2010-04 - Trond Strømgren - På havet med plank og bananar

På havet med plank og bananar

Fraktebåtar og skipsreiarar i Florø og området rundt

Av Nils Arild Hovland og Trond Strømgren

Denne artikkelen er eit forsøk på å gje lesarane eit oversyn over fraktebåtar og fraktebåt- reiarar som har vore i distriktet som i dag omfattar Flora kommune. Det har eksistert eit utal av båtar og eigarar, og vi har truleg ikkje lukkast i å få med samtlege. Lesarane får tilgje oss dette og eventuelle feil og manglar i mylderet av namneskifte og ulike eigarkonstellasjonar. Fiskebåtar, skyssbåtar og passasjerfartøy er ikkje omtala, då inkludering av desse ville ha sprengt alle tidsrammer og fordobla sidetalet i Flora-minne.

talet på frakteskuter i takt med vegutbygging, fråflytting frå distrikta og overgang til større fartøy. Artikkelen omhandlar båtar og reiarar frå 1700-talet og fram til dags dato. Den første omtalen av organisert varefrakt frå Bergen til Florø-området finn vi kring midten av 1700-talet. Då fekk Kinn prestegjeld ei gåve på mange tønner kavring, og ei av jektene til Antoni Helmers sin son førde to laster nordover frå Bergen. Antoni Helmers hadde kome flyttande frå Delmenhorst i Tyskland, og ein periode budde han og familien i Hellevika ved Stavang. I 1742 skulle Kinnakyrkja vølast og mykje material måtte fraktast utover. Morten Severinsen Svanenhielm eigde kyrkja og var også eigar av Svanøy-garden. Han organiserte hogging av tømmer på Svanøya og deretter skjering inne i Høydalane og Førde. Deretter leigde han to jekter til å føre bord, sperrer og bjelkar ut til Kinn. Eine jekta høyrde heime i Hellevika og var på 2,5 lestar, den andre var på sju lestar. Jekte-

Tidlegare vart jekter nytta til frakt av varer langs kysten. Jektene hadde råsegl. Det var vanlegvis fleire jekter i kvar bygd. I Nordfjord hadde større gardar eiga jekt og mindre gardar eigde ofte ei jekt saman. I Sogn var det meir vanleg at ein lokal skipper eigde si eiga jekt. Utover på 1800-talet tok jaktene over som fartøytype. Dei hadde gaffelrigg og var lettare å sigle under varierande vêrtilhøve. Kring 1850–1860 kom dampmaskina i bruk for fullt, og i løpet av dei neste 50–60 åra konkurrerte dampdrivne båtar gradvis ut dei fleste seglfartøya. Like etter 1900 tok ein i bruk dieseldrivne glødehovudmotorar, men dampen var likevel i overtal fram til 1930-talet. Etter den tid vart det mest vanleg med semidiesel- og dieselmotorar. Dei første tiåra etter andre verdskrigen var ei glanstid for dei små fraktebåtane. Det var stor aktivitet og oppattbygging av landet. Vegnettet var svært mangelfullt, og lastebilar og store vogntog var ikkje noko alternativ for varefrakt langs kysten. Utover på 1960-talet sokk

1901: O. Joh. Vasbotten m.fl. gjer opptak til å skipe Fjordenes Kreditbank som vart sett i drift året etter med Vasbotten som administrerande direktør.

netto registertonn. Ei compoundmaskin på 15 nominelle hestekrefter gav damparen ein fart på 8 knop. A. Hermansen var ei tid førar av «Gravdal» medan båten hadde heimehamn i Florø. Elles eigde også A. Kalland med fleire damparen nokre år før han vart seld frå Florø i 1885. På 1880-talet etablerte Elias Olsen seg med handel i Florø. Han hadde fleire fraktfartøy og vart med åra Florø sin største skipsreiar nokon sinne. Blant dei tidlege fartøya var galeasen «Minerva», bygd i Vikedal i 1870 med mål 61 x 19,7 x 9,5 fot. Olsen kjøpte båten i 1888 og hadde han i drift til 1906. Seinare kjøpte han sluppen «Sokrates», bygd i Varaldsøy 1891, på 72,5 x 21,5 x 8,3 fot. Tredamparen «Helga» ex. «Trysil» på 97 fot, bygd i Karlstad i 1875, var også i OIsen sin flåte. A. Vassbotten m. fl. kjøpte denne båten til Florø i 1890 og selde han vidare til Olsen tre år seinare. «Helga» gjekk kortare frakteturar langs kysten inntil fartøyet fekk nye eigarar i Bergen i 1900. Elleve år seinare vart «Helga» skrudd ned av isen under selfangst i Danskestredet. I 1892 kjøpte Olsen fruktdamparen «Gwent» på 190 x 28 x 12,3 fot, bygd av jarn i West Hartlepool i 1878. Damparen gjekk på Karibien og dei såkalla bananrepublikkane og frakta bananar og anna frukt til Statane. Det var elles mange bergensbåtar som gjekk i denne farten. «Gwent» vart seld i 1906 og grunnstøytte på Langanes på Island to år seinare. Olsen hadde også skonnertbriggen «Vats» på 107 fot. Den gjekk også i fruktfart, men hadde i tillegg jamleg turar til Noreg for å føre klippfisk sørover til Brasil og Argentina. Peder Antoni Helmers var skipper om bord, og på ein tur til Rosario vart han knivstukken og drepen medan han var på eit oppdrag på land ved Rio de La Plata. På heimvegen gjekk det ikkje likare enn at «Vats» grunnstøytte og totalforliste ved Olinda-fyret på kysten av Brasil.

leiga var 1½ dalar for kvar tur for den store jekta og 4 mark for den minste. Til sist sigla eine jekta til Bergen og henta takstein. Med åra tok Helmers-karane i Florø til med organisert fraktfart, og midt på 1800-talet hadde dei ei jekt til regulær føring av last. Kring 1850 bygde dei ei ny jekt i Helmersfjøra i Florø, om lag der Torgkaia ligg i dag. I 1868 bygde dei jakta «Maren Susanne» på 56,5 x 18 x 7 fot og 20,5 kommerslestar. Dette fartøyet gjekk langs kysten med ulik last og henta mellom anna mykje fisk både på Finnmarka og i Lofoten under vinterfisket. I 1875 kom nordlandsskipper Mikal Simonsen Malkenes reisande frå Tysnes i Hordaland med den nybygde jakta «LAURA». Han etablerte seg i Florø som fiskeoppkjøpar og hadde «LAURA» i fast rute på Nord-Noreg for oppkjøp av fisk. Den flekte og salta fisken tørka han sia til klippfisk på «Malkenes-bjergene», sør for der Florø lufthamn ligg i dag. Sia sigla Malkenes sør til Bergen med den ferdige klippfisken og selde han til oppkjøparar der, delvis til eksport. På slutten av 1800-talet slo hardingen Simon Simonson Aksnes seg til i Eikefjord. Han hadde sluppen «August» og starta med både klippfisktilverknad og ymse fraktfart. Aksnes var ein kjend kar langs kysten fordi han var så glad i mjølk. På sigleturane brukte han alltid å praie tilfeldige robåtar for å få folka om bord til å ro i land og skaffe han mjølk. Under første verdskrigen vart det mindre vanleg med naturtørking av klippfisk, og Aksnes avslutta derfor frakt- farten på denne tida. Han var deretter med å starte båtbyggjeri i Eikefjord og tok også til med fruktdyrking. Det kan elles nemnast at Aksnes var skipper på den kjende galeasen «Loyal» i perioden 1924–1928. Kjøpmann Husefest i Florø kjøpte det første dampskipet til byen tidleg på 1880-talet. Båten hadde namnet «Gravdal» og var bygd i Trondheim i 1876 av jarn med mål 61,8 x 12,4 x 7,7 fot. Storleiken var 36 brutto registertonn og 21

1900. Nytt bustadhus blir reist på prestegarden.

Elias Olsen.

