FSK 150 år. Om oppstarten og dei første åra.
FSK 150 år
januar
Klipp frå Firda Folkeblad
OM OPPSTARTEN OG DEI FØRSTE ÅRA
År 1947
❖
Starten
Vinteren har vore unormalt mild og snøfattig. Frå Trøndelag vert det meldt at sauene går ute i fjellet og trekkfuglane over- vintrar. I Tromsø fanga dei levande sumarfuglar i helga.
❖
Når dommaren blæs i fløyta, er spelet i gang. Men det er ingen som veit nøyaktig når fotballen så smått tok til å rulle i sildebyen Florø. Vi veit at det frå om lag 1910 blei utkjempa harde kampar fleire stader i byen, men i eit skrift publi-
sert av lokalhistorikaren Edvard Os frå Nordfjordeid meiner han å kunne tidfeste at eit lag frå Florø gjesta Eid allereie i 1902. Men rundt 1910 kom det skikkelege ballar, truleg tilsendt frå Bergen, og det blei utkjempa mangt eit slag på «Helmersmarka», på «Prestemarka» der folkeskulen i dag ligg og vest for sjukehuset. Men dette var dyrka mark som blei fort øydelagt av ivrige gutebein og nye slagmarker måtte finnast. Ei myr vest for Lilleåsen, der idrettsbana i dag ligg, blei ribba for lyng og store tuer og blei jamna ut etter iherdig dugnadsinnsats. Fotballfeberen ramma stadig fleire, og 12. juni 1912 blei Florø Fotballklubb stifta. Dette laget var det første i sitt slag i fylket, så det å finne motstandarar var ei mildt sagt vanskeleg oppgåve. Dette var nok ein av grunnane til at klubben året etter fødselen tok kontakt med Brann i Bergen. Kampdato blei avtalt, og spente Florø-gutar reiste sørover til sin første fotballkamp. Etter nesten eit døgns ferd sørover i den 35 fot store skyssbåten «Florø», stilte dei opp på Møhlenpris leikeplass. Dei vart nok lett overraska då dei forstod at det var Branns a-lag som stod på den andre banehalvdelen. Rykta om at det var eit farleg og veltrent Florølag hadde nådd Hansabyen, og


Brann torde ikkje å sleppe til B-laget som Florø hadde forventa å møte. Det gjekk som det vel måtte gå, og Florø-gutane blei sendt heim igjen med 0–12 i bagasjen. Men som det blei presisert, uansett med ei fin oppleving rikare.
❖
januar
Etter kvart fekk dei andre større stadane i fylket også i gang fotballag, og i 1922 blei Sogn og Fjordane Fotballkrets starta. Arbeidsutvalet blei lagt til Florø, med Bjarne vassbotten og Alfred Edvardsen som dei første formenn. Same året starta seriefotballen opp. Det var to klassar, A-klasse og B-klasse. Høyanger-laget Falken blei den første kretsmeisteren, men Florø Fotballklubb vann A-klassen i 1925 og 1927, samt B-klassen fire gonger på 20-talet.
Antikrist er kommet Bibelen gir kjenn- tegnene, og historien bekrefter. Luther, kirkens bekjennelsesskrifter og prote- stantiske bibeltolkere har pekt ham ut. Hvem er han? Sekr. Ulland taler om dette i Breidablik onsdag kl. 20.15.
❖
Atgeir. At motsetningane var store finn ein prov på mellom anna i Gyldendals Konversasjonsleksikon frå 1935. Referert frå eit vedtak fatta på landsmøtet i 1926 står det under overskrifta «Arbeidernes Idrettsforbund» (1924–46) følgjande om forholdet til den borgarlege idrett: AIF medlemmer har ikke anledning til å delta i stevner og idrettsarrangementer der hvor det starter borgerlige idrettsmenn. Klubbane hadde derfor ingen idrettsleg kontakt før i 1938, då enda ein privatkamp 1–1 medan ein ny kamp året etter enda med 3–1 siger til Florø-Varg. Vi veit lite om korleis Atgeir hevda seg i serien til Arbeidernes
Men ettersom det ikkje var verken gute- eller juniorlag blei det vanskeleg for dei unge å komme med på laget- Dei beste fekk nok spele, men med liten tilvekst blei miljøet etter kvart dårlegare. I 1929 blei så Florø-Varg stifta, og to år seinare kom Sportsklubben Ready som seinare skifta namn til Atgeir. Fotballkretsen som framleis hadde arbeidsutvalet i Florø motarbeidde Florø-Varg. Oppfatninga var at to klubbar ville svekke nivået. Dei fleste i arbeidsutvalet var dessutan medlemmer i Florø Fotballklubb og såg naturleg nok ikkje med blide auge på nykommaren og rivalen Florø-Varg. Men gutane gav ikkje opp, fleire og spelarar gjekk over til den nye klubben og knapt 20 år gamle Florø Fotball- klubb gjekk sin undergang i møte.
Florø Fotballklubb kretsmestre 1925. Bildet viser: Fra venstre sittende foran: Alfred Sunde, Magnus Krokenes, Alf Midtbø. På huk: Per Sunde, Lars Sundal, Trygve Saxeide. Stående fra venstre: Arne Lothe, Kåre Krokene, Laurits Midtbø, Bjarne Sunde, Abr. Bjørnseth. Gustav Stavøstrand var ikke med på bildet. Helt til høyre står Bergensdommeren Jensen.
Den gongen var motsetningane mellom borgar og arbeider store, Florø-Varg blei dei borgarlege sin klubb medan Sportsklubben Ready blei stifta etter eit møte i Florø Arbeideridrettslag i 1931. I april 1936 endra klubben namn til



