Minne frå oppvekst i Grønevik rundt førre hundreårsskiftet
I 1964 skipa Nasjonalforeininga for folkehelsa ei innsamling der alle i Noreg fødd før året 1900 vart inviterte til å skrive om sitt eige liv. Som hjelperåd vart det sendt ut ei liste med femten tema, dei fleste knytt til barndom og ungdomstid. Sigvart Grønevik var ein av dei frå Sogn og Fjordane som sendte inn livsminna sine. Han var fødd i 1891 og vaks opp på småbruket Grønevik på sørsida av Eikefjorden som eldstemann i ein søskenflokk på seks. I 1911 kjøpte foreldra bruket Ausevik, og dei flytta dit. Etter kvart vart dei beste livsminna presentert i ein serie bøker, i 1973 kom «Sogn og Fjordane i manns minne» ut på Sam- laget, redigert av skulestyrar Sverre Myklebust. Her finn vi eit utdrag av Sigvart Grønevik si minneoppgåve i kapittelet «Ut mot havet». I Kystmuseet sitt arkiv finst minneoppgåva i sin heilskap, 15 handskrevne ark. Det er denne vi presenterer her. Det meste av oppgåva handlar om livet i Grønevik på eit småbruk der tre generasjonar budde saman, og der far var borte store delar av året på fiske eller fiskeoppkjøp. Avslutningsvis fortel han om flyttinga til Ausevik og det nye tilværet der. Vi har valt å gjengi Sigvart Grønevik sitt manuskript ordrett, med hans eigen rett- skriving. Den einaste endringa vi har gjort er å erstatte dobbelt a med å. Bjørn Fjellheim
Notfolk For anstundende musse- og brislingfiske er plass for en del vante snurpefiskere. Marø ❖ Brann i Eikefjord Igår brann eit hus i Eikefjord ned til grunnen. Det var våningshuset til Bernt Rimmen. ❖
No når eg fekk denne lista med rettleiding om minneoppgåva for eldre, då kom eg på at eg og må ta å skrive litt. Eg har vel heller lite å skrive om meg sjølv, men eg vil skrive ymse frå fyrste tida eg hugsar, slikt som no held på og verte gløymt. Eg er fødd 2. mars 1891 i øvste tunet i Grønevika i Eikefjorden. Far min Nils Grønevik var ogso fødd i Grønevika 16.4. 1855. Mor hans, Inger Nilsdotter var fødd på Hat- leset 1824, men foreldra busette
seg i Grønevika året etter, so bestemor vaks opp der. Mor hennar var frå Hatleset, ho heitte Elen, dotter til Karsten og Gjø Hatleset, av same folket som dei som har havt garden der no i mi tid, Karnels, Rasmus og Anders Hatleset. Far hennar bestemor, Nils Gabrielsen Nordal, var vist frå eit av sørtuna på Nordalen. Foreldra hans heitte Gabriel Eriksen Nordal og kona Inger. Folket i Haukå og Trettevik, og dei Henriksen i Austneset på Svanøy er av den slekta.

Odelstinget har no vedteke at kvinnor kan tilsetjast i alle statens embete, også som prestar og offiserar. So spørs det på Lagtinget. ❖
M. M. Myklebust reiser påskeaftan på ei ferd til Palestina. Ferda går gjennom Tyskland, Schweits, Italia, Egypt, Hellas og ymse andre land. ❖
Skaut på gravfylgjet Madrid: Då dei igår skulde gravleggja einm politifunksjonær som vart drepen ved siste upprøret i madrid, vart det spetakkel på nytt. Det vart skote på syrgjetonget frå eit vindauga, og politiet skaut tilbake.Eein mann vart drepen og fleire såra. ❖
MAI 1936
1. mai-programmet på Flora har gått som vanleg. Det skal også vera kapproing på Storevatnet. Kl. 3 går demonstasjonstoget iog Gunnar Sand talar. Kva skal ein demonstrera for i 1. mai- talene i år? Meir skatt og avgifter?
