2010-01 - Harald J. Stavang - Levemåte i Flora og Sunnfjord gjennom hundreår

Levemåte i Flora og Sunnfjord gjennom hundreåra

Levemåte i Flora og Sunnfjord gjennom hundreåra

Nokre få snøfonner skein enno i vårsola høgt til fjells når dei padla og siglde nord og sør leia, men i den varme sommaren kvarv dei bort som eim. Isbrear fanst ikkje for sju–åtte tusen år sidan då båla flamma inne på Stakaldeneset der dei braut berg til reiskapsemne. I områda rundt var det stabile samfunn med ein stor del av arbeidsspesialisering. Særleg Brandsøy- sundet synest å ha vore eit senter for omfattande tilverking av øksar, knivar, skraper og andre arbeidsreiskapar av den verdfulle diabasen frå brotet på Stakaldeneset. Denne var handelsvare med eit vidt omland og viktigaste grunnlaget for høvdingmakt og samfunnsdanning på det flate Florelandet og øyane og distriktet ikring. Helleristingane i Ausevika vitnar også om eit overskotssamfunn i steinalderen og fram til bronsealdertid. Alt tyder på eit godt liv for dei som budde her. Klimaet må ha vore som i Sør-Frankrike i dag.

Vatnet og isen og fossane har forma landskapet gjennom alle tider. Her ser vi Brudesløret ved Haukåvatnet.

Det vi kallar vikingtida var også ei grøderik og god tid for landet. Klimaet var blitt noko kjøligare, men framleis ein god del betre og varmare enn i dag. Det låg ikkje kystbrear som t.d. Ålfotbreen. Ufreden var det menneska som skapte, når jarlar og stormenn slost om kongemakt. Av stormenn i Fjordane kjenner vi namn som Atle Jarl og Berle-Kåre. Vi kjenner alle soga om dalsfjordingen Ingolf Arnarson med følgje som kom i ufred og valde å forlate landet. Det var dei første norrøne menneska som kom til Island i året 873. I Eigillssoga høyrer vi om Grim Kveldulvson som kring 970 var på vintrafiske etter sild ved Kinn. Seinare høyrer vi i ei islandsk soge om Kolbein Torljotson (han skal ha vore frå Batalden) som hadde skip og var på handelsferd til Grønland kring 1130.

Kor mange dei var, veit vi ikkje. Distriktet hadde lite jord, då som no og var nok tynt folkesett. Svartedauden gjorde også sine djupe innhogg i det fryktelege året 1349/50. Mykje tyder på at Sunnfjord må ha svært vore tynt folkesett utover i mellomalderen, styrt av ulike lensherrar framover på 1400-talet.

Slik dukkar namn opp or soga, men i det jamne levde folket som fiskarbønder i ein årsrytme som endra seg lite gjennom hundreåra.

Aktuelle årstal. Florø var eigen kommune i 99 år, frå 1865 til 1964. Før 1865 vart byområdet styrt av Kinn. Frå 1/1 1964 vart heile storkommunen Flora gitt status som bykommune. I den vart også innlemma Eikefjord og Bru som vart utskilde frå Kinn i 1923.

Frå Brandsøy Planteskule. Her har vore storgard med både kyrkje og skipreide. Gjennom fleire tusen år har her truleg vore eit senter for steinalderindustri basert på virke frå det store diabasbrotet på Stakaldeneset.

gjorde at danskekongen måtte avstå Bohuslen, Jemtland og Herjedalen i dåverande Noreg. Tida går også under namnet «den vesle istida». I 1769 viser ei ny teljing 1723 innbuarar i Kinn. I 1801 var talet enno ikkje komme opp i to tusen. Men herifrå skyt det fart til to eit halvt tusen i 1825, over 3300 i 1845 og nær 5000 menneske i 1865 – fem år etter at byen Florø vart grunnlagd. Forklaringane er fleire, men for dette distriktet er det eventyrlege vårsildfisket kring Kinn ei årsak til stor innflytting, hovudsakleg frå innlandet og ut mot kysten. I mellomalderen budde mykje folk i tette klyngjetun med mange og spesialiserte hus, og med jordteigane i eit komplisert system på deling. Jorda var for ein stor del kyrkjegods, eller ått av adel eller byborgarar. Dei fleste bøndene var leiglendingar. Berre eit mindretal åtte gardane sine sjølve. Svanøygodset åtte midt på 1700-talet over 700 bruk i Sunnfjord. Ved oppløysinga av Svanøygodset vart mange bønder sjølveigande ved at dei fekk høve til å kjøpe seg ut.

