Ferdselvegar
Ferdslevegar
børar vart det og. Vintrar med gode isar på vatna såg folk fram til. Det letta ferdsla. Men vinterver og temperatur har alltid variert. Så vintrar med mykje meinis var strevsame. Telefon fekk bygda og seint. Men i underlaget til statsbudsjettet for 1916/17 finst ein svært sterk argumentasjon for at bygda treng telefon. Dei vanskelege kommunikasjonstilhøva er beskrivne på ein slik måte at det måtte gjere inntrykk på dei som styrde med pengane. «Paa vandene og den indre del av fjorden ligger om vinteren menis, saa befolkningen til
Då brua over Norddalsfjorden vart opna, med stor festivitas, den 30. mai 1987, var det ei hending få eller ingen i Norddalsfjord kunne ha drøymt om 50 år tidlegare. Midt i 1930-åra var det nesten ingen vegar gjennom bygda. Berre ein skral kjerreveg, bygd i 1860-åra, frå vestenden av Sundalsvatnet til Øyra, i austenden av Solheimsvatnet. Ferdsla og transport gjennom bygda, frå Grøndalen lengst oppe til Solheimsøyra, til dagleg kalla Sjøen, var såleis med båtar i vatna og hest og kjerre, eller berre handvogn, på vegstubbane mellom vatna. Mange tunge
I snøføre over fjellet frå Hyen til gravferd i Sundalen vinteren 1937. Foto: Ukjend.
1975. Saga Petroleum starta leiteboring etter olje vest av Bremanger. Den nyleg utvida Fugleskjerterminalen blir brukt som base, styrt av K. Jansen.

Frå Midtbøstølen, ca. 1910. Foto: Ukjend.
vakre fjorden, opp gjennom dalen, langs Sundalsvatnet, inn Budalen, tunnel derfrå til Hyen, og vidare til Sandane. Men slik gjekk det ikkje. Lenge var det også slik kommunikasjonsmessig i Eikefjord og Solheim i Hyen. Deler av beskrivinga av kommunikasjonstilhøva i Norddalsfjord ville vel og kunne nyttast om Vestre Hyen og Løkkebø. Vegen frå Eikefjord til Florø vart opna først i 1944. Frå Løkkebø til Eikefjord kom det vegsamband alt i 1918, altså relativt tidleg. Men det skulle gå mange år før det kunne farast med bil frå Solheim i Hyen til Løkkebø, Eikefjord og Florø. Eg har teke med dette om vegane gjennom bygdelaga for å gje ein bakgrunn for kvifor ferdslevegane over fjella vart så viktige for folk. Det fanst berre ein «vetig» veg frå Norddalsfjord til Vestre Hyen, d.v.s. grendene Solheim, Hjorteset, Heimseta og Eimhjella. Og den vegen gjekk over fjellet, med start anten i Sundalen eller på Midtbø. Og sjølvsagt vart det sameleis for dei som skulle frå Hyen til Norddalsford. Hadde ein
sine tider praktisk talt er helt uden forbindelse med yderverdenen. At faa varer til eller fra sjøen kan til dels være umulig hele vinterhalvaaret igjennem. Hvor vanskelig fremkomsten er, vil forstaaes derav at det hender man ved be- gravelse er nødt til at la skiløbere med fare for livet dra kisten paa slæde over vandene, eller man hænger kisten i etpar stænger og bærer den paa denne måte forbi de værste steder. Gudstjeneste holdes ikke hele vinteren av den grund at det som oftest er ugjørlig for folk at komme frem.» Om det hadde gått slik som ein innsendar i Nordre Bergenhus Amtstidende argumenterte for i 1893, vill nok bygda si kommunikasjonshistorie vore annleis. På den tid føregjekk det ein diskusjon om val av vegtrace mellom Florø og Sandane. Innsendaren innleier med å beskrive den fantastiske naturen i Norddalsfjorden. Utan å gå heilt i detalj om lineval, argumenterer han sterkt for at sambindingsvegen mellom Florø og Sandane må gå til Norddalsfjorden, langs den
1976. Idrettshallen ved stadion blir teken i bruk. Gamleheimen ved Likkjevatnet (den tidlegare Yttrieigedommen) brenn ned.

