Landskapet og gardane langs Nordalsfjorden
Landskapet og gardane langs
Nordalsfjorden
Nordalsfjorden skjer seg ti nautiske mil inn i landet frå lykta på Årebrotsodden til Kyllaren – der ei grein av elva frå Solheimsvatnet renn ut i fjorden. Så følgjer ein like lang køyreveg opp gjennom dalføret til vi står under den drivkvite dusjen av Kvangrøfossen, straks før vi svingar inn på gardstunet øvst i Grøndalen.
spiss hjelm ser vi Midtbønipa omlag midt over dalen i aust, og meir diffust i nordaust ligg Lassenipa.
Klipp frå Firda Folkeblad
JANUAR 1936
Ytre delen av fjorden er eit par nautiske mil breid, med mange øyar og holmar. Frå Bjørnset og austover smalnar han saman til nokre få hundre meter ved Borodden og Straumsneset, der brua går over. På sørsida har vi det låge Flore- og Brandsøylandet, og vidare det smale Klavelandet, til landskapet akslar seg kraftig frå Hatleset og austover med Strandanipa og Blånipa på 1 021 m.o.h. Som ein
Villmarka i Flora På nordsida har vi sjølvaste villmarka i Flora kommune, ein konsentrasjon av villfjell og brear som vi ikkje finn nokon stad så langt vest i landet. Kjende fjelltoppar vestafrå er Terdalskeipen, Klauekeipen, Haukånipa og Haukåbøra
TANN-INNSETNING Gebis utføres for kr. 45. Reparasjoner pent og billig Garanteret arbeide. REIDAR LARSEN Tannteknisk laboratorium Strandgt. 15. Børs Cafe – Bergen.
❖
Bj. Sunde kst. kemnar I formannskapsmøte igår vart det samrøystes vedteke å tilsetja Bjarne Sunde som millombels kemnar i Florø.
❖
Framme Terøya, til venstre Saga med Sagavatnet oppe i høgre hjørnet. Midt på biletet ser ein Terdalen og Nova.

På tur inn Nordalsfjorden har vi eit flott og variert landskap på begge sider.
Kipling død Den kjende engelske forfattaren Rudyard Kipling er død. Det har vekt landesorg i England. ❖
Krigen i Etiopia held fram med store slag og det er meldt om fleire tusund falne på båe sider. Frå Adis Abeba vert det meldt at av fire italienske fykemaskiner, hev etioparane skote ned tre. ❖
lunden/Ålfotbreen og vestover forbi Haukåbøra er intenst utnytta til kraftutbygging. Ei lang rekke vatn er sterkt regulerte, til dømes Storebotnvatnet med over 60 meter. Dette fjellmassivet ligg på Norgestoppen i nedbør, og med store høgdeskilnader, blir det enorme mengder elektrisk kraft på eit relativt lite område. Kraftstasjonane ligg i Svelgen og Ålfotenområdet. Terrenget i nordaust er utfordrande både til fjellklatring, ski- og fotturar. Vest for Grytadalen flatar terrenget meir ut til ei fjellslette (Guleslettene) i 500–600 meters høgd. Dette terrenget er mykje lettare, og er særleg nytta av familiefolk til kortare skiturar på ettervinteren og i påskehelga.
Kong Edvard VIII Prinsen av Wales vart i møte i krunsrådet proklamert som konge i England under namnet Edvard VIII. ❖
(1 065 m.o.h.) Lenger nord ligg grensefjella mot Bremanger: Keipen, Plogen, Maritiden og Saga, alle over 1 300 meter. På høgste Ålfotbreen (1 379 m.o.h.) møtest grensene mellom dei tre kommunane Flora, Bremanger og Gloppen. Det merkelege og storslegne fjellterrenget er i hovudsak bygt opp av sandstein (herda elvesand) og konglomerat (herda steinurd og grov grus) for nær 400 millionar år sidan. Dette er pressa saman lagvis og sidan tippa opp og falda mot aust slik at det har fått desse karakteristiske keipeformasjonane. Nede i faldane (hyllene) ligg eit utal av større og mindre vatn i hovudretninga nord/sør. Dette gir fine turruter den vegen, men tyngre og meir slitsame turar aust/vest, opp og ned på tvers av faldingane. Denne halvøya vest for Hyen vekslar kolossalt i naturtypar, frå isbre/høgfjell, til lune slukter og søkk med varmekjær lauvskog i låglandet under fjellskrentane mot sør. Her finn ein truleg landets største konsentrasjon av hjort, og i dei to kommunane Bremanger og Flora blir det til saman skote rundt 1 200–1 300 dyr årleg.
