2010-03 - Kolbjørn Nybø - Florø by og den første byplanen

Florø by og den første byplanen

Artikkelen er skriven av Kolbjørn Nesje Nybø, amanuensis ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo

Florø 1863. Teikning: Kolbjørn Nesje Nybø 1984.

var det annleis, der var det politiske møte rett som det var, og han rakk ikkje å kjede seg. Men tidlegare i dag hadde ein vill idé slått ned i han, og dette måtte han berre snakke med Helmers om med ein gong. Han bankar på døra og går inn før nokon opnar. I gangen møter han hus-

Hausten er komen og sørvesten piskar kring husnovene. Den nye presten i Kinn hastar frå prestegarden over marka til naboen Jens Helmers for å slå av ein prat over ein kopp kaffi. Det er litt stussleg i den nye prestegjerninga, litt lite folk å snakke med, tykkjer han. I Stavanger

1865. 31. juli vart det første kommunale møtet i Florø kalla saman av magistraten, Olaus Lind. I tillegg til Lind møtte sokneprest J. C. Stephansen og Jens Helmers. På det neste møtet vart distriktslege Ude J. Høst vald til ordførar og Stephansen til varaordførar. Det første representantskaps-/bystyremøtet vart halde 17. august 1865.

Portrett av Hans Jensen Blom – frå «Florø 75 år».

bonden og dei går inn i stova og set seg framfor omnen. «Jeg har tenkt på noe som jeg gjerne vil snakke med deg om, Helmers,» seier presten, og held fram: «Jeg mener vi skal prøve å få anlagt et ladested her på Florelandet. Nå har Haugesund nettopp fått denne statusen, og når jeg ser på kartet, så burde det være et slikt sted også her i distriktet.» Helmers, som nett har sett seg, veit ikkje kva han skal seie med det same. Den nye presten har verka litt rastlaus sia han kom. Han kjenner han ikkje så godt enno, så før han svarer, reiser han seg roleg og går til vindauget og ser ut over dei velstelte markene sine vest for huset. «Det er eg som eig det meste her på landet. Meiner du at eg skal gje frå meg beste innmarka på garden som vi har levd av i generasjonar, for at her skal bli ein ladestad?» Presten har venta seg dette spørsmålet og har førebudd seg, men han har ikkje sett noko teikn til sinne hos Helmers, så han tek mot til seg og svarer fort: «Ja, det var dette jeg ønsket å diskutere med deg i kveld.» Helmers, som no har sett seg i stolen att, tenkjer vel og lenge. Han kjenner at han er litt irritert over dette utidige utspelet, men det er også noko inne i han som seier at ideen kanskje ikkje er så urimeleg. Til slutt svarer han roleg: «Det er ein vill ide De kjem med, Blom, og eg burde kanskje vorten sint, men lat oss diskutere saka over eit glas vin.»

IDEEN OM EIN BY PÅ FLORØEN OG HANS JENSEN BLOM Hans Jensen Blom var ein initiativrik person og han skulle som vi skal sjå, verte sentral i etableringa av Florø by. Blom vart fødd i Skien i 1812 og var utdanna prest. På grunn av prestegjerninga flytte han ofte og budde fleire stader i landet. Han var prest i Stavanger frå 1848 til 1854, i Kinn frå 1854 til 1862 og i Melhus frå 1862. Men det var som politikar Blom vart mest kjend. Han sat på Stortinget for Stavanger frå 1848 til 1854, med eit lite avbrekk, og for

Nordre Bergenhus amt frå 1859 til 1862. Som stortingsmann var Blom formann i nærings- komiteen på Stortinget i 1851 og 1859 og medlem av sildekommisjonen same stad i 1851 og 1861. I Melhus hadde han også viktige politiske verv. Blom døydde i 1875, 63 år gamal. Då den 42 år gamle Blom vart tilsett som prest i Kinn i 1854, vart han etter kort tid også vald til ordførar.2 Blom såg raskt trongen for ein ladestad som kunne yte sørvis til den store fiskeflåten nær dei rike sildefelta i ytre Sunnfjord, og han lufta etter kort tid tanken om å få skipe ein by i regionen. Etter nokre års kartlegging og arbeid med saka fekk han til slutt eit framlegg om by lagt fram for amtstinget (fylkestinget) i Nordre Bergenhus amt i juli 1858. Blom fekk fort støtte frå futen i Sunnfjord og Nordfjord, Jens Zetlitz Magnus, som han nok også hadde diskutert saka med på førehand, og før møtet var slutt, hadde han også fått støtte frå både amtmannen og dei folkevalde. Framlegget vart til slutt samrøystes vedteke.