Frå 1100-talet og utover fekk kyrkja etter kvart stor samfunnsmakt. Kinnakyrkja, innhylla i legender og mystikk, er frå den tid, og mange har undra seg over korleis ein steinkyrkje kunne bli bygt på ei karrig øy ut mot storhavet – der all byggestein måtte førast i båt. Den materielle forklaringa ligg nok i rikdommane i havet, særleg sildefisket som veksla mellom veldig overflod og tider med svartår fram gjennom hundreåra. Kyrkja kravde inn tiend av det landet og havet gav. Og inntekta til Kinnakyrkja kom nok i hovudsak frå havet. Kyrkja vart etter kvart også ein stor jordeigar i distriktet. Ei tredje inntektskjelde var husdyr som kyrkja (også prestane) leigde ut til bøndene eller leiglendingane i området. Men fisket var det viktigaste. Ja, så viktig at eit kardinalbod midt på 1200-talet skal ha gitt folket løyve til å fiske sild i helgane! Det sat nok langt inne, så strengt som helgefreden vart halden på den tid. I mellomalderen ser det ut til å ha vore tre kyrkjer i det området vi i dag kallar Flora: Først og fremst Kinnakyrkja, men før Svartedauden var det også kyrkje i Brandsøy, og fram til ca. 1870 var det kyrkje på Bru (Svanøy). Dei to sistnemnde var bygde i tre; truleg stavkyrkjer. Dei første manntala fekk vi på 1660-talet, og dei fortel at det budde 1360 menneske i Kinn prestegjeld. Det kan ha vore meir før, i alle fall før Svartedauden, for på 1600- og 1700-talet hadde vi eit vesentleg dårlegare klima enn i dag, med strenge vintrar og kjølige somrar. Frå europeisk historie veit vi at dette var barkebrødstider tider med hungersnaud og svolt, og mykje folk døydde. Nokre år på slutten av 1600-talet var det så mykje drivis at Nordsjøen til tider ikkje var navigabel. Kattegat fraus til så svenskehæren gjekk over isen, kringsette København og tvinga fram freden som m.a.

1855. Hans J. Blom vert sokneprest i Kinn (1854/55–62). Han var frå Stavangerkanten, der han også var innvald som stortingsmann i to periodar frå 1848. Han kom til Kinn då vårsildfisket tok seg opp i veldig omfang, og byrja tidleg til å arbeide for ei byetablering i Sunnfjord. 8. desember 1858 vart han formann i kommisjonen som kom med tilrådinga, og året etter vart han vald til stortingsmann frå Nordre Bergenhus amt. Han vart attvald i 1862. Kort tid etter fekk han embete i Trøndelag, og vart stortingsrepresentant derifrå og seinare odelstingspresident.

Haust i Store Høydal. Her har budd folk i uminnelege tider. Foto: Harald J. Stavang.

dre jekter der eit bygdelag kunne slå seg saman. Så kom slåttonna frå juli som gjerne ikkje var avslutta før med håslåtten til ut i september. Innimellom dette hadde dei skarpe auge ned på vika eller vågen etter den feite og istra sommarsilda som vart til den nydelegaste spekesild til nypotetene som vart tekne opp i september. Då vart også kornet skore og tørka. Hausten var ei tid for diverse heimefiske med garn, ruse og teiner, forutan ymse gardsarbeid og vedlikehald. Kvinnene spann og batt, klipte sauer og karda ull, og vov klede og gjorde dei tusen ting som var husmora sin lodd i livet. Nærare jul var det slaktetid, og så kom tida for å gjere klar for til vintrafisket. Slik gjekk året i ein fast rytme i eit samfunn der alle viste sin plass, og alle arbeidde i lag for eit felles utkome. Det faste punktet i fiskarbondehushaldet var gardskona som hadde styringa med hus og heim, folk og dyr, barn og gamle kårfolk, og eineansvaret når husbonden var borte på fiske. Det var lenge før det spesialiserte overflodssamfunnet sine tallause hjelpetenester med stønad, arbeidsløyse- og alders- og folketrygd – og statsbestemte pappakvotar.

Ein av dei som åtte jord på Flora kring 1300, var Jon Ragnvaldson, ein stormann og kongeven som for det meste budde i Bjørgvin (Bergen). Ein annan vi høyrer om, er Olav Sindreson som åtte garden tidleg på 1500-talet. Om han er det sagt han var ein grunnrik mann. Elles har Floragarden vore kyrkjegods (truleg den delen som er prestegard i dag), underlagt konge og fut, og på nytt vore i privat eige til den var parsellert ut til bytomter frå 1860 og utover. Korn, bygg og havre var det viktigaste bøndene dyrka. Det blir sagt at husbonden gjekk berrhovda ut i vårkvelden når han let såkornet sildre mellom fingrane i fuktig og nyspadd jord. På dei relativt små jordeigedommane ute med kysten vart det ikkje nytta kviletid/brakklegging av jorda. Jorda vart likevel halden godt i hevd ved rikeleg bruk av husdyrgjødsel, med tilskot av tang og tare, torv og sand og anna som dei hadde røynt gav livskraft og grøde. Arbeidet gjekk i all hovudsak med handmakt: Ljå, rive, spade, greip, hakke. Transport på ryggen med børatôg og kipe. I alle fall på dei små kyst- gardane der hesten var mangelvare. I naustet låg robåten og på bua sjøbruket. Det meste heimelaga, bunde av hamp og lin. Årsrytmen var fast, styrd av årstidene og dei ulike gjeremål, og endra seg lite gjennom hundreåra like opp til slutten av 1800-talet. Ja, for kystbonden på småbruka like opp til for eit par generasjonar sidan. Kombinasjonen av fiske og jordbruk gav seg sjølv. Like etter jul vart det gjort klart for vintersildfisket, og i februar–mars kom gytetorsken. På den tid var det mindre å gjere på gardane. Så kom våronna i april–mai, samstundes som saltfisken vart vaska og solturka på berga til klippfisk, og ettersyn og tjørebreding av båtane. I mai–juni var det tida for byferd til Bergen med resultatet av vintrafisket. Dette var som regel med større robåtar og min-

1857. 27.–28. november blir det på omframt fylkesting i Førde vedteke å opprette Fylkesbaatane (Nordre Bergenhus Amt Dampskibe) og kjøpe inn to skip som vart leverte før jul i 1858. Selskapet vart skipa då. Føregangsmenn var fylkesmann Emil Aubert og sokneprest i Balestrand, Harald Sverdrup. Bakgrunnen var m.a. misnøye med bergensk dominans innan handel og samferdsle.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66