❖
Tre – fire år fyr oldeforeldra mine, med bestemor flytte til Grønevik og busette seg der, hadde ei syster til Elen, Susanna Hatleset og mannen Berent, han var vist frå Hovlandsbakken, busett seg i nedste og inste tunet i Grønevika. Dei og hadde ei smågjente då dei for frå Hatleset til Grønevik. Det var ho Gjø, bestemor hans Ludvik Grønevik. Ho Gjø var 5 år eldre enn bestemor mi, og dei var altso syskinborn. Ja bestemor fekk ei syster som og heitte Gjø men ho døydde som smågjente, og dei vart ikkje fleire. Men i det inste tunet vart der fire syskin. Disse tvo systrene frå Hatleset og deira huslydar er altso dei fyrste som budde i Grønevika, der var berre utmark fyrr. Men dei fann nokk noko gras og blom frammed hamrane og urene, og so slog dei i Hatlesetlia og fjellet og førde graset eller høyet over fjorden. Elles samla dei lauv av bjørk og osp eik og rogn, og om vinteren skava dei, og skar lyng og beit. På den måten fekk dei seg for til kyr, geiter og sauer. Både husdyra og mangt anna fekk disse oldeforeldra mine frå heimane der dei kom frå. Dette sa ho bestemor, ho Inger etter sine foreldre. Eg var mykje saman med henne då eg var smågut, ho livde til 26 april 1902, då var eg litt over 11 år. Det var vist i 1847 at ho Inger vart gift med Søren Pedersen Tonheim. Han var eit par år eldre enn ho, fødd i august 1822. Han var frå «Tunet» på Tonheimstranda. Far hans heitte Per Tomassen og mora Nele. Ho var frå Midtbø eller Solheim i Norddalsfjorden. Søren og Inger fekk 4 born, Elen, Pernelle, Nils og Jonas. Han bestefar kjøpte bygsleplassen so dei hadde sjølveigande småbruk då borna deira vaks opp. I 1889 vart far gift med Karen Andersdotter Nærøy. Mor var fødd
25 desember 1863 på Nærøy nord for Flora. Hennar far heitte Anders Tobiasen Bektjønn, og var frå VestAgder, ner Sirdalen. Han hadde gåt heimanfrå og til Stavanger for å få seg arbeid, då han var ungdom, og han fekk arbeid hos ein Kôhler. Denne Köhler hadde millom mangt anna ogso notbruk, og han gamleTore i Husefest var notbas åt han. Tore var frå Hardanger, namnet var då Tore Hansen Underhaug, men han kjøpte garden Husefest og budde der sidan. Bestefar vart med notbruket hans, og vart med nord til Husefest og vart kjend med folk der ikring og so vart han gift med Gjø Olsdatter Terdal. Dei kjøpte nordre Nærøy, og busette seg der. Dei fekk ein stor flokk born, tre gutar og seks gjenter. Mor mi, Karen, var nr. 2. Då ho var vaksa tente ho nokre år på Flora, 1 ½ år hos bokhandlar Stefansen, og 4 år hos distriktslækjar Lorentsen. So vart ho gift med far, og flytte til Grønevik. Far hadde då vore notbas i mange år på feitsildfiske i Nordland. Fyrst hos ein Kollet i Opløyfjorden, og so hos Lund på Uthaug på Ørlandet. Kring 1870 vart det om lag heilt slutt med vintersildfisket her på Vestlandet, men på same tid tok det seg opp eit storarta feitsildfiskje i Nordland. Far var med på vårsildfiskje her, ein eller tvo vintrar, men dei fekk om lag inkje. Nokre litt eldre enn han, var då tekne til å reise til Nordland på feitsildfiskje om sumaren. Eg hugsar far nemnde Kristoffer Hovland. Det var alt i 1872 at far for til Nordland, og vart med notbruk der nord. Det var mange herikring som gjorde det på den måten i mange år då. Og far vart altso notbas der nord. I nokre år dreiv han det på den måten at når notfisket var slutt
Karl Seim held pianokonsert sundag 3. mai kl. 6 em. i Bedehuset, Florø. Entre kr. 0,75. ❖
Aalfotselskapet skal oppløysast, og eit nytt selskap skal byggjast ut. Det er 10 kommunar som er interessert i Aalfotselskapet. ❖
Keisaren av Etiopia er rømd og har sagt frå seg all styring. Giftgassen og råskapen har sigra. Det er plundring og upprør i Adis Abeba, medan det er er jubel i Rom, og Mussolini har halde ein stor tale. Meldingane tyder på at landet skal heilt og fullt anekterast og heite Italiensk AustAfrika. ❖
Hospitset, Florø. Nymontert like ved hurtigrutekaien. – Anbefales reisende som et hjemlig, probert sted. Godt kjøkken. Rimelege priser. Stort utpakningsrum. ❖
17de mai Sol og klår himmel gjorde 17de mai iår til ein strålande dag. ❖
om hausten, so gav han og nokre andre her sunnanfrå seg til å fiske sild med garn i fjordane der nord. Dei var der mest til jul. Det fyrste eg hugsar sjølv frå eg var smågut i Grønevika var det far og mor, og vi borna som då var komne til, vi vart 7, men eg hugsar litt frå vi var berre 3. So var bestefar og bestemor i same huslyden og ei syster til bestefar, Trine Pedersdotter Tonheim. Ho var vanfør «gigtbrota» frå ho var smågjente. Ho hadde vore svert sjuk då ho var 2–3 år, ho sa at ho hugste at mor hennar gjekk og bar henne i ein kvetel. Sjukdommen var vel truleg polyomyelitt, men i den tid sa dei altso at dei vart «gigtbrotne». Begge føterne nedanfor åkleleda var skjeive og samanstuva so ho laut ha sers sko. Henderne var ogso noko vanskapte. Ja, ho greidde å spinne og spyte og koke mat og vaske. Ho hadde stelt åt far sin lenge, og «han livde til han var mest 100 år» sa dei. Sidan hadde ho vore mest i Grønevika hos bror sin, han bestefar. Der var ogso ein Jens Djupevik i heimen vår då. Han var 8 år eldre enn eg, og altso stor skulegut det fyrste eg hugsar. Han var frå Djupevik i Barlindbotnen. Far var mykje borte frå heimen fyrste åra eg hugsar. Fyrst som notbas i Nordland, men det hugsar eg knapt. Det fyrste eg hugsar greidt var han skippar på ei stor jakt, seglfarty. Dei siglde til Lofoten om vinteren og kjøpte torsk og salta til klippfisk. Dei salta fisken i romet på jakta. Om våren vaska dei fisken og turka han på berg borte på Ura i Årebrot nord for Flora. Når klippfisken var turr og ferdig siglde dei til Bergen og leverte fisken. Ja, det var Abraham Vassbotten Flora som åtte jakta «Havsula» og dreiv denne fiskehandelen. Seinare på somaren for dei i kring å salta sild,
