2010-13 - Edvin Helgheim - Om Florø sitt 150-års jubileum

Eit år å minnast

Vi var i gang! Barnekjippen samla eit par tusen vaksne og barn i fantasifulle utkledningar. På Fugleskjerskaia gjekk rakettane i veret. Vi fekk oppleve det flottast fyrverkeriet vi har hatt i Florø nokon gong. Endå fleire gjekk i Kjippen. Det vi hadde planlagt i eit par år, var endeleg i gong, og i den klåre vinternatta midt i den finaste vinteren vi har hatt på lenge, følte eg at dette skulle gå.

Frå barnekjippen. Foto: David E. Antonsen.

Mange vart arrangerte utan at vi var særleg inne i bildet, men arrangørane ville gjerne knyte dei opp til jubileet, fordi det vart oppfatta som noko positivt. Og så var det alle dei arrangementa som var eit direkte resultat av jubileet: Festane, utstillingane, konsertane, skule- programma, historietreffa.

Folk som har levd ei stund i Florø, snakkar om 100-årsjubileet i 1960 med stjerner i auga. Det var noko eineståande flott der den vesle byen Florø kanskje for første gong fekk vist seg fram i all si breidde, patriotisme og festglede. Alle aviser skreiv om byen. Alle ordførarar i fylket sende helsingar. Storting og presidentskap møtte fram. Den var kanskje den største organiserte festen som hadde vore nokon gong i heile fylket? Handelsmessa på barneskulen varde i 14 dagar med mange aktivitetar. Og sola skein. Det var noko å leve opp til for ein prosjektleiar frå bondebygda. Skal eg plukke ut høgdepunkta? Ei umogeleg oppgåve. Då eg starta, sa eg litt på spøk at målet var å få til 150 arrangement. Og det trur eg vi klarde! Tel opp på www.flora150.no. Mange av dei ville ha kome uansett, men fekk ein ekstra dimensjon og kanskje løft i jubileumsåret.

2003. Siste kjemikalieskip til Odfjeld, «Bow Firda», blir døypt ved Kleven Florø. Dåpsfest med rømmegraut og spekemat for 400 menneske i den store seksjonshallen. Ingen nye skipsordrar i sikte. Nedtrapping til ca. 70 tilsette. SFE og Naturgass Vest etablerer terminal for flytande naturgass hos Ewos i Gunnhildvågen. Den første i Sogn og Fjordane.

Musikkpaviljongen ved Litjevatnet vart offisielt opna av ordførar Bente Frøyen Steindal. Foto: Olav Hatlemark.

skuleelevane har òg stor kjærleik til byen sin, slik det kom til uttrykk i «Fram» med strålande scenenummer. Eit nytt stort kulturløft frå Flora Ungdomsskule. Eirik Husabø fekk vist fram endå meir av kva som ligg i denne kunstnaren. Sogn og Fjordane Symfoniorkester spelte eit utdrag av ein symfoni han har skrive! Håvard Lothe fekk òg vist kva musikkrefter byen har, når han framførde eigne komposisjonar i lag med SOFORK i mjukt samspel. Florarevyen feira byen «Med dunder og brak», profesjonelle og friske spark, og med eit par nummer som fekk vist fram den gamle rimsmeden i Fram, Haldor Halvorsen – som representant for den gamle revytradisjonen i Florø. I starten av mai kom nesten 150 kystkulturinteresserte til byen for å vere med på ein nasjonal kystkulturkonferanse. Det var ein av fire konferansar gjennom året der vi trekte deltakarar frå inn- og utland til Florø, og vi fekk det til fordi det var jubileum. På konferansane la vi vekt på å vise fram kulturen vår, historia vår, naturen vår. Interesserte, interessante folk som er opne for det vi har å by fram, og som vi kan ha god tru på vil komme att.

