2013-22 - Fridtjov Urdal - Om forholdet mellom Florø og resten av fylket

MYKJE KUNNE VORE ANNLEIS

Av Fridtjov Urdal

OM DET IKKJE VAR SLIK DET VAR

Nokre tankar om Florø og Sogn og Fjordane. Tankar krev kunnskap. Det er ikkje bere å finne på, endå det kunne ha vore nok i dette høve. Eg går utifrå at det er Byen med ø det er meint, og ikkje storkommunen med a.

Nytt apotekbygg Frk Sylvia Hagtvedt har sendt bygge- melding på eit nytt apotekbygg i Florø, og har søkt om byggeløyve. Nybygget skal reisast i to og ei halv etasje mot Markegata, og det er berre ein del av det gamle huset som skal rivast. Det er meininga å kome i gang med arbeidet til våren. Bygget er kostnadsrekna til kr. 350 000,-.

Meir til sprit Sosialdepartementet har gjeve løyve til å auka kvoten av poteter til sprit- brenning frå 25 000 til 40 000 tonn. Dette svarar til 4 millionar liter sprit.

5 hk. Sleipner med fullt utstyr i god stand til sals. Oskar Brendø, Florø

år før, i 1844: Kva så? Då hadde byen lege her då silda kom. I staden for omvendt. No kom byen for seint til si eiga tid. Dei store fiskeria var på fall ut etter 1860-åra. Dei store åra då byen skulle ha vunne seg styrkje og feste var over. Det vart ein skalkefest. Det vert ikkje by av slikt, sjølv kor mykje ein teiknar gater og kvartal på kartet. Det vart teikna på feil plass. Byen var allereie bygd. Den låg ikkje på Floren, men i Rognaldsvågen, i Kinnasundet, Bataldøyane Nær- og Ytrøyane – der låg byen med saltebuene og lossementa. Der hadde kjøpmenn frå Bergen og Stavanger bygt buene sine. Her var der det tusenvis av karar og kvinnfolk. Her var det slit, fyll, hor og spetakkel til fortørnelse for prest og dokter. Gjøglarar, skreddar og skomakar. Her inne på fastlandet vart det ein liten by som hadde fullt opp med å vere ein liten by.

Batalden folkeskule har sendt oss 369 kroner som borna har samla inn til Ungarnhjelpa. Vi takkar og sender pengane vidare til Røde Kors.

Sildeføring Ein mann får plass på sildeføring, ny båt, lastar ca. 700 hl.

Ingen andre enn dei som bur på staden skjøna kva ei skulle med by her når ein hadde Bergen. Sjølv dei næraste i kring Florø skulle spørsmålet: «Skal du til byn eller har du vore i byn», tydast: Skal du til Bergen eller har du vore i Bergen. Dei frå bygdene i kring skulle på Flora eller på Florøyna, aldri til byn. Frå 1830 til 1866 fekk nær 30 tettstader bystatus. Ikkje alle makta gjere så mykje av seg. Florø fell i denne gruppa. Kva som lukkast og ikkje, er kva ein mæler det i mot. Sjå på to nokolunde jamgamle sildebyar; Haugesund og Skudesneshavn. Rekna mot Haugesund gjekk det bere så måteleg, men mot Skudesnes ein formidabel suksess. I dag er Skudenes mest kjend som filmkulisse. Slik går det når ein tek vare på mange små kvite hus. Eg veit ikkje kvifor det gjekk så gale i 1860. Men det var i 1854 at ulukka hende. Det var det året Hans Blom vart sokneprest i Kinn. Ikkje eit vondt ord; han var eit dyktig og drivande menneske på feil plass til feil tid. Som prest sette han meir far etter seg i det jordiske enn i det himmelske.

Om han hadde kome hertil 10

Men om Hans Blom hadde vorte prest i Hyllestad i staden for i Kinn og fått for seg at han ville få til ein by? Det hadde vore meining i. Då hadde det vore bru over Sognefjorden i dag. På torget hadde det ste statue av Eidsvollsmannen Ole

Desember

Elias Holk. Opplandet hadde gått inn Sognefjorden like til Valdres. I Florø går ikkje opplandet lenger enn til Ramsdalen. Ein by i Hyllestad hadde vore ein naturleg del av Sogn og Fjordane. Då hadde det vore rom for ein havby til; Vågsøy i mynne av Nordfjord med naturleg oppland frå Shetland til Lom.

Sild i Nordsjøen Prøvefartyet «Peder Rønnestad» melde fredag at det var store sildemengder om lag 50 nautiske mil vest av Eigersund. Det er ein nokso stor flåte av utalandstrålarar i Nordsjøen no.