Ivar Ballangrud er vorten europameister på skeiser for 4de gong.
Gardane langs fjorden La oss tenkje oss at vi ein fin sommardag er ute i båt. Startar vi ute i skipsleia og følgjer fjorden på nordsida, har vi det nedlagde gardsbruket «Brotet» (frådelt gnr. 10 Årebrot) like aust for sjølve Åre- brotsodden. Sjøhusa står inst i Madsvågen, ein fin sildevåg i landnottida. Dei siste som budde her fast, var Inger og Johannes Skaar. Dei kom frå Hyllestad og kjøpte
Høgfjellsområdet frå Gjegna-

To av våningshusa i Pusavika ein sommarettermiddag for nokre år sidan med folk på «øyra». Det er ialt fire bruk på gnr. 12.
Pusavika
Distriktslækjaren bed oss melda at kontordagane for fiskarane vert tekne oppatt i Rognaldsvåg og Batalden fredag i denne veka, på same tider og stader som tidlegare.
❖
Ei kjempegran fall for øksi i fru Hatlem sin hage ved Storevatnet no ein dag. Det var ordf. Livius Smitt som planta den for 60–70 år sidan.
Tre kilometer lenger aust ligg Pusavik (gnr. 12) med fire nedlagde bruk. Her budde den kjende humanisten og sauebonden Johan Schuman nokre år på sine eldre dagar på bruk nr. 2, «Solly». Han kjøpte det i 1899 og selde det til Ludv. Gjelsvik som flytte dit med den store huslyden sin i 1904. Schumann hadde då kjøpt Helenaholmen nordafor Florevika og budde der i tre år til han flytte til Bergen der han døydde i 1911. Pusavik er truleg ein eldgammal gard; i skrift nemnt på 1590talet som bispejord, og det vart betalt husmannsskatt. Først på 1600-talet må det har vore magert utkomme.
bruket eingong på 1930-talet av Andreas Strømmen som flytte til Hovdevågen. Inger og Johannes fekk fire barn: Odd, Trygve, Oddny og Jo- stein Skaar, og eigedommen blir nytta av etterkommarane til sommarstad. Litt innafor innløpet til indre Årebrotsvågen står murane etter ein sildoljefabrikk som vart bygt i 1913, men nedlagt etter første verdskrigen. I 1936 vart det søkt om midlar til å sette i gang produksjon, men det vart ikkje noko av, og utstyret vart selt til Gotteberg i Måløy. Noko av dette vart på 1950talet kjøpt av Gregoriussen i Barekstad som sette i gang guanofabrikk. Denne var i drift til fram på 1980talet.

Joleik skreiv om ein Olav som i 1603 var «aldeles utarma» og at jorda låg øyde. I 1625 bur der ein Lars Pusavik, og om han står der skrive at han var ein «utfattig øydegardsmann». Seinare kom det seg, og under eit skifte midt på 1700talet vart buet verdsett til 80 dalar, av dette 19 dalar i reie pengar, og det var sjeldsynt på den tid, fortel Joleik. I 1859 vart garden delt i to; det var ein Håheim som kjøpte vestre delen «Solly», der den nemnde Schumann og seinare Gjelsvik budde. Ein av sønene til Annemasie og Ludv. Gjelsvik var Anton Gjelsvik som gjekk i fotograflære og vart ein dugande fotograf med flott teknikk og god fargemetning i bileta sine. Han døydde så altfor ung, i 1914, berre 22 år gammal. Ein annan son, Gustav Gjelsvik, tok over bruket etter foreldra. Han gifte seg med Martha Sørgulen midt på 1930-talet, og det er etterkomarar av dei som har bruket i dag. Hovudbruket vart fram til midt på 1930-talet drive av Inger (også frå Sørgulen) og Peder Pusservik. Etter dei overtok fostersonen,
