2018-22 - Oddvar Isene - Om aktiviteten i Flora historielag i 2018

Flora Historielag
Årsmelding

Av Oddvar Isene

FLORA HISTORIELAG I 2018 BLIR LAGT MERKE TIL – FEKK KULTURPRISEN
Aktiviteten til Flora Historielag blir lagt merke til, også mellom lokalpolitikarane. I år fekk laget tildelt Flora kommune sin kulturpris for innsatsen i det frivillige kulturlivet. Vi saksar litt frå forslagstillaren si grunngjeving for framlegget sitt til levekårsutvalet.

«Flora Historielag gjev årleg ut«Floraminne», og er eit aktivt lag som engasjerer seg i nær og eldre historie i Flora. Laget driv kursing i slektsforsking, og er såleis aktiv når det gjeld folk si private/familiære historie. Flora Historielag har gjennom mange år teke vare på vår felles kultur i Flora.»

vere ei referansegruppe. Arbeidet vil m.a. vere å stå for den lokale forankringa og bidra til inn- henting av fakta. Historielaget vil forsøke å gjere prosjektet så autentisk og historisk som mogleg. Difor set vi pris på innspel frå dei som kan sitje på informasjon om agentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen og det arbeidet dei utførte under den 2. verdskrigen.

Også i 2018 har historielaget vore prega av stor aktivitet på fleire område. Ei av dei store sakene er TV-serien om«Kystagentane». Prosjekt- arbeidet starta opp i 2015, og held fram med full styrke, sjølv om aktiviteten så langt er lite synleg lokalt. Slike prosessar kan ta mange år. Til samanlikning tok det over 10 år å få lansert TV-serien «Kampen om tungtvannet». Denne populære serien var skrive av same forfattar som no skriv «Kystagentane». Forfattaren Petter Rosenlund, har teke over prosjektet, og skriv på hovudmanuset i samarbeid med ein engelsk medforfattar. Målet er å kunne levere eit ferdig prospekt i løpet av 2019, som skal kunne visast til aktuelle medieaktørar. Tidlegare er det knytta fleire samarbeidspartnarar til prosjektet, mellom andre Johan Moen frå firmaet Northwestwood AS i Stongfjorden. Han har eit ønskje om på sikt å lage ein dokumentarfilm om prosjektet. Det er vidare etablert kontaktar i England, som t.d. arbeider med å hente fram opplysningar frå aktuelle krigsarkiv. Målet er at heile prosjektet skal vere fullført innan 2025 og det vert lagt opp til ein produksjon som føreset ei blanding av fiction og fakta.

Eit anna prosjekt i historielaget sin regi er å få sett opp ei statuegruppe av dei tre motstands- heltane Atle Svardal, Dagfinn Ulriksen og Sigrun Solberg. Kunstnaren Hjalmar Lothe har laga eit utkast i gips til statuegruppa. Dette er utstilt i Sparebanken. Ei arbeidsgruppe jobbar no vidare med finansiering og realisering av prosjektet. Plasseringa av den endelege statuen kan truleg bli i Kyrkjeparken på vestsida mot gangvegen til stadion. Foreløpig namn på prosjektet er «Statue- gruppa Eric». Eit prosjekt som no nærmar seg fullføring, er skilting av grensa mellom gamle Kinn kommune og bykommunen Florø. Om ein greier å fullfinansiere prosjektet, skal skilta stå ferdige til 16. mai 2019. Viser her til eigen artikkel om prosjektet, på side 75.

Rolla til styret i Flora Historielag er primært å

Meir langsiktig, og framleis på idestadiet , er

eit symposium som skal drøfte spørsmåla rundt kvifor og korleis kyrkja på Kinn var bygd. Hovud- målet er å setje Kinn Kyrkje inn i den nasjonale konteksten og leggje grunnlag for meir forsking på kyrkja fram mot eit eventuelt 900-års jubileum om nokre år.

kjeldemateriale – eller sagt på einannan måte, intervju med videoopptak av eldre personar (fødde før 1950). På nasjonalt nivå er kurset eit samarbeid med Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking. Flora er mellom 12 stader i landet der det i år er arrangert slike kurs.

ARRANGEMENT GJENNOM ÅRET:

1. mars gjennomførte laget årsmøte på Kyst- museet.

15. november var den årlege historiekvelden på Kystmuseet, der Floraminne vart lansert. I år presenterte også forfattar Magnus Helge Torv- anger «Fiskarsoga for Bremanger». Arkitekt Kolbjørn Nybø heldt eit interessant foredrag om arkitekturen i Florø.

18. oktober var det filmkveld i kinosalen på Flora samfunnshus, med filmar etter Kristian Fredrik Mykjebust, frå 1950-talet. Det var 280 frammøtte. Dette var litt i overkant av talet på frammøtte til filmkvelden i fjor.

9. og 10 november var Historielaget saman med Kystmuseet arrangør for kurs i livsminneinnsamling, dvs. digital innsamling av munnleg

Historielaget har i år hatt 10 styremøte, og alt i alt hatt stor aktivitet også i 2018. Laget har nær 160 medlemmer, og har som mål å vere ein synleg kulturaktør i kommunen.

