Før byen vart til
Han kom inne frå Eidet med posten; stogga eit bel oppe på toppen av Kleiva og såg seg attende. I sekken hadde han også nokre nybaka godbrød frå Ole Olsen sitt bakeri. Ei lita overrasking til kona, Synnøve, og dei små der heime. Ja, små og små: Eldste jenta, den alvorlege og ansvarsfulle Oleanna, var blitt 12 år, og flink til å hjelpe mora i arbeidet. Petrine, snart 11, litt mørkare og noko viltrare i gemytt, var heller ikkje borte. Han smilte når han tenke på ungane. No hadde han og Synnøve vore gifte i 13 år (ho var frå Solvorn i Sogn), og hadde fått seks barn, fem jenter og ein gut. Alle levde, det var ei stor velsigning. Guten heitte Per og var vel to år; yngstejenta, Øllegaard Amalia, knapt året. Ho var oppattkalla etter bestemora si. Dei hadde vore litt uroleg for henne, ho verka litt sjukleg av seg. Men det fekk ein vone ho vaks av seg, Marie og Bolette var fem og tre og leika godt i lag.
Johan Brügger Olsen. Det samla seg gjerne noko folk der når dampskipet kom. Nokre stega over Eidet og rodde nord Gaddevågen, på veg heim til grendene langs Nordalsfjorden. Det hadde minka med handelen til C. F. Christensen etter at dampskipet kom. Han hadde handelsbua si på ein holme nord i vågen, og fleire rodde forbi. Dei orsaka seg med at dei hadde ærend «på dampen». Alle desse tre dreiv meir eller mindre i konkurranse med H. M. Dahl, handelsmann og gjestgjevar i Furesund. Mannen var stø og breibygd. Han hadde faren sitt ansikt og mora sine auge. Rundt munnen hadde han eit markert trekk av vilje og ansvar. Han hadde 10 år tidlegare teke over ein stor gard med hus, reiskap, notbruk, og tenestefolk til hjelp. Faren, Peder (f. 1779 i Furesundet), var ein av dei mange nordmenn som vart utskrivne til marineteneste i den dansk-norske
Det var ein torsdag ettermiddag på seinsommaren 1859. Sola skein over hav og fjell, og havgula stod inn Vassreset. Langt ute såg han røyken frå «Fjalir», den splitter nye rutegåande båten til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, på veg til Smørhamn. Post-Anders (Anders Gundersen) skulle andre vegen og hadde nett sett råseglet på den stødige vengbåten. Den friske havlufta fylte den brune, barka duken, båten krengja til og kursa for Veiesundet med eit fint brim for baugen. Her ute var endepunktet for den roande postruta mellom Førde og Flora, oppretta i 1856. Det var nær 30 nautiske mil til Førde, og «PostAnders» og dei to rorskarane hans hadde hatt mangt eit tak ut og inn fjorden når vind og ver var imot. No gledde dei seg til ein lett tur. Nokre robåtar skuta ut frå buene til dei to handlande der på sørsida av Eidet; Ole Olsen og
1859. 30. juni 1859 gjer kommisjonen skriftleg framlegg om byetablering på «Florøy i Kinn». Amtmannen hadde sagt seg samd, og statsråd Bretteville i Innanriksdepartementet stør innstillinga. Framlegget er underteikna H. J. Blom, Jens Magnus, O. Paulsø og P. Brandt. Fylkesbaatane startar rute på Nordfjord med D/S «Fjalir». Rutestopp på Eidet sør for Gaddevågen.
