Postmannen Martin Holmen og ruta hans
POSTMANNEN MARTIN HOLMEN
november
OG RUTA HANS
Havikbottens kafe Kaffe og smørbrød serveres hele dagen. Værelser til leie. Florø – Telef. 150
❖
Då klokka var rundt ti over åtte måtte vi vere på kaia på Løype om vi skulle på Flora med han Martin. Då runda han Uraskjeret og sto inn Nore vågen; bakka opp i god tid og seig forsiktig inn til den grove steinmuren vi kalla kaia.
Godt til jul Det skal verta litt godt til jul i år og. Litt mandlar og rosiner til kvar forbrukar. Appelsiner vert det også ein ein del av. Det vert ein ny rasjon av sirup og potetmjøl. Men vi må vera utan risengryn i år og, og noko ekstra sukker- tildeling vert det ikkje tale om.
❖
Eit lyt vere frå sildetida på 50-talet. Alle stader kring oss var der høge stamnar og båtar som hang i lufta. Gule mastrer, blågrøn sjø og kvit snø. Ein blåsande sommardag med sollys inn den opne lugardøra. Glitrande sjødrev; lukta av tjøre, sjø og solar, motorduren og klirrande mjølkespann.
Han heitte Martin Holmen, men det sa vi aldri. Det var berre han Martin, og då meinte vi mannen, båten, posten og ruta. «Har han Martin vore her?» «Kom du med han Martin?» Det var han som gjekk post-, passasjer og mjølkerute mellom Seljestokken og Flora, eller «Florene», som vi sa. Den fyrste båten eg hugsar var «Grønebåten». Den stod i registeret undernamnet «Brødrene» – i daglegtale var det «Grønebåten». Einsua spisstemning på knappe 30 fot, opphavleg ein notbåt bygd for årar og segl. Seinare vart det sett om bord ein Heinmotor. Magnus Uren bygde lugar framme og styrehus akterut, og såleis vart notbåten opphøgd til rute- og postbåt. Det var i 1943 at han Martin tok til å gå ruta. Nokre år etter krigen vart Heinen skifta ut med ein 17 Hk Rapp. Den tid eg hugsa «Grønebåten» var den gammal, drikkfeldig og mett av dage, etter som dei vaksne sa. Men den gjorde si ten’ og fekk post, handleøskjer, folk og mjølkespann både att og fram.
Små minneglimt har fest seg.
Det einaste tilgjenelege bilde av «Grønebåten» som her sig til lands ein stad på ruta mellom Florø og Seljestokken.

«Frøydis» lastar inn bryllaupsgjester i vaulen på heimferd etter bryllaupet til Hildur Kleiven og Per Høidal i 1966.
november
Einebuar i 10 år I Rennebu har ei 79 år gamal kone, Gunda Bakken, butt i ei hytte i fjellet med geitene til einaste selskap i ti år. Maten ho har hatt var geitemjølk, geitost og tytebær.
❖
Rakettmaskiner Eit blad i New York fortel at den amerikanske flåten arbeider med ei ny rakettmaskin som kan få større fart enn lyden. Ei av desse skal ha vore opp i 2400 km. i timen.
Andletet oppe i styrehusruta, eller rettare, det var fleire andlet der. Mange vaksne karar kunne få plass i eit lite styrehus. Ein gong sist på 50-talet vart «Grønebåten» kondemnert og i 1958 kom nye båten «Frøydis»; ei skøyte med lasteluke og lugar under dekk. Ho hadde høyrt til i Gulestøa og vore brukt til fiskebåt. Hadde ste’ på land eit par–tre år då ho vart kjøpt til rutebåt. Også her var det Magnus Uren som sto for ombygginga. Lugarkappen vart større. Det kom trebenkar, og i ei krå på babord stod ein liten vedomn frå Laxevaag Brug. Lugaren var måla i kremgult og kvitt, benkene var brunmåla og det var til og med elektrisk lys. I kappen hekk oppslag i glas og råme, med bilete av kor ein skulle få på seg redningsvest. I hitt var det riksløve og tekst med paragrafteikn i.