Men høgdepunkta? Nyttår: Lysfesten med 150 barn og ungdommar med kvar sin fakkel rundt torget og det einslege lyset som steig brennande mot den vakre nattehimmelen skapte stemning. Ein strålande nyttårskonsert med Sigrid Moldestad og Florø Hornmusikk i ei fullsett kyrkje og med den nye jubileumsfan- faren. Februar starta med utstillingsopning på Kystmuseet. Mange interesserte folk kom. Kystmusefolka Kystmusefolka måtte leite fram det dei hadde av stolar. Først pioneren Berg, der Bjørn Fjellheim hadde klart å samle inn utruleg mange bilde trass i at så stor del av originalsamlinga av glasplater blei tankelaust øydelagd. Så kom kystfotografen, sildefiskefotografen Horne (boka kom før jul), så den interessante utstillinga med Robert Robinson. Det òg var eit pionerarbeid, å få sett saman den utstillinga. Til slutt utstillinga med Are Fjellestad, som har dokumenterer samtida. Og bøkene til Bjarte Sindre og Trond Strømgren. Folk stod i kø for å få det med. Vi var i ei stemning der vi ville ha meir, meir av slikt. Kommune-historikaren vår (tenk, vi har ein historikar i arbeid som skal skrive Florahistoria!), Gaute Losnegård hadde ein fin historiekveld, vi hadde opninga av minnesmerke over russarleiren, ei sterk hendig, og byvandringane! Konsertane og oppsettingane: Først kom «Kjærlighet og musikk i paviljongen». Dei ivrige sjelene i Jomentum med Siv Førde i spissen, gav byen ei dobbel jubileumsgåve. Dei gjenskapte stemninga frå 30- og 40-åra rundt paviljongen ved Litlevatnet og det fantastiske dugnads- prosjektet, sjølve paviljongen. Og ungdoms-

2004. Kleven Florø bygger fregattseksjonar til eit spansk marineverft. Kontrakt på juicetankar til sveitsisk eigd reiarlag.

Det var stor stemning då Storm Weather Shanty Choir heldt konsert på Torget 14. mai. Foto: Dag Frøyen.

kom til byen (+ veteranbilar og bussar!) og skapte ein stemning som høyrde andre breiddegrader til. Og rekordvarmen nådde oss då HM dronning Sonja gjesta byen, og kongeskipet låg stolt ute på hamna. Folkefesten med 1000 syngande og jublande ungar på torget og minst det doble av vaksne, vart ugløymeleg. Dronninga kom til sine eigne også då ho trefte dei spreke pensjonistane på Havglytt. Eg trur dronninga hadde det bra her! Men altså: Bursdagshelga. Så mykje er sagt, så mange bilete er tekne, at eg kanskje ikkje treng repetere alt. Det blei slik vi drøymde om, stemninga frå 1960 blei gjenskapt og vel så det, 4–5 dagar til ende. Ikkje minst takka vere ein aktiv og arbeidssom festkomite! Eit høgdepunkt var faktisk den historiske turen vi tok om bord i Atløy til dei to stadene som kunne blitt by i 1860: Flokenes og Sauesund på Atløy. Florø Hornmusikk var igjen med, og skapte godstemninga når vi la til kai. På Flokenes var det svart av folk på kaia! Vi skapte folkefest og knytte gode band, og ein bunadskledd ordførar tok i mot oss og vår ordførar. Fredagen. Fest rundt torget med Svanhild i sentrum og Storm Weather Shanty Choir skapte kyststemning i kveldssola for dei 1 000 frammøte. Og laurdagen. Stappfullt av folk i byen, nesten sildebordstemning i Strandgata, og torget var i bruk med buer og benkar og bord, ei skikkeleg marknadsstemning. Torget fekk verke-

I søvnlause tidlege morgontimar før jubelhelga, fantaserte eg om at det meste kunne gå gale, og eg såg føre meg overskrifta i Firdaposten 18. mai: «Byjubileet regna vekk». Vêret er alltid ein avgjerande faktor når vi legg opp til så mykje utandørs. Og så blei det bra heile vegen! Nesten. Vêret og stemninga under «Fjorsteam» var magisk, det vart ein folkefest så svær som vi kunne drøymt om. Atløygjengen trefte innerblinken med enkel og god organisering og godt kontaktnett som førde til at over 40 stolte båtar

2006. Aker Yard kjøper Kjøper Kleven Florø A/S. Kontrakt på ein serie med seks kjemikalietankarar til Stolt Nielsen. Ny optimisme ved verftet..

Florø by 150 år... Foto: Dag Frøyen.

Kostymeopptoget 16. mai. Foto: Dag Frøyen.

