«No får du pinadø hoppe!» Minne frå 34 års legeteneste i Florø
Harald og Sonja Halvorsen fortel: – NO FÅR DU PINADØ HOPPE!
Minne frå 34 års legeteneste i Florø
Det er i sildetida på 50-talet. Ein brotsjø har knekt ned brua på ein engelsk trålar vest for Kvannhovden. Båten er tatt under slep, men to mann er skadde og treng legehjelp. Harald Halvorsen veit kva legeeiden tilseier i ein slik situasjon. Han må ut, sjølv om stormen tek kvite roket av Hellefjorden. Den unge legen rekvirerer drivaren Mønster med kaptein Hovden og legg i veg. Hovden manøvrerer seg opp til havaristen, og Mønster stangar mot trålaren slik at Halvorsen skal komme seg om bord. Men han evar seg. Han er redd. Det er då kaptein Hovden ropar ut ordren: «No får du pinadø hoppe!» Og legen hoppa.
september
I Brasil 9 norske nazistar frå lystbåten «Solbris» sit no internerte av dei militære styresmaktene på fangeøya Sernado do Noronha i Brasil. Den norske legasjonen har bede riksstyret i Brasil om å levera fangane ut. Det er lova ei snøgg avgjerd.
❖
i laboratoria våre. Og så skulle dei gjere oss til SS-soldatar. Dei sende oss til ein stad som heitte St. Andreas i Elsass-Lothringen. Elitesoldatar, liksom.» Han viser fram venstre overarmen der det er tatovert ein B. «Det er blodtypen min. Berre SS-soldatar hadde dette.» Arrestasjonen skjedde i desember 1943. Halvorsen hamna seinare i Buchenwald, og sat i fangenskap resten av krigstida. Han kom heim via Hamburg og ein norsk leir i Sverige. I denne leiren var det så kjedeleg at han og nokre andre stakk av til Uppsala. Litt pengar fekk dei av den norske konsulen – til livsopphald. Men Harald hadde vore utan sivilt hovudplagg i fleire år og fekk lyst på ein hatt. Dette var akkurat i dei dagane då sanninga om dei tyske fangeleirane var nyheitsstoff i avisene, og filmar blei vist. Ekspeditøren spør om han har sett filmen om Buchenwald. «Eg komme nettopp derifra», svarar den frigjevne krigsfangen. Han fekk hatten til innkjøpspris!
Brakka på Storåsen er overteken av Kinn herad då Johan Nordal ikkje ville gå med på vilkåra som følgde eit eventuelt kjøp. Heradet sel brakka vidare til Peder Pedersen og Emelius Knutsen slik at kvar av dei får hand om ein halvpart og betaler tilsvarande.
Heime i Florø sat kona Sonja – uroleg sjølvsagt – og passa telefonen. Lista vart gjerne lang før mannen kom heim og kunne ringe tilbake. Men sjukehuset var nær i den tida. Dit kunne ho sende pasientar når ho skjøna at det galdt noko meir enn vanleg legetilsyn, og der fekk ho alltid hjelp av eit samarbeidsvillig personale. Dei tok også sjukebesøk og innlegging om det var naudsynt. Alle var glade for å ha sjukehuset nær. Og ofte galdt det meir enn vanleg legetilsyn, spesielt i sildetida på 50-talet. Ei aldeles forferdeleg tid, seier Harald om sildetida. Det var svullefingrar og silderiksl på augo i eitt kjør! Og ofte det som verre var! Det er eit uvanleg levande andlet som fortel om oppvekst i Florø på 20- og 30-talet, gymnastid på Sydneshaugen skole, studium i Oslo og seinare i Bergen. Gneistrar gjer det av augo når Harald Halvorsen kjem inn på tida i tysk fangenskap. «Ja, det er denne faenskapen som har brent seg fast i meg. Vi studentane vart arresterte
Faren, Severin Halvorsen, ætta
september
Det er lyst for fiskar Petter Ulriksen og Bergljot Haus, Florø.
❖
Annanias Batalden var innom bladkontor- et i går. Han fortel at det er over 200 vanføre i Sunnfjord, og arbeidet med den påemna vanføreheimen ligg han mykje på hjarta.Dei har kjøpt ei brakke, og har fått lovnad om tomt i Havreneset.