Også der var det folk i sving med høyet. Presten sjølv var på reise; ein mykje oppteken mann. Han sette frå seg postsekken og kvilte haka i handa. Sola var komen i sørvest. Kyrne var som vanleg på beite ute i det opne og lyngkledde Havreneset. Når det kvelda ville tenestefolket fare ut på Kallehågen for å lokke og mjølke dei. Kanskje ungbeista hadde rota seg opp i Storåsen? Han tykte han høyrde lyden av bjøller... Om litt ville den engelske skipsklokka ringe til nonsmat frå tårnet heime på gardstunet på nedre Floren, som gnr. 27, bnr. 1 heitte i skriftmål. Han hadde sjølv kjøpt klokka frå los Jan Batalden. Dei var forresten i slekt. Losen fann ho om bord i ein avmasta bark, drivande som vrak ved Aralden ein gråversdag i november 1857. Han hadde fortalt litt om det. Skuta flaut på trelasta. Det sat sju mann døde i surringane, frosne i hel. Seks fekk dei berga i land og jorda dei ved kyrkja på Kinn. Mannen sukka, og vende det indre blikket framover. Ei ny tid var i emning. Presten sat i stortingskommisjonen som skulle vurdere oppretting ein kjøpstad i Sunnfjord. Losen sat i ein komité som skulle sjå på plasseringa. Det var silda som dreiv det fram. Vintersildfisket i Kinn hadde nådd eit veldig omfang, og fiskarane var svært misnøgde med bergenskjøpmennene. Tanken om ein eigen by i nordre Bergenhus amt, ein kjøpstad som kunne gje tenester der fisket gjekk føre, hadde vakse fram med aukande styrke. Sist vinter hadde mykje sild vorte skjemt p.g.a. mangel på tilverkarar. Likevel vart det salta 350 000 tønner, trass mykje storm og styggevêr, og til dels svære brukstap i storm- riene. Diskusjonane gjekk høgt. Bergenskjøpmennene kjende interessene sine truga og var i harnisk.
flåten under Napoleonskrigane. Ofte i skumringstimen om haust- og vintrakveldane hadde han fortalt spennande soger frå det store utlandet, og ikkje minst om det dramatiske slaget på Københavns red. Han gifte seg som ein godt vaksen mann med den sjarmerande jordmora Øllegaard Amble Jæger av god familie, fødd og oppvaksen på Voss. No var Peder ein gammal mann, nær dei 80, og kona hadde passert 62. Dei gamle budde i eit velbygt kårhus frå slutten av 1700-talet, ikkje langt ovafor presten sitt naust og sjøhus ved Florevika. Mannen med postsekken var i sin beste alder; 34 år, men han hadde mykje å tenkje på. Han heldt fram ned til «Møla» der elva frå Storevatnet rann ut i Gaddevågen. Her budde møllaren som var i mannen si teneste. Møllaren dreiv og reparerte eitkvart på demninga medan vêret var godt og elva lita. Dei veksla nokre ord før husbonden gjekk over brua og vegen vidare oppover mot Tua. Han gjekk i djupe tankar, fekk eit hugskot og tok ein avstikkar heilt opp på Tue-toppen der han hadde vidt oversyn over garden og husmannsplassane, Gaddevågen og Evja. Herifrå såg han dei store øyane som stengde for storhavet i vest, blålege i soldisen. Han let auga kvile på det blinkande Storevatnet, Likkjevatnet og åsane. Over dei vide bøane der folk var i sving med å berge tørrhøy. Kornet stod og duva i den milde brisen. Her vart det vonleg gode lass med malt og korn å køyre på kverna, om berre vêret ville halde seg slik til innhaustinga i september. Det hadde vore så ymse dei seinare åra. På garden Øvre Floren, i hallet ned mot Storevatnet, rådde den myndige Hans J. Blom, ordførar, stortingsmann og sokneprest i Kinn.
1860. 25. februar 1860 gir kong Carl på Stockholm Slott «preposition» om «at anlegge et ladested paa Florøen i Kinns Præstegjeld, sønd- og Nordfjord Fogderi, Nordre Bergenhus Amt». 29. mars kjem preposisjonen til Odelstinget, og blir etter skarp debatt vedteken mot 27 røyster. Namnet vart likevel endra frå det føreslegne «Florøhavn» til Florø, og 16. mai 1860 vedtok Lagtinget lova som førde til opprettinga av byen. Ladestaden vart regulert med kvartal og gater innafor eit område på 720 mål med 14–15 hus spreidd utover. På den tid budde det rundt 50 menneske innafor byområdet.