Jacob Stavang, som gifte seg med Katrine Grøneng, og dei dreiv det fram til midt på 1970-talet. Eldste son deira (artikkelforfattaren) har bruket i dag, og det er ikkje i drift. Dei siste sauene vart fårikål for fem-seks år sidan. Gnr. 3 «Stykkje» vart fråskilt tidleg på 1900-talet og drive av Berthe og Abr. Grøneng, seinare Annas og Hilde Bjørnseth. Arvid J. Stavang er eigar i dag, etter bestemora, Berthe og tanta Hille. Bruk nr. fire vart fråskilt tidleg på 1900-talet til til Anna Pusavik som gifte seg med Salamon Bjørnseth. Ein av sønene deira, Ansgar Bjørnset (g.m. Kari), dreiv eigedommen med dyr fram til utpå 1950-talet. Då flytte dei på Flora og hadde det som fritidsbruk så lenge dei levde. Risøya høyrer også til tre av bruka i Pusavika. Her vart det slege gras til fôr og frakta heim i båt fram til 1962/63. Ein mykje tungvint driftsmåte. Austafor ligg Skutlebrotet, ei lita øy på 300 x 70–80 meter på det breiaste, som høyrer til bruk nr. 3. Også her vart det beita småfe (helst geitekje) og slege litt gras for
Rikt sildefiske Det har vore eit rikt sildefiske utanfor Batalden, Bremanger og Kråkenes. Silda har stade svært tett og det er fleire som hev fenge rive nøtene sine. Det blir sagt at ein aldri har sett så mykje sild her fyrr. Hellefjorden er full av sild, og det skal vere snurpa jamvel innafor Stabben. Millom dei mange snurparane kom «Kinn» inn med 400 hl. og reidskapsskade. «Høvding» kom inn med ei ny last på 1100–1200 hl. igår. På hamnen her i Florø er det yrande liv. Båtar har kome og gått ustanseleg, og fiske har vore framifrå trass det forferdelege veret. Men mange store landnotsteng er sprengde av stormen. To av dei var på 13 000 hl. kvar.
Gbnr. 13/2 ligg ved sjøen eit par kilometer aust for Pusavik. Vatnet til sentrum kjem frå Sagavatnet øvst i Sagadalen, og biletet som er frå 1970-talet viser arbeid med å reparere vassledningen som her ligg på ca. 100 meters djup.

transport heim. Ut mot slutten av 1800-talet skal her ha budd ei einsleg kvinne som dei kalla for «SkutleAne». Ein finn murane etter eit ørlite hus og ei båtstø. Kva ho levde av er ikkje godt å seie. Kanskje dyrka ho litt poteter og fødde nokre småbeist, hadde noko arbeidsplikt og fekk litevetta løn for det i Pusavikja. Fisk var det alltid råd å få på grunnane ikring.
Ivar Sagen, bror til Leif den eldre, omkom på overfart til England under krigen. Dei hadde ei motorskøyte som heitte «Sagøy». På Saga ser vi framleis dei forseggjorde murane etter eit eldgamalt sagbruk («Tirdalsag») som på 1600- og 1700-talet svara skatt for opp til tusen skorne bord i året. Drivkrafta var Sagaelva som renn i sitt gamle leie frå Sagavatnet og ned. Herifrå kjem også alt drikkevatnet til Brandsøy og Florelandet, og enno er der godt overskot i elva, sjølv i turre somrar. På Sagøya var der i 1875 ein huslyd med eit bruk (plass) som fødde tre kyr.
Vegen Florø–Førde Ein anonym innsendar i «Firda Folkeblad» kjem med ei åtvaring til stortingsmennene som han har høyrt skal vera usamde om veglina frå Naustdal. Han meiner lina over Ramsdalsheia til Eikefjord og Florø må ha fyrsterett. Den andre lina frå Naustdal over Redal til Eikefjord får heller koma seinare. Av vegstrekkja på om lag 26 kilometer frå Florø til Eikefjord er berre stykket frå Florø til Brandsøy – knapt 6 km. – med i 25-årsplanen.
❖
Saga Eit par kilometer aust for Pusavika ligg bruket Saga (gbnr. 13/2) som heller ikkje er i drift. Eigar er Leif Sagen. Far til dagens eigar gjekk frå 1950 og ut på 1960-talet skulerute mellom Brotet, Pusavika, Saga, Terdalen og Grønenga til Brandsøy som var skulekrins for desse veglause gardane. Far hans igjen, Lars, kom frå Hardanger og tok namnet Sagen då han sette seg til på bruket.
Tirdalen Nye to kilometer lenger aust ligg Tirdalen (gnr. 13/1); framleis i drift med fast busetnad. Eigarar er Else Marit og Arthur Nord. Else Marit er dotter til Anna (f. Kleiven) og Abraham Tirdal, og dei dreiv eit
Terdalen og Nova (gbnr. 12/1 og 12/3) ligg fritt (og veglaust) eit par kilometer aust for Saga.

Utsikt frå vegen til Klauene. Den vart bygt først på 1970-talet og førde til ei ny tid for dei veglause og brattlendte bruka.
