Anders Hove
Haugianaren
I 1796 byrja den unge Hans Nielsen Hauge å dra rundt om i landet for å kristne folket. På ferdene sine nådde han vidt, og fekk oppleve det store elendet som på den tida rådde mellom vanlege folk. Forkynninga hans fekk stor oppslutning, og haugianarane skilte seg straks ut med å leve eit sedeleg liv, og vise stor hjelpsemd overfor medmenneske. Dei var særleg flinke til å opprette arbeidsplassar, og skaffe fattigfolk arbeid. Haugianarrørsla kom til å stå særleg sterkt i Sunnfjord, der vi hadde hovudsenteret på Svanøya, og elles sterke grupper i Steinhovden, Ausevik, Tingnes og i Naustdal.
om alle bryllaupa han hadde spelt i, der det var drikking og eit utsvevande liv, etter hans meining for skuld felespelet og dansinga. Anders Haave byrja no å halde oppbyggelege møte. Ordet spreidde seg om den nye predikanten, og han vart etterspurd i andre sokn. Snart var han på ei talarferd til Nordfjord, og i 1836 blei han overtalt til å dra til Austlandet. Særleg preika han i Gudbrandsdalen. I 1838 drog han til Christiania, og deretter kysten tilbake til Bergen og så heim. Det var eit nøye oppsyn med reisande predikantar, og dei måtte melde seg på alle politikam- mer dei kom framom. Såleis kan vi nøyaktig følgje Haave si ferd. Den 3. juli er han i Christiania, den 28. juli i Arendal, den 13. august i Christiansand, den 25. august i Flekkefjord, den 3. september i Egersund, den 13. sept. i Stavanger. Den 25. oktober melder han seg på politikammeret i Bergen for å reise heim. Det ser ut til at han hadde særleg stor framgang med forkynninga si på Karmøy.
På reisa si hadde Anders lært seg blekkslagarfaget, og han nytta fristunder til å lage slike varer. Desse selde han på ferda si. Difor gjekk ikkje eit minutt til spille, og han låg ikkje andre til økonomisk last. Alt etter slik Hauge sjølv ville ha det.
Anders Nilsen Haave var fødd på garden Hove i Naustdal den 21. juli 1809. Faren var Nils Olsson, gift med Massi Olsdotter frå Furehaugen. Guten synte tidlig store evner, og det var tenestejenta Alet som tok seg av undervisninga av guten. Han svært dugande til å lære alt utaboks, men merkeleg nok lærte han ikkje å skrive. Kanskje Alet ikkje kunne dette. Han hadde musikalsk givnad, og vart ein flink felespelar. Allereie frå konfirmasjonsalderen av, var han fast spelemann i bryllaup. Han hadde eit lyst sinn, var munter og hadde lett for å få vener. Han utdanna seg til smed, der han vart svært dugande. Tilhøve Anders hadde til gudstrua, var slik som folk flest. Han gjekk i kyrkja, til alters, og hadde solide kunnskapar om Bibelen og vanlege religiøse bøker. Pontoppidans «Sandhed til Gudfryktighed» kunne han utaboks. I 1833 var han til stades på ei overhøyring av konfirmantar der haugianaren Elias Fitje talte. Orda hans gjorde eit mektig inntrykk på Anders, og han vart overtydd om at han så langt hadde levd eit gudlaust liv. Han vart etter dette streng med seg sjølv. Frå no av skulle han vie livet sitt til sann gudstru. Han la fela på hylla. Den minte han
I 1839 legg han igjen ut på langferd. Han dreg

Foreininga bestemte seg då for at dei måtte sende rundt dugande menn som kunne tale for edruskap og mot brennevinet. Det var svært naturleg at dei i 1855 tok kontakt med Haave og bad han om å vere ein av talarane deira. Hugs at Haave var ein av dei mest kjende folketalarane i landet. Haave trong ikkje tenke seg om lenge. Det store førebiletet hans, Hans Nielsen Hauge, hadde talt sterkt mot drukkenskap, og formana alle tilhengarane sine om å vere avhaldande. Haave hadde på ferdene sine sett så mykje ulykke for skuld drikking at han difor sa ja. Det var fleire som ikkje tykte om dette, for dei fann ikkje i Bibelen noko forbod mot å nytte