Stevnemøte med pølse og dans
hon er det? Eg tok med meg invitasjonen til mor mi for å forsikre meg om at ho ikkje hadde tenkt å vere med på festen, for dette var ikkje ein høveleg plass for slike oldingar.
– Nei, sa ho mor, eg skal ikkje vere med, men du må ha med deg ei jente. Ei jente! Ka i all verda hadde slike der å gjere?
Som lilleguttspelar var eg med på å vinne byserien i fotball for Gamlebyen. Vi hadde feid teppet med folk frå Havreneset og Rognaldsmarka, og i finalen slo vi Tua, og eg lagde sigersmålet. Eigentleg eit reint lukketreff. Eg strekte fram foten på ein corner frå Helgen, ballen trefte meg på kneet og suste opp i vinkelen. Eg var rimeligvis dagens helt og stolt som ein hane, sjølv om bror min pukka på at det var eit flaksemål. Men flaks eller ikkje, vi hadde vunne serien, og det var min fot som var den siste på den avgjerande ballen. Det kunne ingen ta frå meg, og sjølvtilliten var rimelig høg i dagevis etter kampen. Så kom det eit brev: Deltakarane i bydelserien var invitert på spelar- bankett på Varden kafe, der det sigrande laget, altså vi, skulle få utdelt diplom og premiar. Det skulle også vere servering av mat og brus, sto det, og så kom ein setning eg ikkje forsto, «for spelarar med følgje». Med følgje, tenkte eg, ka
– Du må ha med deg jente når det er bankett, sa bror min som spelte på gutekrinslaget og var ein verdensvan kar. No følgde nokre dagar med sterk tvil og sjeleleg uro. Ille hadde det vore å ta med mor si, endå verre var det å måtte ta med seg ei jente. Først hadde eg tenkt å skofte heile banketten, for der jentene kom inn, gjekk hygga ut. Men på den andre sida ville eg ikkje gå glipp av den heider og ære som eg hadde sikra meg min rettmessige del av gjennom sigersmålet i den avgjerande kampen mot Tua. Så eg måtte nok gå. Når den beslutningen var fatta, sto den vanskelegaste att: Korleis skulle ein

ende mål mot Tua, har jeg den glede og be Dem med på bankett på Varden Kafe fredag klokka seks. Gratis forfriskning, musikk og premieutdeling. Ring 2368 klokka fem i aften dersom du vil komme. Deres K.» Vedlagt låg ein Beatlestyggegummi med bilde av Ringo Starr og ein raud kjærlighet på pinne. Då skulen var slutt neste dag sytte eg for å gå tett bak den utkåra ut døra då læraren hadde avslutta dagen med «Fager kveldsol smiler» og takka for i dag. Eg stakk konvolutten i neven på ho, smilte fårete og forsvann. Klokka gjekk usedvanleg langsomt utover ettermiddagen, men klokka fem presis ringde telefonen som hang på veggen ute i gangen. «Magnussen vær så god,» sa eg og prøvde å høyrast så tilnærma normal ut som mulig.
skaffe ei jente? Kven det skulle vere, visste eg. Ho var lys og fager og gjekk i klassen min, og eg hadde plaga ho i fleire veker for å vise at eg sette pris på ho. Eg hadde lugga ho, sett krokfot på ho, ringt til ho utan å seie noko når ho tok telefonen, skrive namnet hennar på pennalhuset med raudt blekk og teikna eit hjarte rundt. Men no var det alvor. No måtte det takast kontakt, for skulle eg først ha med meg ei jente, så skulle det vere ho, og eg visste at det var fleire beilarar ute og gjekk. Eg hadde hørt Olen snakke om ho, og av måten han skjelte ho ut på, forsto eg at han var minst like inderleg forelska som eg sjølv var. Med andre ord: Her måtte ting skje, og det fort. Eg prøvde å ringe, men det gjekk ikkje så bra. Ho kom i telefonen, og dermed mista eg både munn og mæle, og vart ståande der og stauke og stamme.
