2012-16 - Malvin Toft - Orkan-minne - fire store

Orkan-minne

desember

412 vegarbeidarar er oppsagde her i fylket. Førebels er berre 50 av dei sendt austover på skogsarbeid, men i tillegg har 50 reist frivilleg. Nokre har også teke til på skogsarbeid her i fylket.

Både havet og dei enorme naturkreftene som knyter seg til storhavet har alltid facinert oss nordmenn. Havet gav og havet tok, og for folket på kysten har kampen for føda også vore ein samanhengande kamp mot naturkreftene opp gjennom tidene.

Is på vatna Det har lagt seg is på Likkevatnet og langs land på Storevatnet, men isen er langtfrå trygg. Det er fælt å sjå kor lite varsame mange er.

Kor mange orkanar kvar generasjon i snitt får oppleve anar ingen, men sidan radioen vart allemannseige etter siste verdskrigen, har den med ujamne mellomrom fortalt at «Vêrvarslinga melder at stormen på kysten av Sogn og Fjordane vil auke til orkan ut på natta». Då er det all grunn til å skalke lukene!

bøkene frå fyrstasjonane på grunn av at desse ikkje har hatt same måleinstrumenta heile tida. Likevel er det fire stororkanar som klårt peikar seg ut. Først vinterorkanen («Hundreårsorkanen») natt til søndag 29. janaur 1949, så «Orkantorsdage» 22. desember 1988, deretter «Nyttårsorkanen» 1. januar 1992, og vi hugsar også «Halvtimesorkanen» 23. januar 1994. La oss sjå litt nærare på desse.

Havnekafeen vert anbefalt for dei reisande. Dermed støttar dei ogso venteromet. Kaffi og middag heile dagen. Tek mot faste gjester.

«Hundreårsorkanen» Vinteren 1949 er gått inn i historia som kanske den verste uvêrsvinteren i heile det 20. hundreåret her i vårt distrikt. Storm-

Fire store Det har ofte vore diskutert kven som er den aller kraftigaste orkanen sidan krigen, og kva som er absolutt høgste målte vindstyrke. Dette er vanskeleg å seie, og det har vore lite hjelp finne i dag-

STORE - BATALDEN: Nyttårsorkanen har spakna til storm 1. januar.

Storm over den nybygde moloa i Æsøysundet 22. desember 1988.

desember

Radiobyggjesett 3 lampars radio- byggjesett kr. 68,-. Alle delane, koplingsskjema og byggjerettleiing følgjer med, Olav Sande – Florø –

sentra kom som perler på ei snor heile vinteren. Det nådde eit visst høgdepunkt siste veka i januar, som var midt under det årvisse vintersildefisket. Silda trekte heilt inn i fjordane dette året, men likevel var det mykje landligge på grunn av uvêret. Fiskeflåten hadde nok med å finne livd og passe på at fortøyningane heldt.

Onsdag 25., torsdag 26. og fredag 27. januar rasa stormen på kysten, men fredagskvelden spakna det av og laurdagen var det bra vêr slik at sildeflåten kom i arbeid i Hellefjorden, Frøysjøen og ved Kinn. Ein hadde venta på betre tider, men diverre viste det seg at vêrgudane berre kvesste klørne, og at nytt og endå verre uvêr var i emning.

Driftsbygningen til Anders Standal i Øvre Standalen vart totalskadd av nyttårsorkanen 1. januar 1992.

Storstorm ved Kråkenes. Fyrhuset står meir enn 40 meter over havnivå.

desember

Fæl uro i Palestina Det har vore ei fæl uro i Palestina etter at vedtaket om delingsplanen vart gjort, og fleire jødar er drepne. Arabiske studentar oppmodar arabarane om å strida og ofra livet.

Det er lyst for kontormann Alf Folkestad og Jorunn Eikevoll, Florø. Fiskar Trygve Rognsøy og Hilda Langøy, Kinn.