1866. Det første skulehuset i Florø blir bygt, i dag Hans Blomgata 40. (Malkeneshuset.)

Karl XV.

og byen kunne byggjast på dei to gardane Øvre Florøen, eller prestegarden, og Nedre Florøen, noko som dei såg som ein fordel. Fram til no hadde Bergen og Stavanger og kjøpmennene der kontrollert det meste av det rike sildefisket langs kysten av Sogn og Fjordane og hausta inntektene. Kjøpstadsrettane deira gav sterkt utvida sjølvstyre med rettsvesen og forvaltning og einerett til å drive næringsverksemd i til dels store kringliggjande område. Slik måtte handelsmenn, handverkarar og skipparar ha borgarskap i ein av desse byane for å drive lovleg, og denne kjøpstadskontrollen låg som ei klam hand over området. Men denne monopolsituasjonen hadde allereie ei tid vore utsett for press, mellom anna var Haugesund vorten ladestad i 1854 etter ei lengre tautrekking med Bergen og Stavanger, ei sak som Blom sikkert kjende godt til frå si tid som politikar i den sistnemnde byen. Stortingsmennene, i første rekkje dei frå Bergen, kjempa ein hard kamp mot byplanane. Men Blom kjende nok godt til argumentasjonen, og mellom anna med støtte i ei forordning frå så tidleg som 1775 om at silda ikkje skulle fraktast meir enn 5 mil før den vart teken hand om på land, vart framlegget til slutt endeleg vedteke i Stortinget den 16. mai 1860, mest truleg med Blom i salen. Lova som etter kvart vart underteikna av Karl XV, lyder slik:

«Lov angaaende Oprettelse af et Ladested paa Florøen i Kinns Præstegjæld»

«Os er bleven forelagt det nu forsamlede endelige Stortings Beslutning av 26. april dette Aar, saalydende:

§ 1. En Strækning Paa Florøen i Kinn Præstegjæld. Sønd- og Nordfjords Fogderi, Nordre Bergenhus Amt, tilstaaes Frihed til som Ladested at ind- og

Etter møtet i amtstinget gjekk saka til Statsråd, og seinare same året vart det der sett ned ein kommisjon med mandat til å greie ut lokalisering av ein kjøpstad eller ein ladestad i Sunnfjord eller Nordfjord. Kommisjonen skulle greie ut kva stad som høvde best, og ein viktig føresetnad var at byen skulle liggje nær skipsleia og så nær fiskefelta som råd. Kommisjonen var sett saman av Hans Jensen Blom, Jens Zetlitz Magnus, proprietær C. Svanøe, lensmann O. Paulsen og landhandlar P. Brandt.1 Ein eigen hamnekomité sette opp ei liste over stader som kunne høve. Dei peika ut Sauesund på Atløy, Flokeneset, Veiesundet og Florelandet. Dessutan vart også Svanøy nemnt. Kommisjonen valde etter kvart å konsentrere seg om Flokenes og Florelandet, men til slutt vart det fleirtal for Florelandet. Her var det god hamn nær skipsleia

1. Florø gjennom 75 år, s. 10.

1867. Stabben fyr står ferdig. Dette var det første fyrhuset i Sunnfjord. I dag freda av Riksantikvaren. Vårsildfondet sitt sjukehus blir reist som sesongsjukehus i Hans Blomgata 10. Seinare drive som Røde Korssjukehus 1922–36, og fiskarfagskule 1936–63. Rive midt på 1970-talet.

udføre ved directe Handel paa inden- og udenlandske Steder alle tilladte Kjøbmandsvarer. Udskjænkning eller Udsalg i Stort eller Smaat af Brendevin eller dermed tilberedet Drik er dog ikke tilladt, uden forsaavidt dertil meddeles Bevilgning af Kongen efter Andragende, som af vedkommende Formænd og Representanter er anbefalet. Med saadan Bevilgning maa ikke forenes anden Næring, til hvis Udøvelse Borgerskap udkræves.

§ 2. Udstrækningen og Grændselinjen for dette Ladested, der fører Navn af Florø, skal snarest mulig bestemmes og beskrives samt ved Skifte- og Skjælstene udvises ved Aastedsforretning, som afholdes ved vedkommende Sorenskriver i Overvær af Districtets Foged, vedkommende Formannskab og Grundeiere. Denne forretning skal innsendes til Stadfestelse af Kongen og de ved samme foranledigede Omkostninger ud- redes af Statskassen.

Jens Helmers. Biletet er henta frå «Florø 75 år».

§ 3. Magistratens Forretninger i Ladestedet, udføres saaledes som af Kongen vorder fastsat.

§ 4. Forsaavidt særegne Forskrifter for Ladestedets første Anlæg og Bebyggelse maatte være fornødne, bliver disse af Kongen at fastsette – Thi have vi antaget og bekræftet, ligesom vi herved antage og bekræfte denne Beslutning som lov.