Det nye reiarlaget Fredag vart det på Flora halde generalforsamling i det nye skipsreiarlaget A/S «Brandanut». Øystein Døsen, Joh. Hagen og Grant Lea er i styret med Lea som disponent. Skipet «Columbia» som selskapet har kjøpt, skal til Spania med ei fiskelast. Dahl Hansen er skippar om bord, Anton Lammetun fyrstestyrmann og Karl Greni andrestyrmann.
❖
relativt stort geitebruk i tillegg til ku og sau. Med hest var det drive fram ein del skog. I dag er det i drift som sauebruk. Abraham vart ein gammal mann, over 98 år då han døydde i 1995. Han måtte arbeide hardt frå han var ein neve stor. Faren omkom på sjøen då Abraham var 15 år, og han vart husbond for den store og tungdrivne garden. Ein som var dreng der i slåtten, fekk jobben med å slå dei bratte reinene med stuttorv. «Eg rette ikkje ryggen på tre veker», fortalde han etterpå. Turkesommaren 1933 voks der knapt eit strå, anna enn på flatene som i dag blir hausta maskinelt. Resten er sauebeite. Ungar frå Pusavika til Klauene gjekk på skule i Terdalen til ut på 1920-talet. Ei av stovene var laga til som skulestove.
Langs elva står fleire eldre bygningar som samla presenterer eit komplett vasskraftmiljø frå lenge før elektrisiteten si tid. Bygningane inneheld kvern, korntørke, vadmålsstampe og sagbruk, og er i god stand etter omfattande restaurering. Ny demning, vassrenne og fleire nye vasshjul er bygde, men sagbruket er no drive med elektrisitet. På andre sida av elva ligg Nova (13/3), eit småbruk fråskilt Terdalen. Dei siste som budde her fast, var Ingeborg og Erling Naaven. Eigar i dag er Stein Malkenes. Terøya er eit anna bruk som vart frådelt Terdalen. Her har budd folk i fleire generasjonar. Den siste fastbuande var Jacob Tho, og eldste son hans, Ingvald, som døydde for nokre år sidan. Jacob var m.a. kjend for å vere ein

dugande ørnejeger. Han dreiv med geit og låg i stadig strid med ørna som var lei til å forsyne seg av geiteflokken hans. Ein sesong skal han ha felt ikkje mindre enn 12 ørner.
Skryt av Hitler og Goebbels I Tyskland høgtidar dei no 3-årsdagen for nasjonalsocialismen som styrande makt. Goebbels heldt ein tale der han peika på fruktene dei har vunne. Hitler tala ogso. Han peika på at Tyskland no er sterkt og fritt. ❖
Mange fiskarar Ei mengd fiskebåtar kom inn her nyårskvelden og låg her med helgi. Det vart svært folksamt i gatene då det leid utover kvelden og då gamleåret gjekk ut. ❖
Klauene Den brattlendte garden Klauene (gnr. 14) er også i drift. Her bur folk fast på to bruk, Anne Karin Kleiven og Ole Chr. Rynning på bnr. 1 og Jannice Svendal og Ole Kleiven på br. nr. 2. Gardane fekk veg i 1971. Barna går på skule i Nordalsfjord. Klauene er ein gamal gard, og låg lenge under Svanegodset, der dei var i selskap med hundretals andre gardar i Sunnfjord. Gardbrukarane i Klauene er kjende for den store interessa for skogsaka. På slutten av 1800-talet tok dei til å plante skog, først på Tåene austafor, og sidan store mengder gran og lerk i brattlendet både i aust og vest. I nyare tid er det også planta store mengder nordover heile Grytadalen. Sidan er det bygt skogs-
vegar i særs vanskeleg terreng, slik at nye generasjonar kan hauste av grunnlaget som dei eldre la. Annanias Kleiven (1838–1921) var vel den første som byrja med skogplanting, og sonen Rasmus dreiv det kraftfullt vidare. Rasmus var uvanleg driftig og arbeidssam og rydda uhorvelege mengder med stein som han køyrde på sjøen ned i eit gjel. Ein gong gjekk det gale og både hesten og steinlasset for med. I Klauene var det både rutebåtstopp og postkontor på den tid fjordabåtane gjekk. Son til Rasmus, Saron Kleiven (far til Anne Karin Kleiven Rynning) var også særs føretakssam og fekk til vegutløysinga og dei mange skogsvegane. Støylen hadde dei ved Rundevatnet oppe mellom Terdals- og Klauvekeipen, og den var i full drift fram mot krigen og nytta av motstandsfolk som tidvis heldt seg i skjul der i krigsåra. I dag er støls-
Eit over 100 år gammal bilete av Haukågarden. Det kan vere ein søndag i slåtten, for folket går helgakledde. Foto: Chr. Berg.