frå Sørlandet. Han begynte som potetskrellar på ei seglskute, men vart etter kvart blant dei første som tok hotellfagutdanning her i landet. Han reiste ei tid som stuert på hurtigruta, og la merke til Florø. Staden minte han om Sørlandet. Hotellerfaring fekk han i Bergen, der han fann si Marie. Dei gifta seg og kjøpte Victoria hotel i Florø. Dei fekk fire gutar. Harald først, i 1920. Typisk florøværing altså, faren og mora innflyttarar. Harald Halvorsen voks opp på Victoria Hotell. Han gjekk folke- skulen i gamle rådhuset, hugsar styraren, gamle Lauvsnes, leika indianar og cowboy i Åsen og fiska så langt borte som ved Askrova. Eller ved den øya som ligg nordvest for Askrova, kva heiter no den
igjen, seier 90-åringen spørjande. Storøya, seier intervjuaren. Nei,nei, seier Halvorsen, ikkje Storøya med o, men Stårøya med å. Og legen har rett! Han kan språket til dei han voks opp saman med. Kvifor valde du legestudiet, spør intervjuaren «Legestudiet hadde høg prestisje, då som no. Det var nok det som motiverte meg. Men eg tenkte og på å bli gartnar. For ein interessant og fin jobb. Mykje ute, og studere det som veks opp av jorda!» Men ute har han fått vere også som lege i Florø. Han fortel at i 1955 eller 1956 fekk han telefon om eit sjukdomstilfelle i Grøndalen. Slik han forstod det, kunne det vere snakk om blindtarmen. Smertene var store. Det var vinter, is på
Harald Halvorsen.

Thor Solberg Flyselskap opplyser i ein samtale med «Dagen» at dei kjem til å setja i gang flygingar langs kysten frå Stavanger til Trondheim med det fyrste. Dei skal nytta «Leiv Eriksson II», eit tomotors ambifiefly som har plass til 6 ferdafolk.
❖
oktober september
Fiskarfagskulen for Sogn og Fjordane vart høgtidleg opna sist sundag. Dette er som kjent den tridje fiskarfagskulen her i landet. Den fyrste kom på Aukra og den andre i Bodø. Skulen fekk vederlagsfritt overlate eigedomen «Havglytt» til føremålet.
❖
fjorden, vegane var ikkje brøytte. Kaldt. Doktor Halvorsen kontakta Ludvik Solvang, som kom til kaia med hest og slede. Dei kom seg i veg oppover, men hesten hadde stått i ro inne etter haustonna og var av den grunn i dårleg trim. Tung var snøen, og hesten sleit. Siste stykket til Grøndalen måtte dei berre gå, hesten greidde ikkje meir. Fram kom dei, og på tilbaketuren måtte Solvang låne ein hest i Sunndalen. «Vi var heilt blåfrosne då vi kom ned til kaia», seier Halvorsen, «men vi fekk komme inn hos han Per med Sjøen, og der var det varmt og godt». Tretten og ein halv time tok dette legebesøket. Og så var det å å gå gjennom telefonlista som Sonja hadde skrive opp medan han var borte! Plikta først og senga deretter! I byrjinga var Harald åleine på kontoret, men etter ei tid begynte Sonja som hjelp. Ho tok av alt kontorarbeid, laboratoriearbeid, telefonar osv. Skiljet mellom privatliv og jobb var eit heilt anna enn i dag. Dei første åra budde dei til leige i 2. etasje hos Liv Wåge. Privattelefon hadde dei ikkje, så ofte vakna dei om natta av at det blei kasta stein på vindauget av pasientar som ville ha hjelp. Då var det berre å stå opp! Seinare flytta dei til eige hus i Firdavegen. Dit kom det og folk på
døra til alle tider på døgnet. Ein gong Sonja låg høggravid og kvilte, vakna ho av at det stod på ein kar på soverommet: «Kor e’ doktoren hen?» Den muntre replikken er eit varemerke hos Harald Halvorsen, den hadde han også med seg i omgang med pasientane. Ein kar med stor mage sat ein dag på venterommet. Ute var det snøslaps, så det hadde danna seg ein ring av vatn rundt beina hans. Då Halvorsen kom ut for å hente neste pasient, bemerka han til mannen: Du er komme på feil plass! «Fyren» skjønte ikkje spøken og såg forvirra ut «Jo , du skal på føden, vatnet er gått!» Den som lo mest, var pasienten. Halvorsen visste korleis han skulle løyse opp spenninga hos engstelege pasientar. Det var ikkje berre Harald som hadde med seg sterke inntrykk frå krigens dagar då han kom tilbake til Florø som lege. Sonja var 12 år i 1940. Ho var augevitne til dei mest dramatiske krigshendingane i Bergen, t.d. at Holen skole på Laksevåg vart bomba. Begge hadde dei sett mange lidande menneske og meiningslaus død. Kanskje ikkje eit dårleg utgangspunkt, korkje for legen eller sekretæren hans. I 27 år var Sonja kvinna som stod bak doktor Halvorsen og tok telefonane hans. Og dei var det mange av!
Bensinkvoten er er sett ned med 70.000 liter i Sogn og Fjordane, Fylket må greie seg med 300 000 liter i oktober, og det vert strenge restriksjonar på bilkøyring framover. Men førebels køyrer rutebilane som dei har gjort
❖
Kjelde
Haa samt øvrige brukbare fiskesorter kjøpes. Aud. Husefest
Videointervju utført utført av Reidar Brandsberg og Øystein Hammerseth. (September 2010.)
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.