Det stod mykje landnotsild i lås ute i distriktet, men både ved Frøyalandet, ved Hovden og ved Kinn gjekk store verdiar tapt då nøtene vart raserte av dei ville naturkreftene. Då det grydde av dag denne minnerike søndagen for 63 år sidan, var det ei sørgjeleg syn som møtte kystfolket. Over alt var det store skader og øydeleggingar. Sjøhus og driftsbygningar stod forvridde og enkelte var også knuste til pinneved i nattas mulm og mørke. Små eldhus og ute-dass var borte for alltid. Dei hadde løyst seg opp i sine enkelte faktorar slik at berre grunnmuren stod att... Mange eldre folk som hadde opplevd litt av kvart, hevdar at dette var det verste uvêr dei visste om; det var sjølvaste «Hundreårsorkanen».

Rasjonering Ei melding i dag går ut på at spiker og stift kjem til å verta rasjonert.

Det starta med kuling frå nordvest, seinare meir nordleg, og på kort tid nådde vindstyrken slike høgder at det til tider er blitt kalla «Hundreårsorkanen». Ingen veit presis vindstyrken, men det er heva over tvil at vinden var mykje kraftigare enn styrke 12 på Beaufort-skalaen der 32,6 m pr. sekund er orkangrensa. I alle fall vart det eitt av dei verste uvêra som har herja distriktet i nyare tid. På Florevika var det vilt kaos. Heile hamna var fullpakka av fiskebåtar, og folka ombord hadde ein stri tørn med å passe fortøyningane og å fendre langs skutesidene. Ein kutter frå Nordland sokk ved kai; den låg innerst i ei båtrekkje og vart klemd flat grunna vindpresset på båtane på utsida. Drivgarnskøyta «Kampen» frå Florø vart kasta langt opp i fjøra då dei prøvde å bakke ut frå kai, og mange dorryar og lettbåtar sokk eller fekk store skader.

Tidlegare heradsskogmeister Gustav Huus fekk eit ruske syn då han gjekk ut av huset sitt 1. nyttårsdag om morgonen i 1992. Heldigvis hadde ingen av dei store rotveltene falle over huset.

desember

Orkantorsdagen

Støyperiet i drift Florø Støyperi er i desse dagar kome i drift. Det er det fyrste i sitt slag her i fylket. Det er Thorleif Larsen og dei to sønene hans, Leif og Alf, som har gått i gang med dette tiltaket som det vert sett store voner til. Førebels går dei i gang med 3 mann, men reknar med å auke til 5–6.

gongen slo naturkreftene til midt på lyse føremiddagen. For ein gongs skuld fekk ein høve til å sjå litt av det fantastiske skodespelet som utspann seg når dei kvitpiska sjømassane traff fjellveggen med bulder og brak, og iblant sende kaskadar av sjøsprøyt og flagrande skumdottar hundrevis av meter oppover tørt land. Alle fyrstasjonane melde om svære vindstyrkar, stor sjøgang og svært hav. Stort og vilt og skræmande – men også tankevekkande og vakkert på same tid.

Lensmannen spela poker Lensmannen i Austre Slidre har delteke i pokerspel og tapt 20.000 kroner – av stolne midlar.

Sist i 1980-åra var vi inne i ein uvêrsperiode av verste slag, og spesielt var vinteren 1988/89 svært så vindfull. Stormsentra sto nesten i kø for å få kaste seg mot det norske grunnfjellet med alt sitt raseri og villskap. Torsdag 22. desember var det orkans vind på heile kysten av Fjordane, og endå meir nordover på Møre. Svinøy fyr hadde notert vindkast på opp i 49,4 m/sek., men fyrmeisteren fortalde til Firdaposten at måleinstrumenta strakk ikkje til. Pennen som skulle skrive ut vindstyrken var ikkje nede på papiret (som går frå 0–66 knop) frå halv ni til klokka tre–fire om ettermidagen. Dei fleste stor-orkanar plar vanlegvis oppstå nattestid, men denne

