2010-06 - Bjarte Sindre - Flygarhelten Thor Solberg

Flygarhelten Thor Solberg

Ein ung Thor Solberg.

Thor Solberg vart fødd den 28.03.1893 på garden Solberg som ligg på strekket mellom Årebrotet og Seljestokken. Faren heitte Simon og kom frå Solheim i Nordalsfjorden. Mora Gunhilde var frå Husefest, og faren hennar åtte det meste av området frå Husefest og inn forbi Årebrotet. Dei fekk 11 born, som voks opp i ein heim med ein arbeidsam og streng far, medan mora var kjærleg og omsynsfull. Dei fylte kvarandre ut, og det vart ein heim som skapte ein ungeflokk med sterkt samhald og stor arbeidsvilje. Thor var tidleg med faren på fiske, og var handlangar når faren dreiv med husbygging. Han var ein dugande tømrar og har reist m.a. prestegarden og Kinns kommunehus i Florø. Thor voks til og blei ein stor og svært kraftig mann. Han blei kjend for meir enn eitt ofsetak. Etter konfirmasjonen tok han handelsskule, og var ei tid i lære hos den eldste broren, Ludvik, som hadde rammeforretning i Florø. I 1910 drog han til Bergen og arbeidde som tømrar i eitt år for å tene pengar. Deretter starta han si eiga rammeforretning. Dei store heltane i samtida var flygarane. I avisene kunne ein stadig lese om bragder som var utført av desse djerve menn i farlege fly. Stor oppsikt vekte det då Bleriot flaug over den engelske kanalen, og Trygve Gran kom seg frå Skottland til Jæren i 1914. Han gjekk tom for bensin rett før han nådde land, og naudlanda i strandkanten. I 1919 fekk Thor seg ein motorsykkel, og drog til Tyskland for å få seg flygarsertifikat. Han

Hovudhuset på garden Solberg.

1940. Noreg i krig. Dei første tyske soldatane kom til Florø straks etter okkupasjonen.

Solbergfamilien: Bak frå venstre Anna, Thor, Halfdan, Laura, Gudlaug, Harald, Sigrun, Alfred. Framme Ludvig, Kristi, Gunhilde, Simon og Lars.

tau. Samstundes starta han Thor Solberg Aviation Company. Utruleg nok tente han gode pengar på maskina med å fly ikring med rek- lamevimplar. Det var mest utruleg at han kom ifrå denne tida med livet i behald, for han måtte naudlande eit utal gonger. I 1929 hadde han tent nok til å kunne kjøpe seg eit framifrå fly, ein femseters Ballanca. No flaug han mykje i rutefart og la seg opp kapital. Planen om å fly frå USA og til Noreg vart oppnåeleg, og han byrja utarbeide nøyaktige planar for korleis dette skulle gjerast. Men flyet hans hadde ikkje stor nok rekkevidda. Til det trong han eit langdistansefly, og han kjøpte seg eit nytt Ballanca-fly, det beste i sitt slag på marknaden. Han visste å drive PR for ferda, og

hadde fått ein kongstanke om å klare å flyge frå Noreg til USA. Sertifikatet tok han på rekordtid, knappe ti læretimar. Han hadde ein naturleg givnad for flyging. På ei båtreise trefte han på polarhelten Roald Amundsen og fortalde om flygeplanane sine. Amundsen rådde han til å dra til USA og starte derfrå. I USA ville han få tak i godt fly og pengestøtte til denne kostesame ferda. I 1925 drog Thor til USA og tok til med rammeforretning i Brooklyn New York. Diverre var ikkje flysertifikatet hans gyldig lenger, og han måtte ta eit nytt. Dette kosta pengar, og det gjekk ei tid før han kunne byrje flyge. Han hadde ikkje råd til noko anna enn eit avfeldig fly, som mest berre hang saman p.g.a. plaster og

1943. Dei store festningsanlegga i Havreneset, på Sørstrand og i Storåsen blir bygt.

Solberg og ein ven attmed det føste flyet hans.