Abraham Haave.

I 1906 tok Olsen i bruk den nybygde damparen «Grane» med måla 88,7 x 18,0 x 8,6 fot, bygd ved Kristiansands mek. Verksted. To år seinare selde han fartøyet til Brødrene Øen i Florø. Dei drifta båten i fire år før vidaresal til Ålesund. I 1915 grunnstøytte «Grane» og ende sine dagar ved Siglufjord på Island. Saman med forretningsmannen Abraham Haave hadde Olsen Komposittdamparen «Molbæk», bygd i Stockholm i

Reiarane Elias Olsen og Abraham Haave hadde ein stor flåte, både kvar for seg og som sameige. Blant skipa var «Urania» på 162,7 fot (øvst), «Vats» på 107 fot (midten) og «Molbæk» på 135 fot (nedst). Foto utlånt av Flora kommune, Kystmuseet, Jan Bloch Helmers, Nils Arild Hovland.

1898. Jens Bloch Helmers døyr. Butikkane stenger, og så godt som alt folket i byen går i gravferda. Bystyret bed ordføraren søkje amtet om å stikke veg til Brandsøy.

Rekkevik i 1919 som midtskipsbåt (med styrehus og overbygg midt på), med måla 154,6 x 30,5 x 15,2 fot. Motoren var ein 320 hk Bolinder med 4 sylindrar. I 1891 etablerte Abraham Haave seg som forretningsmann i Florø. Han hadde vore lensmannsbetjent på Eid og hadde oppnådd god kontakt med bondehandlar Allers i Bergen. Via denne kontakten starta han handel i Florø og i 1896 kjøpte han den svenskbygde komposittdamparen «Kinn». Fartøyet var bygd på Nylandsø i Sverige i 1890 som «Albert», med mål 98,9 x 22,5 x 11,4 fot. Kompositt betyr at huda var av tre montert på stålspant. «Kinn» vart starten på det nest største reiarlaget i Florø. Haave sette damparen inn i fraktfart langs kysten på strekninga Oslo–Trondheim. Båten lasta kring 400 tonn og gjekk sørover med salta sild og ulike produkt frå distrikta. På returen førde «Kinn» med seg butikkvarer. I 1918 selde Haave båten til ein fiskebåtreiar på Flesland. I mars 1923 grunnstøytte damparen på Håkonshella i innseglinga til Alvøen og sokk på kort tid. «Kinn» er i dag eit ynda mål for dykkarar. Haave var dessutan medeigar i fleire fiskedamparar gjennom sitt engasjement i Florø Havfiskeselskab. Mange Florø-folk arbeidde for Haave, både på land og som mannskap på båtane. Tidlegare var det vanleg at skipperane eigde part i skipa dei førde. Mathias Salomonsen frå Florø var skipper hos ein reiar i Bergen og hadde part i fleire fartøy. Eitt av dei var fraktebåten «Balder», ein komposittdampar bygd på Lødøse i Sverige i 1872. Måla var 126 x 23,2 x 14,1 fot. Salomonsen førde fartøyet det meste av 1890åra inntil «Balder» vart seld til Ålesund rett før 1900. Salomonsen hadde også part i ein liknande båt med namn «Freja». Fjellestad-karane i Florø hadde jakta «Skjoldmøen» i ein periode kring 1900. Dette var den

1873 og innkjøpt frå Oslo i 1899. Storleiken var 135 fot og 360 brutto registertonn. Damparen vart seld til Bergen i 1915 og vidare til Danmark i 1919. Haave og Olsen eigde også tredamparen «Urania» på 162,7 x 25,8 x 14,6 fot og 501 brutto registertonn. Framdrifta kom frå ein trippel ekspansjonmaskin frå Laxevaags Verft som ytte 45 nominelle hk og gav 8 knops fart. «Urania» var bygd under leiing av Ananias Dekke på Dekke-dokken i Bergen i 1892, same året som Dekke døydde. Dekke hadde gått i lære hos den legendariske båtbyggjaren Donald McKay i East Boston, kjend for å byggje dei mest berømte klipparane i verda på den tida. «Urania» vart kjøpt til Florø i 1910, men vart øydelagt av brann i Siglufjord på Island i juli 1914. Brannen starta medan stuerten skulle fyre opp i den kolfyrte byssa. Ved bysseomnen stod ei kasse med spon til opptenning, og ved eit uhell tok det fyr i sponen. Trass i sløkkingsforsøk spreidde brannen seg, og stuerten mista dessverre livet under brannen. Etter uhellet sende Haave følgjande telegram til alle sine skip: «Al spon af Kabysen.» «Urania» vart seinare reparert og teken i bruk att. I november 1916 forsvann skipet og besetninga på 13 mann i Nordsjøen. Ole Faye Olsen, son av Elias Olsen, kjøpte motorskipet «Øiekast» ex. «Os» i 1929. Fartøyet var eit såkalla kriseskip, bygd svært raskt under første verdskrigen. Det hadde ein kort periode heimehamn i Florø. Skipet var kjend som ei forferdeleg slingrebøtte, og snart kalla Florø-folk båten for «vombakast». Sjølv om båten var eit kriseskip, hadde heiderleg omtale av han likevel vorte sitert i Firda Folkeblad: «Et deilig skib, hvori til og med er indredet et baderum.» Trass i baderom, var fartøyet lite eigna til fraktfart langs den vêrharde norskekysten. Olsen selde etterkvart båten til Stavanger der den fekk «Bru» som nytt namn. «Øiekast» var bygd i

1902. Fjordenes Kreditbank blir etablert med ein aksjekapital på 100.000 kroner. Den fusjonerte med Vestlandsbanken i 1963, som seinare fusjonerte med Fokus Bank – som vart overteken av Den Danske Bank. Olsens Hotell blir etablert av Bolette Helmers Olsen. Seinare kjent som Victoria Hotell i tre generasjonar.

«Haakon» før ombygging. Båten var bygd i Store-Batalden i 1907 og dreiv fiske dei første tiåra. Seinare vart han ombygd og forlengd og nytta til fraktfart. Foto frå 1917 utlånt av Trond Strømgren.

første av alle norske båtar som nådde fram til Chicago, i året 1864. Fjellestad-karane var båtbyggjarar og bygde truleg ei jakt i Florø 1884– 85. Nokre år kring 1910 hadde dei kuttergaleasen «Stord» på 82,5 x 22,2 x 9,6 fot, bygd på Gravdal i 1875. Elias Olsen og Florø Conservesfabrik overtok båten i 1912 og døypte han om til «Ole». I juli 1920 grunnstøytte fartøyet på Blåvands Huk i Danmark på ei reise frå Bergen til Esbjerg.

Ohna-familien i Florø hadde komposittdamparen «Stensund», bygd på Gamla Lødøse i Sverige 1901 med måla 101,8 x 22,7 x 9,9 fot. Båten vart bygd som «Alexander», så nytt namn «Troldfjord», deretter «Hydra». Damparen lasta kring 300 tonn. «Stensund» gjekk mange år på kysten med heimehamn i Florø. I mars 1937 gjekk damparen på land ved Båtsfjord. Det var gode mogelegheiter for berging, men akkurat då vart det streik i Bjergningskompagniet. Før streiken var over hadde det blese opp til storm, og «Stensund» vart knust i den grove sjøen.