Kommisjonen hadde opphaveleg gjort framlegg om at den nye byen skulle heite Florøhavn. Men dei misnøgde stortingsrepresentantane frå Bergen kom i siste liten med eit benkeframlegg om at byen «berre» skulle heite Florø, og som eit lite plaster på såret vart det til slutt slik. Grensa for området som vart sett av til den nye byen, gjekk frå Fugleskjæret til Likkjeåsen, aust-

over rundt denne til Likkjevatnet, langs Storevatnet til Kanalen og vidare nordover langs denne. Mot nord var grensa strandlinja. Heile dette arealet låg på den beste delen av innmarka til den gamle ættegarden Nedre Florøen gard som var eigd av Jens Block Helmers. Han vart fødd i Florø i 1825 og tok over Helmersgarden etter far sin Per Helmers i 1849, berre 24 år gamal. E. M. Hole skriv om Jens Helmers at han var: «…en riktig traust gubbe. Rakte du ham hånden, fikk du et håndtrykk som du kjente gjennom hele kroppen; for der var både hjertelag og legemskrefter.»2 At Helmers hadde hjertelag syner det faktum at han ikkje sette seg mot planane til Blom om ein by på garden hans, og at han mest heile sitt vaksne liv var ein av dei som arbeidde mest med å få bygd

2 Florø gjennom 75 år, s. 126.

1873. Kanalen gjennom Florøeidet vart blir fullført. «Nordre Bergenhus Amtstidende», fylket si første avis, kom ut i Florø. Vårsildfisket tek slutt, og det fører til stor fattigdom og naud blant fiskarar og strandsittarar i Kinn og elles på kysten. I 1875 blir det skipa til landsinnsamling til dei fattige i Kinn. Det kom inn over 2000 Speciedalar, pluss mat og klede. Fylkesbaatane førde gratis.

opp den nye byen. Han la også forholda til rette slik at dei som flytte til byen fekk råd til å etablere seg med eiga tomt. Etter avtalen med staten skulle Helmers avstå tomteland av garden sin til ei krone (omrekna) rutemeteren, og dette var mykje pengar for dei nye borgarane som mest alle var unge menneske under 30 år og i etableringsfasen. Men ved å gje dei skøyte mot at dei betalte 4 % rente av kjøpesummen til dei eventuelt greidde å løyse ut tomta, sytte han for at dette ikkje vart noko problem for dei fleste. Helmers var medlem av bystyret i Florø frå byrjinga av og heilt til han døydde i 1898, og det meste av denne tida var han formann.

1860, som Statskonduktør reguleret Brandstrøgene i Risør 1861 og Arendal 1863 og været ansat som Brandinspektør i Arendal fra 1/1 1865 til 25/3 1867. Reguleret Ladestedet Florø fra nyt og leveret Forarbejderne til Regulering af Ladestedet Sandnæs i Højland ved Stavanger. Udførte i 1849 en større Deel Detaljearbejder for Kanalvæsenet ved den i sin Tid paatenkte Farbargjørelse af Glommen og Vormen, samt i 1854 i Anledning Øjerens Sænkning og Regulering. Arbejdet for Havnevæsenet med Optagelse af Havnekarter paa Florø, i Arendal og Kragerø, udført de nødvendige Vinkelmaalinger og konstrueret det trigonometriske Kart, der er lagt til Grund for den i 1863 og 1864 af Hr. Kaptejn Tostrup ledede Detaljemaaling af Stavanger By. Som Amtskonduktør udført adskillige Arbejder i Nedenæs, Bratsberg og Smaalenenes Amter, i sidstnævnte specielt Prestegaardsmaalinger. Udarbejdet «Kart over Kristiania By» 1848 til Bernt Mos Vejviser, udgiven af West. Boede i 4 ½ Aar fra Foraaret 1872 paa Chefsgaarden Hvarstad i Elverum.»

Birger Hielm døydde i 1890, 69 år gamal. Som vi ser, var Birger Hielm allereie ein erfaren landmålar då han 39 år gamal vart sett til å måle opp terrenget og planlegge Florø. Det kan kanskje synest noko underleg at det var ein militær, eller ein ingeniøroffiser, som gjorde dette arbeidet, men dette var vanleg i Noreg på 1800-talet. Ingeniørutdanning var ein viktig del av den utdanninga dei militære fekk på ‹Strøms militære Forberedelses-Institut› i Kristiania mellom 1839 og 1845, der Hielm studerte. Her lærde dei å teikne planar for militæranlegg, men også planar for sivile føremål. Planleggingsundervisninga ved dei militære skulane var prega av militær disiplin og orden og la ikkje uventa vekt på slikt som geometri, stram organisering og siktlinjer.