Florø formannskap har sagt seg viljuge til å skaffa Florø Husmorlag plass til ein barnehage. Husmorlaget hadde elles eit særs vellukka julemøte nyleg, der M. M. Myklebust kåserte om gamle dagar.

Bratteli tek over Mons Lid vil draga seg attende som finansminister. Det er av helseomsyn. Trygve Bratteli som har vore finansminister tidlegare, kjem til å avløysa han.

Sildefiskarane skal skjermbilete- fotograferast. Det vert i Florø, Måløy og Ålesund i tida 3. – 23. januar.

Oddvar Grøvlen frå Gaular har teke teologisk embetseksamen.

No vart det to små havbyar som har lege og teke vind frå kvarandre. Kalvåg ville forresten gjerne kalle seg by. Ein kan vere glad ikkje kyststamvegen er kommen før, og tenk når dei får seg hol gjennom Staden. For kva skal Nordfjordingane med Florø? For dei er byen eit tidheft mellom Bergen og Måløy. Det einaste dei kjenner og ser i Florø i dag er fendrane på Fugleskjerkaia. Den einaste grunnen dei har til å reise hit er når dei skal sjå Kinnaspelet, og då kjem dei heller ikkje lenger enn tvers over Fugleskjerkaia. For sogningane er byen eit lausleg rykte. Eit namn slik som Fresvik eller Veitastrond er det for oss. Trass i at byen var den einaste i fylket var den anonym i fylket og i landet elles. Silda har vore velsigning og forbanning. Velsigning med arbeid, pengar og stolte røykfaner frå høge piper. Det lukta kokt sild og det lukta ikkje vidare godt. Men slik lukta pengane. Det store spelet når sølvflaumen rann inn over dekk. Forbanninga er at ein enno terpar på det. Her har vore bygd skip i eit halvt hundre år. Kvar er monumentet over skipsbyggaren. Er ikkje byen like mykje bygt på stålspant og brislingdåsar. Sildebyen det er vi! Det er vi! Rivst med Måløy om sild og monument. Lengste sildebord i verda, her eller i Haugesund. Men så lenge det ikkje er forsyningskrise på mat, er det dei færraste som interesserer seg for sild.

Sven Elvestad brydde seg ikkje om sild, i alle fall ikkje før den var kommen på glas. Han viste ikkje noko om Florø. Han lurte på om Florø i det heile teke fanst. Han hadde aldri treft nokon som var der i frå, og heller ikkje nokon som hadde vore der. Ein skulle tru Sven Elvestad ikkje hadde lese «Landstrykere». Grunnen kan vere han skriv det før «Landstrykere» kom ut i 1927. Her i byen har ein i fullt alvor diskutert om kvar to oppdikta personar var på fest. Nokre er sikre: Det var i Sundalhuset. At dei var eit oppdikta hus med oppdikta vertskap, der både festen og gjestene var oppdikta, vil vi helst ikkje vite av. Det vitnar om mangelsjuke når det gjeld lokal mytologi. Men tenk om Sven Elvestad (eller Stein Riverton som han kalla seg) er ein like perifer figur i byen si historie som Knut Hamsun, om ikkje meir. Om han hadde lete As- bjørn Krag oppklara eit brutalt drap i Kringlenhuset. Eller hala «Jernvognen» opp av Gadden. Ville ikkje det ha vore eit fantastisk løft for byen? Eller tenk dykk: «Knut Gribb og det forsvundne brevhus.» Stein Riverton er død, men leve Bjarte Sindre, no er du er kalla! Ein by treng ein mytologi, treng gru og mystikk for å vere by. Men om få visste om oss, så visste vi alt om kvarandre. Alle ville verte attkjende og alle kjenne seg att. Då er det ikkje farefritt å skrive noveller frå sin barndoms by. Sven Elvestad gjekk ikkje i land frå hurtigruta. Ein går ikkje i land på stader som ikkje finst. Det gjorde heller ikkje Carl Hapfek. Om han likevel så gjorde, sa han det i alle fall ikkje til ein kjeft. Men ein sein regntung og blåsande haustkveld skal ha komme Philip Marlowe inn til han Martin på kjellaren. Skauv hattebremmen opp med høgre

tommelfinger og forlanga ein Jack Daniel's. «Mister Marlowe I have a message for you from Mr. Hodnefjell, come here».