der det var sild å få både her ikring og på Sunnmøre. Når far var heime var han med i det vanlege gardsarbeidet, og so sette han i stand eit og anna både ute og inne med husa og innbu. Mor stelte maten og oss borna, og vaska kleda, og so vov ho lange vøvar og sydde klede. Bestefar og bestemor var friske og arbeidsame då, og om far ikkje var heime so greidde dei andre det vanlege gardsarbeidet på småbruket. Dei hadde 4 mjølkekyr og 2 ungdyr, og 12 – 15 sauer og fjordlamb, so det er reint utruleg kor mykje dei fekk ut av eit slikt småbruk då. Det var bestemor som stelte høyet om vinteren, mor eller Jens hjelpte til med å mjølke og bere vatn. Bestemor stelte poteterne, og laga til setjepoteter. Bestefar og Jens stelte åkrane om våren, dei spadde ned poteterne og spadde om der dei skulde så korn. Dei hadde etter måten mykje korn og poteter. Dei fekk ein 4 tunner korn og det var bestefar som treskte kornet med «tust» og stelte det elles. Han hadde ordna litt me elva og fåt seg til ei lita gardskvern, og han turka kornet i storegryta i eldhuset, og mol det sjølv. Poteter fekk dei rikeleg til eige bruk, endå dei var ein stor huslyd, og ofte brukte poteter tvo ganger for dagen, og so potetekaker og raspekaker. Dei hadde 2 – 3 litt store åkrar og so mange småstykje, over 20 i alt. Og alt var bra velstelt. Bestefar slog berre med stuttorv det eg hugsar, og eg trur helst at han ikkje hadde bruka langorv fyrr heller. Mesteparten av bøen måtte slåast med stuttorv, men vi hadde ein langorv, som far og Jens brukte litt. Bestefar slog so vel og nøyagtigt, at eg har ikkje sett nokon annan slege so vel kring alle steinar og utkantar. Bestemor og Trine, og
Tunet i Grønevik 2011. Foto: Bjørn Fjellheim.
Landbruk M/A skal byggja i Strandgata i sumar. Bygget vert 18 x 12 meter med kjellar og i 2 1/2 høgd over gata, million Florø meieri og kjøpmann Sundals sitt hus. ❖ Brandsøy Planteskule har levert 1,2 mill. plantar iår. Det gledelegaste er at kystbygdene tek seg slik på tak med planting. ❖
Naudsarbeidet på Brandsøyvegen tek snart til att, fortel ordførar Lauvsnes. Det er kome løyving på 15 000 kroner. ❖
ja mor ogso, raka og hesja og stelte høyet og karane laga høybyrar og bar det inn i byratog. Vi hadde ikkje hest i Grønevika. Vi leigde hest og ein mann med, og køyrde ut det meste av gjødsla om våren. Resten trilla dei ut i julbåre, eller bar det i kipe. Det var no helst sauegjødsla. Kvar sumar og haust, hogg dei ned bjørk og rogn og osp og eik, og skar av lauvet og samla inn til for attåt høyet. Dei var ikkje tekne til å lage surfor då, og eg hugsar bestemor hadde mykje arbeid med halvturr hå inne i løa. Om vinteren heta dei vatn i storgryta i eldhuset kvar dag, og bløytte noko høy i trebytter. Det var truleg bra for kyrne. Bestemor og Trine kara ull, og spann tråd av ulla. Noko til spytetråd til sokkar, lubbar og vottar, men mest til varp og vevt, renning og innslag. Og mor vov, og fekk det til ty. Sume vøvar var heilull, ulltråd både varp og vevt. Når ein då
ordna det på ein viss måte med veven so vart det retteleg vadmål til vinterkler og kvitlar = ullteppe. I nokre vøvar hadde dei varp av bomullstråd tvisgarn og vevt av ulltråd. Då vart det tunnare ty til underklær og kvinnfolkklede. Det meste av dette tyet sydde mor til klede, ho hadde symaskin frå fyrr eg hugsar. Bestemor hadde ikkje havt symaskin, dei sydde berre med nål og tråd i hennar tid. Bestefar arbeidde humarteiner om vinteren. Sidene i teinene var av furespiler, gavlane – endene var av fure og eine. Han lagde svert mange humarteiner for året og selde til slike som fiska humar og til handelsmenn på Flora. Bestefar fiska humar ogso, og det var nok andre der i Eikefjorden som og fiska humar då. Både bestefar og far fiska med liner. Når det høvde so at nokon hadde kasta småsild, so fekk dei

Ny lækjar i Kinn Reservelækjar ved Luster sanatorium, Gedde-Dahl, er i siste statsråd sett til distriktslækjar i Kinn. ❖
Bestefar tykte det var leidt at dei ikkje skulde hugse han. Eingong bestefar var i Bremanger og fiska torsk, og dei var utanfor Olderveggen, då kom det slik sunnanstorm at dei laut fare inn på Vetvika. Men stormen vart langvarig, og dei greidde ikkje å kome seg søratt. So fann dei på å ro ikring heile Bremangerlandet altso inn på nordsida, og aust om Hornelen, Men «det var noko av det treskaste eg har vore med på» sa han bestefar.