PREMIÆRELEUTENANT BIRGER HIELM No kunne endeleg planlegginga av den nye byen Florø ta til, og ‹Detaljør ved Norges geografiske opmaaling, premiæreleutenant› Birger Hielm vart engasjert til å gjere regulerings- arbeidet, truleg av ‹Departementet for det Indre› eller ‹Indredepartementet› som det også vart kalla. Birger Hielm vart fødd i Kristiania den 20. mai 1821. Slekta Hielm kjem frå Hjelmeland i Ryfylke og var velkjend på sørvestlandet og i Stavanger der Hans Jensen Blom arbeidde før han kom til Florø. I 1889 skreiv Birger Hielm ei bok om slekta Hielm og i denne skriv han om seg sjølv3: «Birger Hielm, Kaptejn, f. i Kristiania 20/5 1821; modtog Undervisning i Hjemmet indtil imod 15 Aars Alder med Faderens Bestemmelse at skulle studere, men kom 9/1 1839 ind paa «Strøms militære ForberedelsesInstitut» i Kristiania og derfra Kadet 1/1 1845...» I det følgjande kan vi sjå at Hielm var tilsett i det militære i 35 år, dei siste 25 åra som premiæreleutenant, og vidare står det å lese; «…Har som Detaljør ved «Norges geogr. Opmaaling gjort Tjeneste i 14 Aar, som Konduktør reguleret Stavanger Brandstrøg efter den store Ildsvaade

3 Hielm, Birger. Genealogiske optegnelser om SLÆGTEN HIELM og dens cognatiske Grene (1899), s. 28.

Ca. 1874. Florø Træplantningsselskab blir skipa. «Selskabets Formaal er at plante Skog samt ved anlæg av Veie og paa andre Maader at arbeide for at gjøre Ladested og dets Omegn vakker og tiltrækkende».

§8 Ingen Træ- eller Bindingsværks-Bygning maa gives flere end 2 Etager foruden Kjelderetage, og dens Høide ei overstige 14 Alen fra Grundfladen til Gesimset. Er Bygningstomten skraa, skal Høiden regnes fra Grundfladens Middelhøide. Søboder kunne være 16 Alen høie fra Grundfladen til Gesimset og indtil 23 Alen fra Grundfladen til Mønespidsen, og ere ikke underkastede nogen Indskrænkning med Hendsyn til Etagernes Antal.

DEN FØRSTE ALMINNELEGE BYGNINGSLOVA Eit viktig utgangspunkt for den byplanen Hielm teikna for Florø, var i første rekkje ‹Den første alminnelige bygningslov i Norge›, datert 6. september 1845. Den vart gjort gjeldande for alle kjøpstader og ladestader og i ein utstrekning på 75 alen (1 alen = 62,8 cm) utanfor desse. Lova vart til på grunn av dei mange bybrannane i dei tette og til dels uregulerte trebyane tidleg på 1800-talet. Nedanfor siterer eg frå Lovtidend nokre av dei paragrafane som truleg vart mest avgjerande for utforminga av byplanen og etter kvart også bygginga av Florø by.4

§9 Intet Tag maa opføres høiere eller spidsere end at Mønevinkelen idetmindste er 90 Grader; dog kan fra denne Regel, med Bygningscommisionens Tilladelse, ske Undtagelse, hvor Omstændighederne maatte fordre det. Ei heller maa brækket eller Mansardtag anbringes noget steds, undtagen paa Pakhuse. Tage maa ikke springe længre udenfor Bygningens Væg, end Bygningscommisionen anseer fornødent.

§1. I Kjøpstad, Ladested eller deres Forstæder maa intet Kvartal eller nogen sammenhængende Klynge av Huse, som herefter paa forhen ubebygget Tomt anlegges eller bygges, inntage større Rum end 10.000 Kvadratalen, heller ikke maa nogen af et Kvartals Sider være længere end 150 Alen. Kvartalerne skulle være adskilte ved lige Gader, mindst 20 Alen brede og aabne i begge Ender, eller ubebyggede Pladse af samme Brædde.

§11 Hjørnene paa de Huse, som opføres af Nyt, skulle allevegne, hvor de støde til 2de i Vinkel mod hinanden liggende Gader, til offentlige Pladse eller til Veiter eller Smug, brækkes til en Linie af 5 Alen, dog kan under særegne Omstændigheder Undtagelser herfra tilstedes af Reguleringscommisionen.

§2 I enhver By skal der være en Bygningskommisjon, bestaaende af Politimæsteren, Branddirektøren og Stadskonduktøren eller en bygningskyndig Mand, som af Magistraten og Formændene dertil aarvis udnævnes, samt en Reguleringscommision, bestaaende foruden af Bygningscommisionens Medlemmer af Magistraten og saamange af Formændene, som disse, ved foretaget Valg hvert andet Aar, mellom sig bestemme. I Reguleringscommisionen er Magistraten Formand.5

§13 I Gader af 12 Alens Brædde eller derover maa ingen Trappe springe mer end 1 ½ Alen udenfor Husets Gadelinie, i smalere Gader bestemmer Reguleringscommisionen efter Omstændighederne, hvor stort Fremspring der kan tilstedes. Det samme gjælder om Kjeldernedgange, dog saaledes at disse forsynes saa, at Fodgjængere ere betryggende mod at falde i dem.

§7 Hvor Forhøininger af Jord eller Sand maatte findes, skulle Grundstenene lægges saa dybt, at de ligge under den Flade som Gaden ved Sandets eller Jordens Bortrydning bør have.