dei ikkje tok ut for å vere med i barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, gravferder o.l. Eg har høyrt mange eldre fortelje at dei gjekk over fjellet til gudsteneste i Eikefjordkyrkja. Truleg vart det middag og kaffi og god prat før dei tok på heimveg. Også til kyrkja på Straume i Hyen reiste dei frå Norddalsfjord. Eg vil tru dei då overnatta. Men sommarnatta var lys. Det kunne sakte gåast heim att nattestid. Med heile fjellområdet som beitestad for dyra om sommaren, kom nok dyr ofte ned på feil side av fjellet. Då måtte dei hentast heim att. Noko som og førde til mykje ferdsel i desse fjellområda, var dei mange stølane. Frå Grov i vest til Solheim i Hyen i aust har det funnest minst 30 stølar med eitt eller fleire sel. Stølsdrift er gammalt. Det finst spor etter stølsdrift så langt attende som det har vore busett folk i bygdene, skriv Reidulf Gald, tidlegare fylkesagronom i Hordaland, i publikasjonen Stølar og
ærend til ulike stader i Eikefjord, var forholdet og det same. Her var det vegar over fjellet til Løkkebø, Hovland, Tonheim, Hatleset og Grov. Folk frå Løkkebø for ikkje ut til Florø og inn att Norddalsfjorden om dei skulle vitje skyldfolk. Folk var vane med og flinke til å ta seg fram i skog og mark, også om dei hadde noko å bere med seg. Mellom desse bygdelaga har det alltid vore mykje kontakt. Ærenda folk hadde til kvarandre, var mange, og av alle slag. Kanskje var ferdslevegane aller viktigast som friarvegar. Mange jenter frå Hyen har gjennom åra blitt koner i Norddalsfjord. Og sjølvsagt har jenter frå Norddalsfjord fare andre vegen over fjellet. Det same kan seiast om forholdet mellom grendene i Eikefjord og Norddalsfjord. Dermed vart det mykje skyldfolk som skulle vitjast. Å treffe skyldfolk og kjenningar på andre sida av fjellet hadde stor plass hos folk. Det skulle nok mykje til for at
Stølsfriar. «Får eg komme inn?» Foto: Ukjend.
1977. Alderssenteret «Havglytt» blir opna, ei gåve frå skipsreiar Hilmar Rekstens allmennyttige fond. Florø Seilforening vert skipa. Høgskuleheimen blir riven. Firda Billag bygger rutebilstasjonen på Lindheim.

Fessevatnet
Blåfell
G
Storevatnet
Sundalsvatnet
Sundal
Midtbø
Solheim
F
22 23 24 25
F
Nordal
E
Midtbønipa
26 27 28
11 12
Reiet
Norddalsforden
Lendinga
6 10
D
19 20
B A
Løkkjebøvatnet
Grov
3 4 5
Løkkebø Solheim
Hatleset
C
Strandanipa
Blånipa
Storforden
Krogstadvatnet
Eikeforden
Tonheim
7 8 9
Endestadvatnet
Hovland Kvalvik
14 15
Kalsvikane
Eikeford
Knapstad
Som ein ser av kartet frå turboka, var det mange stølar langs ferdslevegane.
fjellområda. På fleire av stølane har det dei seinare åra vore haldne gudstenester eller stemne, t.d. Midtbøstølen, Nordalstølen, Hovlandstølen.
Dei gamle ferdslevegane er no rusta opp att gjennom eit prosjekt som har fått namnet Ferdslevegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord. Tanken bak prosjektet er todelt. For det eine å setje fokus på desse vegane som turvegar. Ved å gå heile eller deler av desse vegane gjev det fin rekreasjon og gode naturopplevingar. Dette er ikkje dei barskaste fjellområda vi finn i Flora, slik høver dei særs godt for familieturar. Det ligg og godt til rette for avstikkarar til toppar i området, som Britlia, Midtbønipa, Blånipa, Strandanipa, Hatlesetnipa. For det andre – historia til desse vegane gjev turen ein ekstra dimensjon. I ein publikasjon
stølsdrift. Beiterett og stølsrett i fjellet har gjennom tidene hatt svært stor verdi for gardsdrifta i bygdene. Eit gardsbruk utan desse rettane var lite verdt. Det same galdt slåtterettar. Ein vesentleg del av forgrunnlaget vart henta frå utmarka. Minst 10 av dei 30 stølane låg inn til dei ferdslevegane som gjekk over fjella. Dermed fekk deler av vegane ein dagleg bruk gjennom heile sommaren. Det er ikkje lenger aktiv stølsdrift på stølane i denne fjellheimen. Det er ikkje aktiv stølsdrift i Flora i det heile no lenger. Men mange av stølane er haldne vedlike. På mange stølar er neddotne sel bygde opp att. Stølane er også i dag gode møtestader og rekreasjonsstader. Og sjølvsagt er dei i bruk i samband med tilsyn og sanking av dyr, særleg sauer, som beiter i desse
1978. Jon Skaar i Måløy kjøper Florø fryseri på Fugleskjerkaia. Sonen, Harald Skaar, tek over og etablerer Skaarfish. Florø Båtforening blir skipa; etter ei samanslåing av Florø Båtforening og Havrenes Båtforening. Nær 600 småbåtplassar er utbygt i båtforeininga sin regi. Den nye alders- og sjukeheimen blir teken i bruk.

