2018-18 - Bjarte Sindre - Kort tekst og bilde fra Skolegaten/Hans Blomgate frå ca 1912

Postkort

SKOLEGADEN

Dette postkortet viser «Skolegaden» vestetter mot kyrkja. I dag har ho namn etter H. U. Blom. Dei har drive med vegarbeid, men i bakgrunnen ser vi ein diger bergnakke dei ikkje har fått has på. Til venstre for dei to søndagskledde jentene finn vi uteplassen til den digre folkeskulen. Den brann ned i 1918. Husa i denne gata vart bygt frå 1890-talet og utetter i en 20-års periode. Først til venstre ligg sjåførskulen. Det var bygt for Bergot og Thore Husefest i 1907. Noko seinare vart det overteke av Øystein Husefest. Han starta med elektrisk installasjon og forretning i 1923. Lenger oppe skimtar vi i husa til Hatlem og Sunde. Det første bygt for Søren Hatlem i 1897 og overtatt av Signe Hatlem. Det andre i 1903 for Ivar Sunde. Sonen Per overtok seinare verksemdene til faren, og også huset. Rett til høgre ser vi litt av huset til Saron Krokene, bygt av verfaren hans, byggmeister Peder Sunde, i 1907. Dernest følgjer Anders Kvammen sitt frå 1895. Det eldste ligg mest gøymt til høgre for første lyktestolpen. Det vart reist av Johannes Rognaldsen i 1892, og overtatt av Kåre Havikbotten. Huset på den andre sida av Torggata vart reist i 1896 av Andr. Høivik, og seinare overtatt av adjunkt Olsvik. Døtrene hans kom til å drive handel med alt mogleg i første høgda. Etter dette kjøpt av kaptein Vevling. Neste huset vart reist av steinarbeidar og husbyggar Gjert Holsen. Han var i slekt med Hansen-familien som flytte inn her, og seinare kjøpte det. Kortet er sendt til jul i 1912 av Barbra og Jakob Øen til familien Devik i Kristiania.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.