Flott fotografi av fotballklubben «Atgeir», vi reknar med frå 1936. Spelarane er frå venstre bak: Knut Lothe, Kåre Holm, Leif Stavang, Jon Ophaug, Kåre Krokene, Monrad Gjøringbø, Leif Fjellestad, Sverre Stavang. Framme frå venstre: Andreas Gjøringbø, Sigfred Sandvik, Mathias Midtbø.
Idrettslag, men Florø-Varg bygde etter kvart opp eit godt lag som vann B-klassen i 1932 og A-klassen i 1936. Faktisk må vi heile 40 år framover i tid for å finne det neste kretsmeisterskapen i klubbhistoria. På 30-talet var det stor konkurranse mellom klubbane når det gjaldt spelarar, og mange metodar blei tatt i bruk for å lokke spelarar over til konkurrenten. Dette var til stor skade for fotballen generelt. Men fotballinteressa var stor, noko E.M. Hole er inne på i si bok «Florø gjennom 75 år» frå 1935: «Før i tiden drev man ofte med å slå ball. Det var en utmerket lek, men krevet nokså stor plass. Nu er det fotball og atter fotball. Det synes som om mange nu fortiden ikke interesser
Dette fotografiet av «Florø Varg» er frå om lag 1936 då dei vart krinsmeistrar. Med unntak av Ingvar Solheim var alle desse med på laget. I tillegg var Bjarne Aarseth med. Framme ser vi: Per Solheim, Dagfinn Ulriksen og Erling Ophaug. I 2 rekke: Erling Kleiven, Johan Nygård og Håkon Holt Sunde. Bak: Gunnar Stavøstrand, Kjartan Lauvsnes, Odd Natvik, Arne Solheim og Ingvar Solheim.


januar
Det nyskipa FSK i 1945. Fotografiet er teke i Høyanger, og må vel vere frå kampen mot HIF der FSK vann 5–0. Leif Fjellestad er med på dette fotografiet. Han var ikkje komen tilbake til Florø frå England så han nådde første kampen mot «Falken». Spelarane frå venstre: Knut Lothe, Kjartan Lauvsnes, Erling Ophaug, Arthur Edvardsen, Harald Ophaug, Gunnar Haus, Kåre Krokene, Jostein Stafsnes, Rolf Seljeseth, Arnfinn Johannesen, Leif Fjellestad.
Grinibødlane berga livet Ingen av bødlane frå Grini fekk dødsstraff. Det vart tvangsarbeid på livstid for Zedler og Kunze, 15 års tvangsarbeid for Heilmann og Schegel. Bøddelen frå Trandum, Oscar Hans, vart dømd til døden laurdag. To fagdomarar røysta for frifinning. Til no har 32 tyske krigsforbrytarar vore for retten her i landet. Av desse er 16 dømde til døden.
❖
Medlemmane frå dei to klubbane beslutta å slå seg saman om lagidretten og 31. juli 1945 var Florø Sportsklubb eit faktum. Forutan fotballgruppe var det symje- og tennisgruppe og i 1946 blei det oppretta handball- og boksegruppe. Sistnemnde blei lagt ned allereie i 1949 grunna dårleg oppslutning, og også tennisen forsvann etter kvart ut av klubben. Den observante lesar vil kanskje undre seg over korleis FSK kan være 100 år no, ettersom namnet ikkje kom til før i 1945. Dette har si forklaring i at Idrettskretsen i 1962 godkjente at stiftelses datoen for Florø Fotballklubb også skulle være FSK sin.
sig for annet enn kino, dans og fotball» Idrettsmiljøet og standarden var bra på denne tida. Men so kom krigen og den øydela mykje også for idretten. Mellom anna rømte den nye formannen i Florø-Varg, Håkon Holt Sunde til England, og dei heimeværande nekta å godta «Nyordningen» som dei styrande forlangte. Miljøet smuldra opp og gode talent mista moglegheita til å utvikle seg. Tyskarane øydela også baneanlegget og det gjekk nokre år før dette igjen kunne nyttast. Men forholdet mellom borgar og arbeidar var allereie før krigen i betring, og etter fem år med ein felles fiende var motsetningane meir eller mindre viska vekk.
Fengselstyret arbeider for tida med planer om å sende 500 landssvikarar på gjenreisingsarbeid i Finnmark. Det er tanken å bygge to arbeidsleiarar. ❖

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.