Frakteskøyta «Haakon» har hatt lang fartstid i Florø-området. Skøyta vart bygd i StoreBatalden i 1907 for Aron Jensen frå Hovden. Etter ein del tiår på fiske, overtok brørne Kristoffer og Sivert Hovden skøyta og tok til med opptak og frakt av skjelsand. Første tida spadde dei opp sand med handemakt, seinare ved hjelp av vinsj, håv og grabb. Ombygging av båten på Svanøy i 1943 resulterte i ei nærast ny

50 fot kravellbygd skøyte. Båten var i drift for fiskeribedrifta til Georg Gregoriussen i Barekstad fram til sist på 1970-talet. Då overtok Kåre Gregoriussen båten og dreiv ymse lokal fraktfart med han fram til 1996. Sia overtok sambygdingen Rolf Strømmen nokre år og deretter Sølve Brændø i Florø. Kring 2005 selde Brændø «Haakon» vidare til Møre. Damparen «Høvding» er mest kjend i Florø som fiskefartøy, men båten vart også delvis nytta til fraktfart. Det 94,1 fot lange fartøyet vart bygd i Kristiansand i 1908 for partsreiarlaget Thor Bjørlykke i Florø. Ove Faye Olsen overtok båten i 1925, og sju år seinare kjøpte Ulriksenfamilien farkosten. Mellom fiskesesongane gjekk damparen som fraktebåt, særleg på 1920- og 1930-talet. «Høvding» hadde Florø som heimehamn i heile si levetid, og dampmaskina var i bruk heilt til båten vart opphoggen i 1962. I 1917 kjøpte Gerhart Storhaug og Albert Eliassen frå Rognaldsvåg den engelskbygde kutteren «Prøven» ex. «Energy» på omlag 57 fot. Dei to karane omdøypte båten til «Røringen» og sette han i drift i kombinasjonen fiske og frakt. I 1921, på ein tur frå Skjolden i Indre Sogn, fekk dei problem med motoren. Etter diverse motorarbeid skulle dei fyre opp, men plutseleg eksploderte fyrlampa og det oppstod ein eksplosjonsarta brann i maskinrommet. Dei greidde ikkje å sløkke elden, og «Røringen» brann heilt opp.

1903. Rådhuset står ferdig til bruk, det største og finaste huset i byen. Byggearbeidet vart utført av murmeister Hans Hansen frå Bergen. Byggesum: 34.878 kroner. Florø høiere kommunale almennskole vart starta og får eksamensrett. Forløparen var ein privat middelskule som vart starta i 1897.

Restane av lastebåten «Kjeld I» ligg framleis synlege i Gaddevågen ved Florø. Foto Trond Strømgren.

gjekk føre seg på noko uvanleg vis: Drengen på garden gjekk rundt på markene med spett og laga hol, og så kom ein annan kar etter og stakk tørrfisken ned i hola. Under krigen selde Haus vraket av «Kjeld I» til ein kjøpar i Måløy for 3000 kroner. I krigsåra var det forbod mot å byggje nye fartøy, men å byggje om ein båt var lovleg, så derfor hadde det utbrende skroget likevel verdi. Det vart ikkje noko av ombygginga, og seinare vart den brannskadde farkosten slept sørover og fortøydd i Gaddevågen ved Florø. Med åra sokk «Kjeld I» og restane ligg framleis godt synleg på nordsida av hovudvegen når ein passerer Kanalen på veg austover frå Florø. Mot slutten av første verdskrigen kjøpe dei tre unge karane Anders Hovland, Johan Valvik og Samson Hammarseth frå Askrova den nybygde kuttaren «Møgsterfjord» på 55,9 x 14,5 x 6,4 fot. Først dreiv dei fiske kombinert med fraktfart utanom sesongane, deretter gjekk dei fast godsrute for Fylkesbaatane i 16–17 år på strekninga Dalsfjorden–Bergen. Båten vart så seld til Hyllestad.

Gregorius Haus var disponent for Florø Sildeolje- og Sildemelfabrik. Fabrikken hadde fleire lastebåtar, mellom anna «Havstein» på 51,4 x 16,4 x 7,4 fot, bygd i Molde i 1907. Båten vart innkjøpt like etter første verdskrigen og gjekk som transportfartøy for fabrikken, ofte med ein eller to digre prammar på slep. I 1933/34 vart fartøyet seld til brørne Daniel og Mads Mallasvik i Naustdal. Gjennom reiarlaget Skips A/S Motorfart kjøpte Haus den svenskbygde lastebåten «Rikard» på 300 dwt., bygd på Løfholmsvarvet i Stockholm i 1917 med måla 99,6 x 22,4 x 10,6 fot. Haus døypte båten om til «Kjeld I». I august 1929 var fartøyet på veg sørover kysten, fullasta med tørka småsei for eksport til Afrika. Sør for Vågsøy tok det fyr i maskinrommet, og det var uråd å sløkke elden. Heldigvis fekk skipperen berga «Kjeld I» inn på ei grunn vik ved Gangsøy i Skatestraumen. Til sist kom andre fartøy til og fekk sløkt brannen, men fartøyet var så mykje skada at det vart kondemnert. Drivaren av Vågsberget handelsstad kjøpte den øydelagde tørrfisklasta for å nytte ho til gjødsel. Gjødslinga

1904. Florø Sanitetsforening blir skipa.

Kristoffer Hovden.

1920-talet og nytta båten til ymse frakt. Seinare tok dei i bruk kuttaren «Odd». I september 1941 freista Ingvar Sagen og Einar Skare å rømme til Shetland med «Odd», men båten og begge karane kom bort undervegs.

Midt på 1920-talet kom brørne Lyder og Karl B. Kvellestad frå Svortevik heim med den tidlegare selfangaren «Vaar». Det dampdrivne fartøyet målte 69,3 x 19,5 x 8,9 fot og var bygd i Rosendal i Hardanger i 1913. Fire år seinare vart «Vaar» lengd med 14 fot. Brørne bygde om båten til fiske og fraktfart og sette inn ein ny Wichmann-motor. Ved årsskiftet 1932/33, etter nesten ti års drift, selde dei «Vaar» til Farsund.

I 1928 kjøpte Bernt Hovden lastebåten «Ladas» i Haugesund og døypte han om til «Hellefjord». Båten var 121,1 x 27,0 x 12,8 fot og lasta kring 500 tonn. Skroget var dårleg, og Hovden fekk skifta heile 17 bordgangar ved Ottesen skipsverft i Sagvåg. «Hellefjord» forliste dessverre på første reis, med koparmalm frå Thamshamn i Trondheimsfjorden. Ved Oksøy på sørlandskysten fekk dei ein kraftig storm på seg, og «Hellefjord» sprang lekk og motoren stoppa. Karane måtte stå ved pumpene medan båten