Utsikt frå Midtbønipa mot Midtbøfjellet og Hyefjella. Foto: Bjørn Angell-Jacobsen.
som er ein del av prosjektet, finn ein historier/ anekdotar frå bruken og livet langs vegane gjennom tidene. Og å ta vare på denne kulturhistoria er kanskje viktigaste delen av prosjektet.
Aksel Oleson Sundal, f. 1805, budde på Midtbø. Han var gift tre gonger. Dei to første konene døydde unge. Alle tre gongene gjekk han denne vegen til Hyen og «fann seg kone». Anne Katrine Midtbø, frå Hogane på Midtbø, vart gift med Rasmus Eimhjellen. Ho var nok meir enn 80 år då ho gjekk over fjellet til Midtbø, tidleg i krigsåra. Ærendet var bryllaup i familien heime på Hogane. Ho hadde med seg barnebarnet Rolf. Og han kan fortelje at dei gjekk berrføtte over fjellet. I februar 1937 hende det ei tragisk ulykke i Sundalen. Olai Sundal og sonen Toralf gjekk gjennom isen i Sundalsvatnet og drukna. Dei skulle til Florø og hadde starta frå Sundalen medan det enno var mørkt. Olai var gift med Anne Sofie frå Solheim i Hyen. Til gravferda kom det mykje folk frå Hyen. At det var vinter, var
SUNDAL/MIDTBØ TIL SOLHEIM I HYEN Denne vegen går via Sundalstølen, evt. Midtbøstølen, og Solheimstølen. Høgste punktet er ved Blåfjellsenden, ca. 600 m.o.h. Det er fascinerande å gå under Blåfjellet med den steile fjellsida og grove urbandet under. Høgt oppe i ura finn ein ei godt bevart « uteløe». Så her har det vore slåtteteigar i nærleiken. Den store steinen, Blåfjellskyrkja, er god å søkje ly under. Og dette har vore ferdsleveg frå langt, langt attende til i alle høve godt ut i 1960-åra, då det kunne køyrast med bil frå Eikefjord til Hyen.
1979. Flora Samfunnshus blir offisielt opna etter å ha blitt teke i bruk utover hausten 1978. Oljeselskapa Gulf og Amico får tildelt kvar si leiteblokk, og basedrift blir opna på Fugleskjerterminalen med basekontor i gamle Bjerck’s konfeksjonsfabrikk i Stranda (Gulf) og i rutebilstasjonen (Amico). Desse blir seinare avvikla.

ikkje noka hindring. Og dei kom over fjellet på snøføre. Ski og trugar var folk vane med. Ei sterk soge har Ida Vonheim, f. 1886, d. 1978, fortalt om i eit hefte der ho fortel om livet sitt. Ida budde på garden Vonheim på Solheim i Hyen. Ho var søster til Anne Sofie, som var gift med Olai Sundal i Sundalen. Dei gjekk ofte over fjellet på vitjing til kvarandre. Så og i oktober 1934, då Ida og sonen Olav tok ein tur til Sundalen før vinteren sette inn. Ida hadde vore dårleg i ein fot, så ho tok med ein stav ho hadde etter mor si, ein krokstav med pigg i enden. Dette var ein stav det tydelegvis knytte seg mange kjære minne til. Dei hadde ein tung ryggsekk å bere på heimvegen. Det hadde snøa om natta. Då dei kom på høgfjellet, gjekk snøen til knes. Og det fortsette å snøe. I førstninga byttest dei om å bere ryggsekken. Etter kvart tok Olav over sekken åleine. Sjølv om 15-åringen både var liten og tynn, hadde han tydelegvis både fysisk og mental styrke. Så Ida sine eigne ord: «Over Blåfjellet gjekk snøen midt på låret. Eg var så trøytt, ville mest stupe. Ikkje hadde eg greie på kvar vi var komne, var ør i hovudet. Men Olav var stø. Han gjekk rette leia. Ein gong ropa eg til han: Kjære deg, vent litt, eg lyt få puste. Då sette han i, det var som eit skot i stilla: Pust når du går. Eg stavra i veg. Det gjaldt livet. Til sist nådde vi Reidarrognen (ein støl). Der var ikkje låst. Eg sette meg og kvilde. Men kleda var våte og frosne. Olav tok fram nista si og gav meg. Då samla eg litt krefter. No var det myrkt. Men vegen ned lia gjekk bra. Snøen var ikkje så høg lenger. Eg minnest ofte denne ferda. Næst Gud, kan eg takke Olav og staven til mor for at det ikkje vart mi siste reis».
