Om Folkebladet for Sogn og Fjordane
Om folkebladet for
Sogn og Fjordane
Det er halde luteigarmøte i LL «Firda Folkeblad». På dette møtet låg føre eit skriv frå Statens Pressekontor om avisdrifta etter 15. april. Luteigarlaget fann at kravet som vart stilt, var i strid med lovene til bladet og kunne ikkje gå med på dei. Møtet gjorde samrøystes vedtak om at bladet måtte stoggast.
Redaktør Botnen skriv sin siste leiar på tre år, og vi gjev att litt av denne. Han måtte stige varleg, for det skulle ikkje mykje til før ein enda i fengsel og konsentrasjonsleir. Han seier vi skal ha
mod til å halde ut. Det gjeld om ikkje å gje seg over om vanskane tykkjest store, men ha mod til å ta opp kampen mot vanskane – og i denne kampen aldri tape trui på det gode og vera klårt over at det har vore harde tider før og, og at det er andre som har hatt større vanskar enn
Då tyskarane okkuperte Noreg våren og sommaren 1940, vart det etter kvart turvande med ei einsretta presse. Dei norske nazistane skulle ta seg av dette. Avisredaksjonane skulle rette seg etter direktiv som dei nye styresmaktene sette opp. Dei fleste aviser bøygde seg for påboda, men ikkje avisene i Florø, «Fylketstidende» og «Firda Folkeblad». Difor vart ein politisk kommissær sendt til Florø for å stramme opp dei to redaktørane, Sigurd Nybø og Ludvig Botnen. Dei hadde samstemt seg, og Nybø førte ordet. Naziutsendingen fann at alt press var nyttelaust, han vart rett ut sagt beden om å ryke og reise. Florøavisene ville skrive som dei lysta. Resultatet av dette vart at «Fylkestidende» vart forbode på dagen, medan «Firda Folkeblad» fekk halde fram nokre månader til. Tidleg i april 1942 fekk avisa påbod frå styresmaktene. Dette vart teke opp på møte med eigarane. I siste nummeret den 09.04. 1942 kan vi lese:,
1971. 28. juni vart Florø Lufthamn offisielt opna av samferdsleminister Reiulf Steen. Stor festivitas med flyoppvisning og hangardans. Blir Vestlandsbase for Widerøes Flyveselskap. Rullebana på 880 meter er seinare blitt utvida til 1200 meter.



Den 1. november 1944 kom Johan Djupevik inn som bladstyrar. Mot slutten av krigen vart det mindre av propaganda, det var klart at redaktøren nok såg kva veg det bar. Dette viste Djupevik med at han ikkje lenger sette inn i avisa kven som var redaktør. I 1945 vart avisa trykt i Firda Prentverk i Førde saman med «Firda». Om folk ikkje tinga avisa, gjekk det ein del i laussal. Lokalsamfunnet måtte ha ei avis til lysingar om fødslar, giftarmål, dødsfall. Alle slags meldingar frå t.d. fylkesbåtane. Film- og teaterframsyningar m.m. Siste nummeret av naziavisa kom ut 5. mai 1945. Merkeleg nok fekk Florøavisene ein knekk med stoggen i krigsåra. Dei avisene som kom under heile krigen fekk ein veldig fordel, sjølv om dei også hadde motarbeidd einsrettinga. Dette kortet er stempla 31.03. 1945. Avisa har vanskar med å få inn bladpengar frå dei få faste tingarane ho hadde.
du. I det heile er det til gagn for deg og dine og for samfunnet med, at du lyfter hovudet og har godt mod. Quislingstyret kverrsette no dei to avisene og trykkeriet til Angell-Jacobsen der «Fylkestidende» vart prenta. Den 25. november 1942 kom dei med ei rein naziavis, «Folkebladet for Sogn og Fjordane» med Kristian Pålsrud som redaktør. Dei var frekke nok til å fortelje at dette var eit framhald av dei to forbodne avisene. Sjølvsagt var det ingen som gjekk på dette, og opplagstalet vart deretter. Innhaldet i avisa var som ventande. Svært mykje propaganda for den tyske krigsmakta og nazistane, og ei stadig påpeiking av den bolsjevikiske faren. I lokalsamfunnet var det ingen som ville skrive i avisa. Dette ordna redaktøren med stadig å sitere frå gamle årgangar av dei to forbodne avisene. Til dømes når realskulen hadde jubileum, var det å sakse frå då skulen vart oppretta, og då FT&IF hadde 50-års jubileum i 1943, følgde lange klippartiklar frå 30-års jubileet.
1974. Evja blir igjenfylt med sprengingsmasse frå utvidingane på Ankerløkken.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.