Familien Helmers midt på 1860-talet. Synnøve (f. Walaker) og Jens Bloch Helmers med sju av dei åtte barna sine. Fremst til venstre på faren sitt kne, Jens Severin, vidare Per, Øllegård, Oleanne og Bolette. Bak står Petrine og Marie.
Dette biletet sto i Flora-minne 2006 i artikkelen «Folk i Florø 1865, hvem var de og hvor kom de fra. » av Anders J. Moen.
Mannen på Tuetoppen stod framfor eit vanskeleg val. Skulle han auke sjøbruket sitt og satse på fiskeri, eller skulle kan utvikle den sikre gardsdrifta? Det flate Florelandet hadde fostra mykje fagna folk. Her hadde det nok budd menneske i uminneleg tider. Garden låg ei tid under Munkeliv-klosteret i Bjørgvin, og Kinnakyrkja, reist på 1100-talet, åtte seinare en del av garden, truleg det som no var prestegard. Lengste tida hadde garden vore i bygsel, men brukarane var som regel velhaldne folk. På 1520-talet var Olav Sindreson bygselmann under Alle helgenskyrkja, og han vart då rekna som rikaste mannen i Sunnfjord. Det nye var dette med by-spørsmålet. Nokre hektiske vintraveker gjekk det føre seg ute i øyane; Kinn, Rognaldsvågen, Batalden, Skorpa. Borgarar frå Bergen og Stavanger, ja heilt til Eigersund hadde dei siste åra investert tusenvis av riksdalarar i nye salteri ute i øyane. Det var her fiskarane samlast når sildeinnsiga kom. Dei kom i tusenvis etter jul; roande og seglande i opne båtar, i regn, frost eller snøkave. Frå dei inste fjordane, der dei til tider måtte drage båt over isen, kom dei. Andre kom langs kystleia frå Rogaland til langt nord på Møre.
13 000 mann budde som sild i tønne. Det hadde både Sildeoppsynet og tilsynslege H. Boeck nemnt ein gong. Berre på Reksta, og for størstedelen i Rognaldsvågen, budde det 3000 menneske. I tronge gjestehus var dei innlosjerte, ofte i gisne buer og naust, i knipetak berre med ein kvelvd båt i fjøra til tak over hovudet. Sist vinter var vêret særleg ille; stormande og uroleg. Han hugsa godt storstormen 23. februar den vinteren. Hugsa kor det tok på husa. Korleis måtte det ikkje vere ute i øyane. Den kom som kasta ut av ein sekk, og 10 menneske omkom på havet. Sokneprest Blom meinte Flora stod sterkt til å bli den nye byen i Sunnfjord. Den låg nær leia, sildefelta og hadde ei god hamn med sikker tilgang til vatn. I det siste var det snakk om ein løytnant Birger Hielm som skulle til å måle opp, om det hende seg slik at byen kom her. Komitefleirtalet gjekk nemleg inn for det. Hielm ville i så fall teikne eit rutenett med kvartal og vegar og gater over beste innmarka på «Nedre Floren», noko mannen på Tuetoppen hadde vondt for å ta til seg. For all del, han ville få vederlag for tomter og areal som han måtte avstå. Det var ikkje det. Men no var det ein stor og sjølveigande ættegard. Den omfatta heile Florelandet, unnateke det presten sat på.
1861. Sildetelegrafar blir oppretta i Florø, Rognaldsvåg og Fanøyvågen i Batalden.

Foto: P. A. Thorén.