«Nyttårsorkanen» Nyttårskvelden 1991 var ikkje som andre nyttårskveldar. Då kyrkjeklokkene ringde inn nyåret 1992 var det ingen som tenkte på nyttårsrakettar. Derimot hadde dei som våga seg utadørs nok med å sjå opp for takstein og ymse andre

Ein annan fare ved orkanar er at dei ofte set opp springflo som kan skade bygningar og kaier i flomålet. Her frå Florø indre hamn etter ein pålandsstorm.

desember

på driftsbygningar og annakvart uthus og. Orkanen avtok gradvis ut på morgonsida, og i 10–11-tida på føremiddagen fekk ein dei første gløtt av blå himmel gjennom skylaget. Den lange og vindfulle natta var over.

Mindre med tebrød Frå 1. desember har departementet skore ned kvoten av mjøl til bakarar og konditorar med 50 pct. Frå same tid er rasjonen av sukker og feitt til hotell, pensjonat og restaurantar minka med 10 pct. ❖ Mosekransar til jul må tingast då det i år er mangel på mose. VON

Brukt sykkel ynskjer eg å byta i godt telefonapparat, Eksp. tilv.

uidentifiserte gjenstandar som formeleg hagla ned frå himmelen på grunn av dei voldsomme vindkasta. Det var den som seinare vart kalla «Nyttårsorkanen» som tok til å blåse seg opp. Vinden kom denne gongen frå vest, den tiltok i styrke utover natta, og på morgonkvisten vart det målt vindkast på opp til 80 knop på Florø Lufthamn. Endå verre var det lengre nord i fylket. På Vågsøy vart det nesten dobbel orkanstyrke og vindkast over 100 knop. Skadene denne gongen vart svært omfattande. Telefon- og lågspentstolpar knakk som fyrstikker, så atter ein gong sat familiane samla rundt levande stearinlys, og frukostkaffien måtte kokast på peisen etter god gamal oppskrift. På Bremangerlandet bles 10 sjøhus ned og det vart omfattande skader

«Halvtimes-orkanen« Søndag 24. januar 1994 slo naturkreftene til på nytt. Vêret var ikkje så aller vest då kystfolket sette seg til frukostbordet denne minnerike søndagen for snart 18 år sidan. Berre ein lett søraustbris og nokre få snøfjon som flagra ned frå grå vinterhimmel. Snart skulle det bli andre bollar! Mange hadde slått på radioen for å høyre siste nytt om søndagsvêret, og det er all grunn til å tru at enkelte fekk både kaffien og fru-

desember

Ein har ingen sikre opplysningar om maksimum vindstyrke, men mange hevdar bestemt at dette var det kvassaste uvêret på kysten av Fjordane i nyare tid.

Damestrømper F.o.m. 2. januar 1948 er merkene E 17 og EP 17 ugyldige for kjøp av damestrømper som inneholder ull. Det vil senere bli kunngjort hvilke merke som neste gang blir frigitt. Forsynings- og gjen- reisingsdepartementet

Smått med kjøt Det ser ut til å verta smått med kjøt til jul. Florø fordelingsdistrikt melder at det vert berre to tildelingar på tre veker, i staden for ei tildeling kvar veke.

Standal er i gang med å grave i ei tomt på Bruflotmarka, nord for skulen. Det skal reisast ein bygning i to fløyar som skal innehald verkstad og bensinstasjon, og butikk- og kontorlokale.