I Eikefjord hadde Albert Eikefjord (som seinare skreiv seg for Hamn) ulike fartøy. Tidleg på 1900-talet hadde han den 3-mastra skonnerten «Fulmar», bygd av Camper & Nickelson i Gosport ved Isle of Wight i 1878. Eikefjord selde skonnerten nord til Rugsund i 1911. Seinare hadde han båtane «Eikefjord», «Notholm» og «Katholm». «Notholm» var 62 fot og Eikefjord drifta han vekselvis i fiske og fraktfart. Mellom anna førde båten mykje tønner og trelast frå Eikefjord. I 1925 kjøpte Hjalmar Frøynes i Kalvåg fartøyet. Frå 1921 dreiv Kristoffer Hovden frå øya Hovden frakt med skøyta «Sendingen» ex. «Knarrevik I» på 56 fot. Båten gjekk nærast i fast rute mellom Bremanger, Florø og Bergen og var ein lokal konkurrent til Fylkesbaatane. I 1927 kjøpte Hovden «Isstjernen» på 70 fot. Etter to år med fiske, bygde han båten om til last- og passasjerfart og døypte han om til «Sendingen II». Nyebåten gjekk så inn i same rutedrifta som forgjengaren sin og vart etter ei tid forlengd til 80 fot. I 1950 overtok sonen Ragnvald Hovden og hadde «Sendingen II» i fart som rute- og fraktebåt fram til 1972. Året etter selde han båten nordover til Sandnessjøen. Kristoffer Hovden kjøpte «Isstjernen» etter eit mysterium på Møre-kysten. I romjula 1924 skulle dei dåverande eigarane og nokre sambygdingar gå med båten til Ålesund på handel og salthenting. Men «Isstjernen» kom ikkje fram og vart noko seinare funne drivande folketom like ved Harøya. Båten hadde fått motorhavari og truleg hadde alle gått i lettbåten for å berge seg unna nokre brott. Kva som sia hende veit ingen sikkert, men etter alt å dømme kvelva lettbåten, og alle dei seks ombord fall i sjøen og sette livet til. Ingen av dei sakna vart funne att. Ingvar Andreas Sagen budde på Saga på nordsida av Nordalsfjorden og hadde båten «Sagøy» i lag med faren. Dei kjøpte båten på

1905. Noreg blir fritt og sjølvstendig rike. Den danske prins Carl blir vald til konge med overveldande fleirtal. I Kinn valsokn røysta 91 % for kongedømme, 9 % for republikk. Eit området vest av Likkjeåsen blir frådelt til å bli Florø Stadion.

Kristoffer Hovden dreiv «Sendingen» og «Sendingen II» i rutefart i mange år. Fotoet øverst viser «Sendingen II» på veg til eit songarstemne. På det andre fototet med dekklast frå Hansa ser vi Arve Hovden i styrehuset og Harald Høivik på dekk. Foto utlånt av Kjell Ivar Høyvik.

dei ikkje makta å pumpe meir. Ein passerande fiskebåt førde mannskapet til lands, medan «Hellefjord» sokk ved kysten. Dette var den 30. april 1929. Jens Haram frå Florø dreiv i mange år fraktfart med jakta «Vega I» på strekninga Florø– Trondheim. I 1929 var Haram ferdig med skipperskulen i ein alder av 19 år. Han kjøpte då den 65 fot lange jakta, bygd i 1900. Den første maskina var ein tysk Junker med lita kraft, og ved hard motvind var det berre så vidt båten seig framover. Seinare fekk båten montert ein 60 hk Union-motor og farten auka monaleg. I 1972 døydde Haram og enka selde snart lastebåten. Under slep dreiv den gamle jakta på land ved Helgøya, og restane av ho kan framleis sjåast i fjøra der. Fleire Florø-folk var med- eigarar i den gamle damparen «Colombia» på ca. 800 tonn, bygd ved Bergens Mekaniske Verksteder i 1893. Den leiande personen i prosjektet var Eirik Grant Lea, ein av Noregs største skipsreiarar under første verdskrigen. Etter å ha gått konkurs kring 1920, etablerte han seg med sagbruk og trelasthandel på Gjølanger. I 1936 gjekk «Colombia» på sin første tur frå Florø til Reykjavik på Island for å hente sild til Stettin i Polen. På turen vart det gjort skade på fleire kaier og då damparen var innom Newcastle for å bunkre kol på turen sørover,

dreiv sørover og ut i Skagerrak. Etter fleire dagar såg dei fyret på Hirtshals i Danmark. Framleis pumpa dei hardt for å halde skuta flytande. Då snudde vinden brått, og etterkvart dreiv dei tilbake over Skagerrak. Til sist fekk dei Oksøy fyr i sikte att, men då var alle om bord så slitne at

1910. Florø 50 år. A/S Florø Conservesfabrikk i Hesteneset (skipa i 1908), går saman med bergensfirmaet United Sardines Factories (USF). Florø Sildoljefabrikk (A/S Florø Olie- og Fiskemelfabrik) blir etablert ved Kanalen. Arbeidet i gang med å bygge privat, kolfyrt el-verk i Hans Blomgata 17. Florø Vassverk vart oppretta, og basseng bygt på Storåsen.

rende han i senk ein fiskebåt. «Colombia» måtte deretter sjølv på verkstad for å utbetre skadar. Det gjekk med mykje pengar, og båten vart derfor seld til Tycho Evers i Haugesund. Der gjekk damparen i fart til 1952, og vidare sal førde han til Spania og til slutt opphogging i Castellon i 1963. Kring 1930 kjøpte firmaet A. Haave i Florø kutteren «Per» ex. «Medholm», bygd 1917 i Hardanger. Dei døypte den 103 fot lange båten om til «Kinn» og hadde han både til fiske og frakt. Mykje salt vart henta i Bergen og mykje trelast vart ført frå Trøndelag til Haave sitt trelastutsal i Florø. I 1954 kom Ansgar Furesund og Erling Reksten til som medeigarar, seinare også Alf Kvernevik og Reidar Reksten. Etterkvart tok desse over båten og endra namnet til «Rekstøy». Drifta vart no fiske etter storsild om vinteren og fraktfart i sommarhalvåret. Først på 1960-talet vart båten kondemnert og seld til Oskar Nærø. Båten ende sine dagar i ei fjøre på Nærøya der restane av han framleis er synlege. Omlag 1930 gjekk dei tre unge karane Albert Stavøstrand frå Tansøy og Nils og Karl Espeseth frå Askrova saman og kjøpte «Lilli», ein gamal brønnbåt frå Fjell på Sotra. Dei førde levandefisk med båten fram til 1937. Etter forlenging til 40 fot ved Svanøy Båtbyggeri, gjekk «Lilli» inn i fast rute med frakt av gods og varer på strekninga Florø–Bergen. Denne ruta utførde «Lilli» i heile 30 år, heilt fram til 1970. Ved eitt høve sokk båten på Florø hamn, lasta med dynamitt. Noko dramatikk var det likevel ikkje ved hendinga, for båten vart heva på vanleg vis og var snart i drift att. Etter ei tid i opplag vart «Lilli» seld sørover til Sotra. Martin Gjelsvik og Lyder og Ragnvald Kvellestad frå Florø dreiv kuttaren «Valsøyfjord». Den 76,2 fot lange båten var bygd i Hull i England i 1889 og hadde opphavleg namnet «Ivanhoe». Dei tre karane kjøpte fartøyet i 1932 og dreiv kystfrakt i sju år. Etter nokre år gjekk Lyder

Kvellestad ut som eigar og Anfinn Apneseth kom inn i staden for. I 1939 sokk «Valsøyfjord» ved Brønnøysund og vart seld medan den låg på havets botn. I 1932 kjøpte brørne Markus, Martin, Asbjørn og Malvin Horne, far deira Nikolai og sambygdingen Karl B. Kvellestad ein gamal galeasrigga jakt. Båten var bygd i Bergen i 1893, målte 90 x 23,6 x 9,6 fot og hadde namnet «Stanley». Ved kjøpet stod det ein 60 hk Union om bord. Under krigen fekk brørne bygd om båten til kryssar og forlengd han med kring ti fot, slik at lastekapasiteten auka monaleg. «Stanley» hadde lenge hovuddrift som lastefartøy og gjekk periodevis i godsrutefart for Fylkesbaatane. I 1961 selde brørne båten sørover til Mongstad, og i april 1967 forliste og sokk båten i Krakhellesundet. Same året som dei selde «Stanley», kjøpte Horne-karane ein lastebåt på 137,2 fot. Denne båten var bygd som tysk eskortetrålar i 1917, med namnet «Ludendorff». Deretter vart han omdøypt til «Caroline Sprenger», seinare «Halden» og til «Sele» då Chr. Bjelland & Co kjøpte båten i 1929. Magnus Horne med fleire overtok fartøyet etter at det hadde grunnstøytt og sokke i oktober 1961. Dei sette båten i stand med nytt namn «Hornås» og hadde han i fraktfart i tre år før dei selde han vidare til Austerheim. I 1930-åra opererte Johannes Rognaldsen den gamle reisandebåten «Eikefjord». Båten forliste ved Sakrisskjeret nord for Krakhella i 1935, og deretter kjøpte Rognaldsen båten «Wilhelm Huth». Dette var den andre båten som vart nytta til oppmålingar av norskekysten, teken i bruk etter dampfartøyet «Hansteen». Rognaldsen gjekk i fraktfart med båten og var kjent for å fløyte kvar gong han la til ved ei kai. Det førde til det lokale ordspelet «Wilhelm Huth, til byen, til byen, tutt tutt.» På 1930-talet hadde Svortevik-karane kuttaren «Heimen». Om det hadde vore gauking