Frå vegen i lia over Haukå ser vi over til Bjørnset. Solneset skimtar vi så vidt til venstre innafor Haukåholmen.
huset istandsett og nytta som hytte. Også på Tåene, ein plass under Klauene der elva frå Grytadalen renn ut, budde der folk så seint som i 1890.
Til Vinstre Vinstres landstyre ynskjer alle vinstrefolk eit godt nytt år. Nyåret kan bli lagnadsavgjerande for landet vårt. Ved stortingsvalet til hausten skal folket avgjera um det store framgangsrike arbeidet som er gjort sidan krigen for å atterreise landets økonomi og finansar skal forskuslast ved ny auke av skattar og avgifter.
❖
Haukå Nye to kilometer innafor Terdalen ser vi Haukåa (gnr. 15), nemnd frå dei første skriftlege kjelder vi har. Garden låg visstnok under presten i Brandsøyna (der det var kyrkje på 1300-talet). Haukå står i dag fram som ein særs veldriven gard, der mykje av den steinete jorda er dyrka opp på nytt av Gudmun Strømsnes som overtok bruket etter faren, Jens Strømsnes. Han kom der på odel då Lars Haukå som
gammal, ugift mann gjekk bort på 1970-talet. I tillegg er det etablert settefiskanlegg basert på den rikelege vassføringa (trass kraftutbygging i fjella rundt Børa) frå det langsmale Haukåvatnet. Også Haukå var Svanegods, og hadde høg landskyld (skatt) grunna til dels årvisst godt sildefiske. Då dette svikta, vart skatten for tung, og i 1697 var seks mann og birkedomaren på synfaring. Dei sette skatten noko ned, men tok det seinare att ved å auke tilsvarande på eit par andre gardar på Vasset. Svangodseigarane skulle ha sitt! Også her var det ei større sag som først på 1600-talet betalte ganske mykje både i sagskatt og bordskatt av 30 tylfter (600) bord.

Reis til Ask og bli rask. Naturlegekursted, kurskole, Ask helseheim. Læge: Dr. Bekker. Kontor Kg. Oscarsgate 34, Bergen. Oplysninger, Irisdiagnose. undersøkelser, kurplan. Sigv. Høines N. D. ❖
Trulova Frk. Sigrid Lind, Florø og Eystein Solheim, Oslo. ❖
Vi høyrer om saga og skatten til langt ut på 1700-talet. Haukå har noko så sjeldant som Kongsskøyte på «Evindelig oddel, arv og Eiendom» frå Kongen i København. Garden vart sjølveigande då Lars Ericksen Haukaa fekk tilslaget for 52 riksdalar etter Stiftsamtskrivar Sverin Svanenhielm på tvangsauksjon 27. juli 1726. Sidan har garden vore i slekta. Fram til 1965 låg Haukå veglaust som alle dei andre bruka langs fjorden. Då Svelgenvegen kom, vart Haukå ein sentral stad med ferjeleie fram til Nordalsfjordbrua kom i 1987. No går trafikken forbi på nordsida. Solneset (Haukåsund) er frådelt Haukågarden, og her var post- kontor og skule ei tid. Bruket ligg
på neset der ein svingar innover den smale og inste delen av fjorden, og er godt istandsett. På 1960-talet var Solneset kjøpt av fagforeininga i Svelgen. Dei skulle ha det til sommarstad for tilsette på Verket, noko dei meinte ville høve godt i og med at der var kome veg i 1965. Bruket vart teke attende på odel, og det er Jon Strømsnes og slekta hans som har det i dag. Fanevika (gnr. 16) ligg på sørsida mellom Holten og Fanevikhøgda, ein noko brattlendt gard med husa høgt og fritt, nesten oppe under skogkanten. Garden er nemnd først på 1600-talet, og som vanleg var det skatten som var det viktige for skrivarane. Landskylda var 1/2 pund fisk, seinare auka til 1 pund smør. Leidangen (militær-
Frå sjøvegen i Fanevika med godt istandsette sjøhus. Eit oppdrettsanlegg er oppankra i søraust. Utsikta er søraustover mot Grovalendinga.

Her er vi komne heilt inn der fjorden endar. Til venstre ligg Nordalen. I bakgrunnen skimtar vi Ålfotbreen.