Orkan «Dagmar» Den femte av orkanane etter krigen fekk ikkje Malvin Toft oppleve – den som fekk kvinnenamnet «Dagmar». Ein furie av intensitet som spelte seg ut med veldig kraft natt til 2. juledag 2011. Det hadde vore ein vindfull seinhaust, startande med stormen «Berit» 24/25. november. Den herja mest på Helgelandskysten. Til jul kom ein ny storstorm, «Cato» som gjekk i ei liknande bane som førgjengaren. Begge kom i kombinasjon med nymåne og springflo, noko som førde til skader på sjøhus og andre konstruksjonar i strandbeltet. Så kom «Dagmar» natt til andre juledag; godt varsla som ekstremvêr. Truleg ein av dei ti kraftigaste stomar på 30 år, melde Vêrvarslinga og bad folk ta seg i vare. Det var det god grunn til. Rettnok var den ikkje i klasse med «Nyttårsorkanen» som heldt ein gjennomsnittsfart på 55 meter i sekundet (110 knop, tilsvarande ein tropisk orkan i kategori 3 orkan). Slike vitjar statistisk våre kantar berre ein gong kvart 200-ande år.

Trygve Lie har mangt å stå i med. Kongen av Kamerum som er 80 år, har nett skaffa seg 600 nye koner. Dei er jamt over 18 år. Den interna- sjonale kvinneliga har klaga til generalsekretæren i FN og bede han ta seg av saka.

kosten litt i vrangstrupen då vêrprofeten på Meteorologiske kom med følgjande varsel for kysten av Fjordane: «Auking til nordvest orkan»! Vi fjordingar er vel rekna som eit både sindig og godt avbalansert folkeslag, men aukkurat dette med nordvestorkan er det vi fryktar mest av alt på grunn av tidlegare erfaring. Berre ein halvtime seinare var søndagsfreden omgjort til eit rasande inferno, og omslaget kom så brått at dei som fekk oppleve det på nært hold, seint eller aldri vil gløyme det. På under minuttet var suset frå søraustbrisen heilt borte. Ikkje ein vindpust å høyre, ikkje ein krusing på sjø, men himmelen vart berre mørkare og mørkare. Så kom dei første vindkasta frå nordvest, og på under to minutt auka vinden frå styrke 0 til langt over orkanverdi. Det var orkanuhyret som hadde bygd seg opp ute i Norskehavet i seinare nattetimar som slo til i fullt raseri. Så kom snøkaven. Dei mørke uvêrsskyene vart avkjølte og måtte gje frå seg store mengder nedbør som fraus til snøslaps før det nådde jorda. Mange har høyrt om snøstorm, men i dette tilfelle kan ein godt skrive «snø-orkan». Dette uvêret er i ettertid kalla «Halvtimesorkanen», og som namnet seier avtok vinden fort, men det vart gjort store skader den korte tida det stod på. Store skogfelt såg ut som eit slags krigersk ingenmannsland og mange løetak var borte for alltid. Heldigvis har ein ikkje høyrt at menneskeliv gjekk tapt, men for trygdeselskapa vart det ei dyr affære, og dei har vel grunn til i ettertid å kalle orkandagen 1994 for den svarte søndagen.

Men «Dagmar» var ikkje så langt unna. Den sterkaste vinden trefte frå Nordfjord og nordover, og stormen gjekk langt innover i landet og raserte store mengder skog. Også på Austlandet felte den tre og stengde vegar. Rutegåande skipstrafikk vart innstilt, og t.d. «hurtigruteskipet «Trollfjord» feira jul ved kai i Trondheim med 300 passasjerar om-

desember

Gatelyset Byingeniøren seier at grunnen til at deler av byen ligg i myrke er at born knuser pærene . Det kan nemnast at dei fire lyspærene i Tollbugata på ei vekes tid vart skifta tre gonger avdi dei var knuste.

on kroner og er først no blitt reparert. Vegar vart sperra av vindfall, og bygningar på utsette stader fekk til dels store skader. Størst skader gjorde orkanen i Møre og Romsdal. Her flaug bygningsdelar gjennom lufta i nattemørker. Småbåthamner vart raserte og båtar kasta på land, forutan all bygningsskade og skaden på infrastruktur. Høgste gjennomsnittlege vindstyrke vart målt på Kråkenes natt til 2. juldag med 44,6 m /sek. Det er over 80 knop. Orkangrensa er som kjent 32,6 m/sek. Men fleire målestasjonar vart sette ut av drift, så det er litt uvisst kvar det bles mest.