Sildeguten, laga av kunstnaren Nina Nesje, var utflyttarane si gåve til 150-årsjubileet. Her tek ordføraren imot på vegne av byen. Til venstre initiativtakar Vigdis Kittang. Foto: Dag Frøyen.

føraren og Flora kommune. Vi tok den sjarmerande godguten til vårt hjarte. Då Florø Hornmusikk spelte jubileumsfanfaren og vi song «Skjønn er du by» igjen, var det nok enkelte blanke auge å sjå. Og så jubileumsfesten på samfunnshuset, eit strålande program der kommunar frå heile fylket sende sine flinkaste, unge kulturutøvarar som gåve til byen, og den vakrast kom frå Bergen, då 14-årige Sonoko Miriam Shimano Welde let fiolinen tone, stod tida stille,

leg vist seg fram gjennom dette året, ein utruleg flott festplass for byen som er vel verdt investeringa. Ungane fekk sitt, der 4H og speidarane arrangerte aktivitetar både i gata og skuleplassen. Florøgutane Terje Kjørlaug og Ole Staveteig laga rocka og god jubileumsmusikk frå scena etter at Friskis- og svettisfolka hadde hadde rista forsamlinga saman. 200 møtte fram ved Quality Hotel då Vigdis Kittang Ramstad overrekte Sildeguten til ord-

2007. Ewos startar bygging av ny fabrikk til 565 millionar kroner i Gunnhildvågen. Den blir verdas største. Nye kaier, nye siloar og nye produksjonslinjer. Samla kapasitet 240 000 tonn fiskefôr.

Fjordsteam: Fire redningsskøyter på rekke. Foto: Olav Hatlemark.

som Firdaposten skreiv. Etter jubileumsmiddag var det ut på byen for på Vassendgutane og russekonsert på torget.

16. mai. «Yr» hadde varsla store mengder regn fleire dagar i førevegen. Skulle overskrifta i Firdaposten bli sann? Vi stod opp med gråver, men opphald som såg ut til kunne halde. På med sjakett og flosshatt, og så gjekk eg til jubileumsgudsteneste. Gamlebispen, fleire prestar, to kor og full kyrkje! Det var lagt opp til nesten ein eigen jubileumsliturgi der både ordførar og general fekk delta i tekstlesinga. Kyrkja hadde teke jubileet på alvor. Kostymeopptog prega også kyrkjegjengarane! Bystyret hadde forresten hatt tidleg morgonmøte for å underskrive jubileumsprotokollen denne dagen. Vi kom ut, dei første regndropane merkast, og spenninga var stor når vi gjekk mot folke-

«Fjordsteam» første helga i august var det største arrangementet under byjubileet. Her eit flyfoto av indre hamn. Det er lenge sidan slike fartøy låg ved Torgkaia og lasta og lossa i travel fart med alt frå kreatur til passasjerar. Foto: Dag Frøyen.

2008. STX Europe kjøper Aker Yard sitt verft i Florø. Ny innsegling til Gunnhildvågen blir bygt ved utviding og utdjuping av Måsholmsundet. Offisielt opna ved statssekretær Vidar Ulriksen i februar 2009.

Frå Barnas jubileumsfest, 1 300 ungar samla i Storhallen. Foto: David E. Antonsen.

festen på torget. Fylkesordføraren skrytte som vanleg av oss og fann sitt publikum. Og så fann Åge sitt publikum! Eit par tusen menneske under tusen paraplyar. Folk stod og hoppa og song med og vart våte, men gjekk ikkje heim før dei to timane var gått. Og Åge gav alt. Eg har førstehands informasjon om at Åge syns dette var ein fantastisk konsert og lovprisa Flora-publikumet. Og jammen vart det fullt på jubileumsdansen på samfunnshuset òg! Sola kom til 17. mai, med rekordframmøte, og kapproing ved Storevatnet. Eg må nemne eit par storhendingar til: Barnas jubileumsfest der 1 300 jublande ungar frå alle barneskulane i kommunen vart bussa inn til idrettssenteret der dei hadde laga utstillingar og det var myke aktivitetar på grasmatta. Inne i storhallen song alle av fulle strupe Balder Belsvik sin «Florø by, stolt og kry», som vart årets hit i jubileumsbyen. Balder og ungane