Slik såg det ut på Marken rundt 1874. Rett fram ser vi tunet til Anders på Marken, ein plass under Helmers-garden. Vegen som går opp gjennom tunet er Livius Smitt-gata (Trovikbakken). Det ryk frå pipa på Helmers-garden, der samfunnshuset står i dag. Markegata går i dag rett innover denne slettemarka.
Ein robåt fór nord småsunda mellom Rota og Helenaholmen. Var det Håheim’en som nett hadde kjøpt seg bruk nr. 2 i Pusvika? Mannen fall i tankar: Såg ein by reise seg, med gater og nye hus. Ei vakker, kvit kyrkje. Kaier og sjøbuer. Handel og verksemd. Skuter og skip som kom og gjekk. Kanskje eit stort farlys ute på den karakteristiske Stabben, denne spisse holmen midt i skipsleia? Folk som skunda seg til og frå. Ei meir hektisk tid. Dampskip i
Dessutan Rota og dei fleste øyane og holmane ikring. På Gadden var der to husmannsplassar, dertil Anders Floren («Anders på Marken») som bygsla eit stykke på innmarka nokre hundre meter vest for hovudgarden, forutan nokre strandsitjarar som bygsla grunn til husa sine. I Hesteneset budde Elias Floren. Mannen på Tuetoppen såg huset hans under hamrelaget som gjekk aust/vest inn frå sjølve Hesteneset der det elles stod eit par sjøbuer.
1862. 8. mai blir Kinn Sparebank etablert med eit grunnfond på 2000 Speciedalar. Fusjonerte med Bremanger Sparebank i 1971, og gjekk inn i fylkesbanken for å få sidan. Florøens Skytterlag, vart skipa, det første i Sogn og Fjordane. Det var eit lokalt lag av «Centralforeningen for udbredelse af Lægemsøvelser og Vaabenbrug» som vart stifta i Christiania året før. Laget dreiv også med hornmusikk og idrettsøvingar dei første åra, til eigne musikk- og idrettslag vart skipa fleire tiår seinare.

Akvarell frå Helmers-garden slik han såg ut kring etableringa av byen Florø. Frå venstre er Tingstova, Bispestova og hovudhuset. Hovudhuset og Bispestova vart øydelagde i brann i 1930, medan Tingstova sto fram til samfunnshuset vart bygd. Akvarell utlånt av Rune Bruflot.
klang frå tårnet. Ein rein og litt melankolsk tone. Onnefolket rette ryggane. Jens Helmers, eigaren av Flora Gard, reiste seg, tok postsekken og gjekk snøgt den faste vegen utmed vatnet, svinga ned før prestegarden, og kom heim til nonsmålet, saman med onne-folket: «Hanj e’ fine i dag. Held hanj i mårå òg, får vi mykje høy i hus». Slik fall dei daglegdagse orda. Men han visste at ei ny tid var i emning. Det såg han m.a. då han gjekk inn på postkontoret i det vakre herregardshuset frå 1600-talet og opna brevet frå kommisjonsformannen...
rute; håse fløyter til ulike tider. Omskifte, omvelting. Ein stad der sunnfjordingar kunne få seg arbeid. Han kunne stange imot, men ville det gagne? Ville han vere eit hinder for utviklinga? Nei, han ville ikkje det. Men han ville gjerne ha ei hand på roret. Vere med å styre utviklinga, litt av retninga på det som han såg ville komme. Han ville ha seg ein lang prat med presten når han kom attende... Men no stod sola i Nonskaret, der stigen gjekk over Storåsen til inst i Gunnhildvågen, og klokka
Ein del av garden då den framleis var i full drift, og i Jakob Bruflot si eige. Våningshuset til høgre, nytt kring 1930, og løa til venstre. Ho vart riven i 1946. Markegata er ikkje bygt lenger inn enn til hotellet som er skjult bak husa på garden. Foto utlånt at Astrid Bruflot Rasmussen.
1864. Fast Telegrafstasjon blir oppretta i Florø.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.