Større meieri! Me som hev ein jordflekk her i fjordane og øyane og dalane rundt Flora stend enno i skorfeste med omsyn til umsetnad av mjølkeprodukt. Særleg verkar det tungt på humøret at dei av- sidesliggjande gardane som framleis lyt verka til og selja sjølv sitt smør, ikkje fær høve til å få ved- kjømelege statstilskot og margarinavgifter. Det kan tenkjast at denne vanheppa for oss kan avhjelpast noko med eit større meieritiltak i Flora. Reinh. Løken ❖
skatt) var eitt geiteskinn. På den tid var garden Svanegods. Dei siste som budde her fast var Gudrun og Georg Fanevik. Han arbeidde lenge i Svelgen, og kona og ungane styrte med garden i veka. I helgane kom heim over fjellet, eller med båt via Florø, og så var det gardsarbeid. Slik var livet for dei fleste på dei mindre bruka langs fjorden. I dag er det sonen, Jens Fanevik som har garden. Han har sett alt godt i stand og fått bygt veg over åsen frå Haukå. Det neste vi ser er Trettevika (gnr. 73) og Trettevikneset som er eit bruk frådelt Trettevika. Begge er fråflytte og nytta som sommarstad. Trettevika er ein uvanleg lun og fin hamn for småfartøy, noko smalt og grunt heilt inne i vågen som skjer seg austvest mellom fastlandet og Trettevikneset. Og sjølve garden ligg i le for det meste av vind og vêr. Den var bispejord kring 1600,
seinare Svanegods. Dei siste fastbuande var Markus Trettevik og to ugifte søstre. Først på 1970-talet gav dei opp gardsdrifta og flytte ut på Flora der dei bygde det store huset i Middagsskaret langs Kinnvegen (no eigd av Flora Røde Kors). I tillegg til Trettevikneset der bygningane er haldne i stand, låg der aust for Borodden nokre små buplassar som det berre finst nokre overgrodde tufter att av: Reiet, Hamnen, Fureneset og Nærvikja. Det første er Reiet som låg tvers over for Grovalendingen. Her budde det folk like fram til slutten av 1940-åra, då søstrene Olga og Petra Trættevik flytte på Flora på sine gamle dagar. Fjorden er djup og smal og brosma trivst nedetter ufsene på hundre famner eller meir, og torsk og sei samlar seg tidvis i stim inne i fjordbotnen for gyting eller næringssøk. Opp or djupet stig Reiaflua så grunn at du

Utsikt frå Grovalendinga over mot den nedlagde plassen «Reiet» der det budde folk fram mot 1950. I dag står berre nokre murar att.
låg buplassen Nervikja under Straumsnesgarden. Det skal vere den einaste garden i heile Flora som ikkje er delt opp i fleire bruk, slik som var det vanlege. Det einaste er at det låg ein plass under garden Nærvikja, like austom neset der brua tek land. Elles vart det delt opp i så mange små jordlappar at ingen kunne leve av dei, og fråflyttinga skaut fart.
Brudlaup med slagsmål I eit brudlaup ved Hønefoss no ein dag var det eit stort slagsmål. Det var ein gjest som tok til, men brudgomen var ogso med i slagsmålet. Han slo ein svoger i hovudet med ei flaske, so dei laut henta lækjar. Bruri fekk eit blått auga. Til slutt måtte dei henta både lensmann og ein statspolitibetjent på plassen.
❖
ser ned på henne, og her vassa palen i vår- og sommarkveldane, det hende vel aldri dei var lens for fisk. På land lauva dei og skar lyng, samla og sanka, det heiter seg at dei fødde to kyr – ein liten flokk med smale, korleis dei no fekk det til. Ikkje sjeldan rodde Elias Trættevik, eller søstrene Olga og Petra, over til Grovalendingen og henta folk som ropte og trong skyss. Før det var det foreldra, Serina og Salmon på Reia som sytte for skyssen. Det vanka vel ei «almisse», så dei stod han av, som nordlendingen ville ha sagt. Den siste garden vi kjem til før Nordalen og Nordalsøyna er Straumsneset (gnr. 74). Den ligg bakom neset der brua tek land på nordsida. Aust for Straumsneset
Lengst aust Innom Straumsneset vidar fjorden seg ut, og vi kjem til Nordalsøyna der det ligg to nedlagde bruk. Øya låg før under Nordal som i dag har god gardsdrift. Denne flate øyra mellom Nordalsvassdraget og Solheimsvassdraget har

50 år Lærar H. A. Stafsnes fyller 50 år sundag 5. januar.