1912. Frelsesarmeen i Florø blir skipa. Florø Fotballklubb (no FSK) vart skipa 12. juni som den første i Sogn og Fjordane. Første kampen var mot Brann, Bergen, i 1913.

eller skjenking om bord er ikkje godt å seie, men etter at båten forliste ved Sandværosen vest for Florø i snøkave i 1936/37, fekk han noko seinare ettermæle ved omtale i ei revyvise: «Heimen han sokk utpå fjorden, han hadde fått øl på motoren». I omlag same tidsrom dreiv Nils og Karl Hovland fraktfart med jakta «Arnafjord» på 61,3 x 18,6 x 7,7 fot. Båten hadde heimehamn i Florø. Harald Tonheim frå Eikefjord dreiv fraktfart i konkurranse med Fylkesbaatane i over 30 år, frå 1930-talet til fram på 1970-talet. Han hadde ulike båtar, og den siste var skøyta «Kampen». Etter Tonheim tok Alf Vasset og Johan Espeseth frå Tansøy over same type frakt med «Utvær I», ei gamal og drektig eikeskøyte. Skøyta lasta i Bergen for Florø og alle små stadene imellom. Ho frakta også gassflaskar frå Bergen til skipsverftet i Florø. Dei to karane dreiv skøyta heilt fram på 1980-talet. Så la dei «Utvær I» i opplag ved ein berghammar, men under eit uver sokk båten. Han vart sia heva, men under slep til Askrova sokk skøyta for godt.

I 1934 kjøpte Lyder Kvellestad galeasen «N. H. Knudtzon» på 81 fot, bygd i Kristiansund i 1889. Kvellestad monterte inn motor og dreiv båten i mange år som kombinert fiske- og fraktebåt. Like etter krigen fekk fartøyet nye eigarar i Måløy, og kring 1960 forliste båten på Shetland. I 1948 overtok Kvellestad den dampdrivne slepebåten «Sørkap». Båten var bygd av stål i Sandefjord i 1908 som kvalfangar. Opphavleg var han 92,2 x 18,1 x 11,2 fot, men vart seinare lengd til 113,3 fot. Kvellestad tok ut den gamle dampmaskina og sette inn ein 150 hk Wichmann-motor. Han døypte også om båten til «Kveldulv». Etter fleire år med fiske vart etterkvart fraktfart hovudgeskjeften. Til sist var det likevel slutt med Florø som heimehamn, og i 1962 selde Kvellestad fartøyet til Nordhordland.

kryssaren «Blåfjell» i Hamnafjøra i Eikefjord. Med ein 60 hk Union som framdrift gjekk båten i mange år i fast rute Eikefjord–Florø med passasjerar og gods. Til sist rak båten på land aust av Ausa ved Florø og vart knust. Dette var i januar 1952. Deretter sette Midtbø «Von III» i drift på same ruta og dreiv fram til ca. 1960. På øya Grønenga kjøpte Jacob Grøneng den gamle Hardangerjakta «Anne Margrethe» i 1936. Den stolte seglskuta var bygd i 1881 med måla 73,6 x 28,8 x 9 fot, og hadde gått lenge på Nord-Noreg i den såkalla slofarten (med salt nordover og fisk sørover). Grøneng rigga ned fartøyet og sette inn ein 50 hk Union-motor og tok til med fraktfart langs kysten. Etter krigen frakta jakta mykje material til attreising av det nedbrende Nord-Noreg. I 1959 selde Grøneng båten til Lofoten. På slutten av 1980-talet vart «Anne Margrethe» ombygd til lystfartøy og rigga som galeas, og har sia vore eit flott skode langs kysten i sommarhalvåret. Jakta har no heimehamn ved Kristiansund. Johan Ask var busett i Eikefjord og hadde eit utal av fraktebåtar. Første båten kjøpte han kring midten av 1930-talet. Blant fartøya var «Livlig 1», «Sotra 1», «Kyst 1», «Smart 1», «Vesta», «Hedmann», «Bjørghild» og «Solo». Under fornying av framskipet på kuttaren «Sotra 1» fann dei ei kasse øl og ei avis frå juni 1925 gøymt under dørken. Etter at ein tilfeldig besøkande hadde fått smake og drukke opp to flaskar av det utgamle ølet utan å ta synleg skade, var det klart at ølet var drikkeleg. Resten av behaldninga forsvann så i tørste ganar. Den siste båten Ask eigde var «Solo» ex. jekta «Svømianna», bygd i 1896 med lengde 65 fot og breidde 23 fot. Dette fartøyet vart delvis restaurert på 1990-talet og i dag eig Kystmuseet i Sogn og Fjordane båten. Det var elles ei folkeleg forklaring på at den lokale reiaren frå Eikefjord hadde flest båtar som var bygde av tre, nemleg at han heitte Ask og kom frå Fure. På starten av

Ludvig Midtbø frå Eikefjord dreiv frakt og rutefart i mange år. I 1936 fekk han bygd

1913. Losje «Landkjenning» og Losje «Florø Værn» bygger samlingslokale Breidablik. Vart rive då sjukehuset vart utvida midt på 1970-talet.

Johan Ask i Eikefjord hadde mange fraktefartøy fram gjennom åra. Den siste båten var «Solo» ex. jekta «Svømianna». Oppe t.h. «Svømianna» ved kai i Bergen like etter 1900, deretter som motorfartøyet «Solo» i Eikefjord og nedst under restaurering i Florø på 1990-talet. Foto Bjørg Helland, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Jan Hovland og Stiftinga Bøya.

På 1930-talet høyrde Hardanger-jakta «Anne Margrethe» heime på øya Grønenga aust for Florø. Etter over 100 års teneste som fraktefartøy langs kysten vart fartøyet restaurert tilbake til opphavleg utsjånad og er i dag i bruk som charterfartøy ved Vikanes Havhotell ved Kristiansund. Foto Inge Dønheim.