– Sau, sa bror min, og rista på hauet, medan systra til Martin’en som var nesten heilt vaksen, gav meg eit råd: Skriv ein fin lapp til ho vel, og ta den med deg på skulen. Gje den til ho når skulen er slutt, og ho er på veg heim. Så ber du ho ringe deg klokka fem og svare. Eit godt råd, meinte eg, og sette meg til med fyllepennen som vi brukte i skjønskrift- timane og komponerte brevet. Etter lang tids intens tenking kom eg fram til ein tekst om- trent som så: «Som seirende finalist og mannen bak det avgjør-
– Hei, sa ho, – det er eg, eg blir med. Eg fekk berre stamma fram eit «flott, altså» før eg slengde på røret, yr av glede og kjærleik. Dei tre neste dagane vart hektiske. På skulen kasta eg lange blikk på den utkåra som smilte tilbake, og Olen var sur som ei potte fordi han hadde vore for sein på labben. Han måtte nøye seg med ei fregnete jente i naboklassen, medan eg fekk skrive namnet i minneboka til vår felles draumekvinne. Eg var så oppglødd at eg til og med vart med å leike «Ritsj ratsj fillibombombom. Vil du vere med, så kom, kom, kom,’» der eg hinkehoppa

friskt i sirkelen med draumekvinna på armen. Og på ein bjørkelegg i parken rissa eg inn K+M= sant. Det merket viste eg til Ole, som knapt greidde å skjule kor svartsjuk han var. Livet var sanneleg herleg for ein kar som skåra både på fotballbana og i kjærleiken. Mor mi tok meg med på butikken og kjøpte ny skjorte til meg, far min lærte meg enkel slipsknute, og omsider kom fredagen. Vi møttes utanfor Varden. Ho hadde lys blå kjole med puffermar og blomster og ein blå hårbøyle. Vi gjekk saman inn på Varden Kafe, der vi vart vist til rette ved eit firemannsbord. Vi vart sitjande saman med eit anna par som var likeså raude i trynet som oss, og der sat vi alle fire og gliste sjenert, utan å seie eit ord. Det var ei lette å bli ropt opp, gå fram på scena og få diplomen som viste at vi hadde vunne serien. For på scena sto det kun gutar, og vi dulta til kvarandre og flirte åndssløvt, glad for å vere i trygt maskulint felleskap, om det så berre var for nokre minutt. For ein sigersseremoni varer ikkje evig, og vi måtte motvillig returnere til borda og jentene, der vi vart sitjande i forlegen tystnad og studere diploma våre som om vi hadde tenkt å stire hol i dei. Jentene snakka jentegreier om kjolane sine, og av og til såg dei bebreidande på oss gutane, som las kvarandre sine diplomar når vi hadde lært utenat alt som sto på våre eigne. Så var det middag. Pølser med potetstappe og smelta smør var hovudretten, og vi åt og drakk Solo og syntes livet trass alt var herleg.
Inntil festleiaren forkynte at no var det dans. Og på scena dukka det opp tre karar med gitar, bass og trekkspel. Det var for sterkt. Min einaste erfaring med dans var å stikke av frå forhåndsbetalte timar på Hildemors danseskule. Og medan eg og dei andre gutane samla oss lengst bak i lokalet, og jentene rotta seg saman framfor scena, og enkelte av dei begynte å danse med kvarandre, forsto eg at det skulle meir til enn eit heldig kne i ein finalekamp mot Tua. Og som om det ikkje var ille nok: Kven var det ikkje som skrådde over golvet, bukka for mi jente og bau opp til dans? Ole. Slauren hadde vasskjemb, ny blazer og viktigast av alt: Han hadde lært å danse av systra si, og svingde seg til både cha-cha og slowfox. Då han endeleg slapp taket i følgjet mitt, og eg fekk kontakt med ho,var klokka snart ni og festen så og seie over. Men kavaler lyt ein vere: – Skal eg følgje deg heim? spurde eg og fekk svaret eg frykta: – Eg får sitje på med Ole. Han har ny sykkel, sa ho, svært kjølig. På skulen neste dag var det Ole draumekvinna mi kasta lange augekast til, medan eg sat der og farga over namnet hennar med raudt blekk og hjarte rundt på penalhuset. Om ettermiddagen gjekk eg opp i parken, fann fram faldekniven og skar vekk K+M= SANT frå bjørkeleggen. Det kunne ikkje gå godt, konstaterte bror min, og forresten var det berre flaks at du skåra det målet likevel.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.