Firda Folkeblad På grunn av driftsstansen ved Aalfoten kjem det ikkje ut noko nummer av Firda Folkeblad tysdag. Neste nr. kjem fredag 28. mai. ❖
Nasjonal Samling hadde stemna på Gjøvik igårkveld. 200 menneske var samla. N.S. folki kom køyrande dit i 3 lastebilar. Av arbeidaridrottslagsfolk vart det kasta stein på bilane. 7 N.S. folk og ein politimann kom til skade. Saka hev vore fyre i Stortinget etter ein interpellasjon frå Hambro. Justisministeren segjer at regjeringi vil stå vakt om møterett for alle. ❖
Flora bystyre har vedteke å gå med i det nye kraftlaget. Arbeidarpartiet si gruppe er imot; dei vil ha to lag. ❖
seg fat i sild til agn på linerne. Dei brukte ogso skjel til agn, når det var fint veir og der ikkje var sild å få til agn. Frå eg var svert liten var eg med når dei drog linerne, det var moro å sjå når der kom fisk opp gjennom sjøen, og sjå kva slags fisk det var. Vi fekk torsk og hyse, lange og brosme, lyr og kviting, steinbit og auer. Om våren fiska dei sei i Livresundet på snøre. Stundom rodde dei frammed landet med dorg, og fekk litt småfisk, eller dei pota med troer etter murt. So sette dei sildegarn når det var litt sild å få, helst om hausten, og då kunne det verte god steikesild. Ja eg hugsar at det hende at mor både kokte sild og steikte sild til same middagen, for dei gamle likte best kokt sild, og vi borna tykte det var so mykje betre med steikesild. Bestefar hadde vore på vårsildfiskje i mange år, det var vist jamleg bra fiskje då han var ung. Det var vist helst på den måten at dei var tre mann på ein seksring, og so fiska dei med garn. Dei hadde tunner og salt med, og den silda dei fekk stelte dei og salta sjølv. Eg hugsar han fortalde om ein vinter det var mykje snø og kulde, og silda var der ute med Ytrøyna og Sandøyna. Dei budde på Kinn, men der var so mykje folk at det var svert vanskeleg å få tak over hovudet. Dei heldt til ute i snøen og salta silda. Om våren rodde og siglde dei til Bergen og selde sildetunnerne sine. Ein gong dei var i Bergen med sild gjekk der ein gamal mann på brygja og snakka med fiskarane. Og då han høyrde dei var herfrå spurde han etter soknepresten her, og om dei hugste prestar her frå fyrr. Ja dei hugste nokre, men det var ein dei ikkje kom på, og det var han som snakka med dei, ein Hammar som hadde vore sokneprest i Kinn prestegjeld for noko lenge sidan.
Far arbeidde sko til heile huslyden. Det var plugga sko han ar- beidde og so tresko, ja svert pene tresko. Bestefar hadde laga sydde sko, men eg hugsar ikkje at eg såg han arbeidde nye sko. Når eg var smågut hadde eg ikkje mange andre små å vere ilag med. Difor var eg svert mykje saman med dei gamle, både når dei arbeidde ute, og når bestemor stelte i floren og løa. Og det var ho som snakka mest meg og fortalde om slikt som hadde vore andrleis fyr i tida. Dei hadde ikkje fyrtiker då ho var ung, dei «slo varme». Dei skava tander, og so slog dei flintstein og eldstål saman so der spratt gneister ned i tandret og det tok til å gløa. Bestemor hadde ein flintstein og eldstål i kista si. Eg hugsar ogso at ho Trine fortalde om kor forsiktige dei var med siste glørne om kvelden, dei grov kol og oske over glørne, so der skulde halde seg glør til om morgonen. Då kunde dei blåse opp att varmen, det var meir endefram enn å slå varme. Dei gamle såg meir etter måne og stjerner enn folk no gjer. Bestemor hadde namn på nokre stjernebilete, og viste kvar dei skulde stå til kvar årstid morgon og kveld. Sjustjernene, fiskarane, vangbogen og vangstjerna. Dette at dei såg meir etter måne og stjer-
Florø Træplantningsselskap har styremøte tirsdag 5te mai kl. 20.30 på Rådhussalen. Generalforsamling samme dag kl. 21. E.M. Hole
❖
Losje «Landkjenning» hadde eit gildt møte igårkveld. Dei gifte, kvinnelege medlemene sytte for programmet. Losjen har no 133 medlemer. Til ny øvstetemplar er vald Aksel Klokkernes, og til losjefullmekti er tilrådd H.A. Stafsnes.
