Barndomsminne frå Florø på 20-talet
Bestemora mi, Palma, voks opp i Hesteneset i Florø. Ho vart fødd 18. august 1915. Ein gong eg var hos henne, fekk eg ho til å fortelje om barndommen sin i Florø, og slik fortel ho:
«Huset vi budde i var innretta slik at vi kom inn i gangen, og så var det ei leilegheit på kvar side, med ei stue og eit kammers og kjøkken. Så var det bislag bakom, slik at vi kunne gå inn frå baksida òg. Foreldra mine hadde senga si oppe i eit rom på loftet. Så var det to senger i kammerset til meg og bror min, Erling. Det var besteforeldra våre som budde i den andre leilegheita i huset. Seinare, då bestemor vart sengeliggjande, overtok foreldra mine heile huset, og bestemora hadde senga si i kammerset.
MATSTELL Det var ikkje berre å gå i frysaren å finne middag, det måtte vi kjøpe nesten kvar dagen.. Men mor mi bakte brød. Det var før vi hadde fått komfyr, vi kokte på primus. Far min likte å finne opp
Palma saman med far sin, Elias Vårdal, som starta blikkenslagarforretninga i Hesteneset. Palma vart gift med Jostein Eimhjellen i 1937. Ho døydde 14. mars 2006.

Bildene viser huset i Hesteneset det Elias Vårdal med familie budde før dei bygde litt lenger nede på andre sida av gata (ved vegkrysset). Huset var eigd av Rakel Ervik som var søster til Jenny Vårdal.
redd for meg som skulle gå heim aleine, og gjekk etter meg, men kom heim først. Då gjekk han tilbake og leita og fann meg i god behold. Så eg var ikkje gamle tytta då eg måtte gå med kaffi til far min. Av og til fekk eg gå til bakar Nybø og kjøpe wienerbrød som vi kosa oss med.»
ting, og han konstruerte ein slags omn. Den var sånn at vi kunne sette primusen inn under. Det var eit hol på ein måte og så kom det varme opp på sidene og rundt. Mor bakte brød i den. Men det var vanskeleg å få jamn varme rundt heile brødet, så det var ikkje alltid at brøda vart gjennomsteikte i denne omnen, dei vart av og til litt rå. Mor mi laga og noko som var så veldig godt; inne i stova hadde dei ein sånn omn og ei gryte, der laga ho grytekake. Det var alminneleg brøddeig oppi den gryta. Så kunne du ta opp ringar og sette gryta ned i. Grytekaka delte vi i store skiver som vi hadde brunost, sirup og fårepølser på.
Far min var blikkenslager. Han hadde gått i lære hos blikkenslagar Apneseth. Han begynte for seg sjølv i ein verkstad ut i gata, lengst ute på hjørnet. Tvers over gata var det ein brødforretning, no er der klebutikkar. Om ettermiddagen måtte eg gå ut til han med kaffi i eit lite spann, det var ganske langt.
Ein gong eg hadde vore der, eg var ikkje store jenta, vart det eit forferdeleg vêr då eg skulle gå heim. Eg fann ikkje vegen heim igjen og hamna opp i nokre tuer i Skudalen, der som samfunnshuset ligg i dag. Der fann far min meg. Han vart
KLESVASK OG DAGLEGE OPPGÅVER Bestemor fortel vidare om den gryta som står nede i hagen, med sommarblomster i: «Den høyrde til ein låg omn som dei kunne fyre inne i, den hadde mor mi i kjellaren. Der stod det og store tre stampar som dei la kleda i blot i. Dei brukte vaskebrett og skura alt, det som kunne kokast vart kokt i denne gryta. Etterpå vart kleda skylt i ein stamp med kaldt vatn.» Måtte du vere med å vaske klede, eller hadde du andre plikter? «Nei, eg vaska ikkje klede, men etter at eg hadde ete frukost måtte eg gå ut til torget og kjøpe fisk, vi hadde stort sett fisk kvar dag. Det kom inn båtar med fersk fisk. Brød baka vi stort sett sjølv, men det var tre bakarar i Florø. Ein var kjend for gode brød, den andre for gode kaker og den tredje for gode kringler. Så var det kjøttvare-

Det andre bildet med kaffikos er av familien. Frå venstre Jenny Vårdal, Svein Vårdal, Elias Vårdal og Palma Vårdal.