1915. Frelsesarmeen bygger eige hus i Markegata.

Sverre Brændø frå Florø dreiv frakt med skøyta «Brændøy» på 50 fot, innkjøpt i 1947/48. Etter knappe ti år fekk han fornya båten på Svanøya, og med kryssarhekk vart båten no 52 fot. Sonen Sølve kjøpte part i båten og sia dreiv far og son «Brændøy» som fraktebåt fram til 1968. Då selde dei båten som lystbåt til Oslo. I 1965 kjøpte Sverre og Sølve den gamle stål- båten «Geitholm» med like partar kvar. Fraktebåten på 70,6 fot var bygd i Karlstad i Sverige i 1897 og vart sett i fart med lokal frakt på strekninga Ålesund–Stavanger. Midt på 1970-talet selde Brændø-karane båten til Øygarden. I 1971 kjøpte dei stålbåten «Libra» på 80 fot, og Sølve tok over som reiar for begge båtane. «Libra» var bygd i Karlstad i Sverige i 1934, som seglfartøy med ein liten hjelpemotor. Skroget var svært vakkert utforma, mellom anna med klippar-

1950-talet slutta Ask med eigne båtar og tok arbeid i Bergingskompaniet. På Askrova dreiv Johan Valvik nokre år lokal fraktfart og byfrakt med engelskkutteren «Velkom Heim» ex. «Welcome Home», bygd i Lowestoft i 1898 med måla 60,8 x 16,8 x 7,8 fot. På slutten av 1930-talet grunnstøytte båten like ved Stabben og fekk mykje skadar. Båten vart deretter kondemnert og seld nordover til Møre i 1941. Bernhard Hatlem drifta skøyta «Windy» på 62,1 x 19,1 x 6,6 fot, bygd i 1913. Båten var god for 60–70 tonn last. Hatlem grabba mykje skjelsand og gjekk også med sand frå Førde og til ulike veganlegg rundt om i distriktet. Han begynte med sandfrakt før krigen og dreiv på til midten av 1960-talet. Så kjøpte Hatlem stål- båten «Tungholm» ex. «Helvig» ex. «Bratsberg», bygd 1884, og gjekk i ymse fraktfart nokre år. Deretter vart Hatlem sjuk og i 1970 selde han båten til Kvæfjord. Nokre år før andre verdskrigen braut ut, kjøpte brørne Sigurd og Anfinn Apneseth og Ragnvald Kvellestad frå Florø den stålbygde fraktebåten «Svein» ex. «Graasten» ex. «Emilie». Båten var bygd i Danmark i 1907 med måla 85,6 x 18,0 x 8,0 fot. Kjøparane sette inn ny motor, ein 85 hk Bolinder, og dreiv frakt i to år med Florø som heimehamn. Berre to år etter kjøpet selde brørne båten vidare til Porsgrunn. Alf Kittang frå øya Hovden hadde etter tur fleire mindre fartøy som han grabba skjelsand med. Like etter krigen kjøpte han skøyta «Kampen» på omlag 45 fot. Neste båt var skøyta «Ørstafjord», deretter ein smal stål- kutter med namn «ATK» og til sist «Jeko», ein hollandskbygd stålbåt på kring 85 fot. Mot slutten av 1970-talet slutta Kittang med sandfrakt og selde «Jeko» til Ludvig Grytten frå Stavang. Grytten dreiv båten fram til 1982 og selde då fartøyet til Karmøy.

1918. 13. desember brenn skulehuset. Det teikna til katastrofebrann i trehusbyen, men kolossalt innsats frå brannvernet og folk frå ein eller to marinebåtar som låg i hamna, fekk hindra at den spreidde seg.

Sølve Brændø, til venstre, har vore eigar og medeigar av mange båtar. Oppe til venstre stålbåten «Geitholm» og til høgre den vakkert utforma «Libra». Til høgre kryssaren «Brændøy».

Biletet under syner «Libra» under ombygging til seglfartøy i Sverige. Foto Trond Strømgren, Sølve Brændø og Anna Romson.

1919. Fugleskjerkaia blir teken i bruk. Bygt av murstein frå Årebrot og fyllingsstein frå det som seinare vart kalla «Framplassen».

selde han «Vailet», men kjøpte han seinare tilbake att saman med Leif Andal frå Kalvåg. Andal overtok etterkvart heile eigarskapen og frakta mykje sand med båten. Kring 1960 forliste «Vailet» ved Seljestokken lykt. Ved eit uhell gjekk båten rett i berget og sokk på kort tid. Frå slutten av 1940-talet dreiv Sigurd Høivik frå Høivik i Høydalsfjorden og Kristoffer Steinhovden lastebåten «Dua» ex. «Duen af Fjeldværsø». Båten var svært brei og drektig og lasta godt. I 1952 vart «Dua» pårent i Kilstraumen og båten sokk med full sildelast. Høivik gjekk deretter saman med Olav Westbø frå Florø og i 1954 kjøpte dei «Heimstrand» ex. «Sandeidfjord» ex. «Bo» ex. «Peer Gynt». Båten var 89,2 x 21,3 x 10 fot og var bygd i Risør i 1942, av eik på furuspant. «Heimstrand» lasta kring 180 tonn og vart sett i fraktfart langs heile kysten, t.d. med bygningsmaterial, sement og dyrefor nordover, og tørrfisk og saltfisk sørover. I 1958 tok Høivik over som eineeigar, og i 1965 selde han båten til nye eigarar i Rørvik.

Brørne Trygve og Sigvald Rognsøy i Florø dreiv den kombinerte frakte- og passasjerbåten «Rognsøy». Båten var bygd i Lyngør i 1952, 46 fot lang, og brørne nytta han som fiskebåt dei første fire åra. I denne perioden vart båten forlengd med 11 fot. Deretter gjekk «Rognsøy» som bygderute i Florø-bassenget og førde med seg alt av varer som folk i øyane hadde trong for. Etterkvart gjekk båten gjennom fleire ombyggingar, mellom annan fekk han styrehus framme, passasjersalong og tverr hekk slik at han lettare kunne ta om bord bilar. Etter 1969 vart «Rognsøy» rein godsbåt og gjekk i fast rute mellom Florø og øyane heilt til 1995. Båten vart så seld til Dalsfjorden.

Arthur Runderheim og Erling Aarseth kjøpte ein gamal lastebåt frå Sandes i 1953. Det var den ein gong så staselege jakt «Moder», 75 fot lang og bygd på Hemnes i 1896. Båten hadde ein 120 hk Bolinder-motor om bord, og dei to

baug. Sølve gjekk i fart med «Libra» langs heile kysten fram til 2006 og selde så båten til Stockholm. Der er han no snart ferdig restaurert som lystbåt og skal få rigg og full seglføring. I 1984 kjøpte Sølve lastebåten «Kletten» frå Måløy, bygd i 1934 og 30,8 meter lang. Båten lasta 300 tonn og vart nytta til frakt av sand og skjelsand. Båten var berre i drift i eitt år med Florø som heimehamn før han med leige- skipper grunnstøytte og sokk ved Hitra. Sølve Brændø eigde også lasteskøyta «Haakon» ein kort periode på 1990-talet. Sølve var den siste av reiarane i Florø som både eigde, førde og megla eigne båtar. Han avslutta soleis ein tradisjon med røter langt tilbake i seglskutetida. I perioden 1947 til 1967 hadde Olav Liabø fleire lastebåtar, men starta med skyssbåtar før krigen. Sommaren 1947 kjøpte han og Olav Westbø lastebåten «Edith Marie» ex. «Freia», 57,4 fot lang og bygd i 1900. Båten lasta 60 tonn og dei sette han umiddelbart inn i godsrute for Fylkesbaatane. Kring 1950 tok Ingolf Liabø sin bror i Førde over «Edith Marie» og seinare kjøpte Arve Hovden i Florø båten. Hovden drev «Edith Marie» heilt til 1980 og selde så fartøyet til Nord-Møre. Arve Hovden eigde også fraktebåten «Klepsvik» på 65 fot, innkjøpt frå Sandane i 1964. Trefartøyet lasta 100 tonn og Hovden dreiv lausfrakt i området frå Sandnes i sør til Namsos i nord. I 1968 fekk båten plutseleg tett tåke på seg på Hustadvika og gjekk på grunn og sokk. Olav Liabø hadde også skøyta «Alda». Ho var opphavleg ei Risør-skøyte med namn «Vega», nesten 40 fot lang og bygd i 1900. Kring 1950 overtok Liabø skøyta. Han fekk ho forlengd til 51 fot på Svanøya og gav ho namnet «Alda». Båten gjekk i variert fraktfart heilt til Liabø selde skøyta til Rørvik i 1967. I omlag same tidsperiode dreiv Liabø også svenskeskøyta «Vailet», bygd i 1927. Han kjøpte den dryge 50-fotaren like etter krigen og hadde han nokre år. Deretter

1928. Florø meieri blir etablert. Seinare fusjonert med mange småmeieri innover fjordane til Sunnfjord Meieri med til saman 800–900 leverandørar.