❖
Gårdsbruk tilsals, eller til forpaktning. Ansgar Bjørnsæth, Pusservik, Florø
ser vi berre restane etter steinbrygga og det gamle kvernhuset. Ferdslevegen mellom Grov/ Grovaneset og Grovalendingen var kanskje den mest brukte mellom gardane og grendene i Eikefjord, Nordalsfjord og Solheim i Hyen, men var i minkande bruk fram til kring 1950. Her gjekk ei vandrande postrute frå 1893, ein gong i veka mellom Livresundet og Grovalendingen og vidare med robåt inn fjorden til Solheimsøyra i Nordalfjorden.
❖
FEBRUAR 1936
Ballangrud vart verdsmeister for tredje gong og Staksrud nr. 4 i Davos. Dei andre nord- mennene gjekk det skralt med.
❖
sidan 1898 vore kyrkjestad for Nordalsfjorden. Her ligg også eit stort settefiskanlegg, basert på elva frå Nordalsvassdraget. Øvre delen med Brå- brevatnet og Storebotnen er utbygt til Svelgen, men resten, frå Hestedalen, Fessevatnet og Storevatnet, renn i sitt gamle leie ned i Likkjevatnet og derifrå gjennom det trange, steinete gjelet til fjorden. Nordalsfjorden er den beste jordbruksbygda i Flora, med velstelte gardar på rekke og rad oppetter langs dei rolege vatna som speglar grøne liar, kvite fossar og snøtoppar i tusseblå, fortrylte vårkveldar. Desse er i rekkefølgje: Sol- heimsvatnet, Furnesvatnet, Midt- bøvatnet, Sundalsvatnet, Nedstevatnet og Grøndalsvatnet. Størst er Sundalsvatnet med ei vassflate på ca. 2 kvadratkilometer, og Solheims- heimsvatnet det lengste med ca. 4 kilometer, men smalare. Av gardar er det i 1908 skrive opp seks bruk på Nordalen, sju på Solheim, seks på Midtbø og fire i Sundalen. Gardane Grøndalen og Straumsneset har aldri vore delte. Men opp gjennom dalen kjem vi ikkje med båt, så det får vere i denne omgangen.
Sildesendingi stogga I fyrre veka vart det heilt stogg i fersksildeksporten til Tyskland. Konflikten skal gjelda at tyskarane diktatorisk vil fastsetja prisen på eksportsild.
❖
UførA Vi styrer vidare vestover. Her låg tre bruk før Bjørnset. Først kjem bruket Uføreneset og deretter Uføra (gnr. 79), tvers over frå Trettevikneset. Det må vel vere ein av dei karrigaste og brattaste gardar som finst, i alle fall i Flora, unnasols og stupbratt så ein kunne fare lukst i fjorden om ein kom på bakketrill med ei høybør. Bruket er for lenge sidan fråflytt, og husa er ikkje meir, korkje i Uførene eller på Uføreneset. Avlidne Laura Joleik var herifrå, gift med Olav Joleik, og dei fekk seg ein teig synnafor Klavelandet og sette bu der. Uførevågen låg tidlegare under Bjørnset, og er eit fråflytt småbruk der husa er haldne ved like og eigedomen er nytta til fritidsbustad. Den siste som budde der fast, heitte Myklebust (ein bror av avlidne Per Myklebust på Tollaksøyna). Brukaren i Uførevågen omkom ved ei arbeidsulukke i Svelgen, og det er etterkommarane hans som har eigedommen i dag. Dei bur i Svelgen og nyttar den som sommarstad.
Kinn vert sjølvstyrt att I ei melding frå regjeringa om den økonomiske stoda, heiter det at Kinn og Odda vil gå ut av administrasjonen att neste år ein gong – når skulduppgjeret er ordna.
Sørsida Fær vi i utatt på sørsida, kjem vi først til Grovalendingen, omlag der fjorden er på sitt smalaste. Det er ikkje ein gard, men ein møte- og ferdsleplass som er naturleg å ta med likevel. Den ligg under Grov (gnr. 83). Her låg eit velbruk kvernhus heilt nede med sjøen, og her kom folk rekande over frå Grov og Livresundet, og ropte over på Reiet når dei trong skyss, eller dei venta på at der kom nokon roande etter fjorden, som det ofte gjorde. I dag
Bjørnset Utafor Uførevågen ligg Bjørnset (gnr. 81) som etter kvart er delt opp i mange bruk. Garden låg på
❖
Grønenga fotografert frå austre del av Brandsøyåsen. Havrøyna, Haukå og Klauene med Klauekeipen i bakgrunnen.