bord, for det meste turistar som ville oppleve norskekysten vinterstid. Det første som skjedde var at straumen gjekk då orkanvinden slo innover land. På Vestlandet var 100 000 menneske straumlause, mange veglause. På Florelandet var straumen attende etter vel eit halvt døger, men mange stader sat folk straumlause og til dels utan kommunikasjon i fleire dagar. Då vinden dreia meir mot vest seinkvelden 1. juledag, slo uvêret langt inn i fjordane med både vind- og sjøskade i den høge floa. I Loen vart ein campingplass på det næraste rasert. Den solide moloen for båthamna i Breivika i Hesteneset fekk skader for over ein halv milli-

700 mann av den norske brigaden i Tyskland skal få koma heim på jule- ferie.

Harald J. Stavang

150 000 arabarar står klar til å rykkja inn i Palestina, melder avisene i Bagdad. Dei ventar berre på ordre. Minst 330 er drepne og 1000 såra i uroa i Palestina berre no i desember.

Vi noterer at – Knut Hamsun er

dømd til å betale 425 000 kroner i vederlag for nazi- propaganaden sin. – New York hadde

2. juledag det største snøfallet i byen si soge. – Selje Skjortefabrikk

brann ned juledag. – Gandhi har mist

geita si.

Hus som er borte: YTRE STRANDGATA

Ytre Strandgata etter eit tidleg snøfall hausten 1935. Vi ser at blada enno heng på det store, fine treet ute på hjørnet, der Strandgata møtte Fugleskjergata. Treet vart saga ned ein gong på 1960-talet. To av bygningane er på sørsida av gata er borte i dag. Det er Strandgata 10 der skomakar Rasmus Gundersen budde. Huset vart rive sist på 1960-talet då Nils Opheim reiste det nye møbelhuset sitt. Strandgata 12 (Fargeklatten) står støtt den dag i dag, men Hegraneshuset etter snikkar Samson Hegranes frå Vevring (som stod innafor) er rive for lenge sidan, omlag på dei tider Opheim reiste møbelhuset.

RETTING

I artikkelen «Gardane langs fjorden» i Floraminne 2011 er vi gjort merksam på nokre feil om gbnr. 13/2 Saga i Flora. Far til Lars Sagen, Ivar Trondsen Underhaug (oldefar til dagens eigar), rodde i si tid frå Jondal til Saga og gifte seg med Marte Sagen, og tok hennar etternamn. Lars var fødd i Kinn og dreiv m.a. med sjøtransport, først med skøyta Sagøy» og seinare med «Odd». Sistnemnde forsvant på englandsferd under krigen. Det var eldste sonen til Lars, Ingvar Sagen, som førde skøyta. Broren Leif Sagen (som overtok og dreiv bruket etter krigen), vart teken som gissel etter denne historia, og sat på Grini frå 1942 til freden i i 1945.

Artiklar i Floraminne 2001–2011

OVERSIKT

Mellom permane i dei tolv utgåvene av Floraminne som til no er utgitt, er det svært mykje interessant stoff. Det meste er skrive spesielt for Floraminne, og såleis ikkje publisert andre stadar. Det er alt frå vitenskaplege artiklar til meir folkeminneaktige tekstar. Men alt vil vere med å gje deg kjennskap til nær og fjern fortid i kommunen, til hendingar, stader og personar du kanskje ikkje har visst om. Framleis kan du få kjøpt tidlegare utgåver av Floraminne, både enkelthefte og pakkar til svært gunstige prisar. Her finn du eit oversyn over artiklane. Er du interessert i eit eller fleire hefte, send ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