grei å gå frå begge sider, frå skogsmark til kjerr, før ein på «fjellovergangen» får eit stykke av heia aust for Midtbønipa. Ein avstikkar til Midtbønipa er fint å ta med, same kva side av fjellet ein startar frå. Også her var dette friarveg i «gamle dagar», som nok mange enno hugsar. Stølane var sentrale i så måte. Jentene var ofte igjen på stølane i helgane, og gutane kom opp frå bygda, gjerne frå nabobygda. «Vi keik nok opp mot Varden når laurdagskvelden kom, for å sjå om nokon kom», fortalde ei stølsjente frå Midtbøstølen ein gong. Og løkkebøgutane kom nok ofte. Og trekkspelet vart bore med. Då kunne det bli rett så triveleg på stølen. Kring Midtbønipa har det alltid hatt lett for å legge seg skodde. Dette kunne føre til vanskelege og farefulle situasjonar. Historia om Ragnvald Hammer, døveprest i Bjørgvin i mange år, humra dei fjellvande karane på Midtbø over i mange år etterpå. Dette må ha vore midt i 1950-åra. Den folkelege presten hadde vore på vitjing hos ei døv kvinne i Norddalsfjord. No ville han vidare til Løkkebø og Eikefjord, der det og var døve han ville innom. Og han ville gå fjellet, som er det gode uttrykket for å gå over fjellet. På veg opp mot Midtbøstølen møtte han «mjølkefolk», som nok kjende fjellet godt. Dei åtvara han mot å legge til fjells. Skodda låg der, og i det stille veret ville ho neppe lette. Men presten meinte seg god nok til å finne fram og let seg ikkje overtale til å snu. Og skodda vart liggande. Ein av dei som skulle til støls igjen om kvelden, trefte Simon Midtbø på vegen. Han beklaga seg over den sta presten som ikkje ville høyre på lokalkjende og fellvande folk. «Du treng ikkje anduge lenger», svara Simon. «Presten ligg her og søv no». Ragnvald Hammer hadde surra rundt i skodda på fjellet, våt og etterkvart stuptrøtt. Til slutt hamna han ned att i bygda. Det er vanleg å gå rundt på fjellet i skodda – ofte og for dei som er godt kjende.
MIDTBØ TIL LØKKEBØ Her går ferdslevegen via Midtbøstølen og Høgelia og Indrestølen på Løkkebøsida. Høgste punktet er ved Varden, ca. 700 m.o.h. Vegen er
1980. Saga Petroleum etablerer eige basekontor i Hamnegata 1 (Nybøbygget). Ankerløkken vil ha oljebase i Gunnhildvågen, men Flora bystyre med ordførar Dagfinn Hjertenes i spissen satsar på å bygge ut Botnaneset som framtidig oljebase.
i Norddalsfjord, gå med sengjamat til henne. Dette var midt i 1950-åra, og det var greiast å gå fjellet. Men Helga hadde fjøsstell å gjere heime. Ho hadde også små born som skulle stellast. Så ho kom seg nok ikkje av garde grytidleg om morgonen. Ho bar den gode, heimelaga kringla i armane framføre seg over fjellet til Løkkebø. Lånte seg båt for å komme over Løkkebøvatnet. Det leid nok litt på dag før ho var framme. Og så skulle det sjølvsagt pratast ei stund før ho kunne dra på heimveg, for heim att måtte ho. Også Helga møtte mørkret. Siste delen av vegen med frå Midtbøstølen måtte ho nærst krype. Men ærendet hadde ho fått utført. Kringla var kommen vel fram. Og like viktig – dei gode venninnene hadde fått tid til god prat.