Eg kan så godt huske at eg var mykje i huset til tante Lina (Olina Vårdal). Dei budde til å begynne med i eit lite hus der Coop Marked i Florø er no. Dei hadde grammofon med ei plate som eg hugsar så godt, den heitte «Konen med eggene». Så hadde dei ei klokke som kunne spele «Mens Nordhavet bruser». Eg var mykje der ute med tante Lina og onkel Saron. Men eg var gjerne redd for å gå heim igjen, så onkel følgde meg ofte eit stykke. Saron var frå Reksta og var i familie med skipsreiar Hilmar Reksten. Då dei gifta seg feira dei bryllaupet på Reksta. Dei hadde ei stor skøyte som frakta alle gjestane frå kyrkja i Florø og ut til øya.
forretninga, Monrad Myklebust. Myklebust hadde ei dotter som dei kalla Pusen (ho heitte eigentleg Ådel), ho likte så godt å vere i lag med meg. Ho kom om morgonane før vi gjekk på skulen og fekk skrive av reknestykke. Etterkvart så vart ho så begeistra for ein som arbeidde hos faren sin, ein som heitte Hellesen. Men det fall ikkje i nåde hos faren, og eg måtte hjelpe desse to slik at dei fekk vere i lag utan at faren skulle sjå det. Ein gang fylgde eg dei opp til nokre andre folk slik at dei skulle få snakke med kvarandre. Det blei no til at han gamlefar måtte gje seg til slutt. Mora til Pusen kalla dei for Putte. Ho var lita og fornem, og når dei skulle ha selskap, så la ho ut raud løpar. Dei hadde ein gul, ein raud og ein grøn salong, men det var no helst på kjøkenet dei heldt seg. Dei budde jo i same huset som slakteriet, så av og til vart det litt lukt der. Slakteriet låg ved sjøen, rett ved sidan av det som no er Amfi. Etter det måtte eg rydde av kjøkenbordet og vaske opp. Vi syns det var svært då vi fekk komfyr. Det var ein som far min kjende, som skaffa denne, og den var svart. Då hadde vi ei stor panne på omnen med vatn, slik at der var heitt vatn heile tida.
JUL Det var gran vi vi brukte å ha i jula, men vi hadde så liten plass. Eg kan huske eit år då vi hadde treet ståande oppå eit lite bord. Ei anna år husker eg at bror min, Erling, og eg vi var så fortvila, det hadde seg slik: Far min hadde tinga eit tre hos ein inne i Havikbotnen, det var planteskule der inne, og vi tykte det var stas å få eit tre. Vi skulle gå ut og møte

gartnaren ved ei kai der han skulle komme med treet, men han kom ikkje. Vi gjekk der å venta og venta, men vi fekk ikkje juletre til julekvelden. Juledag om morgonen gjekk bror min og eg inn til ho Sina (Jensine Krokevoll), Det var litt snø, så vi hadde med oss kjelke. Sina var søskenbarnet til mor mi og budde inne på Krokevollen på Krokane. Ho tok øksa med og gjekk oppom garden og hogde eit tre til oss, slik at vi fekk juletre med oss heim første juledag.
Ho var eit veldig dyktig kvinnfolk, ho Jensina. Det var ikkje så mange pakkar som det er no. Somme tider fekk vi gjerne eit par sko, tøflar eller noko. Men frå tante Rakel i Bergen kom det alltid ein stor, spennande pakke, adressert til bestemor mi. Det var mykje matvarer til bestemor, men til oss ungane var det pakkar, eg fekk gjerne dokke. Då eg vart større, fekk eg handveske. Tante Rakel var gudmor mi.
Slik leika vi og song i store ringar, og folk kom ut på trappene og stod og synst det var så fornøyeleg med dissa ungane som song. Der som Amfi er no, var det ein stor plen, ikkje med gras, men sand. Vi kalte det no for plen, og der leka vi «Napoleon med sin hær over Alpene dro» , det var ikkje noke vanskeleg å finne på ein stad å vere. Ja, vi hadde det no i grunnen ganske bra. Sjølv om det ikkje var så sprekt med økonomien, så hadde vi det kjekt. Far min kjøpte gjerne Allers og der var det ofte papirdokker som vi fekk klippe ut. Vi limte dei på stivt papir og leika med dei. Tante Rakel i Bergen sende mykje fint til oss ungane. Ein gong sendte ho meg dokkevogn og fullt utstyr, og dokke og alt mogeleg. Det ikkje fritt at dei andre ungane i Hesteneset var misunneleg på meg då eg kom ut med dokkevogna. Kvar fastelavenshelg arrangerte «Saniteten» ein stor marknad i Florø. Då var det fest i «Fram» med mat og basar både laurdag og søndag. Det var alltid utlodda ei fin dokke. Den stod utstilt i eit butikkvindauget i lang tid før marknaden, slik at folk kunne ta lodd på den. Eg var vel ein ti–elleve år, og måndag morgon etter marknaden, då eg skulle på skulen, var det ei veninne som ropte til meg at «du har vunne dokka». Men eg tenkte at det kunne no ikkje vere tale om at eg hadde vunne noka dokke. «Jau, du har vunne dokka». Då eg kom heim igjen frå skulen var dokka kommen. Dokka heitte endå til «Else» ho hadde rosa silkekjole og var så fin. Mor mi gav meg to kroner og sa eg skulle gå opp og takke fru Haus, det var ho som var formann i foreininga. «Du skal takke fru Haus og så skal du ta for to kroner i lodd». Eg gjekk opp og takka for dokka som eg hadde vunne. Fru Haus var frå Utne i Hardanger. Ho kom som lærarinne til Florø, ei veldig kjekk dame. Ja, det var stas å vinne dokka, kan du skjøne.