2001 – Jostein Midtbø,: Då bjørnen herja – Kjartan Seim: Litt om far, Einar Seim, broren Harald og om eigne barne- og ungdomsår på Kinn – Turid Absalonsen Fimland: Min barndoms Hestenes, leikar/fritidssyslar – Bjarte Sindre: Christoffer L. Berg – Bjørn Faste Bjartmann: Jacob Bruflot sin gård – Anders Tyvold og Eli Bolette Høydal Tyvold: Utdrag frå eit prosjektarbeid i lokalhistorie – Anders Moen: Lokalhistoriske kjelder om Flora 2002 – Steinar Ytreland: Posten i eldre dagar – Fridjov Urdal: Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, slik ho besta fortalde det – Bjørn Faste Bjartmann: Med robåt til Risøya i 1933 – Harald J. Stavang: Risøya – Bjørn Fjellheim: Tre stiloppgåver fortel om det å reise i byrjinga av 1900-talet – Turid Absalonsen Fimland: Gryta hennar mor – Jostein Midtbø: Nytt skulehus og 17. mai-feiring på Øyrabakken – Asbjørn Nybø: Tre i Flora – Florø træplantningselskaps historie 2003 – Trond Strømgren: Om Batalden – Eva S. Svanøe: Svanøy gruver – Steinar Ytreland: Motorbåt-stemnet i Florø i 1913 – Bjarte Sindre: Brevhuset Uren – Bjørn Faste Bjartmann: Krig – Bjørn Faste Bjartmenn: Då eg begynte i losjen – Rolf Orheim: Fotballpioneren frå Kinn – Anders S. Knapstad og Harald J. Stavang: Heimreisen fra Amerika – Harald J. Stavang: Friluftsliv i gamle Florø – Harald J. Stavang: Bru kommune 2004 – Alf Jansen og KariAnn Søreide: Fram gjennom byhistoria – Bjørn Faste Bjartmann: Illegalt arbeid under krigen – Bjarte Sindre: Den gløymde Florøavisa Søndfjords Avis og 1905 – Eli Bolette Høydal Tyvold: Einar Høidal

2005 – Bjørn Fjellheim: Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905 – Turid Absalonsen Fimland: Då straumen kom til øyane i Kinn – Audun Hovland/Jostein Midtbø: Tønneproduksjonen i Eikefjord – Anne- Marie Lien Krossen: Illegalt arbeid i Sogn og Fjordane 1940—45 Militær motstand, Englandsfart og skøytetrafikk – Steinar Ytreland: Dovne Florøanere på «Fjøsø» – øen med de mange fjøs – Bjørn Faste Bjartmann: Ole Olaisen Ohnstad og unionsoppløsningen – Harald J. Stavang: Årebrot og skogsdrift i Uradalen 2006 – Anders J. Moen: Folk i Florø 1865. Hvem var de og hvor kom de fra – Anton Holm: Ungdomsarbeid i Standal og Svortevik – Bjørn Faste Bjartmann: Hvorfor heter det Florelandet? 2007 – Are Svardal: Min barndom i florø og på Husefest – Jostein Midtbø: Rakel i Vikå - ei sterk kvinne – Grethe Stavø: Olaus Lind, den første magistraten i Florø – Nils Steinar Våge: Florø og Lillestrøm, to byer med røter i 1860-åra – Smått og stort frå Nordre Bergenhus Amtstidende 2008 – Bjarte Sindre: Are Svardal- Krigshelten som fall i kamp for norsk fridom – Bente Nygård: Inni by’n og ut i by’n – St.Hansfeiring i Florø i gamle dagar – Harald J. Stavang: Olav Sande – ein allsidig forretningsmann – Gaute Losnegård: Eldste skuleverket i Kinn prestegjeld – Grethe Stavø: At synke ned i fattigdom. Fattigstellet i florø by 1863 – 1900 – Are Svardal: Ein historie om Florø havn – og mere til – Harald Jarl Runde: Louis Foss. Sunnfjordingen som fikk ein heil by kalla opp etter seg – Bjørn Faste Bjartmann: Om min far, Nils Liset 2009 – Jansen, Alf: Eit litt anna eventyr – Stavang,Harald J: Eit kaotisk tilbaketog våren 1940 – Stavang, Harald J.: Litt om middelskulen i Florø – Stavang, Harald J.: Litt om stølsliv i Klauene – Stavang, Harald J.: Brevet heim til Ingrid – Reksten, Torleif: Reksta skule – Reksten,Torleif: Minneplaketten ved Russeleiren – Stavø, Grethe: Kinnaspel i 25 år – Sindre, Bjarte: Utsyn frå Kvellestad – Steinkpof Wold – Haram, Øyvind: Maritime knivar og eggjeverktøy – Brandsberg, Reidar: Sildefisket på 1860-talet – Stavøstrand, Leif: Litt om Varghytta på Løkkebø – Sindre, Bjarte: Gartneriet VON – Ytreland, Steinar: Sunnfjord Varemesse – i Førde og Florø 1935 2010 – Stavang, Harald J: Levemåten i Flora og Sunnjord gjennom hundreåra – Stavang ,Harald: Før byen vart til – Nybø, Kolbjørn: Florø by og den første byplanen – Strømgren, Trond og Nils Arild Hovland: På havet med plank. Fiskebåtar og skipsreiarar i Florø og området rundt. – Stavø, Grethe: Minnesmerket over Thor Solberg – Sindre,Bjarte: Flygarhelten Thor Solberg – Brandsberg, Reiar: Tor-Nils-hytta. Kvardagsliv og dramatikk i Storåsen i gamle dagar – Stavø, Grethe: Russeleiren minnelund opna – Stavøstrand, Leif: Senkinga av Welheim – Sindre,Bjarte: Om folkebladet for Sogn og Fjordane – Midtbø, Jostein: Ferdselvegar

