Tor-Nils-hytta
kafedrift og gisselaksjon under Måløyraidet
Kvardagsliv og dramatikk i Storåsen i gamle dager
Mange går tur i Storåsen i Florø og frydar seg over den vakre naturen og freden oppe i skogen. I den gamle åsen vår ligg det og løyndomar som er lett å gløyme når ein hastar forbi for å kvitte seg med stresset i kvardagen. Heldigvis er det dei som enno kan hugse noko av det som gjekk føre seg. Nokre kan til og med hugse at det var kafedrift der i den gamle hytta til Tor-Nils Knapstad på sørsida av Storåstoppen.
Hustufta til Tor-Nils. Foto: Reidar Brandsberg.
Det vesle som er att av desse gamle hustuftene kan du sjølv lett finne om du ikkje går grusvegen, men tek av frå stien inn i skogen til venstre når du er komen opp bakken frå sør. Gå inn i den no ganske overgrodde skogen og der stien svakt tek til å gå oppover, kan du sjå dei gamle hustuftene som enno ligg der. Historia bak dette er ikkje så godt kjent lenger, men det skal i følgje Arne Moe som skreiv om dette i Firda Folkeblad 3. juni 1991, ha vore ein kar som heitte Tor-Nils Knapstad som flytte opp i Storåsen fordi det var så mykje bråk og ståk nede i byen. Knapstad kom frå Bakkane ved Stavøyvågen der han og kona Maren hadde eit lite bruk. Maren var særs eigenrådig og ville flytte til Florø. Tor-Nils trakk nok det kortaste strået og måtte berre fylgje med. Dei tok med seg våningshuset og drog. Det blei oppført like aust for Litleåsen ved enden av Livius Smittsgate, og der budde dei ei stund. Men så kom det eit nytt hus til sals. Dette var huset til sakførar Koss som låg vis a vis der apoteket låg tidlegare. Denne Koss var nyleg død, til tross for at han kvar dag gjekk ut på Havreneståa, (der det no blir bygd
1954. Vestlandske Kjøpelag etablerer seg i Hesteneset med nytt 5-etasjars fôrlager.

Angell Jacobsen hennar hus oppe ved Storåsen der Kristan Jansen og i si tid har budd. Marie Knapstad og Roaranna var gode vener og hadde ein bestemt sommar, mest truleg i 1937 eller 1938, kafedrift i Storåsen for å spe på inntekta si. Dei bar opp flasker med brus, kan hende frå Døsen sin brusfabrikk og steikte sveler og kokte kaffi som dei selde til folk som gjekk på søndagstur. Lilleba Nybø kan hugse at ho og nokre vener var der oppe i Storåsen på kafe ein gong på denne tida. Dei sat då på trappa utanfor huset. Bjarte Sindre kan og minnast at han var med foreldra sine opp i Storåsen og fekk brus. Marie og Roaranna dreiv og med marknadsføring, for på biletet kan ein sjå Sigurd Nybø og Odd Nybø ved skiltet der det står: «Husk kafeen på Storåsen. Ta dere en tur opp da vell». Bjørn Faste Bjartmann fortel i eit av sine mange gode kåseri frå gamle Florø (dette heiter Sommerliv – robåttur til Risøya) at han og Finn Angell Jacobsen gjekk heilt opp i Storåsen og besøkte ho som då budde på «garden». Då dei etter ein lang og strabasiøs tur kom heilt opp på toppen, kunne dei