4 Utdrag frå den første alminnelege bygningslova i Noreg er også sitert i Agder Historielag, årsskrift nr. 56 1978, s. 10–13. 5 Magistrat kan nærast samanliknast med byfogd, politimeister.

1878. Arbeidet med å bygge Amtskaia (no Torgkaia) blir sett i gang. Ho vart utvida/påbygt i 1887 og 1902/03.

C. F. Diriks si teikning frå Helmersgarden 1865 – frå «Florø 75 år».

Helmers skulle verte by. Rundt bordet framfor omnen sat Helmers, Hielm og Blom over ein kopp kaffi og diskuterte og planla korleis byen kunne sjå ut. Det må ha vore inspirerande og spanande diskusjonar, særleg for Blom og Helmers. Det var på eit vis deira livsverk som no skulle realiserast. Men utpå vårparten i 1861 hende noko som forstyrra diskusjonane og arbeidsroa. Då brann størsteparten av Risør ned til grunnen, og Hielm fekk beskjed frå ‹Indredepartementet›, som han arbeidde for, at dei trengde han der til å teikne ein ny byplan. På dette tidspunktet var han enno ikkje ferdig med planen for Florø, men han måtte likevel pakke sakene og reise herfrå den 25. juni 1861. Det var mykje å gjere i Risør, og lokalpolitikarane der pressa han hardt for å få arbeidet ferdig, så han måtte vere i Risør heile hausten. Først i desember kunne han reise tilbake til Florø, men då vart resten av oppmålings- og teikningsarbeidet gjort ferdig i

OPPMÅLINGA AV TERRENGET Birger Hielm kom truleg til Florø seint på sommaren 1860 og byrja det omfattande planleggingsarbeidet ikkje lenge etter at ‹Lov angaaende Oprettelse af et Ladested paa Florøen i Kinns Præstegjæld› vart vedteken i Stortinget. Det fanst ikkje nøyaktige kart over området frå før og han måtte difor måle opp og teikne nøyaktig inn strandlinjer, vegar og hus, og dessutan kotar for kvar høgdealen på heile det utskilde området. Dette var eit tidkrevjande arbeid med det utstyret som han hadde til rådvelde på den tida, og då han var åleine arbeidde han nok med dette både delar av hausten 1860 og våren 1861. Under opphaldet budde han mest truleg hos Jens Helmers som ofte tok i mot reisande på garden sin, Nedre Florøen. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kva som kan ha gått føre seg på Helmersgarden om kveldane desse første månadane etter at det var vedteke at marka til

6 Sjå Risør Magasinet, 1993/1994, s. 16–17.

1880. Florø Samlag, eit kommunalt øl og vinmonopol, blir skipa. Det fungerte i 25 år, til det vart nedlagt i 1905. Mesteparten av inntektene gjekk til å bygge ut gatenettet i byen.

Florø sin byplan. Oppmålt og teikna av Birger Hielm 1860.

løpet av ein og ein halv månad. Arbeidet med Risør tok han med seg. Slik vart både byplanen for Florø og kostnadsoverslaget for den nye byplanen for Risør gjort ferdige her i Florø nokre kalde januardagar i 1862. På den ferdige planteikninga til Birger Hielm som ligg i arkivet til Flora kommune, kan vi lese: ‹KART over Ladestedet FLORØ med Fremstilling af sanctioneret Plan for dets fremtidige Bebyggelse, Optaget og construeret af B. Hielm, premiæreleutenant. 1861›. Arbeidet med oppmålinga har nok vore eit einsamt arbeid for Hielm. Det var ikkje mange likesinna å snakke med på staden, om vi ser vekk frå Blom og Helmers. Men han kan ha hatt anna selskap også som ga han inspirasjon. Vi veit at målaren Amaldus Clarin Nielsen, som var fødd i Mandal i 1838, var i Florø i 1860, og han kan ha vore her på den tida Hielm var her. Og kanskje var det målaren Anders Monsen Askvoll frå Askvoll som fekk han til å reise hit. Dei stu-

Olaf Isaachsen: Portrett av Amaldus Nielsen, 1863 – Stenersensamlingen i Oslo.

1882. Florø kyrkje blir vigsla 8. november av biskop Fredrik W. Hvoslef i vakkert haustvêr, og med meir enn 2000 menneske til stades; mange gonger folketalet i den nye byen. Tomta til både kyrkja og gravplassen var ei gåve frå Jens Helmers.