Fyrst eg hugsar så gjekk ruta tysdag og laurdag. Så vart det måndag, onsdag og laurdag. Med slik post- og rutetilbod var vi kommen med i verda vi òg. Ruta byrja i Seljestokken klokka 7.30 og det var fyljande stogg: Kvalvika, Ura, Løype, Urøya, Vaulen og Bråtet på morgonturen. På Flora la han til med meierikaia 9.30 etter ruta, men i regelen litt før. Dei 8–10 mjølkespanna kom på transportbandet. På ettermiddag låg ho ved kaia til Landbruk. Måndag var returen kl. 12.30 onsdagar og laurdag kl. 13.30. Då var tomspanna komne ombord og stod på halvdekket på babord. Stundom vart det ein tur inn til Vestlandske etter nokre fôrmjøl- eller kunstgjødselsekker, eller nokre høybuntar frå Haave. Men det var for særsyn å rekne. Så stod kursen ut Florevika, gjennom

november
Bryllaup vert halde i Florø laurdag 22. november av frk. Kjellaug Helland og Per Magnussen. – i Brandsøy laurdag 22. november at Astrid Bjerk og Egil Reksten.
❖
om det var sommar og solsteik. Brunmåla parafindunk, med messinglôk (han ville ikkje ha elektrisitet inn i huset) og handlekofferten av brunmåla tre. Han var gammal og gul og sa sjeldan eit ord. Folk sa han levde berre på Tidemand snus. Det var to gamlingar som berre levde på snus. Olai’en og Nils’en. Ein rutedagsmorgon fram under jul, når det var hustre vêr og stuvfult i styrehuset, var det godt å komme ned i den heite lugaren der omnen dura og folk let praten og låtten gå. Dørken sto full av slunkne ryggsekkar og vesker. Sigarettrøyk låg i blå striper opp under dekk, og ungane sat vagla i leideren. Nils’en opna omnsdøra og spytta ei brun stråle inn i logane.
Atomdrivne ubåtar Sambandsstatane har planer om å bygja atomdrivne ubåtar som kan kan gjere ein fart av 30 knop under vatnet og operere i eitt år utan å få nytt drivstoff.
Å gå ruta med passasjerar og post var å vere alle sin tenar og vere under alle sine auge og meining. Folk hadde den gong som no meiningar om kor ting skulle ha vore, om de var dei som hadde ste’ for det. Han Martin gjekk ikkje fri han heller. Dessutan så var han statstenestemann så og seie. Postverket veit de. Huva og veska. Han visste kva som kom og for. Det skal ikkje så mykje til. På dekk av «Frøydis» sto der eit linespel, truleg frå den tid ho var brukt i fiske. Dette spelet vart ei tid livleg diskutert i bygda. Eg er ikkje sikker på kva som var gale, men det var dei som ikkje likte det og ymta om at då kunne rutebåten brukast som fiskebåt. Slikt kunne ikkje vere rett. Det er alltid dei som har ank for at andre skal kome for lett til det. Og dei som trudde det ikkje er råd å misunne sin neste linespel og ei lita postrute til mager løn, dei må tru om att. Då billetten vart sett opp frå kr. 2 til kr. 2,50 var det murring i bygda.