Alderstrygd for fiskarar er ei av dei store oppgaavor no, seier Stortingsmann Flem. – Fiskaren må ikkje lote ty til forsorgsstellet når han vert gamal, seier han, og legg til at dette er ei gamal vinstresak.
❖
Grønenga (gnr. 17). Først møter vi Havrøyna som ligg til Grøneng. Her var det under folketeljinga i 1875 skrive opp to huslydar. Det må ha vore magert utkome. Grunnen er knallhard anorthosit, og det har i seinare tid gitt grunnlag for til dels omfattande utvinning. På 1970talet vart det sprengt ut hundretusenvis av tonn, knust og sikta stein som vart eksportert med skip til kundar i Europa. Anleggsdrifta tok slutt for kring 15–20 år år sidan. Går vi på sørsida passerer vi det smale og djupe sundet mellom Høgøyna og Klavelandet. Ein god seieplass.
Italienarane har vunne eit blodig slag sud for Makale i Etiopia. Då meldinga nådde Rom flagga dei i tre dagar.
❖
1300-talet under kyrkja i Brandsøy, og ytte i 1585 landskyld til Kinnakyrkja. Bjørnset var under Kinnasokna, men høyrde presteleg til Bru. Det var der dei reiste når dei skulle til kyrkje. Elles fortel Joleik i Florasoga at i 1779 var Børnset stadig prestegods under Kinn og «utnævnt Præst Enkegaard, som han naar Præste Enke vil beboe, skal mot Bøxelens tilbageleverelse fravige». Innvikla skrivemåte, men vi må vel forstå det slik at Bjørnset var som pensjon eller trygd å rekne til presteenkjer. I 1965 vart Bjørnset ein svært sentral plass i Flora, med ferjeleie der trafikken gjekk over til Haukå som ei del av riksvegen til Svelgen og nordover. Vi tøffar vidare og kan velje om vi vil gå ut Klauefjorden (nordsida) eller Klavfjorden på sørsida til
Grøneng Grønenga høver til namnet og er etter måten flat med god jord. Til langt ut på 1800-talet var der to jamstore jorder, og på det meste,

Flyfoto over Brandsøy og Brandsøysundet. Heilt til høgre Brandsøy Planteskule som i gammal tid var kyrkjestad. Her stod også leidangsskipet.
I dag er dei fleste fråflytte hobbybruk eller fritidseigedommar, med unnatak av Hilde Buer som gjennom dei siste 20 åra har utvikla ei god og særs interessant drift med villsau. Ho har forfatta ei velskriven, informativ bok om villsau og villsaudrift. Vel verd å lese, anten ein driv med dyr eller ikkje. Så stemner vi ut Botnafjorden og har Brandsøy og Brandsøyåsen til venstre, og Botnaneset og oljebasen midt i kurslinja. Florelandet og Brandsøy er utførleg omtala i andre publikasjonar, og blir for omfattande å gå inn på her. Dermed er lenestolsturen slutt. Ta den sjølv med båt til sommaren. Det kan vere interessant å fare som turist i eigen kommune. God tur!
Massekonkursen Då Kinn heradsstyre sist hadde møte, var ei av sakene massekonkursen 1932–33 og 33–34. Heradsstyret vedgjekk at kommunen skuldar kr. 10 488,62 til ymse personar. Dei største skuldpostane er lærarløner. ❖ Sonja Henie har vunne opympisk gull i kunstlaup for tredje gong. Ho har ogso vunne verdsmeisterskapen. ❖
på 1950-talet, var der drift på sju bruk. På eitt av dei budde Jonas Grøneng som skal ha vore den sværaste kjøfiskaren på langan lei. Då vi snakka med han som gammal mann på aldersheimen på 1970talet, minstes han tallause vårnetter med robåt og kastegarn på sandvikar frå Staveneset til nord i Gulen. 25–30 tonn må han vel ha drege isaman, ein og ein fisk plukka or garnet med valne nevar nattestid. Så var det å ro attende med fisken og omsette, gjerne hos Husefest i Florø, før det var heimatt for å arbeide på jorda. Og slik gjekk åra. Nokre år kring 1970 vart det teke ut ein del kvitstein (anorthosit) på Storeneset. Der drifta var, er planert ei flate, men sjølve påhogget lyser kvitt på vestsida, nesten som ei bratt snøfonn i solskinet.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.