Desember

Brann i Havreneset Løbygningen til Ivar Sagen i indre Havreneset brann ned natt til tysdag. To kyr og fire høns strauk med, og avlinga gjekk tapt. Dei oppdaga brannen i tre-tida om natta, men brannvernet som var på plass etter ti minutt, kunne lite gjere.

For låge prisar YFK har for låge straumprisar med tanke på på den vidare utbygginga som må gjerast med leidningsnettet til folk som ikkje har elektrisk straum, heiter det i eit brev frå hovudstyret.

Nye vanskar Landbruksdepartementet har sett seg imot at ein får nytta dyrka jord hjå Martin Eikefjord til den på emna nye skulen i Eikefjord. Det er snakk om fem mål.

Bjørn Atle Sunde er tilsett i stillinga som bokhaldar og kasserar i Ytre Fjordane Kraftlag. Ingeniør Hansen som har nådd aldersgrensa på 70 år, kjem til å halda fram som styrar i eitt år til.

Kaféen i kjellaren under Standal Jernvarehandel hadde farge og innreiing som den skulle vore inn- skriven i ei roman av Arthur Omre. Mytane er viktige, like viktige som løgnene er for at ein skal kunne få sagt ei sanning. I denne samanheng kan eg minne om at Nicolai Astrup ikkje vart skapt av Jølster; han skapte Jølster. Utan hadde Jølster berre vore 40–50 km landskap langs E39. Hadde han vilja skape Jølster, hadde det i beste fall blitt ein parodi. Det er slik, det er. Dette var lenge før ein skipa til MGP finalar; med dei er det omvendt. Ei slik tilskiping har eit mål, og når det finst eit mål, så er alt så mykje verre for då kan ein bomme. Difor skal ein gjere ting som er mål nok i seg sjølv. Då kan det underfulle hende. Det er lett å underskatte verdien av det utilsikta gagnlause. Når noko er mål nok i seg sjølv, vert det til noko meir enn det er i seg sjølv. Byen har to døme på det: Kippen og Veikingkonvoyen. Kippen er noko ein er åleine om, Veikingkonvoyen like eins. Dette har alt utarta til utomsnakk og det har sine grunnar. Emnet: Sogn og Fjordane og Florø, kan ein ikkje nærme seg på nokon annan måte. Kva er det med Byen og Fylket. Svært lite, om i det heile noko som helst. Kva er Florø? Det er ein forsyningsbase. Etter 150 år er byen attende der den byrja. Den gong var det sild, no er det olje. Ein sirkel på 150 år frå stabelplass for sild til stabelplass for oljerøyr. Ikkje stor skilnad. Den til ei kvar tid rådande verksemd set vilkåra for utvikling. Slik fiskeria har sett vilkår og gjeve påskuv, er det no oljen.

Sjølvsagt er der ting i mellom hermetikk og skipsbygging, men heile tida verksemder vendt mot havet. Då vert ein ståande med ryggen mot Fylket; høgnasa og ikkje lite snurt – får ikkje vere med. Den som står med ryggen til byd seg no ikkje fram heller. Korleis kunne byen på desse vilkår vere med i fylket, verte ein by for fylket? Byen var berre ein halv by i eit fattig distrikt. Ingen elveos med fjord og vide åkrar kring, ingen djupe skogar. Men nøgda av skjer, vikar, vågar og grå hamrar. Fisket kunne slå rikt til, men som alle viste: Silda kom år etter år, og så vart ho borte. Då var det heimefiske og magre bøar og lite på. Som i draumen åt Farao var det fort at dei sju magre åt opp dei sju feite, og var like magre. Men det tenkjer ein ikkje på når ein står til knes i sild og salt. Då var det rikdom i augneblinken: Lat oss ause! Sild, sild, seglskuter. Det var ein flytande by som trong eit landfeste. Vel hadde Amtet og folkevalde gått inn for den nye byen, men dei kan ikkje ha vist heilt klårt for seg kva det var dei skulle med den. Anna enn at det var til for fiskeri. Det vart ikkje lagt administrasjon til byen. Om det var tenkt så kom det ikkje. Det var ikkje nokon hovudstad for amtet ein var ute etter. Slegen til skilling blir ingen daler. Det var ikkje nokon by for fylke, men for alle sildetønnene. Byen hadde ikkje nokon plass i fylkestinget ein gong. Byen var utanfor den politiske prosessen i resten av fylket. Staten stødde heller ikkje under med institusjonar. Der kom eit fyr, Stabben. Det vart trekt ein telegraftråd og amtsbåtane hadde ei lykt som vart heist kvar gong båt var ventande. Tollar det treng ein kanhende, og syndarar fekk magistraten ta seg av. Prest og dokter.