Hielm og Nielsen ved målebord og teiknebrett. Teikning: Kolbjørn Nesje Nybø.

derte begge under den kjende norske kunstmålaren Hans Fredrik Gude, ved Kunstakademiet i Düsseldorf på slutten av 1850-talet. Nielsen var landskapsmålar, særleg kjend for kystmotiva sine. Han vert rekna som den første norske friluftsmålaren då han allereie frå 1860-åra av berre arbeidde utandørs framfor motivet. Mellom 1859 og 1863 reiste Amaldus Nielsen på fleire studiereiser på Vestlandet og Sørlandet og på ei av desse reisene var han altså i Florø. Kanskje kunne dei få florøværingane som budde på staden observere dei to karane side om side på markene til Øvre og Nedre Florø. Den 22 år gamle Nielsen ved teiknebrettet eller bak staf-

feliet og den 39 år gamle Hielm bak eit målebord med vinkelmålar. Og kanskje har Birger Hielm, Hans Jensen Blom og Jens Helmers hatt selskap av Amaldus Nielsen nokre seine kveldar i stova på Nedre Florøen gard også, kven veit. I 1860 måla i alle høve Amaldus Nielsen minst fem bilete frå Florø7. Eitt av dei heiter ‹Frå Florø› og eit anna heiter ‹Efter Øsregn›, og begge er å finne i Stenersensamlingen i Oslo som Reg.nr. M-27 og Reg.nr. M-118. Bak på biletet «Frå Florø» har Nielsen skrive: ‹En Mand fra Flekkefjord, for hvem der var brændt, flyttet til Florø og bygget det nye Hus med Sjøboder og var begynnelsen til Handelsstedet. A.N.›8 På

7 Amaldus Nielsen måla truleg også bileta «Måneskinn, Kinn» (Reg.nr.M-285) og «Frå Skjerjehavn» (Reg.nr.M-283) under same opphaldet. Det siste biletet heiter riktig nok «Frå Skjerjehavn», men eg meiner bestemt at det viser Likkjebatalden sett frå Florø. Bileta har ikkje årstal og har difor høge registreringsnummer i samlinga.

1890. Florø Apotek blir oppretta med J. W. Flood som den første apotekar. Det gamle skulehuset er for lite. Jens Helmers gir byen gratis tomt, og nytt skulehus blir reist der sjukehuset står i dag. Ordførar F. T. Lorentzen gjer opptak til å få bygt veg mellom Florø og Eikefjord.

Amaldus Nielsen sitt måleri – «Efter Øsregn» frå 1860. (Reg. nr. AM M118 i Stenersensamlingen i Oslo.)

begge bileta ser vi gesellhuset til Anders Olsen under bygging, han hadde kjøpt grunn her eit par år tidlegare og det må vere dette huset med sjøbu Nielsen viser til. Men kven er mannen frå Flekkefjord? Olsen var frå Bergen, så han kan det ikkje vere. Så truleg har han snakka med ein av dei som bygde huset, og det kan ha vore Jens Johannesson Loge, han var frå Flekkefjord og vi finn han i folketeljinga for Kinn i 1865.9

også på Kinn og måla minst to bilete, eit sørover mot Alden og eit av ei sjøbu i solnedgang10. Amaldus Nielsen har nok likt seg i her i distriktet, for i 1866 kom han attende, og då måla han mellom anna fire bilete til, denne gongen tre frå Stavenes og eitt til frå Kinn11. Då var byen i ferd med å verte bygd etter reguleringsplanen til Birger Hielm, noko Nielsen truleg var spent på å sjå. Amaldus Nielsen døydde i 1932, 94 år gamal.

Under det same opphaldet i byen var Nielsen

8 Årsskrift for Agder Historielag, nr. 56, 1978, s. 17. 9 Sjå Flora-minne 2006. s.12. 10 Sjå Reg. nr. M-24, «Salterier, Kinn» og M-26, «Frå Kinn» i Stenersensamlingen i Oslo. 11 Sjå Reg. nr. M-106, «Stavenes, Søndfjord», M-107, «Frå Stavenes, Søndfjord», M-108, «Parti frå Stavenes, Søndfjord» og M-113, «Fiskehytter, Kinn» i Stenersensamlingen i Oslo.

1892. Abraham Haave skipa føretaket A. Haave som i ein mannsalder var største forretninga i byen. Haave var òg den første som kjøpte dampskip i Florø (1894). I si tid engasjerte han seg i skipsfart med fem fartøy; to av dei damskip, to motorfartøy og eit seglfartøy. Vidare dreiv han fiskehandel i stor stil, tønnefabrikk, saltimport, sement-, trelast- og kolhandel m.m. Han var også med og starta Vårdal Teglverk og Florø Fryseri.

dene i kvadrata må vere lengre enn 150 alen og at gatene må være minst 20 alen breie og opne i begge endar.12