– Torvanger, Magnus Helge: Verftet og byen – Helgheim,Edvin: Eit år å minnast – Eit produktivt bokår – Stavang, Harald J.: Forfattaren Malvin Toft er gått bort 2011 – Stavang, Harald: Landskapet og gardane langs Nordalsfjorden – Sindre, Bjarte: Krigshelten Dagfinn Ulriksen – Sindre, Bjarte: Restaureringa av Kinnakyrkja 1911-12 – Helgheim, Edvin: Haldor Halvorsen, rimsmeden i Fram – Grønevik, Sigvart: Minne frå oppvekst i Grønevik rundt førre hundreårskifte – Stavø, Grethe: Furesundet gjestgjevar- og handelsstad – Reksten, Torleif: Reksten kursted – Kinnesund – Standal, Odd: Dyttting - tidleg vassdragregulering – Standal, Odd: Gløymde graver? – Magnussen, Knut: Stevnemøte med pølse og dans – Jensen, Kim Gunnar: Senk tyske skip i Florø – Stavøstrand, Leif: Florafolk gjennom tidene- Gustav Stavøstrand – Brandsberg, Reidar: Handel i Florø i 150 år – Fimland, Turid Absalonsen: Saltlageret – Bjartmann, Bjørn Faste: Kor e’ det blitt av Gadden og Evja? – Bjartmann, Bjørn Faste: Bjørn Hegranes, et lite minne

Hus som er borte: HAUS-HUSET

Hans Blomgata 34 var bustadhuset til Haus-familien i Florø. Det vart rive midt på 1970-talet i samband med utvidinga av fylkessjukehuset som vi skimtar i bakgrunnen. I framgrunnen ser vi så vidt i taket på forsamlingshuset Breidablik som også vart fjerna i same operasjonen. Haus-huset vart bygt i 1904 for disponent Rasmus Titland og familien hans. Titland var disponent for Florø Havfiskeselskap og hadde sikkert også kontoret sitt der. Han selde sidan huset til Gregorius Haus som var disponent og eigar av Florø Sildoljefabrikk.