Thor Solberg hadde no vurdert reiseruta nøye. På kartet ser det ut til at ruta frå 1932 er den raskaste, men ved nøye utrekningar fann han at det var kortare å fly via Grønland og Island. Dette var eit fårleg område med dårleg vêr og mykje tåke. Heller ikkje var kompass å stole på for skuld mykje jordmagnetisme. Men han hadde stadig øvd på blindflyging, og stolte på at han skulle klare å finne rett veg. Sommaren 1935 var alt klart til ei ny ferd saman med telegrafisten Oscanyon. Thor hadde fått lagt ut bensindepot på strategiske stader, slik at tankane kunne fyllast opp ved kvar stogg. Ruta var New York – Montreal – Penticosti Island– Cartwright – Julianehaab – Angmanssalik – Reykjavik – Færøyane – Bergen – Solberg. Like før han drog, fekk han råd om å nytte Sept Isle i staden for Penticosti. Han bad då oljeselskapet om å flytte bensindepoet til den vesle fiskarlandsbyen på fastlandet. Denne ruta vart følgt, bortsett frå at han på Island landa ved Bildudal i Arnafjord. Dette av di der var styggevêr over Reykjavik.

mange var det som støtta han økonomisk. Ei slik ferd ville koste langt meir enn det Solberg sjølv kunne klare. I 1932 var alle førebuingar ferdige, og Thor la i veg. Reiseruta var lagt over New Foundland, Skottland og til Bergen/Oslo. Til all ulukke kom flyet ut for eit ofseleg uvêr rett nord for New Foundland, og han måtte naudlande. Bølgjene gjekk kvite, og flyet vart straks slått rundt og sokk på kort tid. Han og telegrafisten klamra seg til vrakrestar og vart berga av fiskarar i siste liten. Thor Solberg stod no på berr bakke, men han ville ikkje gje opp. Etter ei tid hadde han ved hjelp av brørne sine i Noreg fått kjøpt seg eit billeg fly, ein Loening amfibium. Han ville gjere eit nytt forsøk, men no var det få som hadde tru på at han ville lukkast. Likevel gav han ikkje opp. I 1934 skulle alt vere klart til ny ferd, men nett før start svikta motoren. Det viste seg at den hadde mange feil, og ny måtte skaffast. Ferda vart utsett til neste år.

1945. Krigen slutt. Vegen til Førde er ferdig og dei første bilane køyrer over Ramsdalsheia.

Solberg i flygarhabitt på 1930-talet.

Reiseruta til Solberg. Han brukte 57 timar på ferda frå New York til Bergen.

han hadde eit bensindepot. Då han drog herfrå hadde han telegrafert til Bergen og gjeve melding om når han ville vere framme. Nøyaktig på minuttet kom han inn over byen mellom dei sju fjella, gjorde ein sving oppetter og landa ut forbi Sandviken. Der var det svart av folk, og så mange småbåtar at han måtte slepast inn til flytebrygga. Der var talar og radiointervju, og sjølvsagt måtte han møte pressa. Han og telegrafist Oscanyon vart inviterte til bankett, og etter dette var dei to heltane i godt lag med familien hos broren Halvdan. Neste morgon drog han vidare på veg til Solberg. Han hadde lovt seg sjølv at kom han velberga fram, skulle han vitje mora som han ikkje hadde sett på mange år. Det vart eit kjenslefullt møte med henne og faren. Ordføraren i Florø var møtt fram for å be inn til festmottaking i kystbyen. Diverre måtte han seie nei, for han var beden til Oslo neste dag. Der vart det gjort stor ære på han frå styresmaktene, og Oslo Aeroclub utnemnde han til æresmedlem. Han vart invitert til Danmark, Nederland og

Den største prestasjonen var at han på flyginga frå Cartwright på Labrador flaug rett på Julianehaab på Grønland. Der var stygt vêr med regntjukke og tåke. Kompasset verka ikkje, og radioen slo seg vrang. Berre eit lite avvik i kursen, og det ville ikkje ha vore redningsvon. Det var også nær på at det hadde gått gale då dei skulle lande i Angmassalik. Her var det strålande vêr på ferda, med heile kystlina var full av isfjell og isflak. I Angmassalik var landing ikkje til å tenke på, og etter fleire dramatiske situa- sjonar klarte Solberg å lande i ein liten fjord lenger nord. Her var det med livet som innsats han klarte å redde flyet. I Noreg hadde dei med største interesse følgt flyginga, og dei store avisene var fulle av stoff og skildringar om korleis det gjekk. Frå Island hadde han lagt vegen til Færøyane, der

Thor Solberg i det første flyet sitt i 1929, ein tosetar Great Lake 2-T-1.