BYPLANEN OG PLASSERINGA AV KVARTAL OG GATER Då Hielm hadde målt opp og teikna kotekartet, var det tid for å bestemme korleis den nye byen skulle utformast. På ‹Strøms militære Forberedelses-Institut› hadde Hielm studert både geometri og organisering etter stramme linjer, men han hadde nok også fått oversikt over dei ulike byplanideala som rådde på denne tida. Dei mest vanlege byplanideala var aksebyen og rutenettbyen. Den første vart gjerne valt for hovudstadane, der det var viktig å leggje til rette for plassering av ei rekkje offentlege monumentalbygg. Paris med Hausmannsaksane og Roma er kjende eksempel på slike europeiske byar, men vi har nokre eksempel i Noreg også. Eit av dei er Oslo, der slottet ligg og tronar på Bellevuehøgda i enden av St. Olavsgate, Karl Johans gate og Haakon VII`s gate, og Trondheim der Nidarosdomen ligg i enden av Munkegata. Rutenettbyen, som vart den forma som Hielm valde for Florø, kjenner vi frå militæranlegg alt i antikken, men systemet vart også brukt av Christian IV då han planla mellom anna Christiania etter bybrannen i 1624. Ideologisk er denne planforma i Norden på 1600-talet knytt til renessanseideane om orden og symmetri. Men typen var av litt andre grunnar også populær midt på 1800-talet, og helst mellom ingeniøroffiserane i det som av nokre vert kalla ‹den nytekniske tradisjonen›. No var det det rasjonelle ved planforma som vart framheva, og den vart brukt fleire stader i landet, mellom anna for Haugesund midt på 1850-talet. Til å bestemme gatebreidder og storleiken på kvartala måtte Hielm følgje ‹Den første alminnelige bygningslov i Norge› frå 1845, som eg har sitert frå lenger framme. Lova seier mellom anna at bygningane i kvartala ikkje må ta større plass enn 10 000 kvadrat-alen, at ingen av si-

Hielm valde altså ein tradisjonell og velkjend plantype som utgangspunkt for den første byplanen til Florø. Med denne var det lett å kontrollere storleiken på kvartala og alle gatene vart naturleg nok opne i begge endar slik lova kravde. Men kvar skulle rutenettet plasserast? Kor store kvartal og kor breie gater skulle det vere? Kva Hielm tenkte då han bestemte dette, veit vi sjølvsagt ikkje, men vi har den originale planteikninga og med litt fantasi og logisk tenking kan vi prøve å lese litt ut av den (sjå planteikninga side 21). For det første må det være grunn til å tru at det var viktig for Hielm å legge ‹kvadraturen› slik at det ikkje vart naudsynt å rive for mange eksisterande bygningar. Slik ser det ut til at han har passa på at ‹Bakke gaden› og gata aust for ‹Torvegaden› munnar ut mellom to sjøhus. Likeeins har han sett til at den viktige Helmersgarden vart liggjande på ei høgd inne i eit kvartal. For det andre må ein rekne med at det har vore viktig å framleis nytte prestegardskaia til kai. Her har han lagt til rette for eit torg i kombinasjon med kaifunksjonen, medan gata opp frå torget bind saman Storevatnet og sjøen og slik fungerer som ei slags hovudgate. For det tredje ser det ut til at han har tenkt at kvartala langs strandlinja skal ha ein spesiell funksjon. Her har han lagt gatene nærast sjøen slik at det berre er plass til ei rekkje med bygningar langs stranda. Truleg har han sett føre seg ei tett rekkje med gavlar som byen sin fasade mot sjøen. Slik har nok lengda på kvartala vorte bestemt. Det er nok av- standen mellom sjøen og Storevatnet som har avgjort breidda. Her har han fått plass til tre kvartal utan å bryte bygningslova. Etter dette har han så dekt heile byområdet med desse kvartala, 132 alen lange og 80 alen breie.

12 Sjå «Den første alminnelige bygningslov i Norge», datert 6. september 1845. §1

1893. Forsamlingslokalet «Fram» blir bygt av IOGT losje Florø Værn (vart rive i 1991). Florø Turnforening blir skipa. I mannsaldrar byens førande idrettsforening. I dag Florø T&IF.

Florø 1905. Teikning: Kolbjørn Nesje Nybø 1984.

eg tru, men rådhuset treng ikkje nødvendigvis så mykje plass rundt seg, og dei har nok vorte samde om at det var fleire stadar dette kunne leggjast.

Gatene mellom kvartala vart 20 alen breie, akkurat slik lova kravde. Men spesielt på to stader har han likevel gjort unnatak. I vestenden må han gje Strandgata ein knekk for å få plass til hus mellom gata og sjøen også der, og på Tua har han slege saman fire kvartal, truleg for å gje plass til kyrkje og kyrkjegard. Kanskje var det i samråd med presten Hans Blom at dette siste vart gjort. På planteikninga står det riktig nok «Kirkegaden» på ei av tverrgatene lengst vest også, men dette namnet og gatenamna elles meiner eg er skrivne på nokre år etter at Hielm var ferdig med planen, då diskusjonen om plassering av kyrkja var godt i gang ein gong på 1870-talet. Eg kan ikkje sjå at byplanen har nokon stad der det er lagt til rette for eit rådhus, som er det andre viktige monumentalbygget ein by burde ha den gongen. Dette har nok vore diskutert også, vil

BYEN VERT BYGD Florø vart skild ut frå Kinn kommune i 1860, men byen vart likevel styrd av Kinn kommune nokre år. Det første kommunale møtet i Florø vart kalla saman av O. Lind den 31. juli 1865 og til dette møtet møtte sokneprest Stephansen og Jens Helmers. Men møtet blei utsett då den tredje formannen ikkje møtte. Først på neste møte vart kommunestyret valt, og den første ordføraren vart distriktslege Ude Jacob Høst. Han sat i stillinga frå 1865 til 1873.13 Det første representantskapsmøtet vart halde den 17. august og her møtte handelsmennene M. Salomonsen, Johannes Halvorsen, I. M. Sandal, O.

