2010-12 - Magnus Helge Torvanger - Verftet og byen

Verftet og byen

I 2010 er det 60 år sidan Ankerløkken Slipper og Mek. Verksted kom i gang i Florø. Dette kan vel ikkje kallast noko rundt jubileum. Men i eit år då Florø feirar 150 år, kan det høve godt å skrive litt om verkstaden som vart skipsverft og som har vore hjørnesteinsbedrift i Florø i fleire tiår.

Skipsverftet i Florø har vore umåteleg viktig for lokalsamfunnet i desse 60 åra. Det har skifta namn og eigarar mange ganger, og det har opplevd både oppturar og nedturar. Men inga anna enkeltbedrift har hatt så mykje å seie for byen og utviklinga her.

Ole Aaserud kom til Florø i august 1947 for å sjå på forholda for å etablere ei vestlandsavdeling av Ankerløkken. Verkstadplanane vart utvida til å omfatte ein slipp for reparasjonar av båtar – ikkje minst med tanke på Fylkesbaatane sin flåte. Ordførar Olav Kolle i Florø var sentral i det vidare arbeidet. I desember 1948 vedtok eit samrøystes bystyre å stille båtbyggeri-kvartalet gratis til rådvelde for Ankerløkken. Kommunen ville også bygge veg og vassforsyning fram til området, som den gangen låg langt ute i utmarka. Våren 1949 starta arbeidet både på vegen og på verkstadtomta. A/S Ankerløkken Slipper og Mek. Verksted vart etablert i oktober 1949. Ein snikkarverkstad og ein industrihall stod ferdig våren/sommaren 1950. Då starta også verkstaden opp under leiing av driftsingeniør Magne Winsents.

Hamar-verkstad med Florø-avdeling I 1947 fekk Florø bykommune utarbeidd ein ny reguleringsplan. Her vart det etter initiativ frå tiltaksnemnda sett av eit kvartal ved Gaddevågen til skipsbygging. Norges Fiskarlag hadde planar om eit båtbyggeri for fiskeflåten på Vestlandet, og dei fekk tilbod om å kjøpe området. Men fiskarlaget valde i staden å etablere båtbyggeri og reparasjonsverkstad i Stongfjorden. Der måtte dei innstille etter få års drift. Ankerløkken Mekaniske Verksted på Hamar var på denne tida ein stor produsent av utstyr til Statens Vegvesen. Ole Aaserud var direktør og eigar. Kjøpmann Mads H. A. Standal i Florø og avdelingsingeniør Erling Skåre ved vegkontoret i Førde tok saman eit initiativ for å få Ankerløkken til å legge ein verkstad til Florø, med tanke på fabrikasjon av anleggsreiskapar. Det skjedde i januar 1947.

Allsidig produksjon Den første tida laga Ankerløkken dei same produkta i Florø som dei gjorde på Hamar. Det var vegskraper og veghøvlar, snøplogar, fjøsinnreiingar i stål (med krubber i tre), og anleggs- og gruvevogner. I 1952 fekk bedrifta den første

1989. Ewos opnar fiskefôrfabrikk i Gunnhildvågen på SILFAS sitt gamle anleggsområde. John Kleven m.fl. kjøper Florø Industripark (gamle Ankerløkken) og startar skipsbygging under selskapet Kværner Kleven Florø A/S.

Ole Aaserud saman med skulebarn under dåpen av den islandske rutebåten «Drangur» i 1959.

1953. Gudmor var fru Karen Aaserud. Rundt to tusen menneske møtte fram for å sjå den historiske hendinga i den vesle kystbyen. Utover i 1950- og 1960-åra bygde Ankerløkken til saman 31 fiskebåtar for norske, svenske, færøyske og islandske reiarar. I tillegg leverte verftet to reketrålarar til Kuwait og ein stor hekktrålar til Grønland. Vidare bygde verftet tolv bilferjer til rutereiarlag på Vestlandet og tre rutebåtar til Island og Færøyane. Elles leverte Ankerløkken fire bergings- og slepebåtar, eit kystvaktskip, eit havforskingsfartøy, eit bulkskip for sement og eit lite tankskip. Florøverkstaden bygde også tre ferjer for fart på Mjøsa på provisoriske beddingar ved innsjøen. Ein skipsbyggehall stod ferdig i 1955. I åra etterpå bygde Ankerløkken dei fleste båtane der. I 1968 var ein ny, stor bedding klar til bruk.