1948. Florø Radio blir gjenopna etter krigen med Hans Klakegg som styrar. Døgnvakt i fisketida frå 1949. Radiomasta på Havreneståa blir reist.

Over Florø med «Leiv Eiriksson» i august 1935, like etter han hadde fullført Atlanterhavsferda. Thor Solberg i 1953, etter at han hadde fått St. Olavs orden, riddar av 1. klasse.

I desember 1938 skipa han Thor Solbergs Flyveselskap A/S med kontor i Bergen. Han skaffa seg betre fly med Aeronca og Cessna. Han heldt no fram med turar for turistar, men hadde mange andre oppdrag. M.a. var det trong for flygingar av friluftsfolk til avsides fjellvatn i fjellheimen. Han utførte også ei rekke ambulanseflygingar. Då verdskrigen braut ut i 1939, vart det restriksjonar på privatflygingar, men Solberg fekk halde fram, m.a. med flygingar for sjøforsvaret. Han drog over til USA for å hente eit nytt fly. På tilbaketuren kom det tyske åtaket på Noreg. Han gjorde vendereis, og fekk kontrakt med det amerikanske flyvåpenet om å utdanne flygarar for dei. Dette gjorde han på flyplassen sin i Sommerville New Jersey. Her utdanna han i løpet av krigen fleire tusen amerikanske krigs-

Tyskland. Det siste takka han nei til. Han ville ikkje ha noko med nazistane å gjere. Thor Solberg la seg ikkje til å sove på laurbæra sine. Han ville gjere ein innsats for norsk sivil luftfart. Han starta først med turistflygingar i dei norske Vestlandsfjordane med hotella som base. I dette arbeidet hadde han med seg brorsonen Sigurd frå Florø. Eit stygt uhell i Granvin 29. august 1936 gjorde slutt på desse flygingane. Flyet sokk, og Sigurd gjorde ein stor innsats med å symje ned og berge opp passasjerar frå cabinen. I ulykka skada Thor begge beina sine, og var plaga resten av livet. Vraket vart heva, og han gav det til Noreg. Det vart lagra i eit skur på Bygdøy. I 1979 i samband med eit stort flystemne på Rygge, gjekk ein flokk flyentusiastar saman og restaurerte flyet. Det vart som nytt, og vekte stor oppsikt. Det vart gjeve til Teknisk Muséum i Oslo der det står i dag.

1949. I oktober vart A/S Ankerløkken Slipper & Mek. Verksted skipa med ein aksjekapital på 200 000 kroner. Grunnleggar, hovudaksjonær og styreformann var Ole Aaserud, Hamar. Florø kommune gav gratis tomt på 27 mål til verksemda ved Gaddevågen.

vikle luftfarten i Noreg, og i 1954 kjøpte han seg Ramstad gård i Rælingen ved Øyeren, og også Svellet-øya. Her hadde han planar om å bygge flyplass. Men styresmaktene sa nei til konsesjon. Han gjekk då i forhandlingar med Jarlsberg flyplass. I 1957 fekk han i stand ein avtale og etablerte flyskule her, for han fekk ikkje løyve til ruteflyging. Ramstad gård selde han. Etter lange forhandlingar fekk han kjøpe flyplassen i 1961 av Tønsberg og Sem kommunar. Dei hadde sikra seg området ved å kjøpe opp staten sin eigardel. Solberg gjorde store investeringar i fly- plassen, og den var i god stand til ruteflygingar. Men han fekk berre nytte konsesjon til Braathen på nokre småruter som Jarlsberg – Notodden – Oslo og Oslo – Hamar. Dei var ikkje rekningssvarande. Difor blei det til at Solberg måtte konsentrere seg om flyskulen, taxiflyging, sal av fly (særleg Cessna og See Bee) og verkstad.

flygarar. Det frie Noreg oppretta ein flybase, «Little Norway», nær Toronto i Canada. Solberg støtta denne på alle vis og donerte dei to fly. Han var sikker på at USA snart ville vere med i krigen på alliert side og bad om å få ein samtale med president Roosevelt. Dette vart innvilga, og Thor greidde ut om faren han såg i ein tysk ekspansjon via Island – Grønland. Med tysk base på Grønland ville bombeflya deira kunne nå USA. Presidenten tok åtvaringane alvorleg og sende eit krigsskip til Grønland. Der fann dei eit tysk skip og folk i ferd med å setje opp ein telegrafstasjon. Dei vart straks tatt i forvaring, og internerte i USA. Amerikanarane var snare med å opprette eigne basar i Julianehåb og Angmanssalik. Solbergs gode ven, Bernt Balchen, vart ein av leiarane. Etter krigen heldt Thor Solberg fram med aktiviteten sin i Noreg og utvida etter kvart verksemda si sterkt. Han ville vere med og ut-

Solberg Hunterdon Airport i New Jersey. Her utdanna Solberg tusenvis av amerikanske krigsflygarar under 2. verdskrigen.

1951. Sunnfjord Meieri reiser nybygg.

Thor Solberg døydde den 26.02. 1967 i USA, og etter eige ønskje vart han gravlagt i Florø nær grava til foreldra. Kyrkja var fylt til siste plass, og mange folk følgde han til den siste kvilestaden. Ein av byens stor søner hadde gjort si siste reise.

Gravsteinen til Thor Solberg og kona Lorraine på Florø kyrkjegard. I bakgrunnen skimtar vi gravplassane til foreldra hans.

I alt hadde han 20 fly i drift, 6 på flyskulen og 14 i trafikk. Det var ein sensasjon då han kom til Florø med nokre Seabee, og liten som stor fekk høve til ei rundflyging for 10 kroner. Ei fantastisk oppleving for oss barn å få sjå byen vår frå lufta. Her i byen hugsar mange avisflyet som gjekk gjekk med «Bergens Tidende» med ruta Bergen–Høyanger–Florø–Måløy. Hos oss landa flyet på hamna der, det var flytebrygge ved fylkeskaia. Det tok med passasjerar, og sjølv var eg med fleire gonger. Han hadde denne ruta om somrane frå 1959 til 63, og hadde ei liknande rute frå Bergen til Leirvik og Ølen. På Austlandet fekk han slike ruter for VG. Thor Solberg elska å fly og heldt dugleikane sine ved like. Både i 1956 og 1966 flaug han over Atlanteren til Noreg med eit tomotors Cesssnafly. Den siste flyginga var året før han døydde. Trass all motgang visste Noreg å verdsette innsatsen til Thor Solberg. I 1953 fekk han St. Olavs orden, riddar av 1. klasse. Framlegg om tildeling kom frå venen Bernt Balchen, utanriksdepartementet og forsvarsdepartementet. Det var mange som hadde mykje å takke Solberg for. Han viste vegen for kommersiell luftfart mellom Noreg og USA, noko som fekk stort verd for Skandinavia, og ikkje minst for Island og Grønland. Han gjorde ein eineståande krigsinnsats i kampen mot Hitler-Tyskland, og arbeidde utrøytteleg for framgang for norsk luftfart.

Kjelder: Thor Solberg «Med Noreg som mål» Mulder, Bob «Thor Solberg and his expeditions». Avisartiklar i lokalavisene, «Bergens Tidende» og «Aftenposten». «Vi Flyr» des. 1960 «Thor Solbergs flyvevirksomhet i Norge. Ulike internettartiklar. Kyrkjebøker. Opplysningar av Sverre Dag Heggtveit på Fetsund. Samtalar med Harald Solberg (bror), Sigrun Solberg (søster), Thor Solberg (son) og øvrig slekt.

1953. Sildefiskernes Fabrikklag sitt anlegg i Gunnhildvågen blir teke i bruk vil vintersildfisket.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.