Minnesmerket over Thor Solberg
Thor Solberg Jr. bak statua av far sin. Foto: Harald J. Stavang.
Statuen av Thor Solberg som står ved Florø Lufthamn er reist etter intiativ frå Florø Rotary. Allereie i 1973 blei ideén om eit minnesmerke over flygarhelten lansert av eit av medlemmane, og Flora kommune følgde opp ved å setje ned ein komité som skulle stå for framdrifta. Arbeidet til komiteen gjekk først og fremst ut på å skaffe pengar til minnesmerket, gjere seg tankar om korleis det skulle sjå ut og ha kontakt med aktuelle bilethoggarar. Finansieringa kom istand både ved offentlege og private midlar. Både fylkeskommunen og Flora kommune bidrog. I tillegg kom gåver frå personar frå Florø og Bergen med relasjonar til Thor Solberg. Den totale kostnaden var 120.000 kroner. Bilethoggar Joseph Grimeland, kjent mellom anna for «Oslopiken» på Oslo Rådhus og «Krigsseilermonumentet» på Bygdøy, har laga statuen. Han skaffa seg god kjennskap til mannen han skulle portrettere og uttrykte at han både var fascinert og imponert over bragdene til Thor Solberg. Statuen står på ein sokkel av polert konglomerat, levert av Buskøy Steinindustri, og den blei blei avduka i 1986.
Kjelde: Mathias Krogh.
1939. Likkjevatnet blir oppdemnt og nytt trykkbasseng blir bygt på Likkjeåsen.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2010.