❖
Skatten Spursmålet er: Skal samfundet øydeleggja den einskild totalt fyrr det lettar skatte- trykket? I dansketidi reiste folket seg mot futane og slo deim ihel. Slikt høver ikkje lenger for so intellektuelle folk som nordmennene, men her finst andre makt- midlar, av same slag som dei Gandhi brukte i strid i India t.d. Slike maktmidlar kan ein nytte her i landet og. Svelgen, den 29-4-36 Bjarne Øvrebotten
❖
ner då enn no, det har vel samanheng med at folk ikkje hadde klokke då, og so laut dei nytte alle høve og råder til å finne ut kva tida leid. Bestemor var svert intrisera kvar gong vi fekk ny almanakk, og las i den. Ja bestemor las greidt, når far ikkje var heime so las ho teksten om sundagane. Ho song bra ogso, og kunde dei vanlege salmetonane, og var godt kjend i Landstad salmebok, endå det var ikkje so lenge dei hadde havt den salmeboka då. Det var fyrst Kingo salmebok dei hadde havt, og so ei Gullberg s. b., og so Landstad. Far hennar bestemor, Nils, hadde og vore god å lese og synge. Ja bestemor let so svert vel over far sin i alle måtar. Han døydde då hennar born var små, og mora var død fyr. Dei vart ikkje gamle. Det var svert lite skule då bestefar og bestemor var skuleborn. Det var omgangskule, nokre få dagar her og der i største stovorne på Grov, Hatleset og Tonheim og Kvalvik. Bestemor hadde vore like inn på Hovland og gått i skule. Då budde ho hos henne moste i Hov- landsbakken sa ho. Dei skulde berre lere å lese, og so lere katekisma og Pontipidans forklåring til katekisma, og so hadde dei ei «Grøgårdsboka». Det var helst ei bibelsoge med nokre andre lesestykke i. Bestemor sa at dei som var flinkast å lese, dei skulde få lere å skrive, og ho hadde fåt seg blekkpulver og fjørpenn, men då vart mor hennar så sjuk at ho fekk ikkje gå stort meir i skule, ho var vist 12–13 år då. Bestefar og Trine kunde sagtens ogso lese, dei las i bøker men eg hugsar ikkje at dei las høgt. Dei brukte briller når dei las, ikkje elles. Det var både far og mor og bestemor som lerde meg bokstavane, og lerde meg å lese. Eg las
bra greidt då eg tok til i skulen. Far fortalde om når dei fekk seg fyrste oljelampa i Grønevika, det var til jul vist i 1867. Dei i Grønevika var tenkt å ro til Flora og kjøpe ymse til jul, men so la der seg is i Eikefjorden, so dei kom ikkje fram med båt. Då tok far og gjekk frå Grønevika om Jagedalen og til Sandvik, og fylgde dei til Flora, og so kom han heimatt med ei lita lampe og ei flaske parafin. Like til den tid var det kole og lyse dei bruka, tranlampe altso. Og so hadde dei talgljos til helg og høgtid, og i sjålykta. Dei hadde elles bruka mykje spik ogso. Eg gjekk i skulen på Hatleset og Grov. Kristian Eimhjellen var læraren i heile mi skuletid. Han hadde tvodelt skule i Sunnarvik, og samla skule på Tonheim, og samla skule på Grov – Hatleset. Det vart 9 veker for året i vår krins. Kvar skuletur varde i ei og ei halv veke, 9 dagar. Og so vart det 4 ½ veke til neste skuletur. Då vi var små laut far eller andre ro over fjorden med oss morgon og kveld. Når vi vart større og veret var fint so rodde vi sjølve, hadde båten til vi skulde heimatt om kvelden. Vi hadde det gildt i skulen, var gode kameratar alle. I emnelista er spurt etter gildaste faget, skal eg svare på det, so vil eg segje geografi. Nokre gonger ordna læraren til skuleeksamen for alle sine skuleborn i Sunnarvik. Eg var der ein gong, og då var eg 11–12 år. Presten Vasstrand var der den dagen, og eg hugsar at Reinhart Løken, Grov var og viste på kartet og fortalde om Spania, og då sa Vasstrand, han er flink i geografi. Far min var med den dagen, og eg hugsar at eg høyrde at han og Ola Storevik og Anders Vasset snakka seg imellom om skulen. Når dei gjekk i skule skulde dei berre lere å lese og skrive og rekne, no lerde
50 år Fru disponent Stenseth i Vestlandske Salslag, Bergen, fyller 50 år idag. ❖ Tvangsauksjonar er det so å seia slutt på sidan me fekk arbeidarpartiregjering, sa 1ste mai- talaren på Flora. Dei som les Firda Folkeblad vilde nettup den dagen finna lysingar om ikkje mindre enn 6 tvangsauksjonar, – so mange har det sjeldan vore i eitt nummer. ❖ Bølgeblekk Trelastlageret fører no sovel bølgeblekk som bølgeblekksplater til lågaste prisar. Ærbødigst H. Sunde ❖ Kapproing 17. mai Alle interesserte må melda seg til Otto Vasbotten, der ein får nærare uplysningar. 17. maikomiteen 1936 ❖ Gård tilsalgs Mindre gård i Søndervåg ved Florø tilsalgs. Forer 3 kyr og endel smaler. God havnegang. Torv og ved til brendesel. Landslut. Eksp.anv. ❖