13 Sjå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, bind 1, s. 545.

1895. Molo til Fugleskjera blir fullført med fin murstein frå Årebrotet.

Olsen og L.O. Storevik, skipper Brynhild Nilssen, snikkar T. Evensen, bakar M. Nilsen og sjømann L. Tyvold.

etter ei typeteikning av Jacob Wilhelm Nordan, som var departementets arkitekt for kyrkjesaker på den tida. Ivar Lind, tidlegare politimeister og stortingsmann i 1905, skriv om denne første tida i Florø:14 «… Det var den gang Helmers, Livius Smitt, Høst, Lorentzen, Faye og Vassbotten med andre styrte byen. Et telegram som blev sendt doktor Høst, da han i begynnelsen av 80-årene flyttet til Moss, gir lidt av navnene på den tid, og lød således:

Samlet Helmers en fortrolig klynge drak vi 3 inat vin din velfærds skaal, høit om fortidsminderne vi synge tømmer venskabs skaal i bredfullt maal. Helmers, Berg, Stephansen, Fretheim, Berner, Jespersen, Lind, Dahl og Lorentzen gammelt vendskab her vi alle verner, drik du den vor kjære, gamle ven.

Det nye kommunestyret hadde sjølvsagt mange oppgåver, og ei av dei var å sjå til at den nye byen no vart bygd etter planen til Hielm og bygningslova frå 1845. Etter det vi kan sjå på teikningar og bilete frå byen, i tillegg til seinare plankart i kommunearkiva, har retningslinjene og lova vorte følgde i stor grad den første tida. Slik ser det ut til at mest ingen trehus har fått meir enn to etasjar utanom kjellaretasjen, og det ser også ut til at det stort sett ikkje er meir enn 14 alen opp til gesimsen. Sjøbodene følgjer for det meste også forskriftene, ser det ut til, på 16 alen til gesimsen og 23 alen til mønespissen. Takvinkelen på dei fleste bygningane ligg kring 45 grader, mansardtak eller valma tak er ikkje å sjå og hjørnet på hjørnebygningane er i fleire tilfelle skrådde 45 grader. Byen vaks nok ikkje så fort som mange hadde håpa på dei første tiåra, men det gjekk framover, og det verkar som dei nyinnflytta borgarane alle var medvitne om kva byggverk dei var med å lage. Utpå 1870-talet meinte mange at tida var moden for å få bygd ei kyrkje i byen, og etter ein del diskusjon kring plasseringa, stod denne ferdig i 1882. Kyrkja vart bygd av Carl Askeland

Som vi ser, var Jens Helmers også på denne tida ein samlande og nok også ein høgt æra person i byen. Hans Jensen Blom og Birger Hielm, derimot, var ute av biletet. Blom flytte til Melhus i 1862 og var gått bort, medan Hielm budde på Elverum. Men ideen til Blom og byplanen til Hielm levde vidare, og den som mest av alle passa på og såg til at planane vart følgde, var Jens Block Helmers.

14 Florø i tekst og bilder, 1860 – 1950, s. 21.

LITTERATUR: Moen. Anders J. «Folk i Florø 1865 – Hvem var de og hvor kom de fra». Flora-minne. Flora Historielag. Årsskrift 2006. Hielm, Birger. Genealogiske optegnelser om SLÆGTEN HIELM og dens cognatiske Grene. 1899 Hole, E.M. Florø gjennom 75 år. Fylkestidenes trykkeri, Florø 1935 Hustvedt, Eirik. Haugesund blir til – mot alle odds. www.haugalandet.net/haugesund/hnhist_mot_ladested.htm. dato: 30.05.10 Skjævesland, Anne Margrethe og Torleif. ‹Da Risør fikk breie gater›. Årsskrift for Agder Historielag, nr. 56, 1978. Skjævesland, Torleif. ‹Ingeniørløytnant Birger Hielm›. Risør Magasinet 1993/1994. Starheim. Ottar. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. Bind 1. NRK Sogn og Fjordane/NRK Aktivum. Stavang. Harald J. Flora – Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1999. Thingnæs, Magnus. Florø i tekst og bilder 1860 – 1950. Kjenn ditt land. Oslo 1950

1897. Fjordane Politikammer blir oppretta ved kgl. resolusjon av 6. november. Bertel A. Andenes blir tilsett som politimeister.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66