Slippsetting med skraping, oljing og botnsmøring var ein del av dei årlege rutinane for ein frakte- båteigar. «Heimstrand» på slipp i Dåfjorden på Stord. Foto utlånt av Berit A. Høivik.

Bergen. Midt på 1960-talet sprang båten lekk på Brufjorden og sokk undervegs som slep til lands. Paul sin siste båt var «Dølen II» på 57 fot, bygd i 1883. «Dølen» var i drift til 1975 og sokk i bøya ved Nærøya ein del år seinare. Fleire av dei gamle båtane til Paul fann ei våt grav ved Nærøya og nokre er framleis synlege i fjørene der. Blant desse er «Andø», «Lyset», «Uncas», «Johanna» og «Jacob». I 1956 reiste Sverre Kvellestad og Arnfinn Apnaseth til Fredrikstad og kjøpte den ti år gamle «Glommen III» på 91,7 fot, bygd i Risør. Dei gav båten namnet «Kvellset» og tok til med fraktfart. I 1962 selde dei «Kvellset» til Åfjord i Trøndelag. I staden kjøpte dei fraktebåten «Norrøna» ex. «Ternen» ex. Mærdø» på 107,4 x 22,7 x 8,9 fot. Båten var bygd i stål i Kalundborg i 1919 og var opphavleg 88,9 fot. Dei to karane gav også nyebåten namnet «Kvellset» og kunne no føre opptil 290 tonn i ei last. Eigarane var vande med kystfrakt og dreiv båten godt heilt til dei selde han sørover til Bergens-kanten i 1972. Kring 1960 kjøpte Olav Westbø ei sterkbygd treskøyte på 75 fot som han gav namnet

karane tok til med kystfrakt. Jakta hadde Florø som heimehamn fram til 1969, og deretter låg båten ei tid i opplag i Kristiansund. Så kjøpte ein tysk-kanadiar «Moder» og restaurerte ho om til seglskute i rettleg sjørøvarstil. Det nye namnet vart «Barba Negra» og fartøyet gjekk sia 25 år i chartertrafikk på austkysten av USA. I 2001 sokk båten. Etter fleire mislukka hevingsforsøk ligg framleis den gamle jakta på botnen. Paul Nærø, eller «Paul på Nærøya», hadde fleire fartøy i lokal fraktfart og dreiv i traden i godt over 60 år. Faren hadde kutteren «Johanna» på 51,7 x 15,7 x 7,4 fot, bygd i 1887, og det var om bord i denne Paul starta si karriere på sjøen. Snart kjøpte Paul skøyta «Lyset» og starta for seg sjølve. Han hadde mange eldre fartøy i drift, fleire utan motor. Desse nytta han som lekterar og slepte dei med «Lyset». Det hende det var berre så vidt det seig fram. Ofte hadde Paul med seg dottera og sonen som mannskap. Etter mange ulike fartøy, kjøpte Paul båten «Øpsøy» på 77,8 fot, bygd i Hardanger i 1909. Denne båten kom til Nærøya kring 1950, og Paul hadde i hovudsak «Øpsøy» i frakt mellom Ålesund og

1933. Fylkessjukehuset i Florø blir teke i bruk i september med 60 senger, og Johan Yttri frå Sogn som overlege.

Paul Nærøy.

Paul Nærøy dreiv fraktefart i ei årrekkje. Mange av fartøya hans ende sine dagar i fjøra på Nærøya. Biletet viser arbeid med heving av «Dølen». Skøyta «Haakon» frå Barekstad hjelper til. Foto Bjørg Korneliussen og Harald J. Stavang.

1934. Florø barneskole blir reist i mur, på ny tomt, etter storbrannen i 1918. Utvida i 1956–59 og rehabilitert i 1997.

Det kunne verte lange tørnar ved roret for dei som gjekk i fraktfart. Foto syner Joar Mallasvik (over) i styrehuset på «Kvellvik» (under) på ein tur nordover til Glomfjord i januar 1978. Foto utlånt av Joar Mallasvik.

«Vanka». Båten var opphavleg utrusta med både segl og motor og heitte «Armauer Hansen» og var omtala som verdas minste forskingsfartøy. Skøyta lasta om lag 140 tonn og Westbø førte båten langs kysten med ulik last. På slutten av 1960-talet forliste «Vanka» i Trondheimsleia, rett sør for Terningen fyr. Westbø kjøpte då den gamle jakta «Armada» og tok til med frakt og varelevering til butikkar på strekninga Bergen–Eikefjord. Etter nokre år selde han jakta til Alfred Grøneng på øya Grønenga aust for Florø. I 1964 kjøpte brørne Konrad og Joar Mallasvik og Sverre Kvellestad frå Florø «Kvellvik» ex.

«Frøyvaag» ex. «Trafik 7». Fraktebåten var bygd ved Moss Verft i 1912 og målte 107,2 x 21,7 x 10,2 fot. Mallasvikbrørne dreiv stykkgodsfrakt langs heile kysten, med avstikkarar til Danmark og Sverige ved høve. Karane selde båten til Brekke i Sogn i 1982.

1935. Florø 75 år. Florø merkantile forenings handelsskole blir skipa.

på strekninga Bergen–Trondheim. I desember 1978 selde Grøneng båten til ein tysk kjøpar og førde fartøyet sørover til Tyskland. Men oppgjeret let vente på seg og det oppstod mange komplikasjonar. Til sist reiste Grøneng nedover til Tyskland for å krevje oppgjer og i verste fall hente båten attende. Etter mange rundar med trugsmål og til slutt med bistand frå det norske konsulatet, kunne han til slutt returnere til Noreg med både livet i behald og det meste av kjøpesummen i kofferten. Heile affæren fekk mykje medieomtale, også på nasjonalt plan. Leidulf Havn i Eikefjord hadde kutteren «Bogevik», bygd i Great Yarmouth i England i 1910 med måla 79,9 x 18,2 x 8,5 fot. Havn tok båten i bruk på starten av 1970-talet og hadde han i drift som fraktebåt til 1975. Mykje av

Brørne Jacob og Anders Holme i Florø dreiv «Ofotfjord», ein gamal eskortetrålar bygd under andre verdskrigen. Ei kraftig stimmaskin gav opphavleg båten ein fart på heile 15 knop. Fartøyet vart ombygd til lastebåt like etter krigen og fekk ein tonnasje på 499 brutto registertonn og lasteevne på 600 tonn. Holmebrørne kjøpte båten i 1967 og gjekk i frakt med han til 1974. Det siste året gjekk «Ofotfjord» i fast sandfrakt mellom Årdal i Ryfylke og Bergen. I 1977 grunnstøytte båten ved Arendal og sokk på 20 meters djupne og er i dag eit populært dykkarmål. På siste del av 1970-talet dreiv Alfred Grøneng fraktfart med den gamle minesveiparen «Nesøybuen». Mellom anna førde han ut kvit sand frå Grønenga og frakta skrapjern nordover

Salet av «Nesøybuen» og påfølgjande komplikasjonar fekk mykje medieomtale, også nasjonalt. Faksimile frå Firdaposten 25. januar 1979.