dei norgessoge, geografi oog naturfag, og fekk mykje meir opplysning tykte dei. Der var tvo prestar i Kinn prestegjeld frå fyre eg hugsa, den fyrste res. kap. Brufjell hadde døypt meg. Der var preike i Eikefjordskyrkja om lag annan kvar helgedag, og når det var bra veir var vi borna med til kyrkje frå vi var nokso små. Vi såg på alle dei andre båtane som for roande til kyrkje. Der kom ofte båtar like frå Sandvik og Ellingsund. Når vi kom mest inn til Eikefjord, so såg vi på alle som kom gåande, og nokre kom køyrande frå øvste dalen. Kyrkja var mest alltid fullsett av folk i alle aldrar. Eg vil få nemne, at eingong då eg var ner 50 år trefte eg ein noko eldre mann som helste og spurde om eg kjende han. Ja, eg ser du er ein av tvo brør, anten han Anders i Ramsdalen eller han Mads Ramsdal i Svarthumla. Det var han Mads. Men kjenner du meg? Spurde eg. «Eg har kjent deg frå du var liten smågut og var med foreldra dine til kirkje» sa han. Fyr der kom kyrkje i Eikefjorden, hadde folket der inne i dalen det urimeleg langt og vanskeleg å kome til kyrkje, til Svanøy. Siste gongen eg snakka med Lovisa Djupevik spurde eg om ho viste kva tid der kom kyrkje i Eikefjord. Lovisa var frå Kalsvik, og det folket hugsa so godt og viste so mykje. «Kirkja vart bygd i 1811 eller 1812», sa ho, og det var ein Andreas i Kjørslevika som var byggmeistar for kyrkja. Han var nyst komen i Kjørslevika då, og Kjørslevika er den eldste av disse plassane her. So fortalde ho litt meir om denne mannen: «Han var flink snedkar og byggningsmann og budde i Bergen, men han var so galen å drikke at dei kunde ikkje ha han der i Bergen». Det var vist kona hans som var frå Tonheim, og so
fekk dei ordne det so at han skulde busetje seg i Kjørslevika, «han skulde setje i stand Botnasaga». Og når der då nokre år etter skulde byggjast kyrkje i Eikefjord, so vart han byggmeistar. Av dette kjem det fram at Barlindbotnen hadde sag i Sagelva lenge fyre den tid. Då eg var litt stor gut, då var far slutta å vere skippar på saltefarty på Flora. Då dreiv han med notbruk her etter vårsild om vinteren, og stundom etter småsild her ikring om hausten. Eg var med nokre vintrar på vårsildfiskje. Vi for då fyrst til Kalvåg, eller på Hovdevågen, so til Nordre Fanøyvågen i Bataldeøyane, so til Bulandet eller Værlandet eller Alden, og ein gong var vi til Buskøy i Solund. Vi hadde då ei svert bra lita seglskøyte til losifarty, ein storbåt til nota og ein stor fering til lettbåt. Vi var helst 11–12 mann i notlaget, 7–8 i notbåten, notbasen og tvo roarar på lettbåten og so kokken som var att om bord på losifartyet. Dei var ikkje tekne til med motorbåtar i notbruka då i 1908–1910. Det var helst småt med heile vårsildfisket dei åra. Det var embetsmennene som fyrst fekk seg motorbåtar her ikring. Lensmann Lind, distriktslækjar Skredshol, og res. kap. Vasstrand i Stavang. Her var so få motorbåtar då, og so stor skjel på låten av disse motorane, at det var ikkje vanskeleg å kjenne dei i ser. Yngste systrene mine, dei var smågjenter då, dei sa at doktorbåten segjer «taff taff», prestebåten segjer «dubbe dubbe», og lensmannsbåten segjer «singe linge ling». So fekk Albert Eikefjord motor i ein vanleg storbåt, og førde tunner og famnved frå Eikefjord til Flora. Fyrr siglde dei, kryssa i motvind. Dåå eg var smågut stod eg mange gonger og såg på båtar som kryssa
Gjelsvik 1912. Familien Grønnevik. Framme frå venstre: Herborg, faren Nils, Klara, mora Karen og Alfhild. Bak frå venstre: Sigvart, Tor og Gunda.
Uro i Palestina Det er svær uro i Palestina no att. 25 jødar er drepne. Den britiske regjeringi vil gjera ein alvorleg freistnad på å få slutt på dette. England har no sendt tropper og vil hindra all italiensk innblanding i Palestina og Egypt.
❖
Giftarmål Frk. Bethy Schreiner og Ludv. Botnen gifter seg på Hop ved Bergen pinsaftan (imorgon).
❖
Eikefjorden i sterk motvind. Det er mest utruleg kor bra dei kom seg fram på den måten ogso. Det var kring 1820 at folk busette seg i Grønevika. I dette stroket der eg er best kjend, kring Eikefjorden og Høydalsfjorden, var det reint ei bureisingstid millom 1800 og 1850. Gardsbruka på Tonheim åtte halvøya på søre sida av Eikefjorden, sudvest for Tonheim. Dei åtte til møtes med Sandvik og Barlindbotnen. Ei tid hadde disse 6 bruka på Tonheim kvar sin bygsleplass sunnanfor fjorden. Alle dei plassane var opptekne i dei nemnde 50 åra. Og på same måten var det ikring sjølve Barlindbotn, og innover mot Sunnervik, og på begge sider av Høydalsfjorden. I 1801 budde der berre 3–4 huslydar i det stroket som seinare vart Barlindbotn skulekrins. Kring 50 år seinare var der over 20 huslydar.