Rotasundet og over Årebrotsfjorden og inn på Bråtavågen der ho Inger og hunden Bella sto i buadøra og venta på posten, og kan hende ei handleøskje frå Hjørnevik. Så var det rundt Årebrotsodden og ut i Nerøyane. Fyrst opp under bua hans Pål (Paul Nærøy). Firda Folkeblad og Ukens nytt inn gjennom eit sprekk i buadøra. På nordre enden av Tollaksøyna var det opp under bua til Hovden. Der kom posten i sekk. Ein sekk i land og ein om bord. Så var det bort på hi sida sundet til Apalholmen med post til Tviberg. Då sto kursen inn att Nærøysundet, over fjorden til Villevika og nord framom Kranen og inn den smale strupen der det låg ein stor stein nede på botnen. Stoggestaden var ved bua i Vaulen. Det var fem heimar som sokna til den stoppen, så der var det mest alltid einkvan som kom eller for. På Urøyna var det bere to heimar og under Løype likeeins. På Ura var det og stogg for Gamlebøen og Vikja. I Kvalvikja hadde han Gustav bygd kai. Dit sokna Kvalvik og Sunnervåg. Solberg gjekk til Seljestokken. Det var heile ruta den gong. Det var i regelen møtt fram folk på kvar einaste stogg for å hente post og mjølkespann. I 1963 var det 61 menneske som sokna til ruta vinterstid, noko fleire om sommaren når byfolk var heime. Somrane – når sjøen var grøn og vi sto på baugen og såg ned i det grøne djupet. Såg ålegraset bukte seg i straumen. Sjå kor bylgjene knuste den blanke spegelen og kor motorslaga small i den berghammaren. Ikkje tale om å gå under dekk, det kunne vere eit kvart å sjå. Endå kunne noko hende for fyrste gong. På kaia på Urøyna sto han Olai og venta. I svart vinterfrakk same
– Hadde alle 50-øringar vore så
Martin Holmen.

Martin Holmen og kona Oleanna på sine eldre dagar.
Arrestspursmålet Det er framleis ikkje noko nytt om arrestspursmålet i Florø. Det som er mest om å gjere, seier politimeisteren, er å få ei celle for sinnssjuke. Elles må varetekts- fangar på hotell. Arresten i «Hansen- bakken» er mest for fyllefantar.
❖
«De siste dager» Bibelen gir beskjed om vi i dag befinner oss ved slutten av «de siste dager» – og at forferdende og uanede begivenheter vil ramme jorden – også oss i Norden. Boken «Er Hitler allikevel ikke død?» omtaler ting som morgendagen vil bringe. Nordli ForLag LYS, Oslo
❖
desember november
Fylkesbaatane skal betala 700.000 kroner tilsaman for dei to ubåtjagarane som er kjøpt i England. Direksjonen skal drøfta kjøpet på nytt 15. desember. Dei vonar at den eine båten skal verta ferdig til å setja inn i ferdsla sumaren 1948.
vel ettersedde som denne, så hadde det nok vore velstand i bygda, kommentere ein av dei meir rause. Han Martin var av dei stille i landet som gjore si trugne plikt og sjeldan fekk nokon takk og ære. Han var av dei sjølvsagde. Men spør når ruta ein hende gong ikkje gjekk. Det var sjeldan at veret stogga, men det var ein gong vi ikkje fekk vere med. Tung, nordvest vintrastorm. Han gjekk åleine, post og mjølk kom fram. Eg veit ikkje av at han nokon gong hadde ferie. Det næraste han kom noko slikt, trur eg var då han hadde dobbelsidig lungebetennelse. Den hadde han hatt nokre veker før han måtte gjeva seg. Han var av seigt slag. Han var av det blå folket; av dei i blå dongeri med brune viking gummistøvlar på føtene og svart skuggehue på hovudet. Det var slik han såg ut når han var ombord. Så snart han hadde postveska under armen steig over rekka og i land, hadde han posthuva på. Gylt posthorn på raud bot-
nen. Då var han postmann så alle kunne sjå. Eg kan ikkje minnest at eg nokon gong såg han med postveske og utan huve, eller med huve og utan postveske. Den kom av så snart han var ombord att. Embets teikn vart ikkje brukt i utide. Sumtid var det så mykje post at det det var i sekk med flaggstripe på. Han sette si ære i å halde ruta og å halde i orden. Om trebenkane i lugaren var harde, så var dei gullande reine. Såleis vart han godt brukande til føredøme. «Sjå om bord hos han Martin; det er kar så har det på stell». Aldri kom det frå hans munn eit ord eller rykte om kva som kom og for. Han tok si teieplikt alvorleg. Slikt vart verdsett, sjølv på ein stad der dei fleste visste meir enn godt var om kvarandre. Om hans private liv, hans glede og sorg veit eg lite og ingenting om. Det var han som gjekk ruta eg kjende. Det var der han fylde sin plass i historia.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.