IOGT Eg var med i IOGT. Det var på ein måte som eit ungdomslag, vi hadde det veldig kjekt der. Samtidig lærde vi oss litt orden og disiplin. Ein gang i månaden hadde vi noko som heitte «Brødrene sin kveld», då var det mannfolka som spanderte kaffi og mat. Ein gong hugsar eg at dei spanderte ribbe og pølser.
BARNEMINNE Bestemor hadde ein liten pensjon etter bestefar, Johannes Ervik, som hadde vore los, du veit det var ikkje alderstrygd då. Kvar tredje månad fekk ho utbetalt ein viss sum som måtte hentast på lensmannskontoret. Det var eg som alltid fekk den «ære» å gå og hente dei pengane. Ho skreiv under på eit papir som eg fekk med meg, og då fekk eg som regel noko godt. Marie Sakseide som var så flink til å hekle, lærde meg å hekle stavar og luftmasker. Eg var ikkje så gamle jenta, men eg lærte det no, sjølv om det ikkje vart så mykje ut av det då. Det var fleire av murhusa der ute i Hesteneset som hermetikkfabrikken eigde, og der sat kjerringane ute på trappene om sommarkveldane og følgte med på kva ungane styra med. Ein ting som vi brukte mykje når det vart haust, var at vi laga store ringar ute i gatene og heldt kvarandre i hendene og song: «En vakker pike i dansen står» og «Ut å gå på brannvakt», «Fløy en liten blåfugl» og «En vakker pike i ringen står». «En vakker pike i ringen står og hilser på både på store og små, men helst på vakre gutter, en vakker gutt hun tar i hånd så denne vil jeg have, og jeg er din og du er min så lenge lykken vare. Ja, gå du sure tverr, deg vil jeg ikke have, men du skal pent få stå og se hvem som min kjæreste skal blive». Så gjekk vi rundt til neste.
I losjen var det slik at vi kalla oss for «brødre»
og «søstre», så arrangerte vi tilstellingar kvar vår gang. Det var mange rare skikkar som det er slutt på no. Dersom du for eksempel ville inn på eit møte etter at det var begynt, så måtte du banke på ein spesiell måte. Så let dei opp døra og du måtte kviskre eit passord for å komme inn. Så måtte du gå fram og helse, då måtte du legge handa på hjertet. Dersom ein ikkje hugsa pass- ordet så mumla ein gjerne noko og gjekk inn. Ein hadde og kvar si stilling. Ein var «øvste templar», det var han som leia, og så var det ein sekretær, ein varasekretær, ein kapellan, vara- templar og marsjallar. Når det skulle takast opp nye medlemmar så var det desse marsjallane som leda dei inn i lokala og heldt ein seremoni. Så var det finansmester, skattmester og førøvstetemplar og, nei det var så mange rare namn. Men alle desse titlane, dei er vekke no. Dei aller fleste var med i losjen, det var ein barnelosje òg. Det var veldig kjekt å vere med og vi lærte folkeviseleik og gammaldans. Vi såg fram til å bli sju år, då fekk vi vere med i barnelosjen. Når ein vart konfirmert så gjekk ein over i vaksenlosjen. Hovudoppgåva i losjen var å arbeide for fråhaldssaka. Losjen var ikkje direkte ein kristen organisasjon, men dei hadde ei bøn som kapellanen las, elles var det lystige og frilynde songar vi song. Losjen hadde eit eige hus som stod omlag der som sjukehuset står no, litt lenger inne, det heitte Breidablikk.
I barnelosjen hadde vi juletrefest, då var det vi største jentene som styrte med maten. Det var slik at kjøkkenet var oppe og når vi skulle servere mat så måtte vi bere fata med mat ned trappa. Ei som heitte Marie Fjellestad laga nordlandslefser med smør på. Maria lærte oss og at dersom vi hadde ein liten klatt med smør ned i kakaoen, så vart det ein sånn fyldig smak. Så kledde vi oss ut og var nissar og hadde små pakkar til dei minste ungane. Desse juletrefestane var opne for alle, kven som helst kunne komme. Det var ikkje så mykje som var i dei pakkane, ofte ei appelsin eller eit eple. I vaksenlosjen hadde dei noko som vi kalla for stevleik. Eg var mykje i lag med ei som heitte Olga Fimland Olsen som tente i Florø, ho var søster til Edvard Fimland. Vi var kledd i bondepikedrakter og kvite skaut. Så var det nokre mannfolk som var kledd i kvite skjorter og vestar, dei hadde kvar sin kniv og sat og smidde. Så song vi kvart vårt vers og svarte kvarandre på rim. Stevleik kalla dei det for, og gutane og jentene song annakvart vers. Dette hadde vi ein gang føre oss på ein stor basar i «Fram». Ein gang laga vi oss til slik at vi såg ut som sigøynarar, vi hadde telt og gjorde slik at det såg ut som eit bål. Då song vi sigøynersangar. Vi hadde tamburin som vi slo med medan vi sat i teltopningen og sang: «Se min ild i mørke brenner». Vi fann alltid på eitkvart. Vi skulle ikkje ha det opp i hendene, vi måtte gjere noko.»
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.