Ein gong, mange år tidlegare, hausten 1891, enda det ikkje så godt. To mann kom over fjellet frå Løkkebø for å hente heim att to verar som var komne ned til Midtbø. Slike ferder førde og med seg «gjestebod» og god prat før det kunne takast på heimveg. Det leid mot kveld før dei var klare til å dra. Dei vart bedne om å ta det med ro til neste dag. Men dei ville heim att same kvelden. Men kor godt kjende dei enn var, så miste dei kontrollen og gjekk seg ut for fjellet i mørkret, skodde og ruskevêr ein stad i fjellet vest for Varden. Den som var minst skada, kraup det meste av vegen til Løkkebø etter hjelp. Då folk kom til neste morgon, var den andre død. Fjellet hadde kravd sitt. Den omkomne var Nils Eliassen frå Øyra. Den andre var Abraham Eikevik frå Eikevikja. Anna Barlund, gift med Ansgar Barlund og busett i Barlund på sørsida av Løkkebøvatnet, var frå Midtbø. Giftarmålet var nok eit resultat av frieri på stølane. Då ho hadde født eitt av borna sine, ville Helga Midtbø, venninna heime
MIDTBØ/SOLHEIM TIL HOVLAND – Å GÅ SKREENE Var ærendet til Hovland, Eikefjord, Kvalvikja gjekk folk Skreene, som var det vanlege uttrykket for denne ruta. Skreene er dei bratte
Godt med ein pause på toppen av Skreene. Foto: Jostein Midtbø.
1981. Sildoljefabrikken i Gunnhildvågen blir lagt ned. Botnanenset Industriselskap A/S vert skipa. Arkeologiske utgravingar startar på Botnaneset.

Gudsteneste på Hovlandstølen august 2003. Foto: Randi Holsen.
1982. Fylkestinget gjer vedtak om å flytte Fylkesbaatane sitt hovudkontor frå Bergen til Florø.

sko. Vi måtte sjå litt skikkelege ut når vi kom til folk. Det var Steinsland som var prest. Frå Hovlandsløypet kunne vi sjå presteskyssen og hadde såleis kontroll på om vi rakk fram i tide. Ludvig, bror min, som budde i Eikefjorden, brukte å hente oss på Hovland og skysse oss til Eikefjorden. Om han ikkje var der, måtte vi gå ein litt vanskeleg sti inn til Eikefjorden. Vi rakk nesten alltid fram i tide. Men ein gong låg det så tett skodde ved Rundehogjen og i Skreene at vi måtte vente der ei tid. Då vart vi for seine. No var det slik at vi hadde komme i gang med «lesinga» noko seinare enn dei andre den sommaren. Det var visst litt uvisst om vi skulle gå i Eikefjorden eller i Florø. For å ta igjen det forsømde, måtte vi kvar gong «lese» ein halv time lenger enn dei andre. At vi laut halde på lenger enn dei andre denne skoddedagen og, tykte vi var strengt. Men skodda letta litt ut på dag, og vi kom oss velberga heim att». Går vi lenger attende i tid, vart nok born og borne over til Eikefjordskyrkja til dåp. Kor ofte dette hende, veit eg ikkje. Men seinhaustes i 1894 vart Hilda (Hille) Solheim boren over fjellet, over Skreene, til dåp i Eikefjordkyrkja. Hilda var fødd den 17. oktober. Det var viktig å få barnet døypt før vinteren. Kyrkja på Nordalen var ikkje bygd då. Løysinga vart difor å fare til Eikefjordskyrkja. Sterke karar rusta seg ut. Barnet vart godt innpakka. Det var åt å bli glatt nokre stader i Skreene. Ein gong, vart det fortalt, sklei beraren og miste bylten med barnet. Det trilla vel ikkje så langt. I alle høve kunne dei bere det uskadd vidare. Og Hilda blei døypt i Eikefjordskyrkja. Sikkert ein av dei yngste som har fare denne vegen.