skulen. Var det frammøtt folk til kostymeopp- toget? Eg visste at det hadde vore kurs og at nokre ivrige hadde brukt mykje tid på å sy seg tidsriktige kjolar, men var dette for dei få interesserte? Eg syns eg høyrde forventningssuset då eg nærma meg parken… Framsidene på Firdaposten og Firda hadde store bilde av fargerike Floraborgarar i flotte kreasjonar på tysdagen: «Florø-bursdag vart folkefest» var overskrifta i Firda. «Fabelaktig feiring» skreiv Firdaposten. Floragalskapen hadde igjen slått positivt ut. Minst 1000 gjekk i kostymeopptoget, folk i alle aldrar. Og då vi nærma oss slutten, fram mot torget, stod folk så tett i Strandgata som det knapt hadde vore sett før. Ei utruleg kjensle. Så kom regnet, og vi fann eit telt eller eit tak å stå under for å ete kakene som hundre damer hadde laga. Det vart for lite kaffi, men folk heldt ut under kultur-

2009. Redningshelikopterbasen blir opna og sett i drift. Det nye politihuset i Stranda blir offisielt opna. Fjord Base planerer for nytt oljerøyrlager i Botnastranda.

Dronning Sonja får blomar av barn på Torget 20. august i år. Foto: Dag Frøyen.

danseopptog gjennom byen, på torget og danseshow. Så har eg heller ikkje gløymt Kinnaspel-helga med sildebord og musikkfestival, som er det trygge som kjem att kvar år, og alt det andre eg skulle tatt med. Festen over? Vi hadde ein draum om at jubileet skulle gje eit løft som og gav varige verknader. Fest og glede for alle: Ja. Stoltheit og sjølvkjensle: Ja. Forståing for historia, kor vi kom frå: Ja! Blest og positiv omtale langt ut over Flora: Ja. Vekst og utvikling: Ja, kanskje. Mange næringsdrivande opplevde i alle fall fullare hus og betre omsetning enn dei elles ville hatt. Og glade folk presterer meir! Blir det eit antiklimaks å gå inn i 2011 når det kanskje ikkje blir så mange festar, eller er det nokon som tar opp ballen: Ikkje lett, det krev midlar og vilje til å satse. (No ser jo starten på året til å bli heftig nok!) Vi må ta vare på ryktet som festivalbyen. La utstilling-ane bli viktige også i 2011. Ikkje gløym å setje søkelys på historia, no når Florasoga skal skrivast. Dyrk dugnadsfolka. Men eit høgdepunkt er eit høgdepunkt. Vi kan ikkje ha bursdag kvar dag. Men vi har vist at vi kan når vi går i lag: Eit generøst næringsliv som tar ansvar, skular og barnehagar som tar kulturelt ansvar, organisasjonar og andre arrangørar i lag med ei stor mengde dugnadsvillige, ein kommunal organisasjon med kulturadministrasjonen i spissen og politikarar som ser at satsing på kulturarrangement er eit utruleg viktig for å få folk til å komme til byen og bli her. Når vi fyrer av jubileumsfyrverkeriet etter barnekjippen 31. desember, så må vel ha lov til å seie: Vel blåst! Vi klarde det!

song han for dronninga i august. Og sola skein. Så skulle handelsmessa frå 1960 gjenopp- livast. Fylkesmessa var eit forsøk på å samle så stor del av næringslivet i kommunen og regionen som mogeleg, spegle breidda. Og det vart fullt. Over 100 utstillarar presenterte seg for sunnfjordungdommen på fredag og for alle andre på laurdag og søndag og ein 3–4000 var innom. Kokkekamp og dogwalk og newtonshow la prosjektleiarane Helle og Austbø inn, dei veit at sirkus òg høyrer til når ein skal samle folk. Dei var elles ansvarlege for jubileumsutgåva av FotballFlora og sommarrevyen òg. Og jammen vart det ikkje fullt hus på Florø stadion på friidrettsfestivalen. Når folk skulle til byen i vest på næringlivsmesse, så tok dei friidrettsfestivalen med. Og Thorkildsen presterte rekordkastet, jubileumskastet kan vi godt kalle det, og rekord som stod seg gjennom sommaren. Gløymde eg den store korfesten der «geriljakor» dukka opp på dei mest uventa stader i byen, og samlast til fellesavsyning av «Skjønn er du by» på torget, og stor songfest i samfunnshuset? Og dansens dag då det store dansemiljøet i byen fekk vist seg fram med fargerikt

2010. Byen 150 år. 10. mars: Siste skip i serien på seks til Stolt Nielsen blir døypt ved STX Europe avd. Florø.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66