SIGURD SOLBERG Maritim elektronikk

Fugleskjærgata 6, 6900 Florø Tlf. 57 75 13 00 – Fax 57 75 13 10 www.sigurd-solberg.no – This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Et av landets største og viktigste lakseslakteri – sentralt på kysten

Amfisenteret, 6900 Florø. Tlf. 57 74 28 08

Tlf. 57 75 14 40 • 6900 Florø • www.solvens.no

Evja Sør, 6900 Florø. Tlf. 57 74 15 40

Frisor /

GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER FLORØ INTERIØR A.S.

Anne Merethe SolheiM

Hjellegata 6, 6900 Florø • Tlf. 57 74 03 66 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Timebestilling 57 74 44 19 Brandsøyvegen 6, 6900 Florø • Mobil 915 88 917

Følg oss på

Salg av Jord, gruS, Singel og Stein

Strandgata 15, Postboks 531, 6903 Florø Tlf. 57 75 17 80, Faks 57 75 17 81 E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Telefon 57 74 17 93 | Mobil 91 55 52 16 | Mobil 90 62 29 96 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.ullaland.no

Vi lager H-vindu til alle typer hus

SKAAR NORWAY AS | KOLKAIA 3 | 6900 FLORØ Tel.: +47 57 75 77 80 | Fax: +47 57 75 77 81 | This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.skaar-norway.com

Nyheimsvn. 27, 6900 Florø • Tlf. 57 75 20 80 • Fax 57 74 18 48 e-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.h-vinduetbauge.no

...vi kjenner far din

Revita

Revita Hud- og Fotpleie AS

Markegt. 19, 6900 Florø. Tlf. 57 74 22 25 www.revita.no

Tlf. 57 75 73 00

it’s taken care of

Bare lave priser

Amfi senteret Tlf. 57 74 28 60 Evja Tlf. 57 74 00 50

Quality Hotel FloRØ | Hamnegata 11, 6900 FloRØ tlF.+47 57 75 75 75 | cHoice.no

Evjegata 10, P.B. 622 – 6903 Florø Tlf. 57 75 87 00 – Fax 57 75 87 01 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. – www.indata.no

Klær og tilbehør til den trendy og kvalitetsbevisste kvinne

Strandgata 31, Florø • Telefon 57 74 19 00 E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

KVALITETSHYTTER OG CAMPING – HELE ÅRET

Tlf. 57 75 22 50 Mob. 90103770 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.krocamp.no

Origod AS | Industrivegen | 6900 Florø Tlf. 57 75 21 40 | Fax 57 75 21 41 E-post This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.origod.no

E

M

R

Ø

J

K

L

E

I

T

M

i

T

r

r

e

y

k

k

Varmepumper

E. Natvik Prenteverk AS, postboks 175, 6901 Florø Besøksadresse: Markegt. 65, 6900 Florø Tlf. 57 75 20 20 Faks 57 75 20 21 www.natvik.no This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

www.klimaexperten Strandavn. 5, Florø Tlf. 57 74 30 10

Bli medlem i Flora Historielag

Flora Historielag • ÅrsskriFt 2012

Flora Historielag har alltid plass til nye medlemer.

Medlem blir du ved å betale kr. 350,- til kontonr. 3775.65.77248 Dette inkluderer Floraminne. I tillegg kjem aktivitetane som laget har – og som du som medlem kan ta del i.

Bruk gjerne e-postadressa vår: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller ta kontakt med ein i styret.

www.pwc.no

Utforsk dine muligheter

Din lokale kompetansepartner innen regnskap, revisjon og rådgivning

Vi støtter norsk kulturliv!

Det ledende revisjons- og rådgivningsmiljøet i Sogn og Fjordane med 44 ansatte. Kontorer i Florø, Førde, Sogndal, Stryn og Måløy.

Kolkaia Florø Tlf.: 06001 nordea.no

Gjør det mulig

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.