Det var ikkje folk berre frå næraste grenda som tok opp disse nye plassane, nei nokre kom frå Jølster og Hyen og andre bygder. Det var vist gode jamne vårsildfiske her ute med havet i den tida. Kan hende det gjorde noko til at folk lenger innan frå dalane flytte ut her? Sume av disse plassane var so små og tungvinte, at det er ikkje råd å forstå at nokon vilde byggje og bu der. Eg vil nemne Osrimma og Ospedalen. Mange av disse plassane er nedlagde og fråflytte no. Det var vist etter 1850, at so mange herfrå bygdene tok til å reise til Amerika. Vinteren 1902 i februar månad, låg der tjukk is i Eikefjorden. I det stykket av fjorden millom Grovanes og Kvalvik vart isen liggande lenge og vart svert tjukk og sterk. Granneguten vår Ludvik Grønevik var ein av dei som rende mest på

Reklametilbud For å gjøre mine klær efterspurt overalt selger jeg fra idag av til fabelaktige priser direkte fra min fabrikk ved fylkesskolen. O. Bjerck Konfeksjonsfabrikk ❖
Splinteslagsmål Tvo splintekjerringar, som kom på land her natt til 18. mai (saman med mennene sine) rauk uklar på Fugleskjerkaia. Det vart slagsmål på harde livet, og det vart brukt ord og uttrykk som ikkje let seg setja på prent, og som dei som høyrde på jamvel kvider seg med å ta uppatt på tomannshand. ❖ JUNI 1936
attåt Landstad salmebok. Det var ikkje komme med salmar på landsmål då. Far bruka ikkje tobbak, og ikkje bestefar heller, so vi er tre generasjonar no, som ikkje har bruka tobbak. Eit stort fleirtal av alle mannfolk brukte tobbak då ogso. Våren 1911 flytte vi frå Grønevik i Eikefjorden til Ausevik i Høydalsfjorden. Far hadde lenge tenkt å få seg eit betre gardsbruk enn det han hadde i Grønevika. Ja det var ikkje av dei mindste småbruka, men innmarka var svert oppdelt og bratt og ujamn. Far tykte han kunde ikkje flytte der ifrå so lenge foreldra hans livde. No var dei borte. Bestemor døydde 26.4. 1902, og bestefar tett fyre jul 1903. Trine i januar 1904. So fekk han då greide på at Ausevika var tilsals, og kjøpte her. Då vi flytte her til var det far og mor med 6 born. Ja eg og eldste syster mi var vaksne, dei andre var 12, 9, 6 og 3 år. Folk og innbu førde vi her til på sjøyta «Falken», den vi hadde til losifarty med notbruket. Kyr og sauer førde vi på notbåten. Her i Ausevika var det flatt og fint, mot det vi var vande med, og ein 40–50 mål innmark. Her var det å take til med hest og vogn og plog og harv, og so fekk vi oss straks slåmaskin og hesterive. Men her var mykje å arbeide med og vøle på både med jord og hus. Mest alle tak på husa var næver og torv, og dei var so gamle og dårlege at dei åtte skiftast fyrste åra. Elles var husa so nokolunde brukande. Men vi var vande med gode hus i Grønevika, far hadde bygd på husa der. Her var god hamn for farty og båtar, og her var både naust og sjøbu. Det var vigtigt for far då. Han hadde nøter og garn og liner, og både små og store båtar.
Livbåt funnen Ein av «Hogstad» sine livbåtar med seks mann er funnen etter forliset i Nordsjøen. Millom dei berga er Vilh. Vetvik, Bremanger, Andr. Gundersen og Johan Johnsen frå Flora. Det varialt 14 mann ombord i «Hogstad». ❖ Turken tek til å verta ein fåre for årsveksten i Sunnfjordbygdene. ❖
skeiser på den isen, han var 3 år eldre enn eg, men vi var mange nede å gjekk på isen. All ferdsla med båtar laut stogge. Rutebåten Flora – Eikefjord kom heller ikkje fram. So var det nokre på Tonheim og Hovland som vilde kome seg ut til havet på fiskje, og då tok dei å saga rok i isen so rutebåten Balder skulde kome fram, og so tok Balder båtar og farty på slep ut att. Eg hugsar dei hadde lange staurar og fekk skue dei laussaga isflaka innunder isen på siderne. I tida kring 1900 hadde dei eit lite ungdomslag i den litle skulekrinsen, Grov, Livresund, Hatleset og Grønevik. Der var etter måten mange ungdomar der då, og dei var intrisera og dugande. Eg trur dei dreiv det godt, hadde mykje diskusjonar, og handskreve blad. Vinteren 1908–1909 var eg på Sunnfjord ungdomsskule i Naustdal. Rasmus Øvrelid var skulestyrar då, og eg har kjent meg mykje takksam for den vinteren. Skulde eg nemne noko fag der som eg tykte sers bra om, so må det vere heimssoga, på den måten Øvrelid la det fram. Det meste var nytt for meg, og det var so bra å få høyre litt om «jorda og livet på jorda gjennom tiderne». Om dei gamle vismenn og lovgjevarar frå Moses og Budha og fram gjennom tida. Og om mange som no seinare har arbeidt for fridom og jamrett for alle, slike som presidentane Vasington og Linkoln i Sambandstatane. Eg tykjer U.S.A. burde gå meir i deira fotefar no. Far min var intrisera vinstremann, og hadde det reine norske flaget frå eg hugsar. Det var ikkje mange som hadde flag då. Han var intrisera for landsmål og alt norsk og nasjonalt. Han var ein av dei ivrigaste for at ein skulde take i bruk Elias Bliks sine salmar i kyrkja