bakkane under Blånipa ned mot Stølsvatnet. Her kunne det berre gåast på sommarføre. Vinterstid var det uvetig å prøve denne ruta. På begge sider av fjellet passerte ein stølar, Hogalia på Norddalsfjordsida, Hovlandstølen på Eikefjordsida. Frå begge desse stølane er det fin utsikt. Høgste punktet på ruta er på Skreene, ca. 700 m. Om ikkje dagleg, så veldig ofte tek folk frå eikefjordsida turen til Skreene, ein stad med fantastisk utsikt, ikkje minst til dei spesielle fjellformasjonane på nordsida av Norddalsfjorden. Men den «gamle» bruken av vegane hadde lite med å nyte utsikt å gjere. Det var naudsynte ærend som skulle utførast. Nokre år, kring 1930, gjekk konfirmantar frå Norddalsfjord over fjellet for å lese for presten i Eikefjordskyrkja. Over Skreene var ein av dei vegane dei for. Oddmund Solheim gjekk åleine denne vegen. Han hadde skyldfolk på Hovland, så kanskje han nokre gonger overnatta der. Kjell Sundal gjekk frå Sundalen til Løkkebø. Ved Varden møtte han Olav S. Midtbø som kom opp frå Midtbø. Så var dei to resten av vegen. Dei overnatta på Løkkebø og reiste til Eikefjord neste dag, og då saman med konfirmantar frå Løkkebø. Signe Nordal rodde frå Leirvikja til Gongevikja, litt aust for Norddalsfjordbrua. Gjekk så fjellet over til Tonheim. Rodde derfrå saman med andre konfirmantar til kyrkja, og så same vegen attende når «lesinga» var over. Hilda Midtbø, f. 1915, og naboguten Leif B. Midtbø gjekk og til Eikefjords-kyrkja til konfirmantførebuing. Hilda fortalde sjølv slik om dette: «Vi var godt vane med å gå i skog og mark, så ein slik tur frå Tåene, ut Dyrstihillene, oppover Heia og bort Skreene var ikkje så avskrekkande for oss. Frå Nipevatnet ned til Hovlandstølen og vidare til Hovlandsløypet var terrenget fint. Her var det lett å gå. Vi gjekk berrføtte, men ved Hovlandsløypet tok vi på oss sokkar og
MIDTBØ/SOLHEIM TIL TONHEIM – Å GÅ STØYLANE Høgste punktet på denne ruta fekk ein på Strandastølen, ca. 450 m.o.h. Nemninga «å gå
1985. Byen 125 år. Oljebasen på Botnaneset blir opna av statsråd Arne Rettedal. Statoil og Saga Petroleum har etablert seg på Fjord Base. INC Invest A/S (60 %), Aker Base, Ankerløkken og Florø Bil- og Kranservice inngår 10-årig operatøravtale. Ankerløkken går konkurs. Kystmuseet blir opna.
Gjestebod med kvit duk på bordet på Hatlesetstølen, 1930. Foto: Ukjend.
Ole Johan Tonheim var fødd på garden Liatåene i 1870. Han vart gift med ei jente frå Norddalsfjorden, Karen Midtbø. Han fekk kjøpe seg bureisingsplass i Solheimsøyna i 1914. Han var ein kar som ikkje veik unna for arbeid og tunge tak. Det er fortalt at det første året han hadde åker i Øyna, så bar han gjødsel i kipe over fjellet. Frå Liatåene, via Strandastølen og Nordalstølen, til Øyna. Gjødsel var verdifullt og mangelvare i dei dagar.
støylane» kjem av at langs denne ruta passerte ein heile tre stølar, Solheimstølen eller Ytrestølen, Nordalstølen og Strandastølen. Dette var spennande nok i seg sjølv i ei tid der det var godt med folk og dyr på stølane. Eg vil tru at det med helgane var mange som ferdast langs denne ruta. Særleg friarar Dette var ein lang tur, men lett å gå. Etter at det kom veg mellom Eikefjord og Florø, og dermed bussruter, kunne ein følgje buss frå Florø til Tonheim og ta vegen «over støylane» til Norddalsfjorden. Sjølvsagt og andre vegen. Mange, også nolevande, har gjort dette for å komme til og frå. Rutebåt til Norddalsfjord var det ikkje kvar dag. Kom ein forbi stølane i kveldinga, kunne det bli ein god prat og rømmask før ferda gjekk vidare.