sjå eit lite hus rett nedanfor. Det gjekk ei ku i tjoret sitt og beita der nede, og det var ein fin dal nedover mot sør. Finn hadde vore der før, og gutane banka på og fekk kome inn. Bjørn kan ikkje minnast at det var meir enn eit rom. Dei fekk sitje ved bordet, og dama som budde der, diska opp med svelekaker og eit glas mjølk til kvar av dei. Bjørn skriv at han seinare fekk vite at ho som budde der, var Marie Knapstad, dotter til Tor-Nils. Ho var dengong mest truleg mellom 30–40 år. Gutane fekk sjå seg om på den vesle garden. Oppe under hillaren stod eit fjøs med fjellet som eine veggen og mykje ved stabla fint oppetter den andre. Dette «hjørnet» i fjellet ser ein den dag i dag, rett oppfor hustuftene. Lenger
eit bustadkompleks og der Vestnes Produkt var før) og drakk eit glas med tindrande klart sjøvatn. Maren fekk kjøpt huset til Koss, men dette vart etter sigande for mykje for Tor-Nils. Oppe ved Lilleåsen var det trass alt ei aning natur, men ned i bygata, nei, der ville han ikkje følgje med kona. Knapstad kjøpte seg ei tuft oppe på Storåsen og gjekk i gong som småbrukar og einebuar der. Arne Moe fortel vidare at han var oppe og vitja han og hadde ein god prat i kroken nedanfor huset. Der kunne dei sitje og nyte solnedgangen over Stavfjorden og Askrova, for på den tida vaks det ikkje mange tre på toppen av Storåsen. Ein gong i blant måtte Knapstad ned til handelsmennene for å få det naudsynte til den vesle hushaldninga si. På desse vandringane tok Tor-Nils kortaste vegen ned skaret, bak Litlevatnet og bort til austenden av dette før han gjekk ned til sentrum. Stien går opp i Storåsen om lag der 300 meteren til skytebana stod. Dette var ei mykje brukt ferdselsveg til og frå fiskeberga nord-sør om flyplassen. Folk nytta og dette skaret når dei skulle opp i Soldalen. TorNils Knapstad døydde så vidt vi veit mot slutten av 1920-åra. Etter at Tor-Nils var borte, overtok dottera Marie Knapstad hytta i Storåsen. Marie var m.a hushjelp på garden Nybø ein stund før krigen. Det var dårlege tider på 30-talet, og folk var kreative når det gjaldt å tene til salt i grauten. Marie Knapstad hadde ei venninne som heitte Anna Fjellestad, også kalla Roaranna, (ho var gift med Roar og var mor til Roald Fjellestad). Roaranna budde i lag med Marie og Maren Knapstad i Høyvikhuset på hjørnet rett overfor det gamle apoteket og gamle Firda/Salomonsens Hotell, nå Tomasine restaurant. Dette huset kjøpte Maren Knapstad i 1927. Då kjøpte Reidar
1956. Alle tiders sildefiske. På heile kysten over 12 mill. hl. storsild på nokre vintraveker. Til Florø åleine vart det teke mot nær 3,4 millionar hl. Største fangst på ein dag: 340 200 hl., onsdag 1. februar. Arbeid i gang med å bygge flyplass vest for Svartevatnet i Havreneset. Arbeidet vart stoppa til jul p.g.a. konsesjonsnekt for den påtenkte flytypen.
Sigurd Nybø til venstre og Odd Nybø til høgre.
