Forfattaren Malvin Toft har gått bort
Foto: Hans M. Sundnes.
Fiskaren, småbrukaren, trubaduren, avisskribenten og forfattaren Malvin Toft la inn årane for godt på seinsommaren i år, 76 år gammal. Malvin var fødd og oppvaksen på Skorpa, son til Kamilla og Ingvald Toft, og sprang her sine barnesko. Han var ein vaken og nyfiken gutunge under krigen. Ei tid då småbåt og fartøy gjekk med sløkte lanterner, og mykje dunkelt løynde seg i landskuggen. Malvin heldt seg ein god del med dei vaksne karane, og følgje med i deira snakk. Då krigen tok slutt var guten 11–12 år, og dei vaksne sine samtaler og forteljingar fekk forståelege og rystande dimensjonar. Dei store sildeåra starta om lag på den tid Malvin vart konfirmert, og dette livet sit i minnet som silderiksl i ein gammal færing. Det var av same slag som eventyrfisket hundre år tidlegare, det som grunnla byen Florø i 1860. Sildestimane braut innover med slik tyngd at silda tidvis gjekk turr i fjæra. Malvin fekk fri frå skulen for å vere med på sildefiske. Det var ikkje til å halde ut å sitte inne med bibelsoge og prosentrekning, når sjølve livet spelte seg ut framfor vindauga. Det var der ute dei fann fasiten på reknestykka. Såleis gjekk det til at han kunne kjøpe konfirmasjonsdress for eigne sildepengar. Seinare vart det kystskippareksamen og meir fiskeri. Blant desse fekk han også oppleve størjefisket med snurpenot, som i intensitet og spenning overgjekk det meste av fangst og fiskeri. Det var vel meir som storviltjakt å rekne når dei mange hundre kilo tunge torpedoane tok ut i stim. Forfattarskapen kjem ut av ei nesten utgløymd åre. I unge år var han spelemann og tekstforfattar til revyar og arrangement på Skorpa og øyane ikring. Trekkspelet var med overalt på dansar og tilstellingar. Dette og mykje til er bakgrunnen for eit skrivearbeid av særskilt verdi og interesse for folk på kysten.
Etter at helsa skranta tidleg på 1980-talet, tok han opp att pennen frå unge dagar. Han tok til å skrive artiklar om gamle båtar han kjende og hadde høyrt om, trykt i Firdaposten gjennom i ein periode på over 15 år. Han samla stoff, vart reine forskaren, intervjua gamle fiskarar og fraktemenn, snoka i arkiv og skreiv etter opplysningar. Resultatet vart fem–seks bøker med titlar som: «Båtar med sjel», «Sildeeventyret», «Havet tok», eit par–tre av dei i samarbeid med andre forfattarar. Det var populære bøker som trefte folk både språkleg og emnemessig. Guten som skofta folkeskulen for å vere med på sildefiske i 1940åra, utvikla i ettertid utvikla eit lett attkjennande språk som går utapå mang ein universitets- utdanna skribent og forskar. Det er munnleg, biletskapande og lettflytande. Kjekt og godt å lese, med andre ord. Etter eit hjerneslag for halvtanna år sidan, miste han ein del av minnet. Dette vart svært tungt, og det kom ikkje meir frå Malvin Toft sin lette og stilsikre penn. Han som skreiv viser og revytekstar, like så vel som havsens drama frå krig og fred, måtte erkjenne at alt har ein ende. Noko av det siste han skreiv var dette diktet som vart toneset og sunge i kyrkja i hans eiga gravferd.

TA MEG MOT HAVET
Ta meg mot Havet, min dag går mot kveld, dit synsranda flammar som perlemorseld. Vis meg det vakraste atter ein gong til vinden, til sjøen, og havbåras song. Ta meg mot Havet, før natta fell på til sjøen den store og tindrande blå. Ta meg til fred og til kvile frå sakn før kursen vert sett for den evige hamn.
Ta meg mot Havet i måneskinsglans der småbåra leikar og syng utan stans. Møt meg ved fjorden når stjernedryss fell bjart over vidder og snødekte fjell. Ta meg mot Havet, til kvile og fred når kveldsbrisen kviskrar og båra syng med. Ta med mot Havet før draumen kverv bort Ta meg mot Havet, mi tid er så kort.
Ta meg mot Havet når Solgudens dis flammar og leikar på eventyrvis. Møt meg til høgtid ved blankslipte skjær pynta til fest under stjernenes hær. Spel for meg moreldens eldfulle dans mollstemde tonar i grønsjøens glans. Ta meg mot Havet som tok og som gav La ankeret falle, her mønstrar eg av.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.