GONGEVIKJA TIL HATLESET ELLER TONHEIM Frå gardane nede ved fjorden vart det ofte å ta robåten og ro til Gongevikja, og så gå over fjellet derfrå til Tonheim eller Hatleset, alt etter kvar ein hadde ærend. Ja, også for folk oppe i dalen var dette ein grei veg å fare. Sjølv kan eg hugse at eg følgde
1986. Fylkesbaatane flytter inn i nytt administrasjonsbygg i Stranda.

onkel min ein slik tur til Hatleset ein haust – truleg i 1946 eller 47. Nokre kje skulle hentast heim att. Vi hadde lånt robåt med Per me’ Sjøna. Det var bratt og ulendt opp frå Gongevikja, kan eg hugse. Men spennande å komme forbi Hatlesetstølen og ned til Hatleset. Hos Anders Hatleset og kona vart det gjestebod og lang prat. Det var slekt her, og dermed mykje å snakke om for dei vaksne. Kjekkare var det for meg då Anders tok oss med til plommehagen. Vi hadde ikkje plommetre heime på Solheim. Heimturen med kjea gjekk fint, kan eg hugse. Her tek eg og med ei historie om tobakksnaud under krigen. Asbjørn Midtbø var dreng på Nordalen. Ein gong karane der var tobakkslause, vart Asbjørn send til Tonheim for å prøve å få tak i tobakk. Der var det solrikt i bakkane, og dei kunne dyrke tobakksplanter. Asbjørn rodde då til Gongevikja, gjekk over fjellet til Tonheim. Og der fekk han tobakksblad som han kunne bringe heim att. Han fekk nok ei stor stjerne hos dei tobakkshungrige karane på Nordalen då han landa i støa. Kanskje stod dei der og venta?
gjekk over til Leversund, fekk posten i veska eller sekken. Så heim att same vegen til sortering og ombering eller utlevering heime i Norddalsfjorden. Då Norddalsfjord fekk eiga kyrkje i 1898, kom folk over frå Grovasida for å reise til kyrkje på Nordalen. Ragna Nordal, fødd på Uførneset i 1908, fortel slik om kyrkjeferd i sin barndom. Dei rodde til kyrkje frå Uførneset. « Eg hugsar kor spennande det var når vi nærma oss Lendinga. Vi strekte oss for å sjå om nokon reiste seg i lyngen. For ofte kom det folk frå Grov og Hatleset, kanskje og frå Leversund og Fjellvikja, og ville følgje oss. Og det tykte vi var kjekt». Det vesle bygslet Reiet låg på nordsida av Norddalsfjorden, tvers over for Lendinga. Når folk kom til Lendinga og ikkje hadde båt til å komme seg vidare, ropte dei gjerne over til Reiet etter båt. Og då kom Serina, Olga eller Petra over med robåten og hjelpte dei vidare. Reinhardt Løken, far til Kolbjørn Løken, ropte nok og over til Reiet etter båt ein gong han skulle til Indrehus etter ein grisunge. I båten frå Reiet rodde han til Klauetåene. Så gjekk han opp Grytadalen, over Magnhildskaret til Indrehus og fekk tak i grisungen. Og same vegen vart det heim att. Daniel Grovanes fiska mykje i Norddalsfjorden. Han hadde ei tid båt der. Då vart det mange tunge fiskebørar på ryggen heim att frå Lendinga til Grovaneset. Arne Grov minnest at fiskane rakk like til bakken når Daniel kom slepande med børane sine. Dei ferdslevegane eg har fortalt om her, kan du finne meir om i boka som fortel om prosjektet. Der er det beskriving av rutene, fleire historier, bilete, kart m.m.
GROVALENDINGA TIL GROV Namnet Lending finn ein mange stader. Det er ein stad der ein går i land frå båt – eller køyrer på land frå isen. I dag er det ikkje så aktuelt å gå i land på Grovalendinga. Men like til for 50 – 60 år sidan var dette ein sentral «destinasjon». Ei tid i 1890-åra var vegen frå Grovalendinga til Grov og vidare til Leversund postveg for norddalsfjordingane. Leversund hadde «anløb af Amtets Skibe». Norddalsfjord var ikkje komme med på rutekartet. Det skjedde først nokre år seinare. Derfor for postopnaren ut fjorden frå Solheimsøyra til Grovalendinga,
1988. Skaarfisk opnar nytt fiskemottak og fabrikkanlegg i Gunnhildvågen, og vart verdas største lakseeksportør i 1991. Stortinget vedtek at Saga Petroleum skal dele driftsorganisasjonen for Snorrefeltet mellom Flora og Stavanger.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.