stove på Storåsen. Dette var ikkje så spennande, og etter kvart fekk dei tak på ein kortstokk og fordreiv tida med å spele kort. Dei andre fangane tykte synd på gamle Lind og forhandla med tyskarane om han kunne få sleppe om dei fekk nokon som kunne gå inn i hans stad. Etter ein del diskusjon vart tyskarane einige om at det måtte gå an pga Lind si helse og høge alder. Eit krav var at det måtte vere ein aktverdig og høgstståande person som skulle sitje som fange i staden for Lind. Den som vart spurt, var «Splint-Adolf», og han takka ja til dette «oppdraget», og Lind blei permittert. Fangane sat i Tor-Nils hytta som fangar i eit døger til det verste var over. Vi veit ikkje om hytta var arrest også ved andre høve. «Splint-Adolf» flytta elles inn i vaktbrakka i Storåsen rett etter krigen. Denne låg i bakken på veg opp frå ungdomsskulen. Der det største
nede var det ein liten åker med grønsaker og poteter, men elles berre små grøne marker. Dette var i 1934 eller 1935. Då krigen kom i 1940, blei det etter kvart ein stor festning i Storåsen, og det blei forbode for vanlege folk å gå tur der. Tor-Nils si gamle hytte vart mest truleg annektert og blei eit av husa i festningen på Storåsen. Asbjørn og Lilleba Nybø fortel at tyskarane ved eit særskilt høve nytta Tor-Nils hytta til arrest. Dette var under Måløyraidet som blei gjennomført i romjula 1941. Fordi tyskarane var redde for eit tilsvarande angrep i Florø, blei fleire kjende florøborgarar tekne til fange og haldne som gislar. Dette var m.a den pensjonerte politimester Lind, klokkar og folkeskulestyrar A.M Lauvsnes, redaktør i Fylkestidende Sigurd Nybø og fabrikkeigar Haus. Dei vart tekne med opp og sette i arrest i Tor-Nils si gamle
1958: Sildefisket sviktar, sildeoljefabrikkane må få tilførsler frå felta nordom Stad, der fisket også minkar. Florø bykasse fekk inn 1.330.443 kroner i skatt. Delt på 929 skattytarar.

Tor-Nils si hytte i hagen til Rune Standal i Tuegata. Foto: Reidar Brandsberg.
litt lenger nordvest i høve Tor-Nils-hytta. Det var to separate bygg der. Eit var kjøken og eit var matsal for dei tyske soldatane som arbeidde som vaktmannskap og hadde ulike oppdrag på festninga i Storåsen under krigen. Litt lenger aust låg altså Tor-Nils hytta. I følgje Asbjøn Nybø stod huset der også etter krigen i tillegg til dei to barakkene. Arne Moe skreiv i 1991 at hytta blei riven for 30–40 år sia. Tidspunktet er ikkje stadfesta, men ho var lafta og vart etter sigande flytta med hest og slede ned til byen ein snørik vinter. I dag står den gamle Tor-Nils hytta som ei fin, grøn lita hagestove i ein hage inne på Tua. Flora Historielag tek gjerne imot utfyllande opplysingar om denne tida og ikkje minst bilete om nokon skulle ha fleire fotografiske minne av sørsida av Storåstoppen då det var «kafedrift» der. Vi vil gjerne få takke m.a. Agnar Strømsnes (som sette oss på sporet), Eva Fløholm, Øystein Hammerseth, Bjarte Sindre, Bjørn Faste Bjartmann og Asbjørn og Lilleba Nybø for god hjelp og informasjon om hytta i Storåsen.
furutreet står, var det i si tid latrine. I dag ser ein berre ein tendens til hustufter på venstre side før ein kjem opp i krysset. Då krigen var over, i mai 1945, var Bjørn Faste Bjartmann oppe i Storåsen for å gå gjennom en del teknisk utstyr, m.a radioutstyr i lag med ein «Red Devil», ein engelsk spesialsoldat. Dette blei han valt til å gjere fordi han hadde god teknisk kunnskap og snakka flytande engelsk. Bjørn og soldaten køyrde rundt i jeep på inspeksjon over alt der dei kunne komme til i Storåsen. Soldaten hadde ein rød beret, derav namnet «Red Devil». Noko av det dei fann var mange radiorøyr i den bunkeren som ligg til venstre ovanfor krysset når ein kjem opp frå ungdomsskulen. I desse bunkerane var det òg store sendarar, og det er truleg at tyskarane styrde mykje av radiosambandet i heile Sunnfjord frå denne bunkeren. Bjørn hugsar at det i området på sørsida var lagt ut store treflak over myrområdet, slik at ein kunne gå tørrskodd der. Det var to andre barakker på denne staden etter tyskarane. Desse låg
1959. Florø barneskole påbygt. Nordfløya lengst vestover, austfløya lengd sørover, og påbygt ein etasje, med symjebasseng i kjellaren.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.