1936. Ytre Fjordane Kraftlag vert skipa med hovudkontor i Florø. Der vart eit særs vellukka framhald av det særs mislukka Aalfotselskapet som var skipa i 1918.

kunne handtere kolli på opptil 20 tonn, og det var plass til nærare 40 bilar på dekket. «Årdal» gjekk i rute mellom Bergen og Indre Sogn fram til 1992 og vart deretter seld til Sverige. Fylkesbaatane tok i bruk «Hornelen» ex. «Bremer Norden» ex. «Coaster Emmy» i 1990. Fartøyet var 63,26 x 11,02 x 3,79 meter, bygd på Rognan i 1978. Det kunne laste 1150 tonn, til dømes fordelt på 25 containerar eller 850 pallar. «Hornelen» gjekk inn i lasterutene på Sogn og Nordfjord, etterkvart med utviding til ei omfattande industrirute som dekka store delar av Vest-Noreg sør for Stad. Skipet vart teken ut av drift i 2000 og seld til Fransk Polynesia i Stillehavet. I 1993 kjøpte selskapet inn søsterskipet «Firda» og sette det inn i same fart som «Hornelen» samstundes som rutene vart utvida til heile kysten og sør til Danmark. «Firda» var tidlegare «Folgefonn» ex. «Coast Narvik» ex. «Coaster Betty», bygd i 1978 i Risør med lasteevne 1425 tonn. Måla er dei same som for «Hornelen», men med djupne på 4,55 meter. Etter nokre år vart båten ombygd til fryseskip og gjekk til hamner både i Russland, Polen, Baltikum, Nederland og England. Fylkesbaatane har framleis «Firda» i drift. I 1994 kjøpte Fylkesbaatane sitt første fryseskip som fekk namnet «Måløy». Skipet var bygd i Harstad i 1969 med mål 60,86 x 11,0 x 4,65 meter. Det kunne laste 813 tonn frysevarer og gjekk i hovudsak med norsk fisk til Polen og Baltikum, men også til hamner i Storbritannia, Tyskland, Nederland og Frankrike. I januar 2000 vart fryseskipet seld til det Panama-registerte selskapet Trade Wind. Fylkesbaatane sitt siste tilskot av frakteskip kom i 1998 ved kjøp av eit fryseskip som fekk namnet «Framnes». Fartøyet har måla 80,2 x 13,27 x 7,7 meter og vart bygd i Danmark i 1979. Lastekapasiteten er 1778 tonn. Frå 1999 har både «Framnes» og «Firda» vorte vekkchartra til andre selskap og går no i fart på utlandet.

frakta var rujern frå smelteverket i Svelgen til Bergen og pallar frå Hamn sin eigen fabrikk i Eikefjord som dekkslast. Havn hadde også «Mirva» ex. «Maria» ex. «Tunøy» på 91,4 x 17,1 x 6,3 fot. Dette fartøyet var bygd i Groningen i Holland i 1910. Havn eigde «Mirva» for ein kort periode hausten 1977 og tok så båten inn i firmaet Fjord Flis AS som han også dreiv. Etter mange års drift vart «Mirva» kondemnert i 1986. Frå 1976 drifta Havn også fraktebåten «Friøy» ex. «Ospøy» ex. «Morian» på 88,5 x 21,5 x 7,1 fot, bygd av stål i Emden i Tyskland i 1905. Sonen Sigfred kom med som eigar etter nokre år, og «Friøy» gjekk mykje med nyspikra pallar frå Eikefjord til Bergen og ulikt stykkgods på returen. Båten frakta også mengder med tømmer og flis for firmaet Fjord Flis AS og leverte både til smelteverket i Svelgen og andre stadar. Våren 1986 fekk «Friøy» nye eigarar. Fjord Flis AS hadde også båten «Eikefjord» på 42,68 x 8,54 x 5,48 meter. Havn sette om bord ein mobil flishoggar, og båten gjekk frå stad til stad og hogg flis for levering til ulike smelteverk. Båten hadde heimehamn i Eikefjord frå 1984–1987 og vart så seld til Austlandet. På slutten av 1970-talet kjøpte dei tre brørne Steinar, Vidar og Bjarne Hopen og faren Almar Hopen frå Høydalsfjord den gamle snurparen «Sjangse» og sette han i fraktfart. Båten var 93 fot og lasta 130 tonn. «Sjangse» førde mykje varer til handelsmenn langs kysten og frakta stykkgods på strekninga frå Larvik i sør til Mehamn i nord. Etter to års drift selde Hopenkarane båten til Sørbøvåg. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane har hovudkontor i Florø og har hatt mange kombinerte passasjer- og godsbåtar opp gjennom åra. Etter 1980 har selskapet likevel hatt fire reine lastefartøy i drift. Fylkesbaatane fekk bygd godsbåten «Årdal» ved Mjellem og Karlsen i Bergen i 1980. Vitale mål var 49,65 x 11,0 x 3,5 meter og lasteevne 393 tonn. Krana om bord

1937. Florø Kjølelager A/S blir etablert på Fugleskjerkaia.

Fylkesbaatane sitt fryseskip «Måløy» ved Sogneoksen sommaren 1995. Foto Einar Hatlevik.

Byggevarehuset i Florø ved Øyvind Fjæreide kjøpte den 63 fot store kryssaren «Paraiso» i 1996/97. Båten frakta trelast og byggevarar til øyane rundt om i Flora, men tok også lengre turar sørover med anna last. «Paraiso» var bygd i Hardanger i 1946 og kunne laste 47 tonn. Oddmund Hovden var skipper størsteparten av tida fram til 2007 då kryssaren vart seld til Stord. Reiarlaget Ocean Transport AS starta i Florø i 2004 med Leif Pedersen og Stein Arve Olsen som hovudaktørar. Selskapet kjøpte i alt inn fire lasteskip som gjekk i stor kystfart med stykkgods og frysevarer. Selskapet avvikla drifta i september 2007 og deretter vart nokre av fartøya overtekne av dei nye selskapa Sealine Transport AS og Sun Transport AS. Drifta er seinare avslutta og alle fartøya er no selde. Selskapa hadde følgjande fartøy: Fryseskipa «Ocean Spring» ex. «Canis» ex. «Haukeli», bygd i Ulsteinvik i 1969 med lengde 75,21 meter og «Ocean Therese» på 69 meter, bygd ved Gravdal Skipsbyggeri i 1978.

en», innkjøpt frå Namsos i 2005. Fartøyet var bygd i Brattvåg i 1970 med måla 42,75 x 9,15 x 5,25 meter. Fryseskipet «Ocean Caroline», bygd i Tyrkia i 1973 og innkjøpt av Ocean Transport i 2004. Då heitte båten «Nordic Frost» ex. «Suurlaid». Etter arbeid på skipet ved eit verft i Litauen i februar 2007 fekk skipet kraftig slagside i Austersjøen og måtte slepast til land. Det synte seg då at arbeidarane ved verftet hadde gløymt å sveise att ein 40 cm lang plateskøyt og at skipet derfor hadde kraftig lekkasje i eine ballasttanken. Skipet var seld etter denne hendinga. I 2003 stod Rolf Grønnevik og Sigurd Solberg frå Florø bak skipinga av selskapet Ocean Ice Shipping AS. Dei overtok fryseskipet «Ice Louise» på 75,37 x 13,2 x 5,05 meter, bygd ved Fredrikshavn Verft i 1980, og sette det i drift med henting og frakt av frosen fisk frå trålarar i Nord-Atlanteren og Barentshavet. Fisken vert lasta i rom sjø og blir så frakta til hamner i Nederland, Baltikum og St. Petersburg. «Ice Louise» lastar 2100 tonn og er framleis i full drift for reiarlaget.

Stykkgodsbåten «Ocean Sun» ex. «Bråholm-

1938. Florø Radio blir etablert som sesongdriven kystradio.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66