Desember

vende den seg utover. Det som vart skapt her av verdiar var for verda, ikkje for fylket. Det ein gjer her, gjer ein for landet og verda, ikkje for Sogn og Fjordane.

Gartnarhallen i Florø reknar med å kome i gang før vintersildfisket i vinter. Lokala er so å seie ferdige.

3. møtet om lettøl Eikefjord heradsstyre hadde møte måndag, og saka om lettølet kom opp til ny førehaving. No var det 3. gongen. Anders Hatleset tok opp att framlegget om at lettøl ikkje kan seljast utan løyve frå heradsstyret, og det vart vedteke med 6 mot 5 røyster.

Kva kunne byen ha vore for fylket? Kva funksjonar kunne den ha fylt? Det var fyrst i 1933 at byen fekk noko å seia for fylket. Det var med Fylkesjukehuset. Kor mykje har baseverksemda og forsyningstenesta med resten av fylke og gjere? For resten av fylke er Florø stort sett berre eit rykte. Byen vende seg mot havet, og har ryggen mot fylket. Det ein driv med her kjem ikkje fylket ved. Det er verdiskaping, men det er til ting utan om fylke. Når ein bygde skip var det for verda, og når ein legg røyr, er det for landet og verda. Det har byen til sams med andre byar, både store og små. Kor ofte har vi ikkje tvila på at hovudstaden er ein del av landet? Eller for å spørje på ein annan måte: Kva har Svelgen med Sogn og Fjordane fylke å gjere? Kva har Måløy og Høyanger og Årdal med Sogn og Fjordane og gjere? No har eg og nemnt dei stadene med høgast sjølvbilde og patriotisme. «Aurdøl for fan. Kødda du me meg, kødda du fan meg med heile Høyanger»! Det er ikkje berre å komme her og kome her. Mykje kunne vore annleis om det ikkje var slik det var...

Det som fanst av fylkesadministrasjon vart verande i Sogn. Fut, sorenskrivar og kaptein i Førde. Fråveret av embetsverk og embetsmiljø, sivilt som militært. Det kan seiast mykje stygt om byråkratiet, og det meste er ikkje sant. Kva som er sant er at det er berar av bokleg kunnskap, og dreg etter seg utdanning. Høgare utdanning har gjennom lange tider vore eit urbant fenomen. Var der ingen som tenkte: No har vi ein by; der legg vi skular. Eller var det Merkur som ikkje ville vite av tevling frå Minerva? Slik kan det sant og sei verke. Dei som tok utdanning måtte stort sett halde seg borte, for her var det ikkje bruk for dei. Ein hadde prest, sakførar og dokter var ein godt hjelpt. Det skorta på rolle å spele. Ikkje ein gong fylkje sit eige reiarlag kom hit før det gjekk over 100 år. Det måtte vere i Bergen. Der var vitet, og rutene enda på Petane-bryggja. Dei gjekk ikkje til byen her, dei gjekk vidare. Det var ikkje båten frå Sogn til Florø, ikkje båten frå Florø til Sogn. Kor kunne då by og fylke gro i hop? Korleis var det var tenkt? Kan hende var det ikkje råd og tenkje annleis då. Nokon rådande vond vilje trur eg ikkje på. Det er enkelt med fasiten i ettertida. Det var stapelplass ein trong om, og det var det ein fekk. Byen fekk rolla si, og den låg utanom fylket. På godt og vondt

Navigasjonseksamen Ved navigasjonskurset for fiskarar i Berle fekk desse eksamen: Asbjørn Førde, Anders A. Berle, Asbjørn Liseth, Bård Bakke, Egil Ytre Hauge, Johan Skram, Kåre Flataker, Reinhardt Nyheim, Sigvald Lillehauge, Sverre Liseth, Sigurd Liseth, Kveldulv Nyborg, Leif Kjørslevik. Vidare tre privatistar (ved navigasjonslærar Sv. Remøy): Magnus Liabø, Florø, Trygve Rognsøy, Rognaldsvåg og Harald Madsen, Reksta.

Kåseri halde på Kystmuseet i høve 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke ved årsmøtet til Flora Historielag i 2013.

Vi støtter norsk kulturliv!

Et av landets største og viktigste lakseslakteri – sentralt på kysten

Kolkaia Florø Tlf.: 06001 nordea.no

Gjør det mulig

Amfisenteret, 6900 Florø. Tlf. 57 74 28 08

Evja Sør, 6900 Florø. Tlf. 57 74 15 40

Frisor /

GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER FLORØ INTERIØR A.S.