Alt frå den tid vart eg heilt opp-
Sjukehusi i Flora og i Lærdal går med store overskot. Det er framlegg i fylkestinget om at fylket skal kjøpa Vaarsildfondet sitt sjukehus i Florø med tanke på Fiskarfagskulen. ❖
Mineringsulukke I gårkveld i 10-tida var brørne Nils og Anders Opheim i utmarki og skulde sprengja ein stein. Skotet gjekk av for gutane då dei heldt på å ladde, og dei vart vart ille tilreidt. Dei er no i morgontimane på veg til sjukehuset her. Det ser ut til at den eine misser synet på eine auga, og den andre vert heilt blind. ❖
S/S «Høvding» går til Førde laurdag kl. 8.30 med stemnefolk til årsmøtet på Vassenden. Dei som vil vera med må melda seg snarast til Sverre Hopen. ❖
stemner om somaren, og sjå dei ymse bygderne her i Sunnfjord og høyre gode foredrag., og på same tid treffe att gamle kjenningar, og få ein og annan ny kjenning. Ja, eg har vore på nokre litt lenger turar ogso. Ein gong til Stavanger til landsmøtet i Norigs ungdomslag, og på same tid tur til Sand i Ryfylke. So var eg ein tur til Sunnmøre på eit Ivar Aasen stemne, og so med Sunnfjord hagebrukslag på tur til Litle-Hamar. Vi for då vegen over Strynefjellet til Gudbrandsdalen, og tilbake Valdres – Lærdal og over Gaularfjellet. Frå heimvegen hugsar eg sers den storarta utsikta frå Gaularfjellet nedover Viksdalen og Gaular, ein fin sumarkveld. Ja so var eg på nokre fjellstemne, og nokre fjellturar her på disse næraste fjella. På Klauekeipen saman med Magnus Kleiven, Klauene. På Skålefjellet saman med kyrkjesongar Lihaug, Stavang og Haldor Høydal. Og so på Håsteinen. Frå Skålefjellet er det utruleg god utsikt, når ein er heldig med rein luft og godt syne, so som den gangen Lihaug og han Haldor Høydal var med. For det fyrste ser ein godt utover alle øyar og fjordar i Kinn prestegjeld. So ser ein Jostedalsbreen i aust og i nordaust ser ein fjell lenger unda enn breen. Mot sud – sudaust meinte vi at vi såg fjell aller lengst borte. Ja eg må vel slutte no. Vil då segje at far døydde 8 sep. 1929, og mor 26 des. 1940. Dei vart ikkje svert gamle. No er vi tre syskin som eg garden her, og arbeider og stellar med dette gardsbruket. Det er Tor Grønevik, Herborg Grønevik, og eg Sigvart Grønevik.
teken med sjølve gardsarbeidet, åker og eng og buskap, og det har vara ved, like til no eg er gamal. Då vi hadde vore her i Ausevik nokre få år var der eit lite fesjå i LitleHøydalen. Då fekk vi «andre premi for Kranseli og tredje premi for Drople Strenge og Brunette». Det var fylkesagronom Tryti og ein frå Naustdal som var prisdomarar. Då vi gjekk att frå utstillingsplassen, og leidde kyrne opp ein liten bakke, då høyrde eg prisdomarane sa segimellom «Nils Grønevik har nokre gode kyr». Her var altso gode kyr kringom i grendene i den tida ogso. Den som fekk andrepremi og ei av dei andre hadde vi med her til frå Grønevik. Frå vi kom her til Ausevik la vi merke til nokre berg litt austan for sjøbua, med teikningar av hjort og ymse anna. Det var greidt at disse teikningane var gamle, men vi tenkte at dei kunde ikkje vere meir enn nokre hundred år. Vi veit at Johannes Ausevik, som budde her 1830–1905 ogso hadde undra seg over disse teikningane. Når vi då såg i blada om helleristningane i Vingen i ytre Nordfjord, då skreiv bror min, Tor Grønevik, til Bergen museum at her i Ausevik var ristingar i berg som likna disse i Vingen. Då kom professor Johs. Bø straks her til, og han sa med ein gong at dette og var helleristingar frå steinalderen. Eg nemnde at eg heile mi tid har vore mykje oppteken av gardsarbeidet her. Eg fann hugnad i dette arbeidet og var lite med på vanleg moro. Eg las blad og bøker, kjøpte ymse bøker t.d. «Jorden dens land og folk». Og so tykte eg det var hugnadsamt å reise på
Knuppen 908 2. pr. og spiss Nordfjordeid 1934, står til bedekn. hele sesongen hos Hans Espenes, Guddal. Springpenger ialt m/ føll kr. 15,-. ❖
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.