alkohol. Dei kunne til dømes vise til bryllaupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. I slike høve kalla ofte Haave inn til møte, og så vart det samtalt roleg om problemet. Det gjekk alltid slik at motstandarane bøygde seg for Haave sin overtydande argumentasjon. Han var ein svært omtykt folketalar, og han sparte seg ikkje når han drog rundt og talte for fråhaldssaka. Mange stader heldt han mange samlingar på ein dag. Til denne reiseverksemda nytta Haave den tida han kunne avsjå frå gardsarbeidet og familien. Til vanleg var det kring 2 månader i året. I heile ti år heldt Haave på med dette arbeidet. I 1865 tok sjukdom tak i Haave. Han hadde nok kjent at noko var gale før dette, men no vart det heilt klårt. Det viste seg at han var alvorleg sjuk, og nok ikkje hadde så lenge att å leve. Han bar både sjukdomen og tanken på komande død med stor sinnsro, og sette mot i kona, familien og alle vener. Veka før han døydde kalla han saman til eit siste møte i heimen, og der var svært mange samla. Han heldt eit gripande vitnemål for dei om misjonsbefalinga. Den 13.01. 1867 sovna Anders Haave stille inn med eit lukkeleg smil om munnen. PS Anders Haave var far til Abraham Haave, som var ein av dei mest profilerte og framgangsrike innbyggarane i gamle Florø. Det meste av stoffet i denne artikkelen er henta frå «Anders Haaves Liv og Virksomhed», skriven av Thorbjørn Horten i 1893.
tvers over landet til Tynset, ned Austerdalen og over til området kring Mjøsa. Derfrå gjekk vegen til Christiania. Her fekk han innskrive i passet løyve til å dra til Trondheim. På eit møte vart han arrestert, og ført fram for futen Kristian Elster. Han såg raskt gjennom papira til Haave, og gav ordre om at han straks skulle setjast fri. Elster vart seinare sorenskrivar i Sunnfjord. Noko seinare vart han forveksla med ein brotsmann, og lensmannen førte han til futen. Denne undersøke nøye, og fann at Haave var den han gav seg ut for. Lensmannen fekk påbod om å ta seg av predikanten, noko han gjorde. Dei vart vener for livet. Som ung hadde ikkje Anders lært å skrive. Då han vart omvend, sette han seg føre å lære skrivekunsten. Dette gjorda han på kort tid, og vart ein dugande brevskrivar. Han skreiv også salmar. Frå Trondheim drog no Haave nordetter til Nordland, og var heilt nord til Bardu og Målselv. Mellom 1836 og 1849 gjorde Haave 8 omfattande reiser. Liksom Hans Nielsen Hauge var han over alt i landet vårt, heilt nord til Balsfjord og Tromsø. Han var mykje på Austlandet, og ser ut til å ha hatt stor framgang i Mjøsbygdene. I tillegg til lange reiser var han på kortare ferder til Stavanger, Bergen, Sogn og Sunnmøre. I tillegg til dette vitja han sjølvsagt nærområda når han blei spurt om dette. Han må i desse 12–13 åra ha gått opp mot 25 000 km. Båt nytta han berre der han måtte, det vil seie først og fremst på Vestlandskysten. Då han kjende at han ikkje lenger var så sprek som i ungdomsåra, bestemte han seg for å slutte med reisene sine, og i 1853 gifta han seg med Bolette Martens i Hellevika. Vegen frå Naustdal var ikkje lang då han kjøpte seg gard i Stavang, og slo seg ned der. Kona sin familie var næraste grannar. I Noreg var der i tida etter 1814 ein omfattande drukkenskap som berre blei verre og verre. Det er dei som har hevda at kring 1835 held nasjonen på å drikke seg i hel. Vettuge menn reagerte sterkt på det dei såg, m.a. J. S. Welhaven. Han hadde i skrivinga si gått til sterke åtak på drukkenskap, og i 1845 var han med og fekk oppretta «Foreininga mot brennevinsdrikk.» Dei fekk regjeringa med seg på å setje i verk restriksjonar på brennevinsbrenning og sal av brennevin, men dette hjelpte ikkje mykje.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.