Dytting – tidleg vassdragsregulering
Dytting
TIDLEG VASSDRAGSREGULERING
Dyttinga
Noreg vann Dei norske fotball- spelarane har gjort ein flott innsats på olympiastasdion i Berlin. Fredag kveld vann dei over Tyskland med 2–0. 50 000 menneske såg kampen. Igår vann Noreg 3–2 over Polen og greidde dermed bronse- medalja i den olympiske fotball- turneringa.
❖
Mange stader i Flora kommune – og i eit mykje vidare område for den saks skuld – finst det stadnamn som inneheld ordet dytting, t.d. Dyttinga, Dyttingelva, Dyttingvatnet.
I gårnatt braut 5 medlemer av Nasjonal Samling seg inn i redaktør Knutsen sitt hus på Hønefoss der Trotsky bur. Dei gav seg ut for politifolk og tok til å driva etter- søkjingar i huset medan Knutsen sog Trotsky var på tur. Papira dei fann skal vera sende til Tyskland.
Ordet dytte har to ulike tydingar: støyte eller puffe til, slik det kan skje i barnehagen eller på fotballbana. Dette er den vanlege bruken av ordet i dag. Men ordet har ei anna tyding: Tette, stoppe att ei opning. Dyttestry er eit kjent materiale blant båtbyggjarar og tømrarar. Det er denne tydinga som ligg til grunn for stadnamna som inneheld dytting.
❖
løpet av Dyttingvatnet lengst søraust i Flora kommune, i eit vakkert turområde mellom Vevring og Håsteinen. Denne dyttinga er bygd som ein dobbel mur. Mellom murane har det etter alt å dømme vore treverk, med luke eller nåler som kunne stengjast og opnast. Murane var truleg tetta (dytta) med torv. Vatnet kunne såleis demmast opp. Dyttingelva renn ned til Vevring, der det var fleire kverner. Når korn skulle kvernast, kunne dyttinga opnast slik at vassføringa vart tilstrekkeleg. Dytting var også brukt om kunstige kulpar som folk bygde i elvane for ferskvassfiske.
Eit godt eksempel på ei dytting er den som framleis ligg ved ut-

Store slag Det «livnar» til att i Etiopia, ser det ut til. Det har no vore store slag ved Adis Abeba som i lengre tid har vore på italiske hender, men umringa av etioparane. Italienarane syner seg som barbarar, og skyt folk på gata på bandittvis. ❖
Dyttinga sett ovanfrå.
Trulova Frk. Eli Torstensen og Leif Stavøstrand, Florø. ❖
Alle kyrkjor i Barcelona er øydelagde. Dei har funne lika av 250 prestar. ❖
Utløpet slik det ser ut i dag.
Tunnefabrikken til Haave er sett i gong. Den driv med å arbeide upp sildetunnor til vintersildefisket. ❖
Folkemottakaren kjem i slutten av oktober eller byrjinga av november. Det er to fabrikkar, Norsk Radionette og Jacobsens elektriske verkstad som lagar dei. Apparatet får 2 lampor og prisen blir 85 kroner. ❖
Dyttinga sett frå innsida.



Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.