Anne Merethe SolheiM

Hjellegata 6, 6900 Florø • Tlf. 57 74 03 66 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Timebestilling 57 74 44 19 Brandsøyvegen 6, 6900 Florø • Mobil 915 88 917

Følg oss på

Salg av Jord, gruS, Singel og Stein

Strandgata 15, Postboks 531, 6903 Florø Tlf. 57 75 17 80, Faks 57 75 17 81 E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Telefon 57 74 17 93 | Mobil 91 55 52 16 | Mobil 90 62 29 96 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.ullaland.no

Evjegata 10, P.B. 622 – 6903 Florø Tlf. 57 75 87 00 – Fax 57 75 87 01 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. – www.indata.no

SKAAR NORWAY AS | KOLKAIA 3 | 6900 FLORØ Tel.: +47 57 75 77 80 | Fax: +47 57 75 77 81 | This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.skaar-norway.com

Etbl. 1960

Komplett leverandør av elektro, alarm og automasjonssystemer til alle formål

VENTILASJON | FASADE | TAK VERKSTADPRODUKSJON

Markegt. 63A, pb. 3, 6901 Florø | Tlf. 57 75 28 00 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.incgruppen.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Hamregata 36, Evja, Florø Tlf. 57 74 25 11 www.norblikk.no

www.pwc.no

Utforsk dine muligheter

Din lokale kompetansepartner innen regnskap, revisjon og rådgivning

Det ledende revisjons- og rådgivningsmiljøet i Sogn og Fjordane med 44 ansatte. Kontorer i Florø, Førde, Sogndal, Stryn og Måløy.

Det ledende revisjons- og rådgivningsmiljøet i Sogn og Fjordane med 41 ansatte. Kontorer i Florø, Førde, Sogndal, Stryn og Måløy.

Origod AS | Industrivegen | 6900 Florø Tlf. 57 75 21 40 | Fax 57 75 21 41 E-post This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.origod.no

Bare lave priser

RØRLEGGERSERVICE FLORØ A/S AUTORISERT RØRLEGGER Industrivegen 26, 6900 FLORØ T elefon 57 74 44 66

Amfi senteret Tlf. 57 74 28 60 Evja Tlf. 57 74 00 50

E

M

R

Ø

J

K

L

E

KVALITETSHYTTER OG CAMPING – HELE ÅRET

I

T

M

i

T

r

r

e

y

k

k

Tlf. 57 75 22 50 Mob. 90103770 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.krocamp.no

E. Natvik Prenteverk AS, postboks 175, 6901 Florø Besøksadresse: Markegt. 65, 6900 Florø Tlf. 57 75 20 20 Faks 57 75 20 21 www.natvik.no This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Vi lager H-vindu til alle typer hus

Varmepumper

Nyheimsvn. 27, 6900 Florø • Tlf. 57 75 20 80 • Fax 57 74 18 48 e-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.h-vinduetbauge.no

www.klimaexperten Strandavn. 5, Florø Tlf. 57 74 30 10

BLI MEDLEM I FLORA HISTORIELAG

Flora Historielag har alltid plass til nye medlemer.

Medlem blir du ved å betale kr. 350,- til kontonr. 3775.65.77248 Dette inkluderer Floraminne. I tillegg kjem aktivitetane som laget har – og som du som medlem kan ta del i.

Bruk gjerne e-postadressa vår: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller ta kontakt med ein i styret.

Fanevik Tomteutbygging AS

Din Mesterhusforhandler i Florø • Oppføring og salg av boliger, tilbygg m.m. • Produksjon av veggelement • Etterisolering/innblåsing med Rockwool • Tomteutvikling, salg tomter B Y G G A S

FJORDGATA 5, 6900 FLORØ • Tlf. 57 75 79 80 / 911 08 640 • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. • www.fanevik.no

Gangveg på sørsida av Storevatnet

FLORAMINNE FLORA HISTORIELAG, ÅRSSKRIFT 2013 HEFTE 13

Dette postkortet er frå 1910 og viser den nye gangvegen på sørsida av Storevatnet. I austenden av vatnet skimtar vi husa til møllaren. Elva som renn ut i Gaddrvågen dreiv ei lita kvern. Best ser vi kor skoglaust her er. Skogplantinga i dette området har nett starta. Trea er knapt blitt ein meter høge. Utsikten ligg der heilt berr. Frå denne ståstaden ser vi i dag lite til gangveg og terrenget. Utruleg korleis skogen kan kle landet.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.