ordren på skipsluker. Lukeproduksjonen vart snart ein av hovudaktivitetane og ein økonomisk berebjelke for Ankerløkken gjennom mange år. Dessutan laga verkstaden store mengder omnar og utstyr til smelteverksindustrien på Vestlandet. I sildesesongane på 1950-talet hadde Ankerløkken ein veldig aktivitet på reparasjonar av fiskebåtar, dorriar og motorar. Alt måtte vere klart til fiskarane skulle på feltet neste morgon, og verkstaden hadde folk i arbeid døgnet rundt. Slippen stod først ferdig sommaren 1952. Det skjedde samtidig som Ankerløkken strekte kjølen på den første båten. Den var bestilt av fiskebåtreiaren Reinhart Hoddevik i Måløy, som tok risikoen med å bygge ein heilsveisa stålbåt ved den nyetablerte verkstaden. Byggnummer 1 «Hoddevik» vart døypt og sjøsett 17. januar

1996. INC som no eig 100 prosent av aksjane i Fjord Base, fornyar operatøravtalen med 20 år.

Arbeidarar prøvekøyrer det første lukesettet som Ankerløkken laga i 1952.

Dermed kunne verftet bygge langt større skip enn før. I løpet av 1970-åra leverte Ankerløkken tretten ro/ro-skip for transport av bilar og konteinerar.

seløysingar for å hindre at nybygga gjekk i land på andre sida av vågen. Den norske verftsindustrien vart sterkt råka av nedgangstidene i skipsfarten frå midten av 1970-talet. Det vart hard kamp om kontraktene, og mange verft måtte legge ned. Ankerløkken bestemte seg for å satse på oljeretta aktivitet i Florø – men heldt også fram med skipsbygging og lukeproduksjon der. Frå 1979 bygde verftet ei rekke modular til oljeplattformer – mellom anna lastebøyene til Gullfaks-feltet. Verftet hadde også inne fleire leiteriggar til større og mindre reparasjonar og ombyggingar. Men Ankerløkken og dei tre verfta i konsernet sleit økonomisk. I 1979 måtte Florø-verftet gjennom ei gjeldssanering. Nokre år seinare var Ankerløkken-epoken i Florø over. I desember 1985 gjekk verftet konkurs.

Spesialist på kjemikalietankarar I 1973 levert Ankerløkken Verft Florø den første kjemikalietankaren. Den heitte «Thorheide» og var eit historisk skip på fleire måtar. Forskipet vart bygd i Førde og var første «skip» som vart sjøsett frå den nye verftet der. Etter sjøsettinga vart forskipet slept til Florø og skøytt saman med akterskipet ved hjelp av ein avansert teknikk. Med å dele og skøyte skipa kunne Ankerløkken bygge større skip enn det som var mulig å sjøsette i den trange Gaddevågen. Der vart marginane hårfine etter kvart som skipa vart større. Verftet måtte utvikle sinnrike brem-

1998. Ny utskipingskai blir bygt på Trolleskjeret i Gunnhildvågen.

delar dette hadde. Kleven og lokale partnarar i Florø kjøpte verftet tilbake i januar 2000. I 2006 overtok Aker Yards verftet, og to år seinare vart det overtatt av det koreanske konsernet STX. Den siste av til saman 37 kjemikalietankarar som er bygde i Florø vart levert i mars 2010.

Frå sild til skipsbygging Florø var ingen stor by då Ankerløkken etablerte seg her. Byen hadde få industribedrifter, og dei fleste arbeidsplassane der var sesongarbeid. Dei store sildefiskeria prega byen og næringslivet. Men mot slutten av 1950-åra forsvann storsilda frå distriktet. Då overtok Ankerløkken som hjørnestein i næringsverksemda – ja, i utviklinga av byen i det heile.

Fleire nye selskap heldt fram med industriaktivitet på verftsområdet. Bismo-gruppa kjøpte området i 1986. Situasjonen i skipsbyggingsmarknaden endra seg mot slutten av 1980-åra. Store reiarlag var i kontakt med Bismo om å bygge skip i Florø. I 1989 kjøpte Kleven Mek. Verksted i Ulsteinvik verfta både i Florø og Førde. Først bygde verftet fire nye kjemikalietankarar for Stolt Tankers og deretter ei lang rekke skip av same slag til Odfjell m.fl. Verftet bygde også fleire store tankskip for transport av appelsinjuice. Kværner kjøpte dei to verfta i Sunnfjord i 1990. Fire år seinare kunne Florø-verftet ta i bruk ei nybygd tørrdokk, og i 1996 var også ein stor hall over dokka ferdig. Dermed kunne skipsbygginga skje under tak, med alle dei for-

Fiskebåten «Veslevåg» under sjøsetting frå slippen ved Ankerløkken i 1955.

1999. Kværner sel skipsverftet til Kleven i Ulsteinvik. Florø Lufthamn får utvida rullebanen til 1200 meter. Saga Petroleum blir oppkjøpt av Norsk Hydro. Basedrifta i Florø held fram.

Ankerløkken Verft i 1961. Fotoet syner kor trangt innløpet til verftet var. Nede til høgre den kommunale Industrikaia.

skapet. Mykje av idretten og kulturen vart bygd opp rundt denne store arbeidsplassen. Fagforeiningane skaut inn pengar i Flora Samfunnshus og var med på etableringa av eit S-lag i Florø. Dei engasjerte seg også sterkt gjennom mange år i kampen for sjukehuset i Florø.

Bedrifta rekrutterte eit stort tal ungdommar frå øyane og bygdene rundt Florø. Dette var med på å sette fart i utviklinga av byen. I 1960 – då Florø feira 100 år – runda Ankerløkken 200 arbeidsplassar. Talet på faste arbeidsplassar steig til rundt 500 i midten av 1970-åra og heldt seg om lag på dette nivået fram til konkursen i 1985. Verftet hadde rundt 60 % av industri- arbeidsplassane i Flora i mange år. I 1977 kom over 18 % av skatteinntektene til kommunen frå dei tilsette ved verftet.

Mange av dei engasjerte seg sterkt i lokalsamfunnet. Fleire sat i bystyret og i formann-

Prega byutviklinga Verftet sette sitt preg på byutviklinga på mange måtar. I 1974 fekk Ankerløkken sprengt vekk åsryggen på nordsida av verftsområdet for å få plass til å ekspandere. Kommunen kjøpte dei store steinmassane og fylte mesteparten i

2001. Stortinget gjer vedtak om å slå saman Fjordane og Sogn politidistrikt og legge administrasjonen til Flora.

Evja og Skitnevatnet. Dermed vart desse store, unytta våtområda til nytt og nyttig byareal. Då verftet seinare bygde dokk, vart mykje av steinen som måtte vekk brukt til utviding av Fugleskjerskaia og Fjord Base. Ikkje minst har verftet vore ein viktig bustadbyggar i Florø. Alt i 1950 gjekk Ankerløkken i gang med å reise eit bustadhus for sine tilsette: Ankerbygg i Firdavegen. Huset hadde tolv familieleilegheiter, og mange funksjonærar og arbeidarar har budd der fram gjennom åra. På 1960- og 1970-talet engasjerte Ankerløkken seg sterkt i bygginga av både bustader og hybelhus. Bedrifta fekk bygd to bustadbygg langs Havrenesvegen (Vonheim) og sju bygg litt lengre vest (Nyborg). På Ragnarrud bygde Ankerløkken 25 einebustader.

Solberg AS har såleis vore leverandør heilt frå verftet sitt byggnummer 2 i 1953. Vestnes Produkt har sidan 1990 levert innreiinga på dei aller fleste skipa som er bygde i Florø – ein aktivitet som i 1998 vart skilt ut i selskapet Vestnes Innredning. Ein samfunnsrekneskap som Kværner Florø og NHO fekk laga på 1990-talet synte at kvar arbeidsplass ved verftet skapte minst to arbeidsplassar i lokalsamfunnet. Dei siste tjue åra har verftet gjort innkjøp for rundt 300 millionar kroner for kvart skip det har levert. Rundt 15 % av innkjøpa har vore frå firma i Florø og i Sogn og Fjordane. I 2010 heiter bedrifta STX Norway Florø og er i gang med ei stor omstilling frå skipsbygging til vedlikehald, reparasjonar og ombygging av skip og boreriggar. Mange følger omstillinga med spenning og håpar at bedrifta vil vere mellom dei største og viktigaste i Florø også i framtida. I alle tilfelle vil neppe noko anna bedrift og arbeidsplass bli så viktig for Florø i så lang tid som verftet har vore.

Store ringverknader Verftet har hatt store ringverknader for næringslivet i og utanfor Flora. Lokale bedrifter kom inn som leverandørar alt under etableringa av bedrifta og bygginga av dei første båtane. Sigurd

Utviklinga i faste arbeidsplassar ved verftet i Florø gjennom 60 år. I tillegg kjem eit stort tal leigearbeidarar i mange år.

2010 2005 2000 1995 1990 1985 1980 1975 1970 1965 1960 1955 1950

2002. Avgjerd om å legge følgje opp stortingsvedtaket om å legge redningshelikopterbasen for nordvestlandet til Flora. Ewos kunngjer opprusting av fabrikken i Gunnhildvågen for 290 millionar kroner.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66