2016-22 - Gaute Losnegård - Historia om Flora - bind 2

«HISTORIA OM FLORA BIND 2»

ER FERDIG

Kjære historieinteresserte. Når du les dette, finst bind 2 av «Historia om Flora» tilgjengeleg i handelen. Eg veit at mange har venta lenge på boka, og no er ho endeleg ferdig.

Arbeidet med boka tok til i 2012, rett etter at bind 1 låg føre. Bind 2 tek føre seg perioden frå Florø blei grunnlagt i 1860 og fram til slutten av andre verdskrigen i 1945. Eigentleg skulle bind 2 dekke heile perioden opp til notida, men under arbeidet kom det ønskje frå forlaget om ei deling. Dette har eg teke til følgje, og bind 3, som handlar om tida frå 1945 til 2017, vil komme neste haust. Boka er ei såkalla allmennhistorie som skal framstille utviklinga i lokalsamfunnet med brei pensel. Det er ingen enkel sjanger. Eg har måtta ta eit utal val – skal eg skrive om dette emnet, korleis skal det og det stoffet vinklast, kor mykje skal eg leggje vekt på generelle kontra lokale forhold osb. osb. Det er både eit privilegium og ei plikt for forfattaren å velje og vinkle for at det skal bli litteratur ut av det. Utgangspunktet i 1860 var at fylket hadde fått sin første by i samband med det rike sildefisket omkring Kinn midt på 1800-talet. Men kva skjedde då silda blei vekke, berre få år seinare? Og då ho kom tilbake i 1886? Florasamfunnet har hatt oppturar og nedturar i takt med gode og dårlege åringar på havet, og det er naturleg nok eit gjennomgangstema i boka. Eit anna er forholdet mellom den veksande byen og landsbygda ikring. Flora var delt, både kulturelt, næringsmessig og administrativt

mellom Florø og landkommunen Kinn (som i 1923 blei delt i tre), og dette har gjeve tittelen til boka – Bymann og fiskarbonde. Under arbeidet med boka har eg arbeidd med ei rekkje spennande kjelder, dei aller fleste skriftlege – frå Vårsildfondet sine møtebøker, som fortel om opprettinga av det første sjukehuset i Florø, til politiprotokollen frå krigsåra, der ein kan lese om kriminalitet som verkar nokså absurd i fredstid (til dømes tjuveri av kålhovud). Også når det gjeld biletmateriale og illustrasjonar har eg gått gjennom mykje interessant materiale, og det har vore mange vanskelege val. Denne jobben er gjort i lag med Liv Grimsbø på Selja Forlag, som eg har hatt eit utmerka samarbeid med. Det at distriktet gjennom fleire tiår var delt i fire kommunar har gjeve historikaren mykje ekstraarbeid, men også høve til interessante samanlikningar. Korleis takla dei ulike kom- munane krisetida i mellomkrigsåra for eksempel? Denne perioden var vanskeleg for alle, men berre Kinn kom under statleg administrasjon. Eit stort spørsmål i forhold til Florø si historie har vore kvifor byen ikkje vart eit viktigare administrativt og kommersielt senter for fylket. Mange har peika på at byen mangla veg heilt til etter krigen, men det spela nok ei

mune om ein vil satse på eit slikt bokverk, i så fall skal eg gjerne ta på meg å vere forfattar. Som historikar skriv eg ikkje for fagfolk, men for den allmenne lesaren. Eg veit det er mange med stor interesse og entusiasme for Flora-historia, og eg håpar så mange som råd – anten du bur i Flora eller andre stader – vil ha glede av Bymann og fiskarbonde. Til alle som skaffar dykk boka, også de som ventar og håpar ho ligg i ein hard pakke under juletreet:

større rolle at Bergen lenge var svært dominer- ande i fylket, at Florø sitt omland var svært grisgrendt og at Måløy passerte Florø som fiskerisentrum i mellomkrigstida. Eg har prøvd å trekke samanlikningar med Haugesund, ein annan by bygd på sildebein. Temaet strekkjer seg elles inn i bind 3, og eg vil skrive meir om det der. Som nemnt kjem bind 3 neste år. Eg har fått fleire spørsmål om det kjem ei gards- og slektssoge seinare. Det er opp til Flora kom-

Ha god lesnad!

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.

2016 - Index

 Gaute Losnegård - «Historia om Flora, bind 2» er ferdig. Om innhaldet i bd 2 i Historia om Flora. /folkeliv/lokallitteratur/