerte historielaget historiekveld på Hjørnevikhagen. Dei som står bak nylanseringa av Elisabeth Welhaven si bok «Staden & stranden», Annette Friis og mannen, frå Bergen, presenterte boka. Bjarte Sindre kåserte om Welhaven-familien.

27. mai var laget på synfaring oppe i Huse- festura, for å relokalisere staden der den illegale radiostasjonen «Erica» låg under krigen. Med på turen var Tomas og Eirik Svardal, Bjarte Sindre, Otto Ullevålseter og Reidar Brandsberg. Det var ein flott tur i eit krevjande terreng med ur og store steinblokker.

31. mai var historielaget med på lansering av boka om Einar Seim, i lag med Flora kommune og Selja Forlag.

Ei av dei store sakene er forarbeidet med TV-serien om «Kystagentane», som var omtalt i fjor og no er kome nokre steg vidare. Manusfor- fatter Petter Rosenlund, kjent som manusforfatter av TV-serien «Kampen om tungvannet» har fått kr. 100.000,- frå Norsk Filminstitutt og arbeider no i 2016 vidare på utvikling av manuset til TV-serien. Johan Moen frå firmaet Northwestwood er inne i prosjektet som førebels produsent og det vil den 20. oktober bli søkt Vestnorsk Filmsenter om stønad til vidare framdrift av prosjektet. Det tek tid å lage TV-serie. Det er mykje som skal på plass og vi ønskjer å knyte til oss dyktige fagfolk og helst få med utanlandske produksjonsmiljø, kombinert med norske fagmiljø. Då må ein få samla inn mykje midlar og bruke tid på å bygge relasjonar og skape interesse for vårt prosjekt. Etter eit år med arbeid er vi likevel positive og håpar og trur at vi skal klare å få realisert «Kystagentane» innan år 2025.

Elles nemner vi kort nokre av dei andre sakene som laget har engasjert seg i.

Opprustinga av «Kyrkjestova», det gamle raude huset ved Kinnakyrkja, er no fullført. Dette har vore eit samarbeid med Kinn sokneråd og Kinnaspelet, der Flora Historielag i hovudsak har teke del i arbeidet med innsamling av midlar. Den store dugnadsinnsatsen med opprustinga, er i hovudsak Soknerådet og Kinnaspelet som står bak. Huset blir no eit viktig supplement til kyrkja m.a. i samband med gudstenester, bryllaup, pilegrimsvandring og omvisningar av turistgrupper.

18.juni, under Kinnaspelet deltok styreleiar i møte med Riksantikvaren på Kinn, der ein mellom anna drøfta vedlikehald av Kinnakyrkja og bruk av det historiske miljøet på Kinn. Ut over hausten er det planlagt fleire arrangement der historielagt står ansvarleg, eller har medansvar. I oktober kjem Florahistoria, bind 2. Flora historielag er medarrangør på boksleppet på Flora Samfunnshus saman med Selja Forlag og Flora kommune. 26. november er historielaget medarrangør med Blomsterhagen og Nina Gjervik om et arrangement med Frank Årebrot. Haustmøtet blir 17. november på kystmuseet. Bjarte Sindre vil kåsere om tidsperioden 18601945, som er perioden Florahistoria bind 2 handlar om. Torkjell Djupedal blir og med og vil presentere dette storslåtte og viktige historieverket. Floraminne for 2016 vil og bli lansert på møtet.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.