Kulturprisen for 2018

Det var styreleiar i Flora Historielag, Reidar Brandsberg som på vegne av laget mottok kulturprisen på Stadion 17. mai. Kulturprisen er på 7.500 kr. Vi gjengir deler av talen til leiar i Levekårsutvalet, Arlene Vågene som overrekte prisen frå Flora kommune:

Årets kulturpris går til et lag som har det som sitt hovudformål å ta vare på vår felles kulturarv. «Ein kan aldri forstå seg på framtida utan å kjenne fortida» seier Winston Churchill. Då er det godt vi har nokon i lokalsamfunnet vårt som har tatt dette på alvor.

Viktigheita av å ta vare på både små og store historier, og gje dei nytt liv har stått sentralt i arbeidet til laget. Dei har kvart år siden oppstarten i 2001 gitt ut Floraminne til glede for svært mange. Sitat frå ein leiarartikkel i Florminne: «Floraminne skal vere med å dokumentere lokal- historia for ettertida. Kanskje like viktig som skriftleg kjeldemateriale, er det å snakke med dei eldste blant oss, som enno kan fortelje om sitt kvardagsliv slik dei opplevde det, levande og enkelt.» Dei har samtaler med eldre som fortel frå sine liv, sitt yrke, sin hobby og sitt samfunnsengasjement. Dei var mest vanlege folk, men likevel har dei sett spor etter seg, på sin måte i vårt lokalmiljøet og gjennom arbeidet til historielaget blir dette tatt vare på for framtida og ikkje gløymt. «Vi opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet», seier redaktøren sjølv, så då reknar eg med at vi får mange fleire utgåver av Floraminne i framtida. Har du i tillegg tid og lyst til å finne ut meir om eiga slekt, held dei og kurs kvart år i slekts- gransking.

Årets kulturpris går til Flora historielag.

Etbl. 1960

VENTILASJON | FASADE | TAK VERKSTADPRODUKSJON

Klær og tilbehør til den trendy og kvalitetsbevisste kvinne

Strandgata 31, Florø • Telefon 57 74 19 00 E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Hamregata 36, Evja, Florø Tlf. 57 74 25 11 www.norblikk.no

Salg av Jord, gruS, Singel og Stein

Telefon 57 74 17 93 | Mobil 91 55 52 16 | Mobil 90 62 29 96 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.ullaland.no

Origod AS | Industrivegen | 6900 Florø Tlf. 57 75 21 40 E-post This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.origod.no

www.pwc.no

Utforsk dine muligheter

Seljestokken Båtverkstad A/S

Årebrot, 6723 SVELGEN

Din lokale kompetansepartner innen regnskap, revisjon og rådgivning

– utfører alt av båtreparasjonar

Det ledende revisjons- og rådgivningsmiljøet i Sogn og Fjordane med 43 ansatte. Kontorer i Florø, Førde, Sogndal, Stryn, Eid og Måløy.

Tlf. 57 74 78 60 • www.seljestokken.no

...vi kjenner far din

RØRLEGGERSERVICE FLORØ A/S AUTORISERT RØRLEGGER Industrivegen 26, 6900 FLORØ T elefon 57 74 44 66

Tlf. 57 75 73 00

FAGHANDEL INNEN TRELAST OG BYGGEVARER

Vi støtter norsk kulturliv!

Seljetun 5, 6900 Florø Tlf. 57 75 79 90, This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Man–fre 07–17, lør 09–14 xl-bygg.no

Kolkaia Florø Tlf.: 06001 nordea.no

Gjør det mulig

SKAAR NORWAY AS | KOLKAIA 3 | 6900 FLORØ Tel.: +47 57 75 77 80 | Fax: +47 57 75 77 81 | This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. | www.skaar-norway.com

Bistro To Kokker KAFÉ & GATEKJØKKEN Tlf. 57 75 22 33

Hjørnevikbua PUB & RESTAURANT Tlf. 57 74 01 58 57 74 01 22

Evja Sør, 6900 Florø. Tlf. 57 74 15 40 E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Bistro To Kokker CATERING Tlf. 57 74 07 97

Frisor /

Komplett leverandør av elektro, alarm og automasjonssystemer til alle formål

Anne Merethe SolheiM

Markegt. 63A, pb. 3, 6901 Florø | Tlf. 57 75 28 00 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. www.incgruppen.no

Timebestilling 57 74 44 19 Brandsøyvegen 6, 6900 Florø • Mobil 915 88 917

113 ÅR i grafisk bransje

Fugleskjærgata 10 – 6900 FLORØ – TLF. 57 75 13 00 www.sigurd-solberg.no – This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

E. Natvik Prenteverk AS, postboks 175, 6901Florø Besøksadresse: Markegt. 65, 6900 Florø Tlf. 57 75 20 20 Faks 57 75 20 21 www.natvik.no This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

E. Karstensen Fiskeoppdrett AS 6917 Batalden Tlf. 905 46 148 / 915 45 487 This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

BLI MEDLEM I FLORA HISTORIELAG

FLORA HISTORIELAG • ÅRSSKRIFT 2018

Flora Historielag har alltid plass til nye medlemer.

Medlem blir du ved å betale kr. 350,- til kontonr. 3775.65.77248 Dette inkluderer Floraminne. I tillegg kjem aktivitetane som laget har – og som du som medlem kan ta del i.

Bruk gjerne e-postadressa vår: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller ta kontakt med ein i styret.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.