Russeleiren minnelund opna
Russeleiren i Florø sommaren 1944. Foto: Joar Notø.
Bente Frøyen Steindal avduka ei minnetavle på veggen av Florahallen. Tavla fortel i foto og tekst om leiren og tilhøva for dei russiske krigsfangane. I talen sin takka ambassaderåden folk i byen som på forskjellige måtar hadde prøvd å hjelpe fangane, f.eks ved å smugle inn kle og mat. Utan denne hjelpa hadde nok fleire døydd, sa han (berre ein døydde). Han sette også denne hjelpa inn i eit større perspektiv ved å ta fram andre måtar der Noreg hadde bidratt til frigjeringa. Han nemnde mellom anna den innsatsen handelsflåten hadde gjort og Murmanskkonvoiane der nordmenn deltok. Mange mista livet for å bringe fram krigsutstyr frå dei allierte til Sovjet.
I åra 1942 til 1944 sat 150 russiske krigsfangar internert i leir i Florø. 8 mai i år, 65 år etter frigjeringa, blei desse krigsfangane heidra med ein minnelund på staden der fangeleiren låg. I dag er det berre nokre få murar igjen etter leiren som låg der Florahallen ligg i dag. Denne minnelunden er etablert i eit samarbeid mellom Flora historielag, Flora krigshistorielag og Florø Rotary. Under høge bjørketre finn vi grunnmuren til eit av husa i leiren, godt synleg. Vaskekaret i stein som sto i leiren, er no blitt flytta til minnelunden. Vi finn og ein minneplakett, sett ned i 1995 av Florø Rotary. Rundt 80 var til stades på den høgtidelege seremonien som blei halden ved Florahallen. Ambassaderåd Vladimir Isopov og ordførar
1960. 16. mai: Florø 100 år. Stor jubileumsfeiring. Monumentet over brørne Sars avduka i parken.

Ambassaderåd Vladimir Isopov og ordførar Bente Frøyen Steindal avduka minnetavla ved Florahallen. Foto: Olav Hatlemark.
Bjarte Sindre viser fram ein utskoren fugl. Foto: Knut Magnussen, Firda.
Flora ungdomsskule reiser på skuleturar til Polen og besøker der konsentrasjonsleirar og andre krigsminnesmerke. For skulen er det unikt også å ha slike minnesmerke i nærmiljøet, det vere seg bunkerane og anlegga i Storåsen, eller no: Russeleiren minnelund.
Rådmann Terje Heggheim representerte Flora kommune. I talen sin minte han om at det i Florø faktisk sat menneske i fangeleir under krigen, fangar som vart tvungne til å arbeide for den tyske krigsmakta. Eit slikt minnesmerke kan vere med på gje desse fangane den respekten dei fortener, sa Heggheim. Bjarte Sindre fortalde levande om dei sterke inntrykka leiren og fangane gjorde på dei som vaks opp på denne tida. Han fortalde og om korleis folk prøvde å hjelpe krigsfangane ved å smugle inn mat og kle til dei. Til takk laga fangane fine, små gjenstandar i tre, mellom anna kunstferdig utskorne fuglar. Han la også vekt på at russarane styrkte motstandskampen ved å minne folk på at det var mange som hadde det verre enn dei. Fleire blant publikum hadde med seg og viste fram gjenstandar som dei eller familiemedlemmar hadde fått av fangane. Seremonien blei avrunda med song av Jomentum Etter seremonien var det omvisning i bunkeren ved Florø stadion. Denne har Flora krigshistorielag sett i stand og innreidd med kart og mange gjenstandar frå krigen. Omvisninga fortsette i Storåsen der krigshistorielaget legg ned eit stort arbeid med restaurere og gjere tilgjengeleg bunkersar og stillingar. Andre verdskrigen er eit tema som også engasjerer dagens ungdom. Mange klassar ved
1963. Florø Skoles Musikkorps vart starta


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.