2014-06 - Bjarte Sindre - A. Hegranes Gartneri

A. Hegranes Gartneri

Alfred Hegranes var fødd i Jølster 29.07. 1883, og etter ei solid utdanning som gartnar, slo han seg ned i Florø i 1910. Her kjøpte han grunn av prestegarden, og sette i gang med eit gartneri, det første i fylket. På dette Gjelsvikkortet ser vi dei to drivhusa og ein kasseseksjon langs det eine. I aust står det vesle våningshuset han fekk bygd seg. Flagget vaiar friskt over taket. Byen var liten, og berre blomstersal var knapt til å leve av. Difor dyrka Hegranes også grønsaker for sal. Likevel var det smalhans. Først då sildefisket tok seg kraftig opp på tretti-talet, vart det betre tider.

Det store bygget til høgre er skulehuset som vart bygt i 1890. Det brann ned i 1918, og seinare vart sjukehuset reist på grunnmurane. Dei andre husa vi ser på postkortet, står her framleis. Alfred Hegranes var sterkt politisk interessert, og høyrde heime langt ute på venstresida. Han var ein dugande debattant og ihuga målmann. Då gartneriet gjekk over til lutlag fekk det namnet «Von» L/L, Gartneriet. Han døydde 01.03. 1943 etter lang tids sjukeleie. Sønene hans tok over og dreiv gartneriet vidare. Dette kortet av Anton Gjelsvik er frå 1913/14. Vi ser det er eit vinterbilete med skispor i framgrunnen.

15. juli «Urania» av Florø er brændt i Siglefjord paa Island. Stuerten, hvis navn er ukjendt, indebrændte. Skibet er